ÅRSMELDING
2016
1. MÅLSETTING
Biblioteket er ei lovfesta kommunal teneste som stimulerer til opplevelse, kunnskap og dannelse gjennom sosial og fagleg utvikling både i fellesskap og individuelt.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2016:
- Det totale utlånet gjekk ned med
2% frå 48 726 til 47 646.
- Talet på besøkande gjekk
opp 3,1% frå 34 224 til 36 327.
- Heimesidene hadde 14983 sidevisninger, 6043 besøk og 3823 unike besøkande. Det siste tallet er ikkje langt fra tallet på fysiske bibliotekbrukarar og relativt høgt i fylket. Vi hadde 43732 katalogsøk, opp 32%. Besøk på bloggen Les for meg, pliiis!!! er ikkje telt.
- Biblioteket hadde ei side på Facebook med 972 venar ved utgangen av året, opp frå 909.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
ned med heile 12,4% frå 23 712 til 20 632.
- Lånet av bøker til barn gjekk
opp med heile 21%
frå 15 798 til 19 141, biblioteket sitt beste resultat.
- Lånet av andre medier gjekk ned til 6 997 i 2016, ein reduksjon på 15%. Tallet på utlånte ebøker var 1214, ein auke på 10%.
- Lån ved den enkelte avdelinga frå 1972 til 2016 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Utlånstalet er ein indikasjon på etterspørsel og arbeidsmengd. Med 47 520 lån i 2016 var dette over gjennomsnittet for 2000-2015 - 46 401. Toppåret var 2011 (53295). Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
- Lån av fysiske besøk, stabile i mange år, viser teikn til oppgang blant dei unge. Det har vore litt større oppslutning om arrangement og fleire skulebesøk. Samtidig har den elektroniske kontakten med brukarane auka. Det er nokre brukargrupper som kjem mindre ofte til biblioteket på grunn av dette, men andre brukargrupper besøker oss oftare. I tillegg kjem fysisk levering til skular, barnehagar og heimebesøk.
|
- Den elektroniske kontakten med brukararne er større enn i samanliknbare kommunar. Facebook er eit døme. Av landkommunar i fylket vart det berre Volda og Ulstein som lånte fleire ebøker enn i Haram. Gruppa som låner flest ebøker er damer 35-60 år. Barn bruker ebøker klart minst. Sjølv om lånet ev ebøker var høgare enn gjennomsnittet i fylket, utgjorde dette berre 2,3% av utlånet. I forhold til forventningane, er dette ein fiasko.
|
- Audiovisuelle medier: lånet av filmar gjekk ned, medan lydbøker og musikk viser stabile tall. Det blei kjøpt ein inn færre filmar og langt mindre musikk i 2015.
|
|
- Det høge utlånet av barnebøker held fram. 2016 blei vårt beste år. Denne gruppa har nok vore satsa på økonomisk i forhold til innkjøp av bøker og utgifter til arrangement. Deltakinga på Sommarles var rekordhøg i 2016 og ein turné med Jørn Lier Horst i alle skulane var populær og sette spor. Vi har i tillegg hatt fleire eventyrstundar med Eventyrkua. Engasjement hos foreldre i samband med Sommarles også ligg bak den positive trenden.
|
- Gleda over auka utlån til barn er dempa kraftig av redusert utlån til voksne. Det ser ut som det er skjønnlitteraturen som lider, men utvalet er som før. Ein har i det siste satsa på studiemateriell for voksne slik at utlånet av fagbøker held seg. Introduksjonen av ebøker kan ha påvirka lånet av skjønnlitterære bøker på papir, utan å kompensere for reduksjonen.
|
- Når det gjeld avdelingane, var 2016 det andre året med den nye strukturen (utan Søvik og Fjørtoft). Utlånsaktiviten ved Vatne gjekk ned til sitt nest lavaste på 10 år. Trass ein fin auke i utlån til barn, var reduksjonen til voksne ganske betydeleg med 22%. Det ser ut som talet på fornyingar kan forklare ein del av dette. Ein liknande tendens fann stad på Haramsøy, men avdelinga haddde likevel sitt nestbeste utlånstal totalt i 2016. På Lepsøy var forholda stabile, medan på Longva opplevde ein ein fin oppsving i utlån til både barn og voksne. Hovedbiblioteket i Brattvåg opplevde nesten ingen endring i 2016 i forhold til 2015, som var eit rekordår. Her var utlånet til barn noko større og vek færre filmar vart lånt ut.
|
- Haram har gode tall å vise til når ein samanliknar med andre kommunar. Dette gjeld lån, besøk, arrangement, ebøker og besøk på nettet.
|
- Omlag 300 bøker blei lånt frå Bokbåten Epos og sirkulerte ved avdelingane på øyane. Med sin lange kyst har Haram heile 7 stoppestadar.
|
- Biblioteket mottok eit betydeleg tall bøker frå Norsk Kulturråd, både ebøker og papirbøker. Det er vanskeleg å evaluere korleis desse blir mottekne så lenge vi ikkje har utlånsstatistikk for kategorien. Nokre av dei mest etterspurde titlane kan komme her, men andre blir aldri lånt ut. Dette gjeld også ebøker.
|
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Det blei arrangert følgjande spesielle tiltak i 2016:
- I februar arrangerte vi ein forfattarturné med Jørn Lier Horst. Dei aller fleste elevane i 5- til 7. trinn i kommunen, fleire hundre elevar, fekk oppleve han. Han besøkte også Haram folkebibliotek og på Kulturkféen møtte 70 voksne fram.
- I april arrangerte vi hår ein hår dag ved Flettemette ved biblioteka på Vatne og i Brattvåg. 38 møtte fram, der 12 fekk seg fletter.
- 2016 var det første året i mange år vi ikkje hadde ein polsk filmkveld ved kinoen.
- Om våren prøvde biblioteket å organisere timebesøk med ordføraren og varaordføraren. Desse møtte velvillig opp, men det var for interesse. Sidan politikarane hadde ein tett timeplan, blei tiltaket avvikla.
- Frå juni til august organiserte vi Sommarles, ein lesekonkurranse for barn mellom 0 og 13 år i kommunen. Med 291 deltakarar satt vi ny rekord. Deltakarane med foreldra blei invitert til ei avslutning med ungarske hoppetau jenter i september. 118 voksne og barn møtte fram. Premiar og diplom blei delt ut.
- Språkkaféen i samarbeid med Haram Frivilligsentral blei arrangert kvar 14. dag fram til september. Det var vanskeleg å finne frivillege å ta over, slik at dette blei avslutta.
- Til stor glede for dei små og for biblioteket har ein hatt fleire eventyrtimar med Eventyrkua (alias ,Lisa Alvestad), som las eventyr etter forespørsel og invitasjon.
- I løpet av året har lesesirkelen på Vatne med åtte medlemmer møtt 10 gangar.
I desember fekk vi besøk av to forfattar frå Haram som bur i Bergen, som har vekka oppsikt med barnebøker i 2016: Øyvind Vågnes og Njord Svendsen. Det blei opplesing og verkstad.
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling, avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 3
avdelingar.
- Eksamenslokale i Brattvåg.
- Utstillingar.
- Klassebesøk, eventuelt med orientering.
- Lokalhistoriske tenester.
- Oppvisning, foredrag eller debatt
- Hjelp med offentleg informasjon.
- Hjelp med grunnleggande datakunskap.
- Flyktningehjelp.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale.
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2015:
- Biblioteket hadde ein tilvekst på 2422 bøker, lydbøker, filmar m.m..
- 1011 bøker m.m. blei kassert.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2016 |
Rekneskap 2016 |
Lønspostar |
1.602.000 |
1.526.698 |
Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
200.000 |
340.442 | 01
Datatenester |
150.000 |
125.613 |
Husutgifter |
465.000 |
419.079 |
Andre utgifter |
225.000 |
256.447 |
Sum netto |
2.642.000 |
2.668.279 |
Ein hadde i utgangspunktet ein budsjettreduksjon på kr. 47.000 i 2016. Rekneskapen viser at ein klarte dessverre ikkje å halde seg til dette, ved å bruke kr. 26.279, eller 1 %, for mykje. Det har vore eit mål å spare der ein kan for å oppretthalde eit forsvarleg mediebudsjett.
5. PERSONALE
Synnøve Moe Klokk, Vigdis Farstad, Lisa Alvestad, Elise Remme Reitan, Anita Hildre og David Beadle har vore tilsett i 2016. Regelmessige vikarar har vore Kristin Ulstein Farstad, Synne Remme Reitan, Sarvini Selladurai og Yulia Efimova. David Beadle har vore delvis sjukemeldt sidan juli.
