PLAN FOR 2013-2016

1.0  Dokument
2.0  Planen sin funksjon
3.0  Oppgåvedeling
4.0  Verdien av biblioteket i lokalsamfunnet
5.0  Situasjonsomtale
6.0  Brukaren
7.0  Organisasjon
8.0  Framlegg til tiltak 2013-2016

 

1.0 Dokument
 

Planen tek utgangspunkt i ei evaluering av eiga utvikling og signal i relevante og nyttige dokument.

Relevante dokument:
  Lov om folkebibliotek med lenkar til forskrifter
  Kulturutredningen 2014
  Fjernlån
  Nasjonale indikatorer for norske folkebibliotek
  Møre og Romsdal fylkesplan 2013-2016 
  Bibliotekreform 2014 - del 1 Tiltak og strategiar
  Bibliotekreform 2014 - del 2 Norgesbiblioteket
  St.meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid  

Kompetanseplan for Haram kommune


Nyttige dokument
:
  IFLA public library manifesto, 1994  
  Folkebibliotektenesta - IFLA/UNESCOs retningslinjer for utvikling 
  En helhetlig integreringspolitikk : Mangfold og fellesskap
  Program for skulebibliotekutvikling
  St.meld. nr. 22 (2004-2005) Kultur og næring 
  St.meld. nr. 17 (2006-2007) Eit informasjonssamfunn for alle 
  St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining (språkmeldinga) 
  St.meld. nr. 24 (2008-2009) Nasjonal strategi for bevaring og formidling av kulturarv 


2.0 Planen sin funksjon

Planen forsøker å:

Planen kan :


3.0 Oppgåvedeling

Ei funksjondeling legg ansvaret for ulike typar bibliotektenester på ulike forvaltningsnivå i landet : stat, fylkeskommune og kommune. Rammene for dei ulike nivå er avgjerande for bibliotek sin funksjonalitet, utvikling og konkurranseevne.

Funksjonsdelinga blir gjennomgått på bakgrunn av Bibliotekreform 2014,  St.meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek , regional samarbeidsutvikling og kommunale føringar.

3.1 Kommunalt nivå

Kommunane har det primære ansvaret for bibliotektilbodet til eigne innbuarar. Biblioteket er lovfesta, med endringar frå 01.01.2014 og skal ha eit hovedbiblioteket. Kommunen kan opprette filialar og/eller mobile tenester. Demografiske forhold og utvikling, samferdsel, tilgong på bygg og forholdet mellom fysiske og digitale tenester avgjer bibliotekstrukturen.

Eit folkebibliotek kan i ulik grad ha samarbeidsrelasjonar med fleire eksisterande eller framtidige kommunale tenester eller lokale aktørar. Grunnskuletenesta har ansvaret for skulebibliotektenesta.


3.2 Regionalt nivå

Fylkesbiblioteket, eller tenester som erstattar dette etter 01.01.2014, skal vere ein rådgjevar og koordinator i bibliotektekspørsmål i høve til kommunane. Det skal ivareta tenester som kommunane ikkje har adgang eller tilstrekkjeleg kompetanse til. Fylkesbiblioteket skal vere ein støttespelar og initiativtakar, samt medverke til regionale utviklingstiltak. Møre og Romsdal fylkesplan 2013-2016 indikerer at dette skjer.

Brukarane kan fritt velje kommunalt bibliotek. Dette fører til at dei kommunale biblioteka tenkjer like mykje regionalt som kommunalt. Haram folkebibliotek har tidlegare initiert samarbeidstiltak som Bibfilm og Sommarles (bokmål utgåve .
Interkommunale tiltak initiert av Møre og Romsdal fylkeskommune er m.a. Regionalt samsøk, regional transportordning, felles nettsider og regional profilering. Fylkesbiblioteka på Vestlandet driv bokbåten Epos , som eit betydeleg kulturelt bidrag til innbuarane i Haram.

3.3 Nasjonalt nivå

Statsfinansierte vitskapelege og faglege bibliotek er viktige kjelder til ressursar for innbuarane i Haram. Likedan er Nasjonalbiblioteket ei viktig kjelde, men også ein utviklingsaktør.
Materiell blir bestilt dagleg frå desse. På statleg nivå har utviklingsområdet for fylkes- og folkebibliotek flytta frå ABM-utviklinga, eit direktorat under Kulturdepartementet, til Nasjonalbiblioteket, men det er uviss korleis dette kjem til å utvikle seg.

Ei lovendring trer i kraft frå 01.01.2014. Endringar til åndsverklovgjevinga pågår. I planperioden vil det forhåpentlegvis bli ei avklaring rundt lån av ebøker, men dette vil sannsynlegvis ta tid. Det må også finansierast.

Eit betydeleg bidrag frå staten til alle folkebibliotek er innkjøpsordningane for litteratur og sakprosa gjennom Kulturrådet. Nasjonalbiblioteket har i tillegg utvikla Biblioteksøk , som Haram har meldt seg inn i som einaste kommune i Møre og Romsdal.

3.4 Deltaking på tvers av nivå og internasjonalt

Biblioteket er eit lite fagområde. Vegen er kort til å bli involvert i faglege tiltak ut over det kommunale. Dei tilsette har vore og er framleis involvert i regionale, nasjonale og europeiske tiltak og verv.



3.5 Framtidsutsikter

Planen forsøker å ta høgde for to sentrale usikkerheitsmoment som bibliotekaktørar på alle forvaltningsnivå må ta omsyn til saman:

 

4.0   Verdien av biblioteket for lokalsamfunnet

Det er vanskeleg å måle verdien av biblioteket sine ytingar i kroner. Ny norsk forskning hevder at for kvar skattekrone som er brukt til folkebibliotek, får brukarane det firedobbelte igjen. Ei tilsvarande britisk utrekning, også etter "betinga verdsetting", viser at eit nasjonalbibliotek har ein produksjonsverdi 4,4 større enn investeringane.

94 % av befolkninga meiner det er ein demokratisk rett å ha eit folkebibliotek, jf. St.meld. nr. 22 (2004-2005) Kultur og næring.

Verdiar som stadfestar biblioteket sin plass i lokalsamfunnet som eit fellesgode er:

Biblioteket er også verdifullt for Haram kommune som organisasjon, men visjonar for tenesta er vanskeleg å finne i den heilheitlege kommunale planlegginga. Ein kan finne overordna målsettingar å arbeide etter.

Tabell 1 forsøker å belyse i stikkordform korleis bibliotektenesta kan innlemmast i den kommunale heilheita for å belyse aktuelle samarbeidsområde:

Tabell 1 : Element i bibliotektenesta som kan trekkjast inn i kommunen si planlegging og samarbeidstiltak
         

LOKALPOLITISKE MÅLSETTINGAR
misjon, utforming av politikk, overordna styringskort 

 
   
|
V

   
 
BEHOVSANALYSE
  brukargrupper, lokal samfunnsprofil, marknadsundersøkjing
 
   
|
V
   
 
BIBLIOTEKSAMANHENGAR
 nasjonale føringar, økonomi, organisasjonskultur, samarbeidspartnarar
 
   
|
V
   
 
RESSURSFORSYNING I BIBLIOTEKET
 bemanning, bygg, innreiingar, medier
, nettenester
 
   
|
V
   
STYRING
 reglar, innsats, haldning, kvalitet
>>
<<
SERVICE MØNSTER
 sentralisering/ desentralisering

fysisk/digital
   
|
V
   
 
PRODUKSJONSINDIKATORAR       
Utlån, besøk, forespørslarar, avtalar, prosjekt
 
   
|
V
   
 
MELLOMSIKTIGE RESULTAT
 Mål på leste bøker, tileigna kunnskap, påverka livsstil, interesser som blir vekt, råd mottatt, opplevingar, innsikt  
 
   
|
V
   
LANGSIKTIGE RESULTAT
 Brukartillit, sosialt samhald, kompetanse 

 

 

5.0  Situasjonsomtale

Der er ulike måtar å måle stoda i biblioteket på:

5.1 Kva blir biblioteket brukt til?

Undersøkjingar viser overraskande forskjellige oppfatningar av tenesta blant dei som bruker den og dei som ikkje gjer det. Dei som bruker det har ei langt meir positiv oppfatning av tenesta og oppsøker aktivt bibliotek heime, på ferie og nær arbeidsplassen.

Dei som bruker tenesta aktivt, deler seg i fire grupper:

Biblioteket blir brukt til :

Årsmeldingar med informasjon om aktiviteten finn ein her. [http://www.haram.folkebibl.no/index.php?side=ombiblioteket]

Folketalet i kommunen ligg på rundt 9 000. Biblioteket telte over 33 000 fysiske besøk i 2012. Det er normalt at brukarar bruker biblioteket meir i nokre periodar av sine liv meir enn andre.
Aktive lånarkort kan også indikere bruken, men dette aleine gir ikkje eit korrekt bilde av bruken av biblioteket fordi:

Tabell 2 viser talet på brukarar (berre dei som lånte noko) over ein periode. Det er brukt to tall. Talet på aktive lånekort utløyst i databasen, og i parantes eit forsiktig tal som indikerer det reelle talet når ein tar omsyn til punkta over, samt det at Lepsøy og Fjørtoft ikkje ligg i databasen:


Tabell 2 : Aktiviserte lånekort 2004-2010
Aktiviserte
lånarkort*
januar februar 1. kvartal 1. halvår 9 månadar 1 år 2 år 3 år 4 år 5 år
2004-2008
3731 (4962)
2005-2008
3233 (4300)
2006-2008
2883 (3834)
2007-2008
2471 (3286)
2007
671 (892)
983 (1307)
1149 (1528)
1380 (1835)
1663 (2212)
1941 (2551)
2008
667 (891)
990 (1309)
1133 (1507)
1389 (1852)
1658 (2210)
1863 (2478)
2009
687 (913)
999 (1312)
1177 (1565)
1429 (1900)
1649 (2207)
1898 (2524)
2010
         
1888 (2511)
       

Kommentar:

Ein har kartlagt kva avdeling ein bruker i forhold til kvar ein bur i kommunen (krins), og kor ofte nye kort blir registrert:

5.3 Opningstider og tilgong

Haram har lange opningstider pr. innbuar. Når vi samanliknar med andre kommunar, finn vi følgjande:

Når det gjeld timar i heile kommunen er det desse som er dei meste trafikerte:

Tabell 3 : topp utlånstimar
18.00-19.00
ca 7600
17.00-18.00
ca 7100
12.00-13.00
ca 6000
13.00-14.00
ca 4500

Når det gjeld dagar i heile kommunen, er det desse timane som er dei mest trafikkerte:

Tabell 4 : topp utlånstimar etter dag
laurdag 12.00-13.00
ca 2400
torsdag 18.00-19.00
ca 2300
fredag 17.00-18.00
ca 2200
tysdag 17.00-18.00
ca 2200

Når det gjeld avdelingane (utan Lepsøy og Fjørtoft som har manuelt utlån), fordeler utlånsaktiviteten seg slik:

Tabell 5 : topp utlånstimar etter avdeling
Brattvåg
Vatne
Søvik
Haramsøy
Longva
 
ope 5 dagar i veka   ope 3 dagar i veka   ope 2 dagar i veka   ope 3 dagar i veka   ope 2 dagar i veka  
laurdag 12-13 tysdag 17-18 torsdag 17-18 mandag (skule) 12-13 torsdag 18-19
torsdag 18-19 fredag 17-18 torsdag 18-19 mandag (skule) 11-12 torsdag 19-20
laurdag 11-12 fredag 18-19 mandag 17-18 tysdag 19-20 tysdag 16-17
torsdag 17-18 tysdag 18-19 mandag 18-19 tysdag 18-19 tysdag 17-18
laurdag 13-14 fredag 16-17     fredag 17-18    
torsdag 16-17 tysdag 19-20     fredag 18-19    

Månadsvis utviking

I løpet av dei siste åra har ein sett ein kraftig vekst i utlån i juli månad:

Tabell 6 : Utlånsutvikling i juli 2004-2012
Årstal
2004
2005
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
Utlån alle medier
1452
1652
1880
2054
2391
2524
2777
2757
3131

Dette er eit viktig signal om potensialet som ligg i fritida til brukarane. Sidan 2006 har biblioteket arrangert lesekonkurransen Sommarles for barn i heile kommunen. Utlånet av materiell til denne gruppa har auka, men i juli er det lån til voksne som har auka mest. Hovedbiblioteket held ope heile sommaren, medan Vatne filial held ope 2,5 veker i juli. Hovedbiblioteket har hatt opent i juli til kl. 18.00 fram til 2002, og til 20.00 sidan 2003.

Det er ønskjeleg med eit hovedbibliotek med regelmessige opningstider. 11.00 - 19.00 dagleg og 11.00-15.00 laurdag er typisk for mange folkebibliotek. Dagens uregelmessige tider har samanheng med at eit lite personale må kunne dekke opp vakter ved filialar, medan onsdag går til vedlikehald ved desse, samt møte og kurs.

 

5.4 Økonomi

Haram er i ein periode med stram økonomi. Det har ikkje vore investeringstiltak i lengre tid, men å investere i ID-huset var lenge aktuelt. I 2011 vedtok formannskapet ei mindre investering dersom kommunen vann fram med eit fylkeskommunalt fornyingsprosjekt på Haramsøy.

I Kulturutredningen 2014 slår Enger-utvalet fast at folkebiblioteka har dei siste åra endra status frå kulturell grunnmur til budsjettapar, når ein ser bort frå kommunar med betre økonomi. Når utvalet går så langt som til å foreslå øyremerka tilskot for å sikre eit lokalt kulturløft til folkebibliotek, må dette vere ein indikasjon på nedprioriteringa og underbemanninga som har skjedd i kommunane det gjeld.

Tabell 7 viser at ein sparer mykje på løn samanlikna med andre kommunar. Biblioteket har prøvd å halde denne utgift nede for å oppretthalde eit forsvarleg innkjøpsnivå av medier. KOSTRA-tala viser elles at kommunen bruker mindre av sitt kulturbudsjett til biblioteket enn gjennomsnittet i fylket og blant gruppe 11 kommunar, men meir enn landsgjennomsnittet. Samanlikninga gjeld drift og ikkje investering.

Tall frå KOSTRA brukast for å samanlikne økonomi og visse aktivitetar i form av indikatorar, men ein må i tillegg ta omsyn til følgjande:

KOSTRA-tal for Haram 2011:

Tabell 7 : Bibliotekøkonomi og -aktivitet samanlikna med andre kommunar 2011
Haram Samanliknbare kommunar (gruppe 8) Møre og Romsdal Norge
Netto driftsutgifter som % av kommunens totalbudsjett 0,5 0,5 0.5 0,6
Utlånsaktivitet pr. innbuar
6
4,5
4,2
5
Innbuarar pr. årsverk
4 253
2 934
2 996
2 776
Tilvekst nye medier pr. 1000 innbuarar
312
315
299
258
Fysiske besøk pr. innbuar
3,9
3,8
3,2
4,5
Løn- og mediumsutgifter pr. innbuar
178
211
206
220
Tal på avdelingar
7
2,1
2,1
1,9

Kjelde: Kostra - Haram


5.5 Bemanning

Biblioteket må ha fagutdanna biblioteksjef ved lov. Denne personen er ein 'bibliotekar'. Personalet for øvrig kan vere filialstyrar eller sekretær, med mindre vedkomande har minimum bachelorgrad i bibliotekfaget. Da er denne personen også bibliotekar, t.d. barne- og ungdomsbibliotekar.
Bemanninga totalt er blant den minste pr. innbuar i fylket, trass i at talet på avdelingar er det høgste. Biblioteket driv ikkje skulebibliotek, slik ein gjer i Sandøy, Stordal og Skodje. I desse kommunane er bemanninga pr. innbuarar dobbelt så stor som i Haram.

Å arbeide i eit bibliotek inneber ein personleg kontakt med fleire tusen av kommunen sine innbuarar. I tillegg til relevant fagkompetanse er det viktig at heile skrankepersonalet har :

Dagens tilsette har desse eigenskapar. Dei er innstilt på å gjere det lille ekstra for brukarane i ulike krinsar.
Bibliotekreform 2014 satt fokuset på tilgongen på fagkompetanse i norske folkebibliotek. Kommunen har etablert eit kompetansehevande program med positive innslag for kommunen som organisasjon.

Sjølv om ein taklar omstillingsprosessar, opplever dei tilsette ein mangel på tid til å møte utfordringane innan ny teknologi for å modernisere tenesta. Lav bemanning er ikkje årsaken aleine. Etterspørselen etter tradisjonelle tenester held seg og blir ikkje fasa ut for å gi tid til dei nye. Den svake bemanninga i biblioteket går ut over praktiske oppgåver innan vedlikehald, formidling, utstillingar mm., leiing og kommunikasjon.

Ein har ikkje pedagogisk kompetanse i biblioteket.

Bemanning er totalt sett eit kritisk moment i biblioteket. Ein har valgt å kutte der fordi brukarane vil merke det mindre enn om ein kutta på medietilveksten. Ein annan leiar kan komme til å sjå annleis på denne prioriteringa.

På denne bakgrunn er det ikkje muleg å finne innsparingar gjennom samanslåingar av avdelingar. Øyavdelingane og Søvik filial er relativt kostbare i forhold til bruken, medan Brattvåg og Vatne er underbemanna etter samme målestokk. Ein ny struktur bør derfor føre til geografiske tilpassingar av personalressusar etter den faktiske bruken.

5.6 Medieressursar

Det er i første rekke medieressursane som er avgjerande for etterspørselen frå brukarane. Dei sikrar verdien av biblioteket så lenge dei er oppdaterte. Utan tilførsel av nye medieressursar, ville biblioteket bli dyrare i drift målt opp mot bruken.

Spesielt i perioden 2000-2013 har dette område fått ei negativ utvikling når det gjeld vedtekne budsjett:

Tabell 11: Mediebudsjett som prosentdel av biblioteket sitt nettobudsjettet 1980-2013
1980
1984
1988
1992
1996
2001
2006
2010
2011
2012
2013
26,64
25,23
21,59
16,44
18,31
12,30
10,12
9,54
9,38
9,12
8,29

Der er to utviklingar i biblioteket relatert til dette :

Mediebudsjettet er imidlertid trua av endringar i bemanninga. Framtidige tilsette på fastlandet kan ønske seg fast tilsetting; (dei gjer ikkje det i dag). Ein framtidig leiar kan komme til å bli mindre fleksibel, t.d. som småbarnsforelder. Viss budsjettramma framleis skal vere like stram, er dette foreslått løyst ved at eventuelle framtidige innsparingar på husleige går til eit forsvarleg innkjøp av nye medier. Viss ein reknar med ein auke på kr. 185 000 (frå husleige) på dagens budsjett, ville prosentandelen av budsjettet som går til medieinnkjøp auke til 16,48 % av budsjettet totalt, slik det var på 1990-talet.

Statistikk over kånt materiell finn ein her.

5.7 Det digitale

Biblioteket sine nettsider har fleire føremål:  

I 2013 er det planlagt ein felles regional mal for nettsidene med lokale tilpasningar. Som ein av tre forsøkskommunar skal Haram få sine nye sider oppe relativt tidleg.
Nye brukarorienterte tenester har nyleg komme, som Samsøk, der brukaren kan bestille frå andre bibliotek i tillegg til Haram. Biblioteket på Facebook har nesten 900 vennar pr. 1. januar 2013.
IP-telefoni er installert på Haramsøy og bestilt til andre avdelingar, noko som kan gi ein kostnadsreduksjon frå 2014.


Utviklinga som uteblir for tida er lån av ebøker og emateriell elles. Forhandlingane mellom Kulturdepartement og forlaga blei avslutta utan resultat i januar 2013. Grunnen er delvis fordi avtalane som er inngått i naboland om slikt lån har stranda ved fornying. Teknologien for lån av ebøker er tilgjengeleg, men blir ein ny utgiftspost. Ei side ved denne saka er etterspørselen. Kor mykje kan eller skal ein satse på dette når etterspørselen etter papirbøker også veks? Ein vurderer å teste ut ebøker for ungdom når ein avtale kjem på plass.

Bibliotekleiaren er blitt bedt om å delta i eit utval i fylket om dette temaet når det blir aktuelt.


5.8 Bibliotekstruktur

Bibliotekstrukturen i kommunen blei avgjort i KS 325/72, i tråd med biblioteklova av 1971: Hovedbiblioteket i Brattvåg (lovpålagt) og filialar på Vatne, i Søvik, på Haramsøy, Longva, Lepsøy og Fjørtoft (kommunale avgjerder). Bibliotekstrukturen er uendra sidan, men denne planen foreslår endringar. Generelle tenester er desentralisert gjennom nettverket av filialar, medan andre tenester er sentralisert ved hovedbiblioteket. Regionale, nasjonale og teknologiske løysingar er ofte avgrensa til hovedbiblioteket fordi mange kommunar har berre eit bibliotek.

Lova pålegger at hovedbiblioteket ligg i kommunesenteret og skal vere bibliotekleiaren sin arbeidsplass.

Både lokaliseringar og måten avdelingane fungerer på varierer frå stad til stad. Kvaliteten på den enkelte avdeling blir vurdert fortløpande m.o.t. innhaldet i tenestene og kommunale målsettingane. Kvar avdeling blir vurdert her med tanke på:

Ei vurdering av strukturen

Strukturen bør vurderast ut frå kva ambisjonar ein har for hovedbiblioteket på den eine sida og tenesteyting i nærmiljøet på den andre. Ein foreslår følgjande målsettingar:

Det er lagt opp til ein køyreavstand på inntil 20 minutt mellom avdelingane i Haram.

Vatne filial

Denne filialen er vellykka når det gjeld bruken. Det er ei kjelde til inspirasjon for personalet og ein målstokk på kva ein kan oppnå andre stader.
Avdelinga har ein høgare andel unge brukarar enn elles i kommunen. Over 2600 bur i nedslagsfeltet frå Krogsæter og Vestrefjord til Tennfjord/Eidsvik/Slyngstad i vest. Andelen av brukarar med adresse Tennfjord utgjer ca. 35%, noko som er rimeleg proporsjonelt til folketalet.

Sidan stiftinga av Haram folkebibliotek i 1971 har denne filialen hatt den vanskelegaste utvikling grunna usikkerheit rundt lokaliseringa. Inga avdeling har vore flytta så mange gangar sidan 1980, og det har aldri vore nokon plan for ei permanent løysing.

Filialen fekk eit meir triveleg innvendig miljø i perioden 2008-2009 og det har vore god respons på dette frå brukarane. Bygget elles er i ei elendig forfatning, men utvendig har biblioteket skifta ut lys, montert skilt med lys og pynta med plantar.
Biblioteket har driftsutgifter til reinhald og nettsamband, men ikkje til lys og varme, som er dekt av kommunen ein annan stad på driftsbudsjettet.

Utlånsaktiviteten har auka regelmessig sidan 2004 til over 15 000 (til samanlikning: Skodje, med 4 250 innbuarar, satt ny utlånsrekord i nytt lokale med over 16 000 lån i 2012, med lån i skulebiblioteket inkludert i talet).
Filialen er ope 12 timar i veka på tysdagar, fredagar og laurdagar, med periodisk aktivitet på onsdagar. Avdelinga er stengt i romjula og i 2,5 veker i juli.

Barn, unge og deira foreldre samt eldre er betydelege brukargrupper. Ein grunn til at filialen fungerer godt er nærleiken til bustadar, og der er planar om ei betydeleg utbygging av bustadar i nærområdet. Filialen er også ein del av det som gjenstår av eit sentrum på Vatne. Det representerer eit middel for kommunen til å realisere målsettinga om sentrumstetting. Blant brukarne er der ein sterk lobby for dagens plassering.
Filialen er godt synleg for alle, noko som oppmodar til bruken.

Huset er i dag til sals og ein potensiell kjøpar er interessert i å ha biblioteket i ein ny første etasje, noko som vil gjere lokale meir tilgjengelege. Alt i alt er dette truleg den beste løysinga for framtida, men ein må ta stilling til leigekostnadane.

Ei flytting til Vatneeidet kan også vere aktuelt på føresetnad av at lokalseringa er godt nok. Der er ikkje eigna lokale idag. Dette kan for eksempel vere i samband med ein ny skule for heile indre Haram og vil utgjere eit investeringsprosjekt. Føresetnaden er at filialen blir sjølvstendig visuelt og funksjonelt som fritidsarena utan å utvikle seg til å bli eit skulebibliotek. Nøkkelen til eit velfungerande kombinasjonsbibliotek i ein krins på denne størrelsen er at det vert styrt av den same personen, med eit spleiselag som utgjer omlag 70 % stilling.

Søvik filial

Dette er ei meir problematisk avdeling. Filialen dekkjer Søvik, Gamlem, Terøy og Grytestranda. Omlag 1350 personar bur i krinsen (halvparten av Grytestranda er med her).
Avdelinga har 2 timar ope 2 kveldar i veka. Ein har i ein periode prøvd å bemanne avdelinga i to timar i veka spesielt for Søvik skule, men dette har ikkje ein økonomi til og skulen har ikkje avsett midlar til det. Avdelinga dekkjer databaseutgifter og reinhald, medan lys og varme vert dekt over skulen sitt budsjett.
Avdelinga har elles utfordringar i forhold til utvendig vedlikehald og el-anlegget, men nokre forbetringar blei gjort i forhold til ventilasjonen og eit råttent vindu i 2012.

Symptomatisk for avdelinga er at der er svært få aktive lånekort blant andre enn eldre brukarar. I forhold til folketalet og den demograiske samansetninga i krinsen, har avdelinga lenge vore alt for lite brukt. I 2012 hadde avdelinga sitt lavaste utlånsnivå nokon gang og burde ha vore tre gongar høgare. (Longva hadde sitt nest lavaste, men det vart det lånt ut dobbelt så mykje pr. innbuar på Longva som i Søvik. Lån til Søvik skule er med i denne samanlikning, medan Flem skule har skulebibliotek).
Ein del yngre personar i Søvik-området bruker hovedbiblioteket i Brattvåg.

I ein periode framstod filialen som forfallen og forelda innvendig. På grunn av andelen yngre aldersgrupper i krinsen, eit folketal som bør kunne støtte ein filial og ei betydeleg verdiskaping lokalt, blei avdelinga pussa opp innvendig innanfor eige budsjett i 2007-2008. Filialen framstår som eit av biblioteket sine finaste frå innsiden. Tiltaket blei fulgt opp av publisitet i krinsen. Målet var å modernisere, for å tiltrekke dei unge brukarar som uteblei, m.a. ved hjelp av ein del ungdommeleg kunst. Dei tilsette har sidan da vore i alderen 18-24.

Denne satsinga har ikkje gitt resultat. Tvert om, ein har konkludert med at ein tidlegare teori er forsterka: Når elevane bruker biblioteket om dagen, kjem ikkje dei tilbake om kvelden, og når dei er ferdig ved Søvik skule, blir dei også ferdig med biblioteket. Biblioteket held elles til i det same bygget som gymsalen, men dette skapar ikkje nokon synergisk effekt.

Dei siste 10 åra har dei tilsette, som også arbeider ved fleire avdelingar og har eit samanlikningsgrunnlag, trivst mindre bra i Søvik. Problemet i Søvik har ikkje nokon samanheng med bemanninga. Dei same personane har oppnådd gode resultat andre stader. Lite etterspørsel og uorden etter skulen og barnehagen sin bruk er grunnar bibliotekleiaren får melding om. Til forskjell frå Haramsøy, stiller ikkje Søvik skule med ein bibliotekansvarleg.

På grunn av mangelen på etterspørsel over lang tid vert filialen å tilrå nedlagt. Filialen har ikkje nokon tilsett fast, og lønsressurane bør heller brukast for å gjere opningstidene ved hovedbiblioteket meir regelmessige og attraktive.

Ein kjenner elles til at det er ønskjer om eit nytt kulturhus og idrettshall i Søvik ved skulen. Vi kjenner også til at det er avsett 60 kvm. til bibliotekføremål. Dette er for lite, og vi vurderer det slik at dette er meint til eit skulebibliotek.

Haramsøy og Longva filialar

Plasseringa på Haramsøy er lite sentralt, men lokalisering saman med skulen, samfunnshuset/gymsalen og fotballanlegget kan kompensere for det. Dette er kommunen sitt einaste kombinasjonsbibliotek. Samarbeidet mellom skulen og biblioteket har tidlegare vore problematisk og er avhengig av ein tydeleg avtale. Dei siste åra har samarbeidet vore godt, spesielt idag når filialstyraren og skulen sin bibliotekansvarleg er den samme personen.
Skulebiblioteket betener også ungdomsskuleelevar frå Lepsøy og Longva. 606 personar bur på Haramsøy.

Utlånet om kvelden har vore stabil over tid, men kunne ha vore større. Likevel blei det satt ny utlånsrekord i 2012 for lån om kvelden og i skuletida tilsaman, og avdelinga generelt har no ei god utvikling, m.a. gjennom eit godt samarbeid med barnehagen.

Ei ominnreiing for å gjere lokalet på Haramsøy meir funksjonelt og tilfredsstillande, har stått på ventelista i lengre tid.
I 2011 blei det søkt om midlar til eit fylkeskommunalt prosjekt med tanke på fornying, men Sula folkebibliotek vann konkurransen. Avdelinga har fått nye vindu og tak i samband med renovasjonsarbeid på skulen, samt IP-telefon. Folkebiblioteket sørger for dataprogram for katalogisering og utlån, redigering og kassering.

Både Haramsøy og Longva har ope to timar to gongar i veka, og får ressursar frå Bokbåten.
Redusert bruk om kvelden kan tyde på at Haramsøy kan ha nokre av symptomane Søvik filial har, ved at dei unge ikkje bruker biblioteket som ein fritidsarena. Ein samanlikning kan gjerast med biblioteket på Longva, der 550 personar bur, som vi trur i større grad oppfattast som fritidsarena.

Longva er det nyaste bygget blant avdelingane og framstår som triveleg, men noko trangt. Det er lokalisert ved Flem skule og Nordøy grendahus, men uavhengig av desse. Lokaliseringa er så bra som det kan vere i eit område utan sentrumseigenskapar. Aktivitetsnivået har variert over tid. Den har ofte vore høgare pr. innbuar enn på Haramsøy når ein samanliknar opningstidene om kvelden.
Avdelinga dekkjer breibandsamband, databaseutgifter og reinhald, medan lys og varme vert dekt over skulen sitt budsjett.

Lepsøy filial

Filialen er lokalisert i eige rom ved Lepsøy skule og samfunnshuset. Biblioteklokalet er delt i to, der halvparten er eit klasserom/musikkrom med eit lite innbydande skulebibliotek. Folkebibliotekdelen har fått ei viss fornying under førre planperiode i form av ny skranke, personalverktøy, golvbelegg og vindu.
Denne avdeling
h
eld ope tre timar ein kveld i veka. 365 bur i krinsen og aktiviteten pr. innbuar er relativt bra samanlikna med visse andre avdelingar.

