ÅRSMELDING
 2013

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.

2. AKTIVITETAR

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2013 er:

2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA

  • Tallet på utlån totalt, ein indikasjon på etterspørsel og arbeidsmengd i eit bibliotek, var 46 774. Gjennomsnittet dei siste 10 åra er 48 948. Toppåret var 2011 (53295). Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
  • Fysiske besøk har vore stabile i mange år. Dette har gått ned i 2011 og 2012, trass høge utlån desse åra, men ikkje i 2013. Det har vore større oppslutning om arrangement, men dei fleste arrangement, og meir enn før, har vore lagt til kinoen, Kulturkaféen og skular, som ikkje er registrerte besøk. Meir kommunikasjon elektronisk og meir fysisk levering til private postkasser, skular og barnehagar, samt heimebesøk, speler inn her.
  • Den elektroniske kontakten i form av katalogsøk og Facebook viser auka aktivitet.
  • Utlånet av alle typar audiovisuelle medier gjekk kraftig ned for andre året på rad. Dette gjeld filmar spesielt, på grunn løysingar på internett som blir brukt stadig meir. Samtidig kjøpt ein inn langt færre filmar i 2013. Innkjøpet av lydbøker blei også redusert, men utlånet var stabilt i 2013.
  • Det blei satt ny utlånsrekord for barnebøker i 2013. Årsaken kan vere at innkjøpet blei redusert på alle område unntatt barnebøker i 2013. Auka engasjement hos foreldre i samband med Sommarles, samarbeid med barnehagane og betre organisert leveringar til leseprosjekt i skulane kan forklare denne utvikling.
  • Når det gjeld tendensar rundt utlånsaktiviteten, så satt Haramsøy filial ny utlånsrekord i 2013 (4 339, som inkluderer skulen), medan Søvik og Fjørtoft hadde rekordlave utlån. Usikkerheit rundt opningstidene på fredagar på Vatne har bidratt til eit fall der. Høge aktivitet rundt arrangement første halvåret førte til at ingen purringar blei sendt ut før september. Purringar genererer fornyingar og nye lån. Redusert innkjøp påverker utlånet
  • Dei siste åra har Haram hatt eit høgare utlånsnivå pr. innbuar enn lands- og fylkesgjennomsnittet, medan besøksnivået pr. innbuar har vore over fylkesgjennomsnittet og under landsgjennomsnittet.
  • Omlag 300 bøker blei lånt frå Bokbåten Epos og sirkulerte ved avdelingane på øyane. Med heile 7 stoppestadar i Haram er vi heldige som har eit så godt tilbod frå båten.

2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Det blei arrangert følgjande spesielle tiltak i 2013:  

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

 

3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2013:

4 ØKONOMI
  

01

Budsjett 2013 Rekneskap 2013
Lønspostar 
1.372.000
1.362.001
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier
200.000
287.108
Datatenester
227.000
160.443
Husutgifter
265.000
414.651
Andre utgifter
139.000
181.150
Sum netto
2.250.000
2.405.753

Ein hadde i utgangspunktet ein budsjettauke på 0,7 % i 2013 i forhold til året før. Rekneskapen viser at ein brukte budsjettet fullt ut, med ein overforbruk på kr. 155.753 eller 7 %. Det er ein kraftig auke i fellesutgiftene i Samfjordkvartalet, der hovedbiblioteket held til, som står for overforbruken. Ein har prøvd å gjere innsparingar, spesielt når det gjeld løn, for å heve evna til å kjøpe medier.

5. PERSONALE

Kristin Ulstein Farstad, Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Lisa Alvestad Aarnes, Elise Remme Reitan og David Beadle har vore tilsett i 2013. I mars slutta Norunn Wuttudal ved Fjørtoft filial. Regelmessige vikarar har vore Monika Jedlinska og Supakinee Synnaland.

Bemanninga i Haram er på 0,24 pr. 1000 innbuarar, noko som er langt under gjennomsnittet (0,35 i Møre og Romsdal og 0,36 i Norge). Vi har ein høgare utlånsaktivitet og eit større antal avdelingar enn gjennomsnittet. Personalet har på denne bakgrunn arbeidd veldig effektivt og har gjort ein stor jobb. Det er denne innsatsen som gjer at biblioteket får så mange positive tilbakemeldingar frå brukarar alle stader i kommunen. Om hausten har det vore eit lengre tilfelle av sjukemelding.

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2013:

Samsøket stod for 318 lån til andre bibliotek, på eit nivå med Molde og Kristiansund. Andre bestillingar er direkt i vår katalog og den kraftig auken skuldast bibliotektransporten. Normalt er mindre bibliotek langt meir avhengig av større bibliotek enn det dei kan yte. At Haram yter mykje har ein samanheng med materiellet innkjøpt over tid.


7. PROSJEKT OG SAMARBEID

  • Biblioteket har vore involvert i prosjektgruppa for nye felles nettsider i Møre og Romsdal.
  • Samarbeidet med barnehagane held eit høgt nivå. Haramsøy barnehage, Tryggheim Brattvåg, Tennfjord barnehage, Utigarden barnehage og Hildre barnehage bruker biblioteket først og fremst til lån av depot, og Brattvåg barnehage og Søvik barnehage mest til besøk..
  • Samarbeidet med skulane var stort sett uendra. Dei største samarbeidspartnarar har vore Vatne barneskule, Haramsøy skule, Brattvåg ungdomsskule, og Søvik skule, derav dei to siste noko mindre om hausten enn våren.
  • Det har vore yoga for dei minste i Søvik.
  • Samarbeid med Frivillegsentralen har vore vesentleg redusert.
  • Fylkesbiblioteket organiserer ei felles transportordning.
  • David Beadle har vore kasserar i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for Flerkulturelle bibliotektjenester.
  • David Beadle er bedt om å vere med i eit arbeidsutval i fylket om introduksjonen av ebøker i biblioteka, når denne saka aktualiserer seg.
 

 

8. FAGLEGE KURS OG MØTEVERKSEMD 2013
 
 

Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
16-17.4  Kristiansund   Bibliotekleiarmøte fylke    David Beadle  Biblioteket
 8-10.4  Bergen  Halmstadkonferansen    David Beadle  Biblioteket
 17.4  Brattvåg  Personalmøte    Alle  Ingen
 8.5  Oslo  Flerkulturelt bibliotekemøte    David Beadle  Norsk Bibliotekforening
 21.10  Oslo  Seminar Lettlest på norsk

 David Beadle

 Norsk bibliotekforening
 27.11  Brattvåg  Personalmøte    Alle  Ingen

I tillegg kjem styremøte i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester (David Beadle), Bibliotekarforbundet i kommunen (David Beadle) og arbeidsgrupper i regi av Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

 

9. RESULTAT FOR 2013

 

10. PLANAR FOR 2013

David Beadle
Bibliotekleiar
den 27. februar 2014