ÅRSMELDING
2000

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet. Biblioteket er ein del av eit nasjonalt nettverk og er i dagleg kontakt med høgskule- og universitetsbibliotek og større folkebibliotek.

2. AKTIVITETAR

Verksemda kan målast i form av utlånstal og besøk. Forespørslar om informasjon, arrangement, oppslag og kvalitetsikring er vanskelegare å måle. Denne årsmeldinga fortel kort om året 2000. Femårsmeldingane inneheld meir informasjon, tabellar  m.m., den siste for 1999.

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2000 er:

2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA 2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Det blei ikkje arrangert ein planlagt spørjekonkurranse på internett for barn som i 1999.

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling på grunn av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

Nytt for 2000 var desse arrangementa:


3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2000:


4 ØKONOMI

For 2000 fekk biblioteket eit budsjett på kr. 1 398 900, som utgjorde ein auke på 3,2 %. Rekneskapet til biblioteket viser eit betydeleg overforbruk på  9 %. For å halde seg innanfor budsjettramma på 3,2 %, hadde ein kalkulert med eit budsjett på kr. 33300 til kontorutgifter. I budsjettframlegget gjorde ein merksam på at dette ville bli problematisk.

Rekneskapen for kontorutgifter viser kr. 124901, eit overforbruk på kr. 91601. Når ein held overforbruket av kontorutgifter utanfor, viser budsjettet og rekneskapen desse tal::
 
 
Budsjett Rekneskap
Lønspostar netto    839 700     851 646
Utstyr- og maskinspostar     146 300     149 733
Andre driftsutgifter    412 900     433 358
Sum 1 398 900  1 434 737

Uventa utgifter var reparasjon av hærverk på ein heis, erstating av ein skada UPS og auka lønsutgifter som ikkje blei kompensert for, som saman utgjorde omlag kr. 18000. Store kontorutgifter kjem av:

Budsjettet for 2001 viser ein oppmuntrande auke i ramma for biblioteket. Dette saman med sparetiltak vil rette på økonomien i 2001.

Den nye regjeringa avlutta øyremerka tilskot til biblioteklokale, slik at summen ein hadde venta seg som refusjon til innreiinga av Vatne filial har gått tapt. Alle kommunar vil i teorien få ei auka rammeoverføring slik at summen er innlemma i dette.

5. PERSONALE

Bemanninga i  biblioteket var uendra i 2000. Bemanninga ligg berre på 43 % av normene, det vil seie på 2,55 stillingar. Normen for ein kommune med 8600 innbuarar er 5,6 stillingar.

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2000:

7. PROSJEKT 8. KURS OG MØTEVERKSEMD

Kurs og møteverksemd var noko redusert i 2000 i forhold til 1998 og 1999, men normalt i forhold til tidlegare år.:
 
Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
18.1 Trondheim Prosjektgruppemøte Kombi-99 David Beadle Sør-Trøndelag fylkesbibliotek
27.1 Oslo EBSCO-forum og treningskurs David Beadle Statens Bibliotektiklsyn
8.3. Ålesund Litteraturseminar Vigdis O. Farstad, Bente Nogva Biblioteket (1)
6-7.4 Oslo Landsmøte i Norsk Bibliotekforening David Beadle Delvis biblioteket
25.-29.9 Budapest Studiereise David Beadle Statens Bibliotektilsyn
Biblioteksentralen
8.-9.10 Hell Fjernlånskonferansen David Beadle Biblioteket
25.10. Molde Bibliotekdagane David Beadle Biblioteket
16.11 Ålesund Referansearbeid på www Oddbjørg Hoem, Vigdis O. Farstad Delvis biblioteket
17.11. Oslo Video i biblioteket David Beadle Delvis biblioteket

9. RESULTAT FOR 2000

Haram folkebibliotek har gode resultat å vise til i 2000. Personalet har igjen gjort ein stor innsats. Ved slutten av året var det ein god del som peikte oppover - større aktivitet og besøk, samt ein del forbetrande tiltak. Det er likevel mange oppgåver som ikkje blir gjort, og bemanninga er slik at ein er kontinuerleg avhengig av ein ekstra innsats.

Gode resultat og nøgde brukrarar er viktige ingrediensar for fornya innsats. Ein meiner dette kan munne ut i større satsing på biblioteket. Ein del signal i løpet 2000 gjer at ein trur på dette. Kva for form dette kan ta, er vanskeleg å spå i ei tid når omsyn til endringar, som ein ikkje har den fulle oversikt over, tek ein stadig større del av merksemda.

10. PLANAR FOR 2001

Prioriterte oppgåver i 2001 vil bli i tråd med  Plan for Haram folkebibliotek 2001-2005
Ein må imidlertid ta atterhald om eventuelle endringar som resultat av rasjonalisering og ein ny styringsmodell.

Faktorar utanfrå som vil verke inn på biblioteket er :


David Beadle
Biblioteksjef
den 15. februar 2001.