ÅRSMELDING
2010
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2010 er:
- Det totale utlånet gjekk opp med
5,4 % frå 47 682 i 2009 til 50 290 i 2010.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
ned med 0,4 % frå 34 854 til 34 698.
- Nettsidene hadde 14 301 virtuelle besøk og 33 001 sidevisningar, begge nede 10 %.
- I tråd med endringar i bruken av internett, oppretta biblioteket ei side på Facebook og
hadde 600 venar ved utgangen av året.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
opp med 4,1 % frå 23 694 til 24 634.
- Lånet av bøker til barn gjekk
opp med 28,0 % frå 10 178 til 13 033.
- Lånet av andre medier gjekk ned med
7,5 % frå 13 602 til 12 583.
- Lån ved den enkelte avdeling frå 1972 til 2010 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Utlånsnivået i 2010 passerte 50 000 for andre gang. Første gangen var i 2004. Alle dei topp utlånsåra har vore i perioden 2000-2010. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
|
 |
- Den generelle reduksjonen i fysiske besøk til 34 698, liten som den er, må sjåast i samanheng med auka bruk av alaternative måtar å kommunisere med biblioteket på: epost, sms, 'mine sider' og levering..
|
- Det ble gjort 14 301 virtuelle besøk på biblioteket sine nettsider. I tillegg kjem besøk på Facebook og Mine sider, som ligg på ei anna adresse. Ein har ikkje oversikt over unike besøkande ip-adresser på heimenettsidene fordelt pr. år, men i løpet av 48 timar etter omstilling vart 272 unike besøkande registrert, og 485 etter 4 døgn..
|
- Utlånet av lydbøker fall kraftig i 2010 samanlikna med 2009, men 2009 var eit ekseptionelt år. Fallet har samanheng med redusert innkjøp.
|
- Utlånet av musikkinnspelingar gjekk opp med nesten 50 % (og 28% året før). Mulegheitane for å kjøpe musikk i nærmiljøet er no redusert. Ein har satsa på nye innspelingar av mindre kjende artistar som har fått gode omtaler.
|
- Utlånet av bøker til gjekk opp med 11% i Leseåret 2010. For dei voksne var auken på 4 %, mens for barn og ungdom var oppgangen på heile 28 % etter fleire år med nedgang. Både skular, barnehagar og private lånte fleire barne- og ungdomsbøker i 2010.
|
- Vatne filial satt ny utlånsrekord for tredje år på rad, og hovedbiblioteket var få utlån frå ein ny rekord. Haramsøy og Søvik også opplevde ei flott utlånsutvikling i 2010, medan Fjørtoft fekk sitt beste resultat på 5 år, men det var berre 267 utlån.
|
- Foreløbige tal viser at utlånsnivået og besøksnivået pr. innbuar var
høgare i Haram enn gjennomsnittet i Møre og Romsdal.
|
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Det var arrangerte følgjande spesielle tiltak i 2010:
- 8. klassingane blei invitert til biblioteket i Brattvåg for å oppleve ein dobbeltime med Andreas Wahl (kjent frå m.a. Schrødingers katt). Elevane frå Haramsøy og Vatne kunne ikkje komme. Alle tre klassene frå Brattvåg kom i staden.
- I samarbeid med fylkesbiblioteket arrangerte biblioteket kurset Ein smaka av 2.0, om 12 gratis sosiale tenester på internett.
- Biblioteket oppretta ei side på Facebook og hadde ved utgangen av året 609 venar.
- Ein organiserte ein mindre versjon av Sommarles, i samarbeid med fylkesbiblioteket.
- Ein arrangerte skrivekurs for ungdom 12-17 år i skuleferien.
- Biblioteket arrangerte ein inspirasjonskveld med krefter frå fylkesbiblioteket. Resultatet blei oppretting av lesesirklar i Brattvåg og på Vatne.
- I samarbeid med Trådsnella på Vatne, arrangerte biblioteket to heklekurs.
- Ved biblioteket i Brattvåg laga ein ein internasjonal seksjon.
- Ein halde orienteringar for flyktningar i Brattvåg.
- Ved Vatne filial og hovedbiblioteket i Brattvåg arrangerte ein ei utstilling av bilde av barnebokillustratøren Malgorzata Piotrowska.
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 4
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2010:
- Biblioteket hadde ein tilvekst på 1971 bøker.
- 1842 bøker vart kassert.
- Blant andre medier, vart det ein auke i innkjøpet av musikk og spel, og ein reduksjon i innkjøpet av lydbøker.
