ÅRSMELDING
 2006

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.

2. AKTIVITETAR

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2006 er:

2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
  • Mellom 2000 og 2002 var ca. 40000 utlån årleg vanleg. Mellom 2003 og 2006 har nivået lege på mellom 44000 og 51000. 1989 og 1985 var tidlegare gode år med 40000 utlån. Det totale utlånet i 2006  var biblioteket sitt tredje høgst.  
  • Besøksnivået har vore stabilt i fleire år trass endringar i utlånsnivået. Talet viser at 149 var innom biblioteket dagleg i 2006. Besøk på nettsida auka kraftig i 2006. Dette er ikkje med i besøkstalet.
  • Utlånet av andre medier gjekk opp i 2006 omlag like mykje som det gjekk ned  i 2005. Ein har prøvd å bygge opp dvd-samlinga for  å kompensere for avviklinga av VHS-formatet. Ein satsa meir på lydbøker og mindre på musikk. Dette viser seg i utlånstala. 
  • Etter at den nye bransjeavtalen førte til reduserte prisar på dei meste annonserte boktitlane i landet, har boksalet auka totalt. Dette har betydning for etterspurnaden ved biblioteket i 2006 . Utlånet av bøker til barn har gått ned med 6-7 % både i 2005 og 2006. Årsaken kan vere redusert lån til skular i forhold til 2004, då det var mykje fokus på PISA-statistikken om lesenivået i skulane. I tillegg kan tilgangen på bøker i skulane har blitt betre sidan PISA-resultata blei kjent. Sidan 2004 har talet på barne- og ungdomsbøker frå Norsk kulturfond til skulane vore dobla.  
  • Longva filial har hatt ein fin auke i utlånet dei siste 3-4 åra, medan aktiviteten har gått tilsvarande ned på Lepsøy. Desse låner ut omlag like mange bøker. Haramsøy filial stengte 5 veker tidlegare før sommarferien. Vatne hadde ein auke i førstegangslån, men færre fornyingar som følgje av innskjerpa purring. Utlånet ved Fjørtoft er framleis lav på grunn av dårlege fysiske forhold.
  • Det ser foreløbig ut som opninga av kino og nye kulturhus ikkje har hatt noko betydning for aktiviten i biblioteket. Nye kulturelle tilbod kan både stimulere og redusere biblioteket som fritidsarena.
  • Utlånsnivået pr. innbuar var 5,45 for Haram og 4,34 for Møre og Romsdal. Besøksnivået var 4,41 for Haram og 3,71 for Møre og Romsdal. Dette er basert på foreløbige, men pålitelege tal.
  • Bruken av biblioteket pr. innbuar totalt sett ligg på ein 7. plass, både i forhold til utlån og besøk, blant fylket sine 38 kommunar.
  • I forhold til storleik, ligg utlånsnivået i Haram på ein 7. plass i fylket. Kommunen er det 7. største i fylket etter folketalet.

Utlånstal er eit uttrykk for kva brukarar har brukt biblioteket til og korleis arbeidstida har disponert.  Talet på utlån bør ikkje vere ein dominerande styringsindikator fordi der er også sosial og annan aktivitet i eit bibliotek, og dette kan ikkje målast. 

2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

Elles blei desse arrangementa organisert:
 
  • 10. juni - 20. august  : konkurransen Sommarles!
  • 9. september : forfattarbesøk v/ Maria Parr
  • veke 47 : Andrea B. Svendsen frå Vatne ungdomsskule var utplassert i biblioteket.
  • Klassebesøk.
  • Barnehagebesøk
  • Samarbeid med Teknologisk Institutt og Didac om eksamen på internett.

2.7 BRUKARANE

Folketalet i kommunen er 8643, medan biblioteket telte 38101 besøk i 2006. Dette fortel lite om kor mange enkelpersonar kom til biblioteket.

Svar frå brukarundersøkjing i kommunen i 2003 viser at 38.7% av husstandane hadde brukt biblioteket i løpet av dei siste 12 månadane. Tal viser at 671 personar brukte lånarkortet sitt i ein månad i 2006 (utan aktive lånekort på Lepsøy og Fjørtoft), og 982 i låpet av to månadar. I løpet av året var 1994 lånekort aktive. Dette gjeld heile året i Brattvåg og på Vatne, Søvik frå mars, Haramsøy frå august og Longva frå oktober. 

