ÅRSMELDING
2011
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2011 er:
- Det totale utlånet gjekk opp med
5,95 % frå 50 290 i 2010 til 53 295 i 2011. Dette var 4,10 % meir enn rekorden i 2004. I løpet av dei to siste åra har utlånet gått opp med over 10 %.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
opp 1,4 % frå 34 698 til 35 170. Besøkstala har vore stabile i fleire år.
- Nettsidene hadde 14 301 virtuelle besøk og 33 001 sidevisningar, begge nede 10 %. Besøk på biblioteket si katalogside var på 9 537, eit nytt tal i 2011. Besøk på vår blogg for barnehagebibliotek har ikkje vi tal for.
- Biblioteket hadde ei side på Facebook med 724 venar ved utgangen av året. Her informerer vi, og der blir det sendt inn bestillingar. Vi svarer også på spørsmål her.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
opp med 8,5 % frå 24 634 til 26 706.
- Lånet av bøker til barn gjekk
opp med 13,5 % frå 13 033 til 14 784.
- Lånet av andre medier gjekk litt ned
frå 12 583 til 12 555.
- Lån ved den enkelte avdeling frå 1972 til 2011 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Etter ein gradvis auke dei siste åra blei det i 2011 registrert ny utlånsrekord. Det tidlegare toppår var 2004. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
- Fysiske besøk har ikkje auka i takt med utlånet av materiell. Det er vanskeleg å seie om dette har samanheng med at meir kommunikasjon er elektronisk. Besøk frå barnehagar er stabile, men vi låner ut meir i depot til dei. Vi leverer materiell heim til brukarar i større grad enn før. Utlånet til skular er stabilt, men i staden for at elevar kjem til biblioteket, blir det levert depot etter spesifisert bestilling, eller lærarar hentar individuelle bøker til elevar.
|
- Det ble gjort 14 301 virtuelle besøk på biblioteket sine nettsider. På Facebook hadde vi 724 venar pr. 31. desember 2011. På katalogsøk / Mine sider hadde vi 9 537 virtuelle besøk. Vi har ikkje oversikt over unike besøkande ip-adresser på nettsidene, men i løpet av 48 timar etter omstilling vart 272 unike besøkande registrert, og 485 etter 4 døgn.
|
- Utlånet av alle typar audiovisuelle medier gjekk ned litt i 2011, med unntak av spel. For lydbøker har nedgangen samanheng med redusert innkjøp i påvente av nye tekniske løysingar.
|
- Utlånet av musikkinnspelingar var stort sett uendra. Sal av musikk på plate blei forbigått av nedlasting for første gang i 2011. Vi satsar framleis på nye innspelingar av mindre kjende artistar som har fått gode omtaler, i påvente av at det finst lisensar for lån via nedlasting.
|
- Utlånet av bøker totalt gjekk opp med over 10 % i 2011, slik det gjorde i 2010. Dei to siste åra har utlånet av bøker til barn og ungdom auka klart mest, med 28 % i 1010 og 13,5 % i 2011. Vi satsar for tida på fornying når det gjeld yngre barn og dei minste. Foreldre har vore snare å sette pris på dette. I tillegg har samarbeidet med barnehagane auka kraftig.
|
- Hovedbiblioteket i Brattvåg satt ny utlånsrekord i 2011, og Vatne filial gjorde det same for fjerde år på rad. Med 3819 utlån tangerte Haramsøy sitt beste utlån frå 2004 og Longva opplevde ein kraftig utlånsvekst i 2011. Søvik noterte sitt tredje lågaste utlån i 2011. Utviklinga i alle krinsane må sjåast i samanheng endringane i innbuartal.
|
- Samanlikna med 2010 hadde Haram eit høgare utlånsnivå enn lands- og fylkesgjennomsnittet pr. innbuar i 2011, medan besøksnivået pr. innbuar var over fylkesgjennomsnittet og under landsgjennomsnittet.
|
- Omlag 300 bøker blei lånt frå Bokbåten Epos og sirkulerte på avdelingane på øyane. Med heile 7 stoppestadar i Haram er vi heldige som har eit så godt tilbod frå båten.
|
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Det blei arrangert følgjande spesielle tiltak i 2011:
- Ein kveld i Brattvåg med Jan Olav Flatmark, som fortalde om den andre verdskrig i Haram. Biblioteket blei smekkfullt.
