Lesekonkurransen Sommarles 2006

Målsetting

Haram folkebibliotek hadde lesestimulerling som eit plantiltak og ville prøve ut ein konkurranse om sommaren. Målsettinga var å understreke lesing som fritidsaktivitet. Sommaren er tidspunktet på året når dei unge har mest fritid og organiserte fritidsaktivitetar er ofte redusert. Derfor var sommaren det beste tidspunktet i forhold til målsettinga.

Det var ønskjeleg å bruke internett som knutepunkt. Deltakarane kunne såleis følgje med konkurransen dagleg, uansett kvar dei tilbrakte ferien og las. Bruken av internett opna for ein konkurranse mellom bibliotek.

 Tidsramme

Idéen om ein lesekonkurranse om sommaren blei lufta i Møre og Romsdal i februar 2006, utan respons.  I mars kom snøen og i april blei ikkje det avsett nok tid til ei drøfting av temaet på bibliotekleiarmøtet.

Haram bestemte seg derfor for ein individuell konkurranse i kommunen. 27. april tok Hareid imidlertid kontakt om dette, og kort tid etter gjorde Stordal det same. Då blei tiltaket meir spenannde med ein gong. Arbeidet med den interkommunale konkurransen kom skikkeleg i gong 14. mai, med ei ferdigskissert heimeside klar kort tid etter.

Konkurransen vart omtala på fylkesbiblioteket si heimesida, der ein fjerde kommune vart etterlyst. Ingen tok utfordringa, og i ettertid viste det seg at tre kommunar var nok i forhold til arbeidet.

Tidsramma for konkurransen var 10. juni til 20. august, slik at biblioteka og eventuelle filialar kunne komme i gang før, og summere opp etter skuleferien. Likedan ville ein også sikre omtale i skulane før ferien. Den siste dagen, 20. august, var ein søndag. For dei som meldte inn kva dei hadde lese i biblioteket var den effektive fristen 18. eller 19.

Resultata vart klare 22. august.

5. september vart diploma og pokalen ferdigproduserte og sendt til dei aktuelle biblioteka.

Biblioteka hadde avslutningar i september, og dette året var det fortsatt sommar då.

 

Under tidenes finaste sommar på Nordvestlandet las vi ute, som på platten utanfor Vatne filial i Haram. Frå venstre ravn (vinnar 3. plass), stine, rebekka og thea.
- foto Johan Behrentz, smp

  Framgang

Det er like før manin og nane siktar inn på De tøffeste gutta på øverste hylla i Brattvåg, Haram
- foto David Beadle

 

Haram hadde ein modell for konkurransen og laga ei nettsida. Dette og poengsystemet blei vurdert av  Stordal og Hareid. Det skulle vere eit prøveprosjekt. Derfor ville ein heller ha kortfatta generell informasjon som kunne justerast/tolkast undervegs, i staden for mange detaljar før konkurransen tok til.

Avgrensa detaljstyring frå arrangørane og minimal drøfting, samt få spørsmål frå deltakarane gjorde at ein hadde overskot til sjølve konkurransen. Det oppstod situasjonar som biblioteka måtte vurdere.

Når alle hadde meldt inn kva ein hadde lese innan fristen, og vinnarane var klare, drøfta biblioteka premieutdelinga og dei praktiske detaljane rundt dette.

 Kunngjering

Når heimesida med logo vart ferdig, laga ein plakatar om konkurransen med logoen ved Hatlehols trykkeri i Brattvåg. Desse vart distribuert til skulane og hengt opp elles i dei tre kommunane ca. 5. juni. Informasjonen på plakatane vart kopiert lokalt ved dei deltakande bibliotek i mindre format som flygeblad. Det vart laga to sett med bokmerke. Eit med påmeldingsinformasjon og eit med innmeldingsinformasjon (innmelding av kva ein har lese). Bokmerka og flygebladet vart å finne som nettsider, slik at ein kunne kopiere desse ved behov. All informasjon henviste til heimesida for konkurransen.

I Stordal var responsen i skulen veldig positiv. I Hareid besøkte bibliotekleiaren nokre klassar. I Haram vart konkurransen omtalt i nokre klassar, men plakatane vart ikkje hengt opp. I Hareid blei plakatar hengt opp i butikkar, møtestadar og skular.

Avisedekninga var veldig positiv. Ein omtale av konkurransen vart sendt til fem aviser  Desse hadde omtaler under eller etter konkurransen:

Sunnmørsposten (Intervju og bilde av 4 deltakarar ved Vatne filial i Haram), Bygdebladet (større artikkel og stort bilde av vinnaren, stor artikkel om avslutningen i Haram), Storfjordnytt hadde eit stort oppslag om sølvvinnaren, Haramsnytt (1 artikkel med bilde om oppstarten, 1 artikkel med logo og situasjonsrapport, 1 heilside med foto/intervju av vinnaren og kommentar frå bibliotekleiar, samt stort oppslag om avslutningen med forfattarbesøk), Vikebladet hadde ein stor artikkel om avslutningsmarkeringa med bilete av nokre av deltakarane. Dette stod også i nettavisa til Vikebladet.

Konkurransen vart omtalt på kommunale heimesider, og i Stordal var dette spesielt godt.