- Auken i kjøpet av bøker gjekk til ei satsing på barne- og ungdomsbøker
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2010 |
Rekneskap 2010 |
Lønspostar |
1.337.000 |
1.203.190 |
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
200.000 |
329.753 |
Datatenester |
140.000 |
146.211 |
Husutgifter |
265.000 |
233.119 |
Andre utgifter |
154.000 |
181.247 |
Sum netto |
2.096.000 |
2.093.520 |
Biblioteket hadde i utgangspunktet ein budsjettauke på 5 .1 % i 2010, etter ein tilsvarande reduksjon i 2009. Rekneskapen viser at ein brukte budsjettet fullt ut, med ein underforbruk på berre 0,12 %, eller kr. 2.480. Sparing på lønsutgiftene har gitt biblioteket eit betre innkjøpsnivå for utlånsmateriell enn budsjettet la opp til.
5. PERSONALE
Kristin Ulstein Farstad, Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Norunn Wuttudal og David Beadle har vore tilsett i 2010. Regelmessige vikarar har vore Viola Buitenkamp, Gunn Ulvestad og Marianne Haugnes.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2010:
- Biblioteket lånte inn 774 bøker
og annet materiell frå andre bibliotek.
- Biblioteket lånte 362 bøker og annet mateiell til andre bibliotek.
7. PROSJEKT OG SAMARBEID
- I samband med profileringsprosjektet i fylket, som biblioteket har vore involvert i ved fleire høve, søkte biblioteket om prosjektmidlar til å skape eit heilt miljø ved filialen på Haramsøy. Formannskapet støtta prosjektet med midlar, men ein vann ikkje fram i fylket i konkurransen med andre bibliotek. Sula og Rauma vann konkurransen.
- Prosjektet Bibfilm blei avslutta 31.12.2007, men biblioteka som var med, Ålesund, Molde, Kristiansund, Ørskog og Haram, bestemte seg i fortsette å sirkulere filmar fram til 2010.
- Biblioteket deltok i Fylkesbiblioteket sitt profileringsarbeid.
- Saman med Frivillegsentralen prøvde ein å organisere ei kulturutveksling for med ungdom i Polen. Kostnadane blei dekt av ABM-utvikling. Den polske kontakten leverte søknaden ein dag for seint til dei polske kulturmyndigheitene.
- David Beadle blei valt inn i styret til Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe Flerkulturelle bibliotektjenester og blei kasserar.
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD 2010
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
januar |
Brattvåg |
23 ting om 2.0 |
David Beadle |
online |
17.-18.2 |
Molde |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
15.4 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
23.-25.4 |
Polen |
Prosjektsøknad |
David Beadle |
ABM-utvikling/Kulturdept. |
11.5 |
Vestnes |
Temamøte om fjernlån |
David Beadle |
Biblioteket |
27.5 |
Ålesund |
Service og kommunikasjon |
Synnøve Moe Klokk |
Biblioteket |
1.6 |
Molde |
Service og kommunikasjon |
David Beadle |
Biblioteket |
8.9 |
Ålesund |
Bibliotekdagane |
David Beadle |
Biblioteket |
23.9 |
Skedsmo |
Mikromarc brukarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
13.10 |
Skodje |
Barnehagebibliotek |
Synnøve Moe Klokk & David Beadle
|
Biblioteket |
9. RESULTAT FOR 2010
- Ein oppretta eit samarbeid med 6 barnehagar om tiltak rundt språk og kommunikasjon, samt utvikling av barnehagebibliotek.
- Ein oppnådd ny utlånsrekord på Vatne, og utlånsnivået totalt sett var på nest høgst i 2010.
- Aktivitetsnivået (punkt 2.6) var relativt høgt for eit lite bibliotek.
- Ein utarbeidd ein ny Plan for 2010-2013
- Personalet har gjort ein stor jobb med å oppretthalde nivået på den vanlege drifta i 2010, under stort press i forhold til arbeidstida og med mange avdelingar å halde ved like samanlikna med andre bibliotek.
10. PLANAR FOR
2011
- Arbeide vidare med profilering, i samarbeid med fylkesbiblioteket.
- Vidareutvikle samarbeidet med barnehagane.
- Samarbeide med ungdomsskulane om utvikling av skulebibliotektenester
- Ghjennomføre tiltak i samband med Brattvåg 100 år
- Oppretthalde samarbeidstiltak med lokale aktørar som Frivillegsentralen.
- Arrangere filmkveldar for utanlandsk arbeidskraft
- Tolking og iverksettsetting av utfordringar knytta til Bibliotekmeldinga
- Redesign av heimeside
- Overgang til breibandtelefoni
- Inngå regionalt samarbeid om ressursar med påfølgjande fraktordning
- Overgang til nytt datasystem
- Greie ut organisering av ein digital filial
- Planlegge nytt hovedbibliotek og vurdere kva dette kan ha å seie for strukturen i kommunen
David Beadle
Bibliotekleiar
den 2. mars 2011