- På Polen sin grunnlovsdag blei det arrangert ein polsk filmkveld ved Haram kino, der ein viste ein historisk komedie av Andrzej Wajda.
- I samarbeid med fylkesbiblioteket arrangerte biblioteket eit kurs i blogging for barnehagetilsette.
- Biblioteket oppretta bloggsida Les for meg, pliiis!!! som eit ledd i samarbeidet med barnehagane.
- Ein organiserte Sommarles, ein lesekonkurranse for barn mellom 7 og 13 år i kommunen. Deltakarane med foreldra vart samla ved hovedbiblioteket i september i samband med trekking av premiar og utdeling av dimplom, refleks og subsidierte bøker frå Bok og Papir.
- Ein arrangerte eit forfattartreff med Knut Bergheim. På grunn av kollisjonar med andre aktivitetar blei det for få deltakarar.
- Tre tilsette var aktive med stand i Strandgata i Brattvåg under Myldredagane i juni.
- To lesesirklar har vore i aktivitet - i Brattvåg og Vatne, som har møtt i dei respektive avdelingar 10 gongar kvar.
- I samarbeid med Trådsnella på Vatne, arrangerte biblioteket eit laurdagskurs i strikking i Brattvåg.
- Ein medverka med foto og idéar til Brattvåg sitt 100-års jubileum.
- Flyfoto frå Brattvåg, Haramsøy, Lepsøy og Fjørtoft blei gjenopplasta i stort format.
- Ved avdelinga på Vatne arrangerte vi ein presentasjon av biblioteket og ein uhøgtideleg konkurranse for arbeidsinnvandrarar i samarbeid med Kompetanse Haram 2015.
- Ein halde orienteringar for flyktningar i Brattvåg i alle skuleferiane.
- Ved hovedbiblioteket i Brattvåg arrangerte ein eit kurs i skrivelyst for ungdom ved forfattaren Øyvind Vågnes.
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 4
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg, Søvik og Vatne)
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2011:
- Biblioteket hadde ein tilvekst på 1879 bøker (1971 i 2010).
- Heile 6040 bøker blei kassert (1842 i 2010).
- Blant andre medier, vart det ein reduksjon i innkjøpet av musikk, filmar og lydbøker, samt ein auke i innkjøpet av spel.
- Auken i innkjøpet av bøker gjekk til ei satsing på bøker for yngre barn og dei minste.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2011 |
Rekneskap 2011 |
Lønspostar |
1.311.000 |
1.268.497 |
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
200.000 |
304.991 |
Datatenester |
227.000 |
191.351 |
Husutgifter |
265.000 |
229.969 |
Andre utgifter |
129.000 |
139.471 |
Sum netto |
2.132.000 |
2.134.279 |
Ein hadde i utgangspunktet ein budsjettauke på 2.1 % i 2011. Rekneskapen viser at ein brukte budsjettet fullt ut, med ein overforbruk på kr. 2.279, mot ein underforbruk året før på kr. 2.480. Innsparing her og der gjorde det muleg å prioritere utlånsmateriell. Det er dette brukarane er mest interessert i.
5. PERSONALE
Kristin Ulstein Farstad, Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Norunn Wuttudal og David Beadle har vore tilsett i 2011. Regelmessige vikarar har vore Monika Jedlinska, Viola Buitenkamp, Gunn Ulvestad, Elise Remme Reitan og Tove Remme Reitan. Bemanninga i Haram er langt under landsgjennomsnittet pr. innbuar. Vi har eit høgare utlånsaktivitet og eit større antal avdelingar enn gjennomsnittet. Personalet har på denne bakgrunn arbeidd veldig effektivt og har gjort ein stor jobb. Det er denne innsatsen som gjer at biblioteket får så mange positive tilbakemeldingar frå brukarar alle stader i kommunen.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2011:
- Biblioteket lånte inn 684 bøker
og annet materiell frå andre bibliotek, ned frå 707 i 2010. Studielitteratur og bøker til lesesirklar utgjer ca. 80 % av desse låna.
- Biblioteket lånte 408 bøker og annet mateiell til andre bibliotek, opp frå 362 i 2010. Det er filmar, framandspråklege bøker og fagbøker som utgjer mesteparten av desse låna.
7. PROSJEKT OG SAMARBEID
- Biblioteket har vore involvert i prosjektgruppa for nye felles nettsider i Møre og Romsdal, som forventast å bli ferdigutvikla i 2012.
