ÅRSMELDING
2015
1. MÅLSETTING
Biblioteket er ei lovfesta kommunal teneste som stimulerer til opplevelse, kunnskap og dannelse gjennom sosial og fagleg utvikling både i fellesskap og individuelt.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2015. Samanlkningar er med 2013, da Vatne var stengt i 6 månadar i 2014:
- Det totale utlånet gjekk opp med
4,2% frå 46 775 til 48 726.
- Talet på besøkande gjekk
også opp 4% frå 32 835 i 2013 til 34 224.
- Dei nye nettsidene viser for tida ikkje besøkstal, men vi hadde 36260 katalogsøk. Besøk på bloggen Les for meg, pliiis!!! er ikkje telt.
- Biblioteket hadde ei side på Facebook med 909 venar ved utgangen av året, opp frå 826.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
opp 6,3% frå 22 457 til 23 712.
- Lånet av bøker til barn gjekk
ned 3,1%
frå 16 321 til 15 798, likevel biblioteket sitt nestbeste resultat.
- Lånet av andre medier var stabilt - 8 340 i 2015, men med i tallet 1127 ebøker, eit nytt tilbod.
- Lån ved den enkelte avdelinga frå 1972 til 2015 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Utlånstalet er ein indikasjon på etterspørsel og arbeidsmengd. Med 48726 lån i 2015 var dette over gjennomsnittet for 2000-2015 - 46 401. Toppåret var 2011 (53295). Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
- Fysiske besøk, stabile i mange år, viser teikn til oppgang. Det har vore litt større oppslutning om arrangement, som vi har måtte legge til kinoen, Kulturkaféen og skular. I tillegg til fysiske besøk i biblioteket har den elektroniske kontakt med brukarane auka. I tillegg kjem fysisk levering til private, skular og barnehagar, samt heimebesøk.
|
- Den elektroniske kontakten med brukararne, t.d. i form av katalogsøk, ebøker og Facebook er større enn i samanliknbare kommunar i fylket.
|
- Audiovisuelle medier: lånet av filmar gjekk ned, medan lydbøker og musikk viser stabile tall. Sjølv om lånet ev ebøker var høgare enn gjennomsnittet i fylket utgjorde dette berre 2,3 % av utlånet. Det blei kjøpt ein inn færre filmar og langt mindre musikk i 2015.
|
|
- Det høge utlånet av barnebøker held fram; 2013 og 2015 var dei beste åra. Større innkjøp, fleire arrangement og større etterspørsel frå skular er forklaringa. Auka engasjement hos foreldre i samband med Sommarles også ligg bak. Sommarles satt ny deltakarrekord i 2015.
|
- Når det gjeld avdelingar, var 2015 det første året med den nye struktur (utan Søvik og Fjørtoft) og med Vatne filial tilbake i normal drift. Hovedbiblioteket i Brattvåg, med utvida opningstider - timar flytta frå Søvik - hadde eit rekordutlån i 2015 med 28423 lån, medan Haramsøy filial hadde sitt nestbeste utlånsår.
|
- Haram har gode tall å vise til når ein samanliknar med gjennomsnittet nasjonalt og spesielt lokalt i fylket innan lån, besøk, arrangement, ebøker og biblioteksamarbeid.
|
- Omlag 300 bøker blei lånt frå Bokbåten Epos og sirkulerte ved avdelingane på øyane. Med sin lang kyst har Haram heile 7 stoppestadar.
|
- Biblioteket mottok eit betydeleg tall bøker frå Norsk Kulturråd, både ebøker og papirbøker. Det er vanskeleg å evaluere desse så lenge vi ikkje har eigne utlånsstatistikk for desse to kategoriar, men vi har grunn til å tru at utlånet av desse er lite når det gjeld papirformat. Ledige ebøker er som oftast titlar frå Norsk Kulturråd.
|
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Det blei arrangert følgjande spesielle tiltak i 2015:
- I januar arrangerte vi ein forfattarkveld på Kulturkféen med Aina Basso. 31 personar møtte fram.
- I mars kom tilbodet om ebøker i full gang, takka vere ein marknadsføringstiltak gjennomført av fylkesbiblioteket og Fram.
- I mai organiserte vi ein polsk filmkveld ved kinoen. 51 polakkar møtte opp, som var ny rekord.
- I juni arrangerte vi ein forfattarkveld på ID-huset med Linnéa Myhre, med ca. 45 tilstades.
- Frå juni til august organiserte vi Sommarles, ein lesekonkurranse for barn mellom 0 og 13 år i kommunen, som med 189 deltakarar satt ny rekord. Deltakarane med foreldra blei invitert til ei jojo-oppvisning med Eirik Jojo på ID-huset, samt trekking av premiar og utdeling av diplom i september i Brattvåg og på Haramsøy.
- I oktober opna vi ein Snapchapkonto for ungdom.
- Frå oktober blei Språkkaféen ved Haram Frivilligsentral til eit samarbeid med biblioteket, som vil møte kvar 14. dag ved biblioteket.
