ÅRSMELDING
2008
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2008 er:
- Det totale utlånet gjekk ned med
1.2 % frå 47480 i 2007 til 46884 i 2008.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
ned med 9,7 % frå 39111 til 35636.
- Nettsidene hadde 14601 vituelle besøk og 33608 sidevisningar.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
opp med 2,1 % frå 21842 til 22298.
- Lånet av bøker til barn gjekk
ned med 10.1 % frå 12861 til 11653.
- Lånet av andre medier gjekk opp med
1.4 % frå 12777 til 12951.
- Lånet ved den enkelte avdeling frå 1972 til 2008 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Utlånsnivået i 2008 var den lågaste på fem år, men over gjennomsnittet for perioden 2000-2007. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
|
 |
- Årsaken til reduksjonen i talet på besøkande er truleg ein normal nedgang ved fleire avdelingar. Telleapparatet ved hovedbiblioteket var til reparasjon tidleg på året. Utviklinga må sjåast i samanheng med bruken av biblioteket sine nettsider.
|
- Det ble gjort 33608 sidevisingar på biblioteket si heimeside, og 14601 virtuelle besøk. Ein har ikkje oversikt over unike besøkande ip-adresser fordelt pr. år, men i løpet av 48 timar etter omstilling vart 272 unike besøkande registrert, og 485 etter 4 døgn..
|
- Utlånet av lydbøker fortsetter å stige kraftig, og det er vanskeleg å dekkje etterspørselen og enda vanskelegare å kjøpe inn eit representantivt utval. Utlånet av lydbøker til barn og ungdom på Vatne utgjer nesten 25% av lydbokutlånet i kommunen.
|
- Utlånet av musikkinnspelingar gjekk opp med 20%, etter å ha gått kraftig ned i fleire år. Mulegheitane for å kjøpe musikk i nærmiljøet er no redusert til nokre få velkjente cdar til ein høg pris, samt ein del tilbodsvarer. Desse vil forsvinne om kort tid. Mot slutten av året satsa ein på nye innspelingar av mindre kjende artistar som har fått gode omtaler i media. Ein kan ha fått utteljing for dette.
|
- Medan utlånet av bøker til voksne har gått opp igjen, har utlånet av bøker til barn og ungdom gått urovekkande ned. Den meste tydelege årsaken er at fleire skular låner vesentleg mindre enn før. Nedgongen her er over 19 % i løpet av to år, medan nedgongen er på 5 % for private lån.
|
- Vatne filial oppnådde eit nytt utlånsrekord i 2008, som barn og ungdom bidro til. Med unntaket av Fjørtoft gjekk utlånsaktiviteten ned ved dei andre avdelingane.
|
- Foreløbige tal viser at utlånsnivået og besøksnivået pr. innbuar var
høgare i Haram enn gjennomsnittet i Møre og Romsdal.
|
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 4
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
2008 var eit rekordår i forhold til arrangement :
- Feiring av rehabiliteringa av filialen i Søvik
- Klovnestrekar på Vatne
- 18. juni - 18. august : konkurransen Sommarles!
- Forfattarbesøk : Ruben Eliassen
- Språkutstilling på Ingebrigt Davik-huset
- Sambaoppvisning i Søvik
- Foredrag ved Oddgeir Bruaset på Vatne
- 2 polske filmkveldar i desember
- Samarbeid med Teknologisk Institutt og
Didac om eksamen
på internett.
|
|
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2008:
- Biblioteket hadde ein tilvekst på 1309 bøker i 2008
- 2793 bøker vart kassert.
- Blant andre medier, vart det ein auke i innkjøpet av filmar og lydbøker og reduksjon i innkjøpet av musikk og cd-rom.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2008 |
Rekneskap 2008 |
Lønspostar |
1.231.000 |
1.233.748 |
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
200.000 |
265.201 |
Datatenester |
140.000 |
126.754 |
Husutgifter |
252.000 |
215.504 |
Andre utgifter |
446.000 |
423.646 |
Sum netto |
2.089.000 |
2.107.462 |
Rekneskapen viser eit overforbruk på
0,88 %, eller kr. 18462. Det har vore mykje sjukdom i
2008, og ein har ikkje hatt full vikardekning. Differansen har gjort det muleg å halde mediebudsjettet oppe, å finansiere ein del publisitet samt delta aktivit og økonomisk i kulturfestivalen i september.
5. PERSONALE
På grunn av langvarig sjukdom blant personalet på fastlandet, har Kristin Ulstein Farstad vore tilsett som vikar. Viola Buitenkamp og Eivind Kalvøy har også vore vikar for henne, Bente Nogva og Angelina Ulvestad som alle har vore studentar i løpet av 2008.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2008:
- Biblioteket lånte inn 787 bøker
frå andre bibliotek i 2008, fire meir enn i 2007.
- Biblioteket lånte 274 bøker til andre bibliotek, mot 208 i 2007.
7. PROSJEKT OG SAMARBEID
- Prosjektet Bibfilm blei avslutta 31.12.2007, men biblioteka som var med, Ålesund, Molde, Kristiansund, Ørskog og Haram, bestemte seg i fortsette å sirkulere filmar fram til 2010.
- Biblioteket arrangerte lesekonkurransen Sommarles for tredje år på rad i 2008. 6 kommunar deltok og fleire ville vere med. Konkurransen fungerte bra, og lesing fekk eit positivt fokus, men var tidkrevjande.
- Biblioteket var med i ei gruppe på fem kommunar i fylket som skal samarbeide om tilgong på originalt arkivmateriell frå det interkommunale arkivet IKA.
- Biblioteket hadde eit godt samarbeid med Haram Frivillegsentral i samband med kulturfestivalen, og ein ønskjer å fortsette å samarbeide når ved aktuelle tiltak.
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
14.2 |
Sandane |
Skulebiblioteket-læringssenter |
David Beadle (innlegg) |
Sogn og Fjordane fylkeskommne |
2.-3.4 |
Åndalsnes |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle (innlegg) |
Biblioteket |
24.4 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
12.11 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
19.-20.11 |
Oslo |
Mikromarc brukarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
9. RESULTAT FOR 2008
Biblioteket gjennomførte mykje i 2008:
- Det blei utført forbetringar i Søvik, Lepsøy og på Vatne.
- Det vart satt nytt utlånsrekord på Vatne.
- Ein testa ut ein del arrangement ved enkelte avdelingar.
- Ein var medansvareleg for kulturfestivalen.
- Ein fekk laga ein fleirspråkleg informasjonsbrosjyre og ein ny brosjyre om utlånsreglementet.
- Biblioteket fekk Bibliotekprisen for 2008 i Møre og Romsdal, den tredje biblioteket som har fått prisen.
- Ein har prøvd å profilere biblioteket.
Personalet har gjort ein stor jobb med å oppretthalde nivået på den vanlege drifta i 2008.
Arbeidstida har for det mest vore brukt meget effektivt.
Nedgangen i utlånet av bøker til dei unge er stor, sjølv om dette ikkje gjeld alle avdelingane. Med unntak av 1999, må vi tilbake til tidleg på 1980-talet for å finne eit så lavt tal på utlån til barn og ungdom. Hovedårsaken er at biblioteket ikkje er ein ressurs for skulen og barnehagen i same grad som før.
10. PLANAR FOR
2009
- Produsere informasjonsbrosjyre.
- Oppretthalde drifta på dagens nivå.
- Oppretthalde samarbeidstiltak med Frivillegsentralen.
- Tolking og iverksettsetting av utfordringar knytta til Bibliotekmeldinga.
David Beadle
Biblioteksjef
den 3. mars 2009