I tidsperioden 2002-2006 var 2748 kort i bruk. Dette gjeld Brattvåg frå 2002, Vatne frå 2004, Søvik frå mars, Haramsøy frå august og Longva frå oktober.

Dette tilsvarar ikkje talet på aktive bibliotekbrukarar. Nokre par og familiar bruke eit kort. Heile skuleklassar låner på eit kort. Der er også ein god del personar som brukar biblioteket, men brukar ikkje lånarkortet.


3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2006:

4 ØKONOMI
 
 

Budsjett 2006 Rekneskap 2006
Lønspostar  1.185.000  1.226.826
Varer og tenester som inngår i produksjon   366.000   1.020.213
Materialer til vedlikehald 360.000 519.343
Moms 105.000 130.668
Avskrivingar 25.000 25.000
Inntekter -130.000 -332.567
Sum netto 1.911.000  1.915.769

Rekneskapen viser eit overforbruk på 0,24  %, eller kr. 4.768,50. Det har vore mykje sjukdom i biblioteket i 2006, og ein har ikkje hatt full vikardekning. Differansen har gått til programvare, medier, driftsavtaler og energi.    

5. PERSONALE

Det har ikkje vore endringar i personalet i 2006. Oddbjørg Hoem og Herborg Nyland har vore vikarar store delar av året. Anna Hukova var ein frivillig arbeidstakar mellom januar og juli. Bemanninga ligg berre på 44 % av normen, og situasjonen har vore vanskeleg i 2006 på grunn av sjukefråver. 

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2006:


7. PROSJEKT OG UTVIKLING

  • Biblioteket har arbeidd med filmprosjektet  Bibfilm. Dette er eit samarbeidsprosjekt med Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørskog. Biblioteket tok initiativet til dette, og ein fekk eit tilskot frå Norsk Filminstitutt til trykking av materiell.  Prosjektet vil fortsette ut 2007.
  • Heile tre avdelingar fekk lisensar og tilgong til sentraldriftsbasen hos Norsk Systemutvikling.
  • Ein prøvd ut ein lesekonkurranse som var både individuell og interkommunal. Konkurransen Sommarles fungerte bra og det vart avvikla ein velykka avslutning med forfattarbesøk, og vart det lag ein rapport.
 

 

8. KURS OG MØTEVERKSEMD
 
 

Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
 8. 2  Brattvåg  Personalmøte    
 4.-5.4  Kristiansund  Bibliotekleiarmøte  David Beadle   Biblioteket
 31.8  Molde  Seminar om internett og barn og ungdom  David Beadle  Biblioteket
   Brattvåg  Word og Outlook  Bente Nogva  
 17.-18.10  Ålesund  Bibliotekdagane  David Beadle  Biblioteket
 14.11  Ålesund  Norsk barnebokforum  Bente Nogva  Biblioteket
 23.11  Brattvåg  Personalmøte    

9. RESULTAT FOR 2006

Trass konkurransen frå bok- og filmmarknaden har etterspurnaden vore på eit relativt høgt nivå. Det har vore ei større utskfting av pcar og ein større framgang med å koble avdelingane til databasen enn ein kunne ha forventa. Personalet har gjort ein framifor jobb i forhold til å halde tenestenivået oppe og gjere biblioteket tilgjengeleg mange stadar. Biblioteket er avhengig av ein høg prosent frivillig arbeid, og denne situasjonen blei forverra i 2006 på grunn uvanleg mykje sjukdom.

10. PLANAR FOR 2007

Oppgåver i 2007 vil ta utgangspunkt i Plan for Haram folkebibliotek 2005-2008. Det gjeld m.a.

I tillegg må spørsmålet om bemanninga takast opp på nytt, og på fylkesnivået vil arbeidet med ein ny bibliotekstruktur kome i gang.


David Beadle
Biblioteksjef
den 19. februar 2007