Ein gjeng frå Hareid ved avslutninga i biblioteket. Her er rakel, krøll, natalie, katrine og ei til, samt bak abi. abi fekk best plassering i Hareid og las 129 bøker, medan katrine vant konkurransepremien.
- foto Vikebladet

 

Påmelding

 

Alle som går på skule kunne melde seg på. Alderen på deltakarane  var frå ferdig med 1. klasse og fram til 13. klasse. Dei kunne melde seg på slik:

a. Ved biblioteket.
b. Ved å sende inn ein mail til ei hotmail-adresse oppretta for konkurransen.
c. Ved å sende inn ei sms-melding til ein mobiltelefon.

Alle måtte oppgi eit kallenamn/brukarnamn ved påmelding. Dette vart brukt i tabellane i staden for verkelege namn, slik at deltakarane kunne finne korleis dei lå an i konkurransen utan å bli gjenkjent av uvedkomande. I tillegg fekk alle ein fire-sifra kode som svar på påmeldinga. Koden inneheldte eit tal for kommune, eit for  påmeldingsform og 2 for deltakarnummer.

Ein oppmoda dei unge i biblioteket å vere med i konkurransen. Det gjekk ofte ein skilnad mellom søsken og vennar : nokre ville absolutt vere med, andre ikkje.

Påmeldingar på mail og sms fungerte heilt problemfritt.

 

SuperSynne, Stordal, var med frå første stund. 75 bøker seinare fekk ho ein imponerande 2. plass.
- foto Hallgeir Hove
Stordal kommune

Påmeldingsstatistikk:

Kommune Folketal Påmeldt i biblioteket på mail på sms

  Påmeldte totalt   

Stordal 966 37 3 0 40 (derav 9 gutar)
Hareid 4670 16 3 0 19 (derav 6 gutar)
Haram 8733 63 12 3 78 (derav 13 gutar)

Forventingar frå arrangøren si side

Ein hadde ingen idé om kva responsen ville bli. Ein vurderte det slik at biblioteket er både mindre tilgjengeleg og rolegare om sommaren, slik at responsen ville sannsynlegvis bli avgrensa, og derfor ville det bli ei overkommeleg oppgåve å prøve ut idéen. Ein måtte likevel ha eit  system for å ta unna ein stor respons. Responsen var alt i alt tilfredsstillande.


Kva ein kunne lese -  tilgongen på bøker om sommaren

I følgje informasjonen på nettsida vart det sagt at ein kunne lese bøker/lydbøker utgjevne av eit forlag. Det var aldri spørsmål frå deltakarane om noko anna. Biblioteka vurderte om berre bøker lånt ved eit bibliotek ville gjelde. Dette gjekk ein vekk frå fordi:

- Denne regelen kunne virke negativt, sett i forhold til at sommaren er ei tid å vere fri. 
- Kommunane har reduserte/kraftig reduserte opningstider om sommaren
- Det er andre kjelder til gode bøker enn biblioteket.

Tilbakemeldingar frå deltakarne tydar på at ein fekk tak i bøker slik:

- I biblioteket
- Gjennom ei anna avdeling av biblioteket
- Vennar
- Eigne bøker som ein ikkje hadde lese
- Familien

Innmelding om kva ein hadde lese

 

 

Alle tilbakemeldingar blei sendt til ein person i Haram, som lasta opp resultata på nettet. Ein ba deltakarane om å melde inn koden sin + isbn slik:

1147 
+8202521983
+
8252109821

Dette er også informasjonen Hareid og Stordal sendte til Haram for innmeldingar over skranken ved desse biblioteka.

Ca. 65 % blei meldt ved innlevering av bøker i biblioteket
Ca. 35 % blei meldt pr. sms eller e-post

Merknadar:

- dei unge var imponerande flinke til å skrive riktig isbn - ca 25 feil ut av 1600 bøker
- dei unge var imponerande flinke til å følgje standarden (kode+isbn)
- 4 stilte spørsmål om pluss og minus poeng (3 frå Haram, 1 frå Stordal)
- nokre kommenterte kort nokre av bøkene dei las
- 1 stilte spørsmål om kva type spørsmål vil bli stilt til vinnarane (Haram)
- ca. 4 % av bøkene var bokklubbøker som normalt ikkje er å finne i biblioteka, og ikkje alle kunne verifiserast i Sambok.

 

 Optimale lesevilkår for marit og Eoin
 Colfer ved Vatne filial, Haram

- foto David Beadle

 Fordeling av poeng

Ein kunne få mellom 1 og 10 poeng pr. bok. 9 poeng er det høgste som vart utdelt for ei bok. Nokre deltakarar fekk 1 poeng for ei bok. Det var vanskeleg å vere 100 % konsekvent, men ein meiner at poeng vart tildelt med omhu. Ein ga ikkje detaljert informasjon om utrekning av poeng, og spørsmål om dette var svært få.

I utgangspunktet fekk ein 5 poeng for å ha lese ei bok, og fagbøker og skjønnlitteratur var likestilt. Deretter fekk ein færre eller fleire poeng ut frå følgjande kriteria:

- Alder  : Alder på deltakar i forhold til alder på bok - (b, bu etc) Alderskoden brukt ved fylkesbiblioteket/Ålesund bibliotek var normen. Ca. 50 % av isbn var ikkje registrert ved fylkesbiblioteket, slik at alternativ gjennom Sambok vart nytta, som oftast Deichman og Trondheim folkebibliotek.

- Språk : Ein fekk eit ekstra poeng for å lese ei bok på engelsk (eller annet språk i grunn- og vg- skule om dette hadde vore aktuelt). 

- Lengde : Over 400 sider (i praksis over 380 sider) ga 1 ekstra poeng, 600 sider 2 poeng, 800 sider 3 poeng.

- Illustrasjon : Det blei trekt eit poