SERVICEERKLÆRING

HARAM FOLKEBIBLIOTEK

 

 

Formålet med tenesta


Biblioteket er ei kommunal offentleg teneste som i første rekke formidlar skriftleg informasjon og kultur i samsvar med Lov om folkebibliotek. Tenesta er lagd til rette for at flest mogleg skal få hjelp innan utdanning, kulturell inspirasjon eller informasjon, ut frå behov som brukaren sjølv definerer.

Bibliotektenesta er for alle, enkeltpersonar så vel som organiserte grupper.

Innhaldet i tenesta

Biblioteket opnar for store intellektuelle og kulturelle ressursar som ein vonar at brukarane vil nytte, gjennom:

• Bøker, tidsskrift, lydbøker, film, musikk, språk, lokalhistoriske kjelder, arrangement, spesielle samlingar ved hovudbiblioteket og 6 filialar.

• Nettenester

• Leveringsnettverk saman med andre kommunale, universitets- og høgskulebibliotek.

• Gir råd innan bibliotek og informasjon og hjelp innanfor biblioteket sitt verkeområde: informasjon bokmarknaden, filmutgjevingar, lokalhistoriske kjelder m.m.

Kva kan du forvente av oss

Biblioteket behandlar deg med respekt og gir rettleiing i bibliotekfaglege spørsmål dersom du ønskjer det. Alle blir behandla likt

Utlånsmateriellet er eit utval av den totale produksjonen og består av:

• Bøker og andre dokument

• Språkkurs

• Programvare

• Filmar – lån mot depositum

• Musikkinnspelingar - lån mot depositum

• Tidsskrift

• Bøker og dokument elles kan skaffast frå andre bibliotek.

• Materiell som er tilrettelagt for spesielle behov innvandrargrupper, lesehemma mm.v.

Biblioteket si normal leveringstid for utlånsmateriell er ei veke, for utlånt eller nytt materiell ein månad. I tillegg kjem transporttid for materiell skaffa frå andre bibliotek.

Biblioteket sender sms, epost eller ringer når bestilt materiell er klart til avhenting.

Kva kan vi forvente av deg

For å låne må ein vere over 6 år og plikte seg skriftleg til å følgje utlånsreglementet.

Vi forventar elles at lånaren:

• Overheld lånefristar, for å innfri andre lånarar sine forventningar.

• Behandlar utlånsmateriell på ein forsvarleg måte

• Betalar fastsett depositum for det materiellet det er aktuelt for og som blir refundert ved innlevering inn lånefristen

• Betalar fastsett gebyr dersom biblioteket krev det ved sein innlevering av materiell.

• Informere biblioteket om ny kontaktinformasjon.

Andre opplysningar

Bibliotektenester er gratis og det kostar heller ikkje noko å få lånekort og låne materiell heim

Henvendingar

Bibliotektenester får du ved å ta kontakt med biblioteket slik:

• http://www.haram.folkebibl.no

• Haram folkebibliotek, hovudbiblioteket, Strandgata 40, 6270 Brattvåg.
Man. 15.-20, tys. 12-15, tors. 15-20, fre. 12-15, laur. 10.30-13.30
Tel 70214463, Fax 70214464.
bib@haram.folkebibl.no

• Vatne filial, kommunehuset, 6265 Vatne.
Tys. 17-20, fre. 12-15, 16-17, laur. 10.30-13.30
Tel 70214402
vatne.filial@haram.folkebibl.no

• Søvik filial, 6280 Søvik.
Man. 17-19, tors. 17-19
Tel. 70214480
sovik.filial@haram.folkebibl.no

• Haramsøy filial, 6290 Haramsøy.
Tys. 19-21, fre. 17-19
Tel. 70214496
haramsoy.filial@haram.folkebibl.no

• Longva filial, 6293 Longva.
Tys. 16.30-18.30, tors. 17-20
Tel. 70214447
longva.filial@haram.folkebibl.no

• Lepsøy filial, 6292 Kjerstad
Tors. 17-20
Tel. 70214495 (i opningstida)
lepsoy.filial@haram.folkebibl.no

• Fjørtoft filial, 6293 Fjørtoft
Tors. 16-18
fjortoft.filial@haram.folkebibl.no

Klage


Ein kan klage på bibliotektenester ved å kontakte bibliotekleiaren: beadle@haram.folkebibl.no eller 41101516,