ÅRSMELDING
 2007

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.

2. AKTIVITETAR

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2007 er:

2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
  • Mellom 2000 og 2002 var ca. 40000 utlån årleg vanleg. Mellom 2003 og 2006 har nivået lege på mellom 44000 og 51000. 1989 og 1985 var tidlegare gode år med 40000 utlån. Det totale utlånet i 2007  var biblioteket sitt tredje høgst. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
  • Besøksnivået har vore stabilt i fleire år trass endringar i utlånsnivået. Talet viser at 150 var innom biblioteket dagleg i 2007. Besøk på nettsida auka kraftig også i 2007.
  • Utlånet av andre medier er stabil. Utlånet av lydbøker har auka kraftig, medan lånet av musikk og cd-rom tilsaman har gått tilsvarande ned. 
  • Medan utlånet av bøker til voksne har gått opp, har utlånet av bøker til barn gått ned med mellom 6 og 15 % kvart år dei siste 3 åra.   
  • Medan utlånsnivået ved hovedbiblioteket var stabilt, var der variasjonar ved filialane. Vatne filial var nære på å sette ein ny utlånsrekord, medan Lepsøy og Longva filialar hadde gode oppsving. På Haramsøy gjekk utlånet i skuletida kraftig ned, men opp for folkebiblioteket sin del. I Søvik gjekk nivået kraftig ned, etter at det gjekk ei stund før aktiviteten kom i gang etter renoveringsarbeidet. Utlånet ved Fjørtoft er framleis lav på grunn av dårlege fysiske forhold.
  • Utlånsnivået pr. innbuar var 5,48 for Haram og 4,34 for Møre og Romsdal. Besøksnivået var 4,52 for Haram og 3,75 for Møre og Romsdal. Dette er basert på foreløbige, men pålitelege tal.
  • Bruken av biblioteket pr. innbuar totalt sett ligg på ein 7. plass, både i forhold til utlån og besøk, blant fylket sine 38 kommunar.
  • I forhold til storleik, ligg utlånsnivået i Haram på ein 7. plass i fylket. Kommunen er det 7. største i fylket etter folketalet.

Utlånstal er eit uttrykk for kva brukarar har brukt biblioteket til og korleis arbeidstida har vore disponert.  Talet på utlån bør ikkje vere ein dominerande styringsindikator fordi der er også sosial og annan aktivitet i eit bibliotek, og dette kan ikkje målast. 

2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

Elles blei desse arrangementa organisert:
 
  • 11. juni - 18. august  : konkurransen Sommarles!
  • Samarbeid med Teknologisk Institutt og Didac om eksamen på internett.

 

3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2007:

4 ØKONOMI
 
 

Budsjett 2007 Rekneskap 2007
Lønspostar 
1.195.000
 1.195.162
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier
260.000
  283.555
Datatenester
140.000
142.745
Husutgifter
202.000
204.682
Andre utgifter
402.000
377.955
Sum netto
2.199.000
2.204.099

Rekneskapen viser eit overforbruk på 0,26  %, eller kr. 5099. Det har vore mykje sjukdom i biblioteket i 2007, og ein har ikkje hatt full vikardekning. Differansen har gjort det muleg å investere i programvare, auke mediebudsjett, dekkjer driftsavtaler og energi, og kjøpe litt inventar. Dette har vore med å halde driftsnivået oppe.

Biblioteket hadde ein redusert sum på driftsbudsjettet til inventar og utstyr, men fekk ei tilleggsløyving på kr. 203.000 til innreiing og installasjonar, hovedsakleg i Søvik, men også på Lepsøy, Vatne og i Brattvåg. Løyvinga skulle også dekkje profilering. Summen måtte også dekkje utskifting av golvbelegget i Søvik, då det viste seg å vere vanskeleg å få tidsfesta når dette kunne skje gjennom kommunen. Midlar til inventar i Brattvåg, som ikkje blei utvida etter planen, og profilering vart dermed redusert.  

5. PERSONALE

På grunn av langvarig sjukdom blant pesonalet på fastlandet, har Kristin Ulstein Farstad vore tilsett som vikar. Eivind Kalvøy har også vore vikar for henne, då ho er student på heiltid.  

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2007:


7. PROSJEKT OG UTVIKLING

  • Biblioteket har arbeidd med filmprosjektet  Bibfilm.   2007 var det siste prosjektåret.
  • Etter å ha prøvd ut ein lesekonkurranse om sommaren i 2006, gjorde ein det same i 2007 med gode resultat. 8 kommunar deltok og fleire ville vere med. Konkurransen Sommarles fungerte bra, og lesing fekk eit positivt fokus, men var tidkrevjande.
  • Biblioteket blei med i ei gruppe på fem kommunar i fylket som skal samarbeide om tilgong på originalt arkivmateriell frå det interkommunale arkivet IKA.
 

 

8. KURS OG MØTEVERKSEMD
 
 

Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
 6.3  Ålesund  Bibliotekleiarmøte    David Beadle (innlegg)  Biblioteket
 8.3  Brattvåg  Personalmøte    
 17.4   Brattvåg  Excel  Bente Nogva  
 6.6  Bergen  Bibliotekleiarmøte  David Beadle (innlegg)  Hordaland fylkesbibliotek
 22.6  Oslo  Møte med Biblioteksentralen  David Beadle  Annan finansering
 18.10  Åndalsnes  IKA-prosjekt  David Beadle  Møre og Romsdal fylkesbibliotek
 25.10  Brattvåg  Personalmøte    
 7.11  Brattvåg  Regionalt møte  Bente Nogva og David Beadle  
 16.-19.11  Oslo  Seminar & Filmfestival  David Beadle  Biblioteket/annan finansering
 14.12  Oslo  Møte med ABMU  David Beadle  Annan finansering

9. RESULTAT FOR 2007

Biblioteket har arbeidd hardt for å ta vare på tenestenivået som før. Personalet har gjort ein stor jobb for å få dette til, herunder med frivillig arbeid. Samtidig har ein gjort tilpassingar i forhold til nye utfordringar. Det har vore auka fokus på profilering, og i samband med dette har ein gjort ein stor innsats for å skape eit betre miljø ved nokre av avdelingane som treng det mest.

Ein er uroleg for nedgangen i utlånet av bøker til dei unge, sjølv om utlånet av lydbøker til denne gruppe har auka. Utlånet av bøker til denne gruppe var det lågaste sidan 2001.

10. PLANAR FOR 2008


David Beadle
Biblioteksjef
den 22. april 2008