ÅRSMELDING
2005
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2005 er:
- Det totale utlånet gjekk ned med
5,98 % frå 51199 i 2004 til 48136.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
opp med 0,12 % frå 38 643 til 38691.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
ned med 1,9 % frå 20477 til 20091.
- Lånet av bøker til barn gjekk
ned med 6,1 % frå 17795 til 16702.
- Lånet av andre medier gjekk ned med
12,25 % frå 12927 til 11343.
- Lånet ved den enkelte avdeling finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Det totale utlånet på 48136 var biblioteket sitt nest beste. Andre gode resultat har vore 51 199
(2005), 44299 (2004), 40868 (2002), 40377 (2000), 39449 (2001), 39410 (1995),
39051 (1989).
|
 |
- Besøksnivået har auka kontinuerleg dei
siste åra, men har vore veldig jamne dei siste tre åra. Ein har grunn til å tru at talet på
besøk på nettsida har auka sterkt. Dette er ikkje med i besøkstalet.
|
- Det er spesielt utlånet av andre
medier, for det mest filmar, som gjekk ned i 2005. Den bråe overgangen frå VHS til DVD, samt veksten av utsalsstader for filmar i nærmiljøet har bidratt til dette. Med sitt smalare utval og avgrensa innkjøp, tek det tid for biblioteket å bygge opp eit utval av filmar,
spesielt for barn, på
DVD.
|
- Det er utlånet av bøker til voksne
som har vore det mest stabile talet dei to siste året. Det tilsvarande
talet for barn og ungdom falt meir, men er likevel mykje høgare enn før
2004.
|
- Utlånsnivået pr. innbuar var
5,52 for Haram og 4,51 for Møre og Romsdal.
|
- Bruken av biblioteket pr. innbuar
totalt sett ligg på 8. plass i forhold til utlån og 7. plass i forhold til
besøk, blant fylket sine 38 kommunar.
|
- I forhold til totalt utlån ligg Haram
på 6. plass i fylket. Kommunen er det 7. største i fylket etter folketalet.
|
Utlånstal er eit uttrykk for
kva brukarar har brukt biblioteket til og korleis biblioteket har disponert
arbeidstida. Talet på utlån bør ikkje vere ein dominerande
styringsindikator fordi dette er samtidig ei sosial verksemd. Dette kan
ein ikkje måle.
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 5
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
Elles blei desse arrangementa organisert:
- 10. januar samordna biblioteket eit møte mellom ein
filmprodusent frå London og vitne til ein krigsepisode på Haram der
filmprodusenten sin onkel mista livet.
- I samband med Verdens Bokdag inviterte biblioteket
publikum til å donere bøker. Det kom inn ca. 150 bøker. Dei som ga mest
fekk ei rose som takk.
- 29. november : Presentasjon av
biblioteket ovafor Brattvåg Rotary : 32 frammøte
- Klassebesøk.
- Barnehagebesøk
- Samarbeid med Teknologisk Institutt og
Didac om eksamen
på internett.
|
|
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2005:
- Ein tok inn 1770 nye bøker i 2005,
199 meir enn i 2004.
- 1976 bøker blei kassert.
- Ein tok inn 88 cdar. Dete er mindre
enn vanleg.
- Talet på filmar auka med 301. Dette
er meir enn vanleg, for å bygge opp eit tilbod på dvd.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2005 |
Rekneskap 2005 |
Lønspostar |
1.170.000 |
1.048.296 |
Varer og tenester |
640.500 |
748.246 |
Sum netto |
1.785.000 |
1.796.542 |
Rekneskapen viser eit overforbruk på
0,64 %, eller kr. 11542,00. Budsjettet for varer og tenester for
2004 og 2005 har vore redusert i forhold til tidlegare, noko som førte til store vanskar med å
halde seg innanfor budsjettramma. Auka utgifter til programvare,
medier, driftsavtaler og energi blei kompensert for ved at
lønsutgifter blei spart mellom tilsettingar, og ved at refusjon av sjukeløn vart
større enn sjukevikarutgiftene.
5. PERSONALE
Gunn Ulvestad slutta i biblioteket ved
Vatne filial etter eit år, på grunn av fleire stillingar. Kimberly Skarbø tok til i
den ledige stillinga.
