ÅRSMELDING
2009
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2009 er:
- Det totale utlånet gjekk opp med
1.7 % frå 46884 i 2008 til 47682 i 2009.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
ned med 2,2 % frå 35636 til 34854.
- Nettsidene hadde 15878 vituelle besøk og 36701 sidevisningar, begge opp 10 %.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
opp med 6,2 % frå 22298 til 23694.
- Lånet av bøker til barn gjekk
ned med 8,5 % frå 11653 til 10178.
- Lånet av andre medier gjekk opp med
5,0 % frå 12951 til 13602.
- Lån ved den enkelte avdeling frå 1972 til 2009 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Utlånsnivået i 2009 var den høgtse sidan 2005, og den tredje høgste totalt sett. Alle dei topp utlånsåra har vore i perioden 2000-2009. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
|
 |
- Årsaken til reduksjonen i talet på besøkande er truleg ein normal nedgang ved fleire avdelingar. Utviklinga må sjåast i samanheng med auka bruk av nettsider. Finanskrisa gjorde at færre fann vegen til Brattvågsenteret, og dermed også til hovedbiblioteket, men fleire fann vegen til filialen i Vatne sentrum.
|
- Det ble gjort 15878 sidevisingar på biblioteket si heimeside, og 15878 virtuelle besøk. Ein har ikkje oversikt over unike besøkande ip-adresser fordelt pr. år, men i løpet av 48 timar etter omstilling vart 272 unike besøkande registrert, og 485 etter 4 døgn..
|
- Utlånet av lydbøker fortsetter å stige kraftig, og det er vanskeleg å dekkje etterspørselen og enda vanskelegare å kjøpe inn eit representantivt utval.
|
- Utlånet av musikkinnspelingar gjekk opp med heile 28 % (og 20% året før). Mulegheitane for å kjøpe musikk i nærmiljøet er no redusert. Ein har satsa på nye innspelingar av mindre kjende artistar som har fått gode omtaler i media.
|
- Medan utlånet av bøker til voksne har gått opp igjen, har utlånet av bøker til barn og ungdom gått urovekkande ned. Den meste tydelege årsaken er at fleire skular låner vesentleg mindre enn før.
|
- Vatne filial oppnådde ein ny utlånsrekord i 2009, som i 2008, som barn og ungdom bidro til. Også Lepsøy og Brattvåg så ein vekst i utlånet, medan aktiviteten gjekk ned ved dei andre avdelingane.
|
- Foreløbige tal viser at utlånsnivået og besøksnivået pr. innbuar var
høgare i Haram enn gjennomsnittet i Møre og Romsdal.
|
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 4
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
I 2009 var det arrangert færre tiltak. Dette må sjåast på i samanheng med at arbeidstimane også vart redusert.
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2009:
- Biblioteket hadde ein tilvekst på 1287 bøker i 2009
- 1817 bøker vart kassert.
- Blant andre medier, vart det ein auke i innkjøpet lydbøker og reduksjon i innkjøpet av filmar, musikk og cd-rom.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2009 |
Rekneskap 2009 |
Lønspostar |
1.254.000 |
1.231.615 |
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
200.000 |
271.446 |
Datatenester |
140.000 |
133.811 |
Husutgifter |
252.000 |
218.496 |
Andre utgifter |
145.000 |
197.196 |
Sum netto |
1.991.000 |
2.052.564 |
Biblioteket hadde i utgangspunktet ein budsjettreduksjon på kr. 98 000 i forhold til 2008. Med ein budsjettert lønsauke på 3 % utgjorde dette ein kraftig budsjettreduksjon elles. Rekneskapen viser eit overforbruk på 3,1
%, eller kr. 61 564. Av dette er kr. 14 800 til arbeid med turistnettsider, som etter avtale skulle kompenserast, men dette uteblei. Det har vore mykje permisjon i
2009, og ein har ikkje hatt full vikardekning. Differansen har gjort det muleg å halde mediebudsjettet oppe.
5. PERSONALE
Bente Nogva og Angelina Ulvestad har vore i permisjon heile året. Synnøve Moe Klokk, Kristin Ulstein Farstad, Viola Buitenkamp og Gunn Ulvestad har vore vikarar.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2009:
- Biblioteket lånte inn 811 bøker
frå andre bibliotek i 2009.
- Biblioteket lånte 347 bøker til andre bibliotek i 2009.
7. PROSJEKT OG SAMARBEID
- Prosjektet Bibfilm blei avslutta 31.12.2007, men biblioteka som var med, Ålesund, Molde, Kristiansund, Ørskog og Haram, bestemte seg i fortsette å sirkulere filmar fram til 2010.
- Biblioteket deltok i Fylkesbiblioteket si profileringsgruppe.
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD 2009
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
14.4 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
23.-24.4 |
Bergen |
Halmstadkonferansen |
David Beadle |
Biblioteket |
9.-10.6 |
Sunndal |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
7.10 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
11.11 |
Molde |
23 ting om 2.0 |
David Beadle |
Biblioteket |
9. RESULTAT FOR 2009
- Det vart satt nytt utlånsrekord på Vatne.
- På grunn av ei forverring i økonomien blei aktivitet for øvrig redusert.
Personalet har gjort ein stor jobb med å oppretthalde nivået på den vanlege drifta i 2009 under stort press i forhold til arbeidstida.
10. PLANAR FOR
2010
- Produsere informasjonsbrosjyre.
- Oppretthalde drifta på dagens nivå.
- Oppretthalde samarbeidstiltak med Frivillegsentralen.
- Tolking og iverksettsetting av utfordringar knytta til Bibliotekmeldinga.
Fornying av bibliotekplanen viser til planar for 2010 i ein større samanheng.
David Beadle
Bibliotekleiar
den 3. mars 2010