- Samarbeidet med barnehagane blei trappa opp i 2011. Dei største samarbeidspartnarar er Haramsøy barnehage, Tryggheim Brattvåg, Tennfjord barnehage, Utigarden barnehage og Hildre barnehage.
- Samarbeidet med skulane var stort sett uendra. Dei største samarbeidspartnarar har vore Vatne barneskule, Brattvåg ungdomsskule, Haramsøy skule og Søvik skule.
- Det har vore yogatimar for barn ved avdelinga i Søvik. Ein inngjekk også ein avtale om å halde småbarnstreff i Søvik neste år.
- Ein har hatt eit løpande samabeid med Frivillegsentralen. Ein arrangerte ein polsk filmkveld saman. På grunn av terroråtaket i juli blei Internasjonal Dag avlyst, og med det blei eit samarbeidstiltak utsatt.
- Fylkesbiblioteket organisert ei transportordning som erstattar mesteparten av det som blir sendt mellom bibliotek i Posten. Ordninga fungerer godt og det har vore justeringar for det betre undervegs. Det har imidlertid vore fleire tap gjennom denne ordninga.
- David Beadle har vore kasserar i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe Flerkulturelle bibliotektjenester.
|
8. FAGLEGE KURS OG MØTEVERKSEMD 2011
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
23.3 |
Kristiansund |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
25-26.5 |
Alta |
Nord-norsk bibliotekkonferanse |
David Beadle |
Norsk Bibliotekforening |
24.8 |
Brattvåg |
Blogg-kurs |
David Beadle og Synnøve Moe Klokk |
Ingen |
31.8-1.9 |
Thisted (DK) |
Biblioteksudvikling i yderområder |
David Beadle |
Biblioteket |
6.9 |
Steinshamn |
Regionalt møte |
Synnøve Moe Klokk |
Biblioteket |
7.9 |
Brattvåg |
Personalmøte |
Alle |
Ingen |
17.10 |
Oslo |
Flerkulturelt Biblioteknettverk |
David Beadle
|
NBF/Biblioteket |
29.11 |
Molde |
Lesing og unge voksne |
David Beadle
|
Biblioteket |
I tillegg kjem styremøte i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester (David Beadle), Bibliotekarforbundet (David Beadle) og arbeidsgrupper i regi av Møre og Romsdal fylkesbibliotek.
9. RESULTAT FOR 2011
- Auka samarbeid med barnehagar om tiltak rundt språk og kommunikasjon har ført til auka etterspørsel etter bøker for dei miste, også blant foreldre.
- Ein nådde nye utlånsrekordar i Brattvåg, på Vatne og på Haramsøy, samt i kommunen totalt sett. Dette er ein brukarskapt vekst, og utviklinga gjeld bøker.
- Aktivitetsnivået ut over dei vanlege tenester publkum etterspør har i 2011 vore relativt høgt for eit lite bibliotek.
- Biblioteket gjekk over til datasystemet Mikromarc 3 i 2011.
- Trass auka utlån til brukargruppa barn og ungdom, er vi noko bekymra over etterspørselsen frå yngre ungdom. Vi har mange av dei mest attrative boktitlar i verda tilgjengelege, men etterspørselen er mindre. Vi vurderer å fokusere på denne gruppe når vi innfører e-bøker.
- Vi har forventa at nye e-tenester ville bli innført i 2011. Her er mange avtalar som må avklarast i felleskap.
10. PLANAR FOR 2012
- Ny felles nettportal for alle folkebiblioteka i Møre og Romsdal i 2012, eit tiltak fylkesbiblioteket arbeider med.
- Vidareutvikle samarbeidet med barnehagane.
- Samarbeide med ungdomsskulane om utvikling av skulebibliotektenester
- Oppretthalde samarbeidstiltak med heimesjukepleien, omsorgssentre, frivillegsentralen og Brattvågsenteret.
- Arrangere filmkveldar mm. for utanlandsk arbeidskraft
- Tolking og iverksettsetting av utfordringar knytta til Bibliotekmeldinga
- Overgang til breibandtelefoni
- Utvikle biblioteket som del av Ny i Haram
- Greie ut organiseringa av ein digital filial
- Planlegge nytt hovedbibliotek.
- Vurdere bibliotekstrukturen i forhold til endringar innan infrastruktur og demografi.
David Beadle
Bibliotekleiar
den 5. februar 2012