- I november og desember blei barneavdelinga og ungdomsavdelinga i Brattvåg godt fornya med enkle midlar.
- I november arrangerte vi i samarbeid med fylkesbiblioteket ein skuletime utanom det vanlege med Andre Ulveseter ved Vatne ungdomsskule.
- Det blei sendte inn foto til tidskriftet Bok og bibliotek sin fotokonkurranse. I tillegg til vinnarfotoet og andre plass, fekk seks foto heiderleg omtale. To av desse seks var frå Haram.
- Til stor glede for dei små og for biblioteket har ein sidan haust 2015 hatt eit fast eventyrtilbod: Eventyrkua (alias ,Lisa Alvestad), som les eventyr etter forespørsel og invitasjon.
- I løpet av året har lesesirkelen på Vatne med åtte medlemmer møtt 10 gangar. Lesesirklane i Brattvåg og på øyane har lagt seg ned.
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 3
avdelingar.
- Eksamenslokale i Brattvåg.
- Utstillingar.
- Klassebesøk, eventuelt med orientering.
- Lokalhistoriske tenester.
- Oppvisning, foredrag eller debatt
- Hjelp med offentleg informasjon.
- Hjelp med grunnleggande datakunskap.
- Flyktningehjelp.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale.
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2015:
- Biblioteket hadde ein tilvekst på 1872 bøker.
- 1814 bøker blei kassert.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2015 |
Rekneskap 2015 |
Lønspostar |
1.720.000 |
1.496.280 |
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
187.000 |
352.989 | 01
Datatenester |
162.000 |
131.156 |
Husutgifter |
464.000 |
490.079 |
Andre utgifter |
163.000 |
494.321 |
Sum netto |
2.696.000 |
2.694.825 |
Ein hadde i utgangspunktet ein liten budsjettauke i 2015. Rekneskapen viser at ein klarte dessverre ikkje å bruke dei resterande kr. 1.170, eller 0.038% av budsjettet. Det har vore eit mål å spare der ein kan for å oppretthalde eit forsvarleg mediebudsjett.
5. PERSONALE
Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Lisa Alvestad, Elise Remme Reitan, Anita Hildre og David Beadle har vore tilsett i 2015. Regelmessige vikarar har vore Kristin Ulstein Farstad, Monika Jedlinska og Supakinee Synnaland. I løpet av året flytta Monika Jedlinska til Polen og Supakinee Synnaland sa opp for å ta ein annan jobb. Kristin Ulstein Farstad har vore ute i morspermisjon og David Beadle var delvis sjukemeldt.
Bemanninga i Haram er på 0,26 pr. 1000 innbuarar, noko som er langt under gjennomsnittet (0,33 i Møre og Romsdal og 0,35 i Norge). Når vi samtidig har ein høgare utlånsaktivitet og vel fleire avdelingar enn gjennomsnittet, blir dette eit mål på effektiviteten og kjempeinnsastsen til personalet, som får mange positive tilbakemeldingar frå brukarar alle stader i kommunen.
6. INN- OG UTLÅN ANDRE BIBLIOTEK
Nøkkeltal for 2015:
- Biblioteket lånte inn 1610 bøker og annet materiell frå andre bibliotek i 2015 (684 i 2011; 714 i 2012; 1160 i 2013; 1227 i 2014).
- Biblioteket lånte 1231 bøker og annet mateiell til andre bibliotek (408 i 2011; 566 i 2012; 1126 i 2013; 1237 i 2014). Auken i trafikken både inn og ut har samanheng med oppretting av eige transportnettverk for bibliotek og biblioteket si satsing på fjernstudentar og autodidaktar i kommunen.
Samsøket stod for 470 lån til andre bibliotek. Talet er ikkje spesielt høgt, men likevel høgare enn Førde, Kongsberg, Lillehammer og Steinkjer, og høgst pr. innbuar i Møre og Romsdal.
7. PROSJEKT OG SAMARBEID
- Biblioteket har vore mindre involvert i fellesprosjekt i fylket i 2015, da det som skal samarbeidast om er stort sett gjennomført.
- Elise Remme Reitan og David Beadle har skrive henholdsvis ungdomsbokomtaler og filmomtaler for dei felles nettsidene i fylket, og skriv etter forholda meir enn andre bibliotek.
- Samarbeidet med barnehagane held fram, men i litt mindre grad i 2015 enn 2013-2014. Mest samarbeid har vore med Haramsøy barnehage, Tryggheim Brattvåg, Tennfjord barnehage, Tryggheim Vatne og Utigarden barnehage.
- Samarbeidet med skulane har auka i 2015 i form av fleire klassesett og dialog med Brattvåg ungdomsskule. Det blei arrangert forfattarbesøk til Vatne ungdomsskule. Dei største samarbeidspartnarar har vore Vatne barneskule, Haramsøy skule, Brattvåg ungdomsskule, og Brattvåg barneskule.
- Samarbeid med Frivillegsentralen har auka igjen, etter ein reduksjon i 2013-2014, først og fremst i form av samarbeid om Språkkafé.