Fram til august var Kim Idar Giske tilsett
som sivilarbeidar i biblioteket.
Bemanninga ligg berre på 44 % av normen.
Ein har i lengre tid peika på behovet for kvalifisert personale,
med tenester til dei unge frå
barnehagen fram til den vidaregåande skulen som arbeidsfelt. I tillegg har ein behov
for meir skrankepersonale på grunn av den auka etterspurdnaden frå brukarane.
Ein kunne ha tenkt seg å gjere meir for andre brukargrupper.
Kommunen er idag heilt avhengig av at personalet arbeider
lengre enn arbeidstidene tilseier. Mange stader i
landet har folkebiblioteka tapt personale på grunn av låge utlånstal i forhold
til arbeidstimar. Situasjonen er det motsatte i Haram, der utlånet er blant det
høgste i fylket sett i forhold til dei sentrale budsjettpostane for personale
og kjøp av utlånsmateriell.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2005:
- Biblioteket lånte inn 1143 bøker
frå andre bibliotek i 2005. Dette er ein auke på omlag 20 % etter
mange år med ca. 900 lån.
7. PROSJEKT OG UTVIKLING
- Biblioteket har arbeidd med filmprosjektet Bibfilm.
Dette er eit
samarbeidsprosjekt med Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørskog. Biblioteket
tok initiativet til dette, og ein fekk eit tilskot frå Norsk Filminstitutt
til trykking av materiell. Prosjektet vil fortsette til 2007.
|
- Etter mange års venting blei biblioteket sin database
overført til ein sentraldriftsbase ved Norsk Systemutvikling AS.
|
|
- Biblioteket inngjekk eit samarbeid med Vatne Sogelag om
orgainseringa av identifisering av foto etter Peter Ekroll for
Fylkesfotoarkivet
|
|
- Biblioteket fornya nettversjonen av katalogen sin, og
fekk eit meir brukarvennleg og spennande side for brukarar å søkje i.
|
|
- Det blei kjøpt inn Mikromarc lisens for Haramsøy
filial, slik at denne filialen og Haramsøy skule kan drifte opp med
sentraldriftsbasen. Trafikken må gå gjennom skulen sin brannmur, og dette
har ikkje ein fått gjort.
|
|
- Ved hjelp av sivilarbeidaren, vart
skulebibliotekressursane ved Vatne ungdomsskule og Brattvåg barneskule lagt
inn bibliotek sin database.
|
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD
Dato
|
Stad
|
Aktivitet
|
Deltakarar
|
Finansiering
|
28.2 |
Ålesund |
Bokgilde 2004 |
Bente Nogva
Kimberly Skarbø
Angelina Ulvestad
|
Biblioteket |
15.-16. 3 |
Molde |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
30.3 |
Brattvåg |
Personalmøte |
Alle
|
Biblioteket |
21.-22.4 |
Helsinki |
Seminar om små bibliotek |
David Beadle
(foredrag)
|
Helsinki bibliotek |
11.10 |
Ålesund |
Referansearbeid på internett |
Bente Nogva
Kimberly Skarbø
|
Biblioteket |
23.-25.10 |
Bergen |
Bergen Int. Filmfestival |
David Beadle |
Biblioteket |
9. RESULTAT FOR 2005
Etterspurnaden har vor på eit relativt
høgt nivå - det nest beste for biblioteket, og høgare enn
fylkesgjennomsnittet. Internt har biblioteket arbeidd med langsiktige
målsettingar om bruken av teknologi for å få ressurane til å
sirkulere. Personalet har gjort ein framifor jobb i forhold til dette. Ut over dette har ein arbeidd med
interne oppryddingar og fleire prosjekt jfr. pkt. 7
10. PLANAR FOR
2005
Oppgåver i 2005 vil ta utgangspunkt i
Plan for Haram folkebibliotek
2005-2008. Det gjeld m.a.
- Å nå ut til potensielle nye brukarar
- Utbetringar ved Søvik filial
- Framhald av filmprosjektet Bibfilm
- Vidareutvikling av samarbeidet med skulane
- Auka bruk av elektroniske tenester for å få ressursar
til å sirkulere betre mellom brukarane
- Kassering av uaktuelt materiell.
David Beadle
Biblioteksjef
den 4. mars 2006