ÅRSMELDING
 2014

1. MÅLSETTING

Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og som møteplass gratis for alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.

2. AKTIVITETAR

2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL

Nøkkeltal for  2014 er:

2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA

  • Tallet på utlån totalt var nede i 40 064 i 2014, men dette skuldast at Vatne filial var stengt halve året. Søvik og Fjørtoft blei også lagt ned. Til samanlikninga var tallet 46 774 i 2013. Gjennomsnittet dei siste 10 åra er 48 948. Toppåret var 2011 (53295). Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
  • Fysiske besøk har vore stabile i mange år. Dette har gått noko ned i 2011 og 2012, trass høge utlån desse åra, men ikkje i 2013 og 2014 relativt sett. Ein del arrangement har vore lagt til kinoen og kulturkaféen. Meir kommunikasjon elektronisk og meir fysisk levering til private postkasser, skular og barnehagar, samt heimebesøk, speler inn her.
  • Den elektroniske kontakten i form av katalogsøk, ebøker og Facebook viser auka aktivitet.
  • Når ein tek omsyn til at Vatne filial var stengt halve året, virker det slik at den kraftige nedgangen av audiovisuelle medier har no stabilisert seg. Ein kjøpt inn langt færre filmar og musikk i 2014, som i 2013. Innkjøpet og utlånet av lydbøker er stabilt.
  • Det blei satt ny utlånsrekord for barnebøker i 2013. Utlånsnivået i 2014 er vanskeleg å samanlikne da Vatne var stengt i 6 månadar, der lånet av barnebøker er høgt, men mykje tyder på at nivået frå 2013 held seg relativt sett. Auka engasjement hos foreldre i samband med Sommarles, samarbeid med barnehagane og betre organisert leveringar til leseprosjekt i skulane forklarer gode resultat her.
  • Når det gjeld tendensar rundt utlånsaktiviteten, så er dette vanskeleg å seie noko om. Utlånet i Brattvåg var på eit rekordnivå, men dette er fordi ein del frå Vatne/Tennfjord-området brukte hovedbiblioteket da Vatne filial var stengt i 6 månadar.
  • Dei siste åra har Haram hatt eit høgare utlånsnivå pr. innbuar enn lands- og fylkesgjennomsnittet, medan besøksnivået pr. innbuar har vore over fylkesgjennomsnittet og under landsgjennomsnittet.
  • Omlag 300 bøker blei lånt frå Bokbåten Epos og sirkulerte ved avdelingane på øyane. Med heile 7 stoppestadar i Haram er vi heldige som har eit så godt tilbod frå båten.

2.6 ANDRE AKTIVITETAR

Det blei arrangert følgjande spesielle tiltak i 2014:  

I 2014 blei det arrangert mindre enn vanleg, da flytting av Vatne filial to gangar krevd mykje innsats frå personalet:

Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:

 

3  TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR

Nøkkeltal for 2014:

4 ØKONOMI
  

01

Budsjett 2014 Rekneskap 2014
Lønspostar 
1.546.000
1.368.685
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier
173.000
317.980
Datatenester
162.000
116.233
Husutgifter
390.000
398.593
Andre utgifter
277.000
515.787
Sum netto
2.548.000
2.717.278

Ein hadde i utgangspunktet ein budsjettauke på 13 % i 2014 i forhold til året før, mest for å dekke opp nye leige- og straumutgifter på Vatne, der ein til no har vore i kommunale lokale. Rekneskapen viser at ein brukte budsjettet fullt ut, med ein overforbruk på kr. 169.278 eller 7 %. Årsaken til overforbruket var forhåpninga om å frigjere midlar til eit kritisk lavt mediebudsjett, men arbeidet med å sette Vatne filial i presentabel stand i eit annet lokale på slutten av året blei dyrare enn forventa.

5. PERSONALE

Lisa Alvestad Aarnes, Kristin Ulstein Farstad, Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Elise Remme Reitan, Monika Jedlinska, Anita Hildre, Supakinnee Synnaland og David Beadle har vore bemanninga i 2014.

Bemanninga i Haram er på 0,24 pr. 1000 innbuarar, noko som er langt under gjennomsnittet (0,31 i Møre og Romsdal og 0,35 i Norge). Vi har ein høgare utlånsaktivitet og eit større antal avdelingar enn gjennomsnittet. Personalet har på denne bakgrunn arbeidd veldig effektivt og har gjort ein stor jobb. Det er denne innsatsen som gjer at biblioteket får så mange positive tilbakemeldingar frå brukarar alle stader i kommunen.

6. FJERNLÅNSTENESTER

Nøkkeltal for 2014:

Samsøket stod for 464 lån til andre bibliotek, på eit nivå med Molde og Kristiansund, og meir enn byar som Kongsberg, Lillehammer og Kongsvinger. Andre bestillingar er direkte i vår katalog og den kraftig auken skuldast bibliotektransporten. Normalt er mindre bibliotek langt meir avhengig av større bibliotek enn det dei kan yte. At Haram yter mykje har ein samanheng med materiellet innkjøpt over tid.


7. PROSJEKT OG SAMARBEID

  • Samarbeidet med barnehagane som prosjekt har vore noko redusert i 2014.
  • Lån av ebøker kom i stand i juni. Dette er eit samarbeidet i fylket.
  • Samarbeidet med skulane var stort sett uendra. Dei største samarbeidspartnarar har vore Vatne barneskule, Haramsøy skule, Brattvåg ungdomsskule, Flem skule og Brattvåg barneskule.
  • Samarbeid med Frivillegsentralen har vore redusert.
  • Fylkesbiblioteket organiserer ei felles transportordning.
  • David Beadle har vore kasserar i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for Flerkulturelle bibliotektjenester.
 

 

8. FAGLEGE KURS OG MØTEVERKSEMD 2014
 
 

Dato
Stad
Aktivitet
Deltakarar
Finansiering
4-5.3  Ålesund   Bibliotekleiarmøte fylke    David Beadle  Biblioteket
 17.4  Brattvåg  Personalmøte    Alle  Ingen
 12-13.5  Oslo  Flerkulturelt bibliotekemøte    David Beadle  Norsk Bibliotekforening
 27-28.10  Kristiansund  Bibliotekdagane

 David Beadle

 Biblioteket
 13-14.11  Göteborg  Mikromarc møte    David Beadle  Biblioteket
 4.12  Ålesund  IBBY barnebokturné    Lisa Alvestad Aarnes  Biblioteket

I tillegg kjem styremøte i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester (David Beadle) og Bibliotekarforbundet i kommunen (David Beadle).

 

9. RESULTAT FOR 2014

 

10. PLANAR FOR 2015

David Beadle
Bibliotekleiar
den 06. april 2015