- Fylkesbiblioteket organiserer ei felles transportordning som Haram bidreg økonomisk til.
- David Beadle var kasserar i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for Flerkulturelle bibliotektjenester iintil mai.
|
8. FAGLEGE KURS OG MØTEVERKSEMD 2013
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
3.-4.3 |
Molde |
Bibliotekleiarmøte fylke |
David Beadle |
Biblioteket |
22.4 |
Brattvåg |
Personalmøte |
Alle |
Ingen |
22.4 |
Ålesund |
Kurs i søketeknikk |
Lisa Alvestad |
Ingen |
8.5 |
Oslo |
Flerkulturelt bibliotekemøte |
David Beadle |
Norsk Bibliotekforening |
2.-3.9 |
Molde |
Fylkeskulturkonferansen |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
9.9 |
Ålesund |
Statistikk presentasjon |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
19.10 |
Ålesund |
Digitale verter |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
9.-10.11 |
Molde |
Webdewey |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
28.11 |
Molde |
Bibliotekdagen |
David Beadle |
Biblioteket |
5.-6.11 |
Tromsø |
Bibits brukerstøttemøte |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
23.11 |
Ålesund |
IBBY barnebokturné |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
9.12 |
Brattvåg |
Personalmøte |
Alle |
Ingen |
I tillegg kjem styremøte i Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester (David Beadle), samt Bibliotekarforbundet (David Beadle).
9. RESULTAT FOR 2015
- Godt og stabilt samarbeid med barnehagar, skular og frivillegsentralen.
- Utlånsnivået over gjennomsnittet for dei siste 15 åra, takka vere utlånet av bøker.
- Aktivitetsnivået over dei vanlege for eit lite bibliotek.
- Etterspørselsen frå yngre ungdom for lav, tatt i betrakning det gode utvalet ein har. Utbetring av ungdomsavdelinga i Brattvåg og oppretting av ein Snapchatkonto for ungdom har kanskje gitt litt meir besøk, men ikkje meir utlån.
- Vi begynte med vellykka eventyrtimar for dei minste på slutten av året.
- Biblioteket erfarer å bli oversett når kommunen skal presenterast og relevante undersøkjingar skal gjennomførast. Med over 34000 besøk i løpet av året er biblioteket ein kulturinstitusjon av betydning for kommunen, kanskje den største, med god geografisk fordeling. Mange frå barnehagebarn opp til mastergradstudentar er brukarar. Biblioteket betyr mykje for ein del sosialklientar. Ein er ofte den første kulturinstitusjon tilflyttarar bruker og er ein nøkkelinstitusjon, ofte den einaste kulturinstitusjon, for fleire innvandrargrupper. Biblioteket er både meir produktiv og effektiv enn mange andre kommunar, men mens verdsettinga skjer blant eigne brukarar og i andre kommunar, forblir Haram kommune taus. Ein blir oversett fordi der ikkje er nokon kommunikasjon administrativt med kommunen. Kommunen si leiing er aldri på biblioteket og ber aldri om informasjon (m.a. har ein rådmann besøkt biblioteket to gongar dei siste 26 år). Dette fører til mangelfull innsikt og avlegse forestillingar som spreier seg vidare i organisasjonen. Eit døme: sjølv om ein er involvert i mange utdanningsrelaterte tiltak, veit skuleleiinga lite eller ingenting om biblioteket. Det hjelper ikkje å ta det innover seg i etterkant. Biblioteket kan hjelpe, om det er vanskeleg å presentere eller representere.
- Eboktenester kom i gang for fullt i 2015, med begrensa utlån trass god marknadsføring, og med større kostnad pr. lån enn papirbøker. Bruken av ebøker gjeld alle aldersgrupper nokså likt.
- 2015 var det første året utan Søvik og på Fjørtoft filialar og med Vatne i full drift. Det har vore bibliotek i Søvik sidan før krigen og på Fjørtoft sidan 1800-talet.
10. PLANAR FOR 2016
- Oppretthalde samarbeidet med barnehagane og skulane.
- Utvikle eventyrtimar for dei minste.
- Gi råd til ungdomsskulane om utvikling av skulebibliotektenester.
- Oppretthalde samarbeidstiltak med heimesjukepleien, omsorgssentra og Brattvågsenteret.
- Oppretthalde eit godt tilbod for innvandrarar og utanlandsk arbeidskraft.
- Utvikle Språkkaféen i samarbeid med Frivillegsentralen.
- Arrangere forfattarbesøk.
- Planlegge nytt hovedbibliotek.
- Det er nødvendig å kontakte politikkarar og andre aktørar i større grad på grunn av mangelfull administativ kontakt i kommunen.
- Vere med i utviklingsgruppe for forbetring av heimesidene gjennom Webløft.
- Vurdere bibliotekstrukturen i forhold til endringar i infrastruktur og demografi.
- Gjennomføre forabeidet som kommunereformen kan føre med seg.
David Beadle
Bibliotekleiar
den 10. april 2016