ÅRSMELDING
 2012

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.

2. AKTIVITETAR

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2012 er:

2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA

  • Tallet på utlån, ein indikasjon på etterspørsel og arbeidsmengd i eit bibliotek, var på sitt tredje høgste i 2012 i løpet av 40 år. Toppåret var 2011, etterfulgt av 2004. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
  • Fysiske besøk har vore stabile i mange år, men har gått ned litt dei to siste åra, trass større oppslutning om arrangement. Forklaringane kan vere meir kommunikasjon elektronisk, samt auka levering - til private postkasser, skular og barnehagar og heimebesøk.
  • Den elektroniske kontakten i form av katalogsøk og Facebook viser auka aktivitet. Bruken av nettsidene, som er utgått på dato men godt bruk, vil truleg auke når ein får ny design og nye regionale tenester.
  • Utlånet av alle typar audiovisuelle medier gjekk ned litt i 2012, spesielt filmar. Innkjøpet av nye filmar var på den lavaste på 10 år. Utlånet av cd-plater held seg rimeleg bra, trass i at nedlasting no er meir utbredt. Ein er tilbakehalden når det gjeld val av lydbokformat, noko som også reduserer innkjøpet, men etterspørselen held seg.
  • 2011 og 2012 har sett våre høgste utlån av bøker gjennom tidene, og utlånet til barn og unge satt ny rekord i 2012. Dette er ein trend vi har sett dei siste åra, og årsaken når det gjeld dei yngste er auka satsing på lettleste bøker, billedbøker, kassering av kulturfondbøker, auka interesse blant foreldre, ein auke i samarbeid med barnehagane og betre organiserte leveringar til leseprosjekt i skulane.. 
  • Haramsøy filial satt ny utlånsrekord i 2012 (3 882, som inkluderer skulen), medan hovedbiblioteket i Brattvåg oppnådd sitt nest beste resultat (26 251) og Vatne sitt tredje beste (14 971). Søvik (2 254) og Fjørtoft (180) hadde sine dårlegaste noteringar nokonsine, medan Longva hadde ein kraftig nedgang (1 511), etter ein kraftig oppgang i 2011. Utviklinga i alle krinsane må sjåast i samanheng endringane i innbuartal.
  • Dei siste åra har Haram hatt eit høgare utlånsnivå pr. innbuar enn lands- og fylkesgjennomsnittet, medan besøksnivået pr. innbuar har vore over fylkesgjennomsnittet og under landsgjennomsnittet.
  • Omlag 300 bøker blei lånt frå Bokbåten Epos og sirkulerte ved avdelingane på øyane. Med heile 7 stoppestadar i Haram er vi heldige som har eit så godt tilbod frå båten.

2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Det blei arrangert følgjande spesielle tiltak i 2012:  

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

 

3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2012:

4 ØKONOMI
  


Budsjett 2012 Rekneskap 2012
Lønspostar 
1.370.000
1.313.982
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier
200.000
325.100
Datatenester
227.000
179.177
Husutgifter
265.000
226.185
Andre utgifter
172.000
220.875
Sum netto
2.234.000
2.265.319

Ein hadde i utgangspunktet ein budsjettauke på 2.85 % i 2012 i forhold til året før. Rekneskapen viser at ein brukte budsjettet fullt ut, med ein overforbruk på kr. 31,319 eller 1,4 %. Ein har prøvd å gjere innsparingar, spesielt når det gjeld løn, for å heve evna til å kjøpe medier. Det er dette brukarane er mest interessert i. Avviket mellom budsjett og rekneskap har truleg samanheng med mangelfull oversikt i ein overgangsfase til eletronisk tilvisning.

5. PERSONALE

Kristin Ulstein Farstad, Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Norunn Wuttudal og David Beadle har vore tilsett i 2012. Regelmessige vikarar har vore Monika Jedlinska, Gunn Ulvestad, Elise Remme Reitan og Tove Remme Reitan. Både Monika Jedlinska og Gunn Ulvestad gjekk ut i foreldrepermisjon.

Bemanninga i Haram er på 0,24 pr. 1000 innbuarar, noko som er langt under gjennomsnittet (0,35 i Møre og Romsdal og 0,36 i Norge). Vi har ein høgare utlånsaktivitet og eit større antal avdelingar enn gjennomsnittet. Personalet har på denne bakgrunn arbeidd veldig effektivt og har gjort ein stor jobb. Det er denne innsatsen som gjer at biblioteket får så mange positive tilbakemeldingar frå brukarar alle stader i kommunen.

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2012:


7. PROSJEKT OG SAMARBEID

  • Biblioteket har vore involvert i prosjektgruppa for nye felles nettsider i Møre og Romsdal.
  • Samarbeidet med barnehagane held eit høgt nivå. Haramsøy barnehage, Tryggheim Brattvåg, Tennfjord barnehage, Utigarden barnehage og Hildre barnehage bruker biblioteket først og fremst til lån av depot, og Brattvåg barnehage og Søvik barnehage mest til besøk..
  • Samarbeidet med skulane var stort sett uendra. Dei største samarbeidspartnarar har vore Vatne barneskule, Haramsøy skule, Brattvåg ungdomsskule, og Søvik skule, derav dei to siste noko mindre om hausten enn våren..
  • Det har vore småbarnstreff i Søvik, men deltakinga blei så redusert at det vart avslutta.
  • Ein har eit løpande samarbeid med Frivillegsentralen.
  • Fylkesbiblioteket organiserer ei felles transportordning.
  • David Beadle har vore kasserar i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for Flerkulturelle bibliotektjenester.
  • David Beadle skal vere i eit arbeidsutval i fylket om introduksjonen av ebøker i biblioteka, når denne saka aktualisere seg.
 

 

8. FAGLEGE KURS OG MØTEVERKSEMD 2012
 
 

Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
17.3  Ålesund   Bibliotekleiarmøte fylke    David Beadle  Biblioteket
 21.-23.3  Stavanger Det 73. bibliotekmøte    David Beadle  Norsk Bibliotekforening
 17.4  Brattvåg Personalmøte    Alle  Ingen
 8.-9.8  Lappeenranta (FI) IFLA satellittkonferanse    David Beadle  Norsk Bibliotekforening
 23.10  Oslo Flerkulturelt Biblioteknettverk

 David Beadle

 NBF/Biblioteket
 29.-30.10  Lillestrøm Fjernlånkonferanse    David Beadle  Biblioteket
 12.12  Brattvåg  Personalmøte    Alle  Ingen

I tillegg kjem styremøte i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester (David Beadle), Bibliotekarforbundet i kommunen (David Beadle) og arbeidsgrupper i regi av Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

 

9. RESULTAT FOR 2012

 

10. PLANAR FOR 2013

David Beadle
Bibliotekleiar
den 25. januar 2013