Bemanninga i Haram er på 0,26 pr. 1000 innbuarar, noko som er langt under gjennomsnittet (0,33 i Møre og Romsdal og 0,35 i Norge). Når vi samtidig har ein høgare utlånsaktivitet og vel fleire avdelingar enn gjennomsnittet, blir dette eit mål på effektiviteten og kjempeinnsastsen til personalet, som får mange positive tilbakemeldingar frå brukarar alle stader i kommunen.
6. INN- OG UTLÅN ANDRE BIBLIOTEK
Nøkkeltal for 2016:
Samsøket stod for 682 lån til andre bibliotek. Talet er ikkje spesielt høgt, men likevel høgare enn Molde og Kristiansund og det høgste pr. innbuar samanlikna med mange fylke.
7. PROSJEKT OG SAMARBEID
- Biblioteket har vore mindre involvert i fellesprosjekt i fylket enn tidlegare, men det har vore færre fellesprosjekt.
- Elise Remme Reitan og David Beadle har skrive henholdsvis ungdomsbokomtaler og filmomtaler for dei felles nettsidene i fylket, og skriv etter forholda meir enn andre bibliotek.
- Samarbeidet med barnehagane held fram, men i litt mindre grad i 2016 enn 2013-2014. Mest samarbeid har vore med Haramsøy barnehage, Tryggheim Brattvåg, Tennfjord barnehage, Tryggheim Vatne og Utigarden barnehage.
- Samarbeidet med skulane har auka i 2016 i form av fleire klassesett, meir dialog med Brattvåg ungdomsskule, auka klassebesøk og forfattarbesøk. Dei største samarbeidspartnarar har vore Vatne barneskule, Haramsøy skule, Brattvåg ungdomsskule, og Brattvåg barneskule.
- Samarbeid med Frivillegsentralen blei redusert frå september.
- Fylkesbiblioteket organiserer ei felles transportordning som Haram bidreg økonomisk til.
- Lisa Alvestad blei valt til leiar i Norsk Bibliotekforening, avd. Møre og Romsdal om hausten.
|
8. FAGLEGE KURS OG MØTEVERKSEMD 2016
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
15.-16.3 |
Kristiansund |
Bibliotekleiarmøte fylke |
David Beadle |
Biblioteket |
28.4 |
Ålesund |
Integrering 2.0 |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
11.-12.9 |
Ålesund |
Bibliotekdagane |
David Beadle & Lisa Alvestad |
Ingen |
4.10 |
Ålesund |
Axiell |
Lisa Alvestad |
Biblioteket |
3.-4.11 |
Stockholm |
Mikromarc brukermøte |
David Beadle |
Biblioteket |
9. RESULTAT FOR 2016
- Godt samarbeid med skular og frivillegsentralen.
- Utlånsnivået over gjennomsnittet sidan 2000, takka vere utlånet av bøker.
- Aktivitetsnivået var over det vanlege for eit lite bibliotek.
- Vellykka eventyrtimar.
- Ein søknad om prosjektstøtte til lettlese bøker for innvandrarar førte ikkje fram.
- Beskjeden respons på ebok-tilbodet.
- Rekordstor deltaking på Sommarles.
- Oppretting av ordførartimar vekte ikkje interesse hos brukarane.
- Språkkafé blei lagd ned i september grunna mangel på frivillege.
10. PLANAR FOR 2016
- Oppretthalde samarbeidet med barnehagane og skulane.
- Marknadsføre Vatne filial.
- Arbeide for ei permanent lokalisering av Vatne filial.
- Utvikle eventyrtimar for dei minste.
- Gi råd til ungdomsskulane om utvikling av skulebibliotektenester.
- Oppretthalde samarbeidstiltak med heimesjukepleien, omsorgssentra og Brattvågsenteret.
- Oppretthalde eit godt tilbod for innvandrarar og utanlandsk arbeidskraft.
- Arrangere forfattarbesøk.
- Planlegge nytt hovedbibliotek.
- Vurdere bibliotekstrukturen i forhold til endringar i infrastruktur og demografi.
- Gjennomføre forabeidet som kommunereformen kan føre med seg.
David Beadle
Bibliotekleiar
den 16. april 2017