Skulen og barnehagen har ein låneavtale om dagen. Avdelinga kan ofte framstå som uryddig.
Breibandsamband, reinhald, lys og varme vert dekt over skulen sitt budsjett.

Fjørtoft filial

Denne avdeling har ope ein kveld i veka og betener knappe 160 innbuarar. Filialen fekk nytt lokale i 1980, men barnehagen tok dette over når 10-årsperioden knytta til statstilskotet til bibliotekføremål utløpte. Ein har hatt ymse midlertidige lokaliseringar sidan det, men utlånsaktiviten har falt kraftig som eit resultat av dette og fallet i innbuartalet. Låneaktiviten på 180 utlån årleg med 9 % stilling kan ikkje oppretthaldast. På Vatne er det t.d. 15 000 utlån med 31,5 % stilling.

Vi har tidlegare tilrådd at filialen leggast ned og at arbeidstida flyttast til avdelingar med auka etterspørsel. Filialstyraren sluttar i stillinga i mars 2013 og biblioteket vil ikkje tilrå noko anna enn at filialen avviklast.

Framtida på øyane

Avdelingane må slåast saman dersom Nordøyvegen blir ein realitet. Det er naturleg å sjå dette i samanheng med stimulering av ein sentraliseringsprosess på øyane. Biblioteket er interessert i ein dialog med andre om ein slik prosess, med tanke på lokalisering av eit nytt bygg.
For biblioteka vil samanslåing bli eit arbeidsprosjekt lenge før flyttinga. Ein treng derfor ei politisk avklaring på eit tidleg tidspunkt. Det vil komme krav til nytt inventar og meir plass enn dagens avdelingar har kvar for seg.

Hovedbiblioteket i Brattvåg

Det er ved hovedbiblioteket at ein planlegg, utviklar og administrerer tenesta, deltek i prosjekt, initierer arrangement, organiserer depot til skular og barnehagar, organiserer nærlån mellom avdelingar og fjernlån med universitets/høgskulebibliotek og andre fylke. Samtidig står avdelinga for halvparten av kommunen sin låneaktivitet. Avdelinga leiger rom i Brattvågsenteret og har ein stor fordel av å vere der trafikken i bygda og i kommunen er størst. Kvaliteten på lokalet er derimot lav. Det ligg ein viss avstand frå der folk bur, men innan kort avstand til mange arbeidsplassar.
3
169 bur i krinsen pr. 01.01.
13, derav 2351 i Brattvåg. Inga avdeling i kommunen kjem i nærleiken av Brattvåg og Vatne når det gjeld bruken i aldersgruppa 20-40 år. Avdelinga held ope fem dagar i veka, derav laurdag i staden for onsdag, men det er regelmessige aktivitetar onsdag kveld.

Bibliotekleiaren er i utgangspunktet tilsett her, men er aktiv som vikar andre stader og har
faglege oppgåver i heile kommunen. Ei sekretærstilling på 50 %, oppretta i KS
187/86, har i praksis vorte redusert for å demme opp fallet i verdien av mediebudsjettet.

Driftsbudsjettet dekkjer utgifter til husleige, som er rimelege sett i forhold til prisar i Brattvåg sentrum elles, samt lys og varme, reinhald og nettsamband.

Framtida i Brattvåg  

Hovedbiblioteket må oppgraderast betrakteleg for å konkurrere med tilsvarande bibliotek i andre kommunar og med andre fritidsarenaer som kulturhus og idrettsanlegg i Haram. I tillegg til areal til dei normale funksjonane er det sterkt ønskjeleg å skilje ut funksjonar som studieføremål, arrangement, det maritime, det lokalhistoriske og språktenester.

Dersom ein skal ha ambisjonar om å utvikle hovedbiblioteket til eit moderne kultursenter, er det nødvendig å tilføre meir personale og gjere opningstidene meir brukarvennlege. Eit meir attrativt hovedbibliotek kan kompensere for tapet av enkelte filialar.

Det har vore foreslått at hovedbiblioteket får nye lok
ale i det nye Samfjordskvartalet eller eit nytt rådhus. Det viktigaste for biblioteket er å vere lokalisert der alle samfunnsgrupper ferdast i det daglege, om kvelden og på laurdagar. Lokalisering i kjøpesenter, i kulturhus, i rådhus og med servicetorg kan fungere godt, men det kan også gå galt. Det er viktig å sjå på detaljane før ein binder seg til noko.

Der er ikkje statstilskot til bygging av bibliotek aleine. Bygginga må inngå i eit felles kulturprosjekt, men ikkje saman med idrett: Retningsliner for forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg 

 

Brukaren

Biblioteket arbeider med kultur og informasjon og er sterkt publikumsretta. Det har skjedd mange kulturelle og informasjonsteknologiske endringar i samfunnet som griper inn i biblioteket sitt forhold til brukaren.

6.1 Profilering

Biblioteklova pålegger ein å gjere tenesta kjent. Å bruke biblioteket er frivilleg, men 94 % av befolkninga meiner det er ein demokratisk rett å ha det. Brukarundersøkjinga i Haram frå 2003 viser at innbyggarane kjenner godt til tenesta og brukarane er i stor grad tilfreds med den. Der er imidlertid ei gruppe som veit lite om tenesta, sjølv om dei generelt har eit noko positivt inntrykk.

Jo fleire som bruker tenesta, jo større blir den generelle tilfredsheit med Haram kommune som organisasjon, for også nasjonale tal viser at biblioteket er den tenesta i ein kommune som brukarane er mest tilfreds med. Arbeidet i eit fylkeskommunalt utval viser at Haram folkebibliotek har vore meir aktivt i forhold til publisitet enn bibliotek flest. Bibliotekleiaren er med i ei arbeidsgruppe i fylket som arbeider med ei felles profileringi samarbeid med eit profesjonelt byrå. Vi har sett nokre resultat av dette, men dette vil bli meir synleg i samband med nye nettsider.


6.2 Katalogbasen 

Katalogbasen er brukaren sitt verktøy like mykje som det er dei tilsette sitt. Den brukast til å finne, bestille og reservere ressursane i biblioteket, og er nøkkelverktøyet for det som skjer i biblioteket. Katalogbasen inngår i ein regional base (Samsøk) som brukarane kan bruke, samt i ein nasjonal base (Biblioteksøk). Ressursane i ein kommune er ikkje reservert til eigne innbuarar. Alle kan låne frå alle.

Utfordringa er å få fleire innbyggarar i Haram til å bruke online tenester. Dette gjeld enkeltpersonar. Også skular bør ha eit opplegg for å lære å søke i katalogbasar. Denne ferdigheita kan brukast gjennom heile utdanningsforløpet og i arbeidslivet. Ein har eit handikapp viss ein kjem til høgskulen og universitetet utan denne kompetansen.

6.3 Medieressursar

I Stortingsmeldinga Kjelder til kunnskap og oppleving står det at "Frå ein flaum av informasjon er det ei utfordring for brukaren å velje ut det han har behov for, og i rett form. Her har biblioteket kompetanse til å hjelpe". Arbeidet i eit bibliotek har alltid dreidd seg om å foreta val som både imøtekjem brukaren sine ønskjer og sikrar kvaliteten av det ein tilbyr. Å utvikle samlingane i tråd med samfunnsutviklinga er ei av biblioteket sine fremste oppgåver. Nokre punkt i forhold til dette er:

Hovedutfordringa er å sikre nok midlar til å utvikle samlinga. Deretter må ein vere førebudd både økonomisk og teknisk på nye løysingar som ebøker.

6.4 Det hybride biblioteket

Med det hybride biblioteket meiner ein overgangen til digitale medier utan å slippe tak på dei tradisjonelle så lenge brukaren etterspør dei. Samfunnet si oppfatning av informasjonsverda i dag er framleis eit varierande forhold mellom tradisjonelle, typografiske medier og nye digitale medier. Brukaren står ofte i midten og biblioteket kan ikkje tvinge brukaren til å velje eit alternativ.

Nasjonalbiblioteket er pr. idag de
n største formidlar av digitale bøker med Bokhylla.no. Søkemodulen har blitt enklare, men kunne vere meir brukarvennleg. 100 000 titlar på norsk er tilgjengelege, men når ein set det som publikum spør etter opp mot det Bokhylla.no tilbyr, er det ikkje så mykje som klaffar. Bøker utgitt etter 2000 er ikkje dekt. Det er eldre bøker som er tilgjenglege, men brukarane som etterspør desse er sjølve ofte eldre og vil ha p-boka. Biblioteket opplever lite etterspørsel etter ebøker og det har vore vanskeleg å vekke interessa for Bokhylla.no.   

Ein har heller ikkje eit tilbod å marknadsføre. I planperioden ønskjer ein å etablere ein digital filial i regi av t.d. BS Weblån så snart rettigheitane er avklara.
 
6.5 Lesestimulering

Når det gjeld lesestimulering, er det naturleg å skilje mellom barnet og eleven, voksne menneske med lesevanskar og framandspråklege som treng å lese norsk. Ein har arbeidd med og kjem til å fortsette å arbeide med følgjande tiltak:

Tre lesesirklar blei oppretta i perioden 2010-2012.

6.6 Barnehagen

Barnehagane er meir aktive i biblioteket enn før på grunn av eit samarbeidsinitiativ i 2011. Barnehagane sine aktivitetsprogram er til dels lagt til formiddagen, medan biblioteket sine opningstider er knytta til fritida. Dette forholdet varierer frå stad til stad, men fleire barnehagar rekker å besøke biblioteket. Ein ser det som ein fordel om barnehagebarn kan møte bibliotektilsette.

Barnehagane bestiller og får levert depot etter bestillingslister, og biblioteket bruker desse listene i sine innkjøpsrutinar. Dette gjeld første og fremst barnehagane på Haramsøy, Hildre og i Tennfjord. Brattvåg barnehage og Utigarden barnehage er barnehagar som besøker biblioteket oftare, og låner da. Tryggheim Brattvåg og Vatne låner mindre og besøker meir sjeldent. Barnehagen på Lepsøy har adgang på dagen og låner ein del. Søvik barnehage har også adgang, men låner lite.


6.7 Skulen


Biblioteket er ein ressurs for skulen
i form av eit supplement til skulebiblioteket og ein rådgjevande ressurs. Eit skulebibliotek har krav på ein kompetanse som dei tilsette i folkebiblioteka ofte ikkje har. Personale med denne kompetansen er avgjerande for at eit skulebibliotek blir ei teneste. Ein kommune på størrelsen med Haram har ofte ein person med kompetanse innan barn og unge, men ikkje nødvendigvis pedagogisk kompetanse. Det vil vere ei utfordring i ein kommune med så mange skular å skape ei skulebibliotekteneste.

Dei siste åra har avstande
n mellom folke- og skulebiblioteka auka både lokalt og nasjonalt. I forslaget til ny biblioteklovgiving er samarbeidet mellom desse i kommunane foreslått fjerna. Omorganiseringa i kommunen har ført til at skulane har blitt meir sjølvstendige seg i mellom, medan folkebiblioteket har gått i motsatt retning i form av ein felles ressurs med eit felles system. Samtidig har folkebiblioteket behov for å profilere seg som frivilleg fritidsarena.

Noverande samarbeid han
dlar om lån av bøker til lesestimuleringstilak og prosjektarbeid, klassesett, samt filmar, forfattar- og faglege besøk og markeringar om forfattarar. Barneskulane er behjelpeleg med å gjere biblioteket sin lesekonkurransen om sommaren kjent. På Haramsøy har ein kombinasjonsbibliotek og i enkelte krinsar har ein spesielle avtalar mellom skulen og biblioteket.

Grunneskuletenesta har så vidt vi kjenner til ikkje noko eins policy for skulebiblioteka. Dette kan svekke idéen om skulebiblioteket som ei teneste, til forskjell frå eit rom med medier, med ein fagperson som er ansvarleg for utviklinga. Ein opplever betydelege forskjellar mellom lærarar ved den enklete skulen og skulane i mellom når det gjeld kva samarbeidet består i og korleis det fungerer. Vatne barneskule er t.d. veldig godt organisert i forhold til bestilling og tilbakelevering av depot til leseprosjekt. Vatne ungdomsskule har eit godt skulkebibliotek medan andre skular ikkje har noko teneste.

95 % av norske grunnskular har skulebibliotek og alle nye skular har det. Opplæringslova krev at kvar skule skal ha tilgang til eit bibliotek og at skulebiblioteket skal vere ei pedagogisk verksemd.

Folkebiblioteket har tatt ein del initiativ med tanke på utviklinga av skulebibliotek:

Skulane har måtte kutte kostnadar and skulebiblioteket har måtte konkurrere med andre oppgåver som undervisningspersonalet har. Folkebiblioteket bør samarbeide likt med alle skular.
Ein har på denne bakgrunn ikkje fleire forslag utanom å tilrå dei nødvendige investeringane for å skaffe kompetansen som trengst på den eine sida og å foreine skulebiblioteket til ei kommunal teneste på den andre.
.
Når vi ser på nabokommunar som Sandøy og Skodje, som har nye folke- og skulebibliotek, finn vi at bemanninga er det dobbelte pr. innbuar samanlikna med Haram, og har berre ei avdeling å betene. Om bemanninga i Haram var 4,4 stillingar i staden for 2,2 og talet på filialar blei redusert slik vi gjer framlegg om, kunne ein ha sett annleis på dette.

Nyttige lenkar: Skolebibliotek betyr kvalitet [vi ventar på ny nettadresse] og Universitetet i Agder sine skolebiblioteksider.

6.8 Desentralisert høgare utdanning

Rundt 100 000 studentar på vidare- og etterutdanningsopplegg i regi av universitets- og høgskulane bruker folkebiblioteka som sin primære informasjonsressurs. Rundt 60 av desse har i realitet Haram folkebibliotek som sitt studiebibliotek kvart år. Dette merkar ein i form av ein kontinuerleg etterspørsel etter litteratur. Dette har for tida to konsekvensar:

6.9 Fleirkulturelt samfunn

Biblioteket er ei offentleg teneste som var tidleg ute i forhold til å tilpasse seg nye brukargrupper som fulgte av arbeidsinnvandring og flyktningar. Eit bibliotek er ofte den første tenesta innflyttarar frå fjernt og nært oppsøkjer individuelt eller som familie. Biblioteket si hovedmålsetting her er:

Sesongarbeidarar og inngifte er også ein del av denne gruppe, og dei førstnemnte ser ein på som potensielle innflyttarar og i Haram får dei same rettigheitane som om dei budde i Norge.

Biblioteket har idag gode boksamlingar på engelsk, russisk og polsk, og er ein regional ressurs på dette feltet. Ein har også mindre samlingar på andre europeiske språk. Mange av desse bøkene blir også brukt til språkopplæring, både i og utanfor skulen. Ressursar blir lånt inn frå Det fremmedspråklige bibliotek i Oslo til flyktningegrupper på deira språk.

Biblioteket har laga plakatar på polsk og distribuert desse ved arbeidsplassane og midlertidige bustader. Ein har laga ei informasjonsbrosjyre på fem språk og arrangerer polske filmkveldar med servering av mat, kaffi og ei utstilling minst ein gang for året. I 2008 vann Haram folkebibliotek Bibliotekprisen i Møre og Romsdal primært for sitt arbeid på dette feltet.

I samband med utvidinga av hovedbiblioteket, ønskjer vi å kunne lage ei avdeling for språktenester, beståande av ordbøker, språkkurs samt framandspråklege bøker til skulebruk, morsmålslesing og allmenn språkopplæring.

På nasjonalt plan er bibliotekleiaren kasserar for Norsk bibliotekforening si spesialgruppe fleirkulturelle bibliotektenester. Biblioteket er med i Flerkulturelt nettverk, som blir koordinert av Det fremmedspråklige bibliotek.


6.10 Lokalhistorie

Biblioteket og kommunen har eit ansvar for lokalhistoriske ressursar. Trass nye digitale ressursar, eller kanskje på grunn av dei, er etterspørselen etter trykte ressursar som bygdebøker og kjeldeavskrifter større enn nokon gang. Ein har ein ei digital flyfotosamling som er mykje besøkt og ein arbeider med Haram kulturhistoriske lag om ein digital ressurs. Dei tre lokalhistoriske laga i kommunen er naturlege samarbeidspartnarar.

Ein har i tillegg fotokopi av foto frå Ekroll-samlinga og Bjørlykke-samlinga i samband med eit samarbeid med Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.

Det kan vere eit paradoks, men samtidig som biblioteket merkar eit behov for å legge betre til rette for det internasjonale i lokalsamfunnet, så merkar ein det same for det heilt lokale. I samband med utvidinga av hovedbiblioteket, ønskjer vi å kunne lage ei ny avdeling for desse tenestene.


7.0 Organisasjon

Å utvikle bibliotektenester i Haram er eit samspel på fleire forvaltningsnivå. Når vi samanliknar med Danmark og Finland, som har samanliknbare folketal og økonomiar, må det tilsetjast 2000 nye årsverk i Norge for å kome på eit bemanningsnivå med desse. St.meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid varsla ei betydeleg auka satsing på bibliotekområdet, men det er vanskeleg å sjå kva dette har ført til.

På regionalt nivå har samarbeidsmulegheitene vorte meir tydlege gjennom fleire tiltak.

Innan kommunen må biblioteket reknast for å vere eit vekstområde. Bruken er fordobla sidan 1990 og nærmare 40 % av hushaldningar bruker biblioteket. Ei innbyggarundersøkjing utført av Direktoratet for forvaltning og IKT viser til Generelt høy tilfredshet blant norske innbyggere, noko som vi har lokal støtte for. Desse resultata viser at biblioteket bidreg til det overordna mål i kommunen sitt styringskort, punkt B.

Folkebiblioteket har vore plassert mange ulike stader på det kommunale organisasjonskartet sidan 1980. Ingen av desse plasseringar har gjort nemneverdig forskjell på tenesta. Dagens politiske struktur har ført til at biblioteket ikkje har nokon formell kontakt med eigaren sine representantar. Dette er uvanleg, samtidig som det er ei ulempe når det gjeld ei teneste med så stor kontakt med innbuarane. Medan biblioteket ikkje har lidd spesielt under budsjetthandsamingar, har ein grunn til å tru at det uteblir frå politiske visjonar. Biblioteket har også vore avglemt når det ville ha vore ein fordel for kommunale tiltak om biblioteket deltek.

Biblioteket har i varierande grad ein løpande dialog med skular, barnehagar, helsetenester og voksenutdanning. Tettare samarbeidssituasjonar er alltid aktuelle med desse viss biblioteket tener på det.

 

8.0 Framlegg til tiltak 2013-16

Ein foreslår følgjande tiltak i planperioden:

David Beadle
Haram folkebibliotek
24.02.2013