1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting:
Å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til alle som bor
i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
Biblioteket er ein del av eit nasjonalt nettverk
og er i dagleg kontakt med høgskule- og universitetsbibliotek og
større folkebibliotek.
2. AKTIVITETAR
Verksemda kan målast i form av utlånstal og besøk, medan referansespørsmål, arrangement, internettoppslag, diverse forespurslar og kvalitet er vanskelegare å måle. Publikum stiller fleire og vanskelegare spørsmål no enn før.
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 1999 er:
DIAGRAM 1: UTLÅN TOTALT I HARAM FOLKEBIBLIOTEK1998 og 1999
Lånet av bøker for barn har gått ned, men det er ikkje noko som tydar på at barn besøker biblioteket sjeldnare. Ved hovedbiblioteket har ein tal som viser alle typer utlån barn har stått for ved å bruke eige lånekort, til forskjell frå bøker for barn lånt av alle lånegrupper, som t.d. foreldre, søsken og lærarar. Dei 7 årstrinna står for ein realtivt stor prosent av utlånsaktiviteten:
DIAGRAM 2: UTLÅN VED HOVEDBIBLIOTEKET 1999
BASERT PÅ
ALDEREN PÅ LÅNEKORTEIGAR
2.3 LANGSIKTIG AKTIVITETSUTVIKLING 1980-1999
Ein har laga desse grafiske framstillingar for heile biblioteket dei siste 20 åra som vedlegg til årsmeldinga:
Utlånsaktiviteten ved dei ulike avdelingane 1980-1999.
Endringar i utlånet av ulike typer media i folkebiblioteket
1980-1999.
Større auke i besøkstal enn utlånsaktivitet.
Nedgong
i utlånet av bøker for barn i folkebibliotek og skulebibliotek
1986-1999.
2.4 AKTIVITET VED STIKKPRØVER VED HOVEDBIBLIOTEKET I 1999
Postadresse
: Viser kvar lånetakarane bodde i perioden mai-juli etter krins,
fylke, Norge eller utlandet.
Klokkeslett : Viser låneaktivitet etter klokkeslett i og utanom
opningstidene.
Månad : Viser kva for månanadar som er dei meste aktive
i året.
Internettbruk
: Viser kva ein brukte internett til, også i forhold til andre
media.
Alder
: Viser kor gamal bibliotekbrukaren var på utvalgte torsdagar.
2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA VED AVDELINGANE
Det har ikkje vore endringar av betydning ved noko av avdelingar i 1999. Vatne filial viser ein fin auke i utlån. Søvik tok inn eit depot av videofilmar for første gong om hausten. På Fjørtoft har utlånsnivået vore på 8-12% av det som var tilfelle på 1980-talet, då biblioteket hadde eige lokale. I staden for ei teneste med fast samling vil ein ta i bruk ei mobilteneste i 2000. Lepsøy og Longva held eit godt aktivitetsnivå.
Når det gjeld Haramsøy filial,
var det i 1999 25 år sidan det vart gjort eit forsøk på
å få til ein samarbeidsavtale med skulen, der det er kombinasjonsbibliotek.
Samarbeidet har ikkje tilfredsstillande, og dette må takast opp med
skulesektoren i 2000.
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Det har vore utstillingar for voksne og arrangement og konkurransar for barn ved nokre av avdelingane. Folkebiblioteket inviterte barn i 5. - 7.kl. til å delta i Statens Bibliotektilsynet sin Les!-konkurranse og fungerte som mellomledd.
Biblioteket arrangerte ein spørrekonkurranse på internett for barn som går i 5., 6. og 7 kl. 140 personar deltok og 32 premiar vart utdelte.Bok og Papir A/S samarbeidde med biblioteket om dette.
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til avdeling på grunn av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt utfører biblioteket desse tenestene:
Nøkkeltal for 1999:
4 ØKONOMI
For 1999 fekk biblioteket eit budsjett på kr. 1 345 000 og ei tilleggsløyving til IT på 140 000. Budsjettet utgjorde ein auke på 5 %, i tråd med rammene for langtidsbudsjettet, medan tilleggsløyvinga gjekk til å erstatte IT-utstyr som slutta å fungere og annet forelda utstyr, samt arbeid med dette. Rekneskapet til biblioteket viser likevel eit overforbruk på 3.9 %. Forklaringa kjem hovedsakleg av budsjettposten for kontorutgifter. Rekneskapen viser kr. 103 625, medan ein berre hadde kr. 60 000 til disposisjon her.
For å halde seg innanfor rammene som ein har fått for 2000, er posten redusert til kr. 33 300, eller omlag 33 % av dei faktiske utgiftene for denne posten i 1999. Biblioteket vil derfor få problem med å unngå eit underskot også i 2000. For å halde seg innan budsjettramma må ein redusere anten :
5. PERSONALE
Bemanninga i biblioteket er prekær på alle nivå og ein ser alvorleg på dette. Dette blei utgreidd i eit lengre dokument om dette i mars. Dette er ikkje nådd fram til den politiske leiinga.
I kortheit kan ein seie at bemanninga er på
45% av normene, det vil seie på 2,55 stillingar. Normen for ein kommune
med 8600 innbuarar er 5,6 stillingar. I tillegg har biblioteket fleire
avdelingar enn andre bibliotek.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Gjennom 1990-åra har ein sett at innlån
av bøker frå andre bibliotek for lengst har passert talet
på bøker som blir kjøpt inn. I tråd med ønskje
frå bibliotek-Norge omkring yte-nyte prinsippet, gjer biblioteket
katalogen sin tilgjengeleg på internettet og inviterer med det til
lån frå andre bibliotek.
7. PROSJEKT>
Biblioteket har vore engasjert i tre prosjekt i 1999.
7.1 Z39.50
Biblioteket har levert data til NSU i samband
med eit samsøkprosjekt med kommunikasjonsverktøyet Z39.50
som har internasjonal standard. I retur har biblioteket fått gratis
klient-programvare og ei prioritert stilling i forhold til leverandøren
av biblioteksystema våre. Z39.50/CCL, gjer det mogleg å søke
på tvers av ulike bibliotekenheter og biblioteksystem. På sikt
er det vel mogleg at myndigheitane kjem til å stille krav til alle
bibliotek om bruk av Z39.50. Dette kan bli eit vilkår for fjernlånstinging,
som brukarane av Haram folkebibliotek er spesielt avhengig av. Frå
1. januar 2000 tek fleire bibliotek ikkje imot desse på annen måte
enn over internettet.
7.2 CEPP
I eit godt samarbeid med Trondheim folkebibliotek
utvikla Haram folkebibliotek eit treningsprogram for bibliotekarar i Sør-
og Aust-Europa (tidlegare austblokkland), dette som ein del av ei større
tilpassing mellom folkebibliotek i Europa. Treningsprogrammet var for det
meste finansiert av EU og personalet avspaserte for å delta. Det viste seg at deltakarane hadde kome for
langt i utviklinga til at ein kunne snakke om eit treningsprogram. Biblioteksjefen
skal arbeide med utviklinga av eit Infotek for Haram etter ein modell i
Ungarn, som kan finansierast med midlar frå Staten, EU, samt
britiske, franske og tyske kulturorganisasjonar.
7.3 KOMBI 99
Biblioteksjefen blei beden om å delta i
ei statleg prosjektgruppe om kombinasjonsbibliotek i regi av Sør-Trøndelag
fylkeskommune. Denne type bibliotek har vore problematisk og staten ønskjer
ei utgreiing.
8. KURS OG MØTEVERKSEMD
Kurs- og møteaktiviteten var stor i 1999:
|
|
|
|
|
16.1 | Trondheim | Møte: Kompetansesenterutviklingsprogram | David Beadle | Biblioteket |
27.2. | Budapest | Møte: PubliCA verkstad om utvikling av kompetanse- sentre for folkebibliotek i Sør- og Aust-Europa | David Beadle | Europakommisjonen* |
17.3. | Brattvåg | Møte: Personalmøte | alle | Biblioteket |
22.3. | Ålesund | Kurs: Windows Grunnkurs | Oddbjørg Hoem, Bente Nogva | Biblioteket |
14-15.4. | Molde | Møte: Bibliotekleiarmøte | David Beadle | Fylkesbiblioteket* |
6-7.5 | Oslo | Kurs: Samlingsutvikling i ei ny tid | ||
3-7.6 | Ålesund | Kurs: Innføringskurs for merkantilt tilsette og andre utan fagutdanning | Bente Nogva | Biblioteket |
17-18.6. | Oslo | Møte: Internasjonal politikk og formidling i folkebiblioteket | David Beadle | Utanriksdep. |
20.8. | Brattvåg | Møte: Biblioteket sitt forhold til kommunen | Rådmann, Skulesjef, Kultur- medarbeidar, David Beadle, Bård Justsen (IT delen) | |
13-17.9. | Trondheim | Kurs: Promoting Public Libraries with information technology | David Beadle | Europakommisjonen* |
20-22.9. | Dombås | Møte: Midt-Norge bibliotekleiarkonferanse | David Beadle | Fylkesbiblioteket* |
13.10. | Brattvåg | Møte: Vurderingar om situasjonen i Haram folkebibliotek | Fylkesbiblioteksjef
fylkespersonale, David Beadle |
Fylkesbiblioteket |
19.10. | Ålesund | Kurs: Faglitteratur og elektronisk media for barn | Bente Nogva, Oddbjørg Hoem, Vigdis O. Farstad | Biblioteket |
6.11. | Molde | Kurs: Fagleg kurs i regi av Norsk Bibliotekforeing | David | NBF* |
26.11. | Ålesund | Kurs: Vidaregåande kurs i referansearbeid på internettet | Oddbjørg Hoem, Vigdis O. Farstad, Bente Nogva | Biblioteket |
* Finansering av desse dekt av arrangør
fordi biblioteket sin deltakar stod for delar av programmet.
9. RESULTAT FOR 1999
Haram folkebibliotek har gode resultat å vise til i 1999, blant anna auka besøk og utlånsaktivitet viser under pkt. 2. Ei bemanning som er mindre enn det halve av normene, har gjort ein stor innsats og ein håper at arbeidsgjevaren blir kjent med dette gjennom denne meldinga og set pris på det.
Året begynte med ei utmerking for Haram folkebibliotek - Nasjonalbiblioteket sitt "månadens bibliotek på internett" i januar, og blei avslutta med ein invitasjon til å vidareutvikle ein spørjekonkurranse for barn på internettet. Brukarane roser personalet for tenestene relativt ofte.
I 1999 har ein ikkje nådd fram til den politiske leiinga med signal som gir innsyn i arbeidet biblioteket gjer og måten det skjer på. Folkebiblioteket i Haram er det einaste i fylket utan tilknytting til eit hovedutval. Dette gjer ein uroleg for vedtak som kan bli gjort. Ein får inntrykk av at biblioteket er noko som stort sett kjem etter alt annet, og risikerer å bli glemt. Ein har imidlertid god kontakt med brukarane, ikkje minst med barn og eldre ungdom.
10. PLANAR FOR 2000
Prioriterte oppgåver i 2000 blir i tråd med plandokument: Bemanningsplan og Plan for Haram folkebibliotek 2000-2004 :
Biblioteket er eit av 36 bibliotek som er kvalifisert til å delta i EBSCO-prosjektet, som gir publikum i Haram tilgong til ei online internasjonal tidsskriftformidling av ca. 600 tidskrift, derav fleire med artiklar i fulltekst. Bruken av ressursen blir registrert, slik at ein vil kunne sjå kor mange i Haram bruker tenesta i forhold til andre kommunar. Brukaren må få passord ved å registrere seg i biblioteket.
Biblioteket vil vudere idéen frå
Nasjonalbiblioteket til å utvikle vidare spørjekonkurransen
for barn, i det ein vil få midlar til dette.
David Beadle
Biblioteksjef
den 9. februar 2000.