Årsmøte i Norsk Bibliotekforening Møre Romsdal
Alexandra Hotell, Molde 13. september 2004 kl. 18.15

Heim

 

Årsmelding 2003-2004 for Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal

Styrearbeid

Styret har bestått av: 

David Beadle

Leiar

Marit Greftegreff

Nestleiar

Birgit Farstad

Kasserar

Lise Bull

Sekretær

Per Arne Skomsø

Styremedlem

  Varamedlemmer:  

Anne-Karin Høj

 

Bjørg O. Høie

 

Laila Wik Romstrand

 

Åsel Tømmerdal 

 

Revisorar:

Gudrun Refstrup

 

Eli Rødberg

 

Valnemd:  

Anne Husøy

 

Marit Alsvik

 

Anne Marie Øvstegård

 

 

2 styremøte er haldne. Møtestaden har vore Molde bibliotek.  9 saker har vore handsama og møtereferata er lagt ut på avdelinga si heimeside.

Verksemd

  1. Nokre av medlemmene og styremedlemmene har vore engasjert med planlegging og gjennføring av  Bibliotekmøtet/Landsmøtet i Molde i mars 2004.
  2. I februar arrangerte avdelinga ein temadag i Ålesund om Film i biblioteket, med Gunnar Strøm som forelesar. Det var 26 deltakarar.
  3. I februar blei Aud Folkestad overakt NBF Møre og Romsdal sin bibliotekpris i Ålesund.
  4. I mai arrangerte avdelinga i samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek ein temadag i Ålesund, etter same mønster som i Molde i 2003: Skulebiblioteket – ein viktig læringsarena. 39 deltakarar var til stades.
  5. Styret har vore  medarrangør under førebuing av dagens konferanse Gi rom for lesing..

Samarbeid

  1. Sponsorstøtte på kr. 1500 til Bjørnsonfestivalen..
  2. Avdelinga har samarbeidd med fylkesbiblioteket om arrangement av aktivitetar.

Kontakt med Norsk Bibliotekforening

  1. Arbeidet med Bibliotekmøtet/landsmøtet i Molde i mars har ført til auka kontakt med NBF sentralt.
  2. Avdelinga fekk ei henvending frå NBF Sogn og Fjordane om samanslåing.
  3. Avdelinga initierte ei oppmoding for å få Norsk Bibliotekforening å ta opp saka om utsett bygging av Nye Deichman..

Synleggjering

  1. NBF Møre og Romsdal har forsøkt å orientere medlemmer gjennom fylkesbiblioteket si postliste og gjennom eige heimeside.
  2. Aktivitetane har stått på nyheitssidene til NBF sentralt.
  3. Avdelinga har arbeidd for at Bibliotekmøtet i Molde 2004 vert omtala i lokalpressen.

Økonomi

NBF søkte og fekk eit driftstilskot på kr. 2 000 frå fylkeskommunen i 2004. Aktivitetstilskotet frå NBF sentralt  vart kr. 12 000, ein auke på  kr. 1000 for andre år på rad. Rekneskapen viser eit overskot på kr. 20 674,73. Avdelinga hadde ikkje utgifter til Bibliotekmøtet i mars, og styret valgte å bruke anledninga til å spare pengar slik at det nye styret får ein god økonomisk start.  

Virkeplan

Styret har iverksett dei fleste tiltak nemnt i virkeplanen for 2003-2004.  

Styret

11. august 2004

____________________________________________________________

REKNESKAP 2003-2004

INNTEKTER  

Aktivitetstilskot NBF 2004                      

12.000,00

Grunntilskot NBF 2004                              

7.140,00

Fylkestilskot 2004 frå Møre og Romsdal fylkeskommune                           

2.000,00

Renter, Postbanken 2003                                 

26,21

Deltakaravgift, faglege møter                     

8.750,00

Sum inntekter                                             

29.916,21

 

UTGIFTER

Årsmøte/Bibliotekmøte                               

7.091,48

Styremøter

0,0

Faglege møter, kurs                                       

0,0

Kontorutgifter/gebyr                                      

50,00

Sum utgifter                                             

9.141,48

Overskot 2003-2004

20.674,73

30.526,21

Beholdning 3/11-03

4.419,09

Overskot 30/6-04

20.674,73

 

 

Eli Røberg (sign)                             

Gudrun Refstrup(sign)

Revisor

Revisor

__________________________________________________________

 

Budsjettframlegg 2004

Inntekter:

Aktivitetstilskot frå NBF

12.000,00

Grunntilskot frå NBF                          

7.200,00

Fylkestilskot

2.000,00

Renter Postbanken

100,00

Deltakaravgift

4.000,00

Frå overskot

5.300,00

Sum inntekter

26.200,00

Utgifter:

Styremøter

4.000,00

Årsmøte/bibliotekmøte/fagleg møte  

17.000,00

Kulturelle tiltak i  fylket                      

1.500,00

Bibliotekpris

2.000,00

Kurs og andre møter

4.500,00

Kontorutgifter

2.500,00

Sum utgifter                                        

31.500,00

_____________________________________________________________________

Virkeplan for Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal 2004-2005

Politiske mål

Mål knytta til ytringsfridom og demokrati :

  1. Arbeide for opne og tilgjengelege bibliotek som held eit godt nivå når det gjeld kvalitet og utval.
  2. Arbeide for lik tilgang til kunnskap og informasjon
  3. Arbeide for gratis tilgang til kunnskap og informasjon
  4. Delta i og arbeide for kollektive avtaler om levering av informasjon og formidling av kunnskap og kultur.

Mål knytta til økonomi og ressurstilgang :

  1. Auka ressursgrunnlag for alle typer offentlege bibliotek
  2. Stimulere nyrekruttering
  3. Godt fjernlånssamarbeid
  4. Bringe ressursgrunnlaget i Møre og Romsdal opp til eit nordisk nivå. 

Mål knytta til organisering :

  1. Delta aktivt i omorganiseringsprosessar som ledd i å hjelpe medlemmer å oppnå sine mål.
  2. Oppmode til samarbeid på tvers av administrative grensar i Møre og Romsdal og utover i landet.

Mål knytta til kultur- og verdformidling :

  1. Støtte opp om konkrete prosjekt i fylket som kan foreinast med Norsk Bibliotekforening sine målsettingar. 
  2. Støtte opp om tiltak som stimulere kulturelle eigenartar i fylket.

Mål knytta til utdanning :

  1. Arbeide for ei sentral rolle for bibliotek i utdanningsinsitusjonar og lærarutdanninga.
  2. Arbeide for at alle under utdanning har ei bibliotekteneste.
  3. Arbeide for at alle bibliotek kan levere digitale tenester til alle under utdanning.

Organisatoriske mål :

  1. Arbeide for at Norsk Bibliotekforening blir ein samlande interesseorganisasjon for biblioteka i fylket.
  2. Bygge alliansar med andre organisasjonar.
  3. Ha eit fast samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek.
  4. Opptre som politisk premissleverandør når høvet byr seg.
  5. Auke medlemskap.
  6. Fremme interessene til medlemmene.
  7. Oppmode til at medlemmene deltek aktivt i Norsk Bibliotekforening.

Tiltak :

  1. Støtte opp om konkrete prosjekt i fylket når det gjeld kultur- og verdiformidling.
  2. Oppmode medlemmer til å bruke Norsk Bibliotekforening.
  3. Delta i tiltak organisert av eller støtta av Norsk Bibliotekforening sentralt.
  4. Følgje opp initiativ frå NBF sentralt relatert til politiske val.
  5. Samarbeide med andre lokale og spesielle avdelingar.
  6. Arbeide for at kommunane får tilgang på fagkvalifisert  personale.
  7. Arrangere tiltak som gjer medlemmene merksame på politisk aktuelle endringar.
  8. Fremme Norsk Bibliotekforening til ein møtestad for alle typar bibliotek i fylket.
  9. Dele ut ein lokal bibliotekpris i samarbeid med fylkesbiblioteket.

__________________________________________________________ 

Valkomiteen sitt framlegg til styre for Norsk Bibliotekforening,

Møre og Romsdal – 2004/2005

Framlegg til styreverv vert distribuert på møtedagen.