ÅRSMELDING
 2003

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.

2. AKTIVITETAR

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2003 er:

2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA

 

  • Det totale utlånet med 44 299  var klart det beste biblioteket har hatt. Andre gode resultat har vore 40868 (2002), 40377 (2000), 39449 (2001), 39410 (1995), 39051 (1989). 
  • Besøksnivået har auka kontinuerleg dei siste åra.  Talet på besøkande var dermed største i 2003.
  • Det er eit større utlån av fagbøker til voksne og til barn som står bak auken i bokutlånet. Elles har lånet av lydbøker og filmar auka kraftig. 
  • Utlånsnivået pr. innbuar var 5,02 for Haram og 4,49 for Møre og Romsdal. 
  • Bruken av biblioteket pr. innbuar totalt sett ligg på 10. plass blant fylket sine 38 kommunar.

 

2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling på grunn av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

Elles blei desse arrangement organisert:
 
  • Klassebesøk.
  • Barnehagebesøk
  • Samarbeid med Teknologisk Institutt om eksamen på internett.
  • Forfattarkveld med Øyvind Vågnes.

 


3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2003:

4 ØKONOMI
 
 

Budsjett 2003 Rekneskap 2003
Lønspostar  1.023.500  1.019.094
Varer og tenester    703.200     718.954
Sum netto 1.726.700  1.738.048

Rekneskapet viser eit overforbruk på 0,66 %, eller kr. 11 348. Når det gjeld lønspostar, kosta forsikring (ulykke/gruppe) meir enn budsjettert, og arbeidsgjevaravgift mindre. Når det gjeld varer og tenester, var det kjøp av service- og driftsavtalar, (særleg til heisane), samt utlånsmateriell som kosta meir.  

5. PERSONALE

Bemanninga i  biblioteket var uendra i 2003. Bemanninga ligg berre på 44 % av normen. Når det gjeld bemanninga i dei 9 folkebibliotek i fylket som har eit høgare aktivitetsnivå enn i Haram, har desse mellom 15 og 300% meir personale. Det er ikkje råd å kutte i personalet i Haram når etterspørselen auker slik det gjer. 

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2003:


7. PROSJEKT

8. KURS OG MØTEVERKSEMD
 
 
Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
24.3  Oslo Avtaleforhandlingar Bibfilm og Norsk Filminstitutt David Beadle Biblioteket/NFI
25.3-31.3  Budapest Studietur i regi av Høgskulen i Oslo David Beadle Anna finansiering
6.4-13.4  Moskva Cultivate-konferanse og Statsbibliotekjubileet David Beadle Anna finansiering 
24.4.-25.4  Åndalsnes Bibliotekleiarmøte David Beadle  Biblioteket
13.-14. 8  Molde Bjørnson-festival Bente Nogva Oddbjørg Hoem Vigdis O. Farstad  Biblioteket
4.9 Molde Skulebiblioteket som læringsarena David Beadle Anna finansiering 
23.10-24.10  Oslo Årsmøte Norsk  Bibliotekforening  David Beadle  Anna finansiering
4.12  Oslo Seminar Cinematek/Bibliotek  David Beadle  Biblioteket
heile året  Molde Planleggingsmøte for Det 69. Bibliotekmøte 2004   David Beadle    Anna finansiering

9. RESULTAT FOR 2003

Haram folkebibliotek har gode resultat å vise til i 2003. Totalt sett bruker brukarane biblioteket meir, og til eit breiare spekter av tenester. Innsatsen frå personalet er stor sett i forhold til den låge bemanninga og biblioteket si geografisk fordeling. Biblioteket kom godt ut av ei brukarundersøkjing i kommunen. Ut over den daglege drifta, har biblioteket hatt ein del satsingsområde i 2003:

Frå 1. januar blei biblioteket ein del av den kommunale eininga Kultur og Miljø.
Den planlagde rehabilitering av Søvik filial blei ikkje igangsatt. 
I løpet av året blei ein klar over at det ikkje ville bli plass til hovedbiblioteket i kulturhuset i Brattvåg, og det var heller ikkje alternative planar for ei flytting nærmare kommunehuset,  i nærleiken til kulturhuset.

10. PLANAR FOR 2004

Oppgåver i 2004 vil ta utgangspunkt i Plan for Haram folkebibliotek 2003-2006

Biblioteket vil bli påverka av eksterne endringar:


David Beadle
Biblioteksjef
den 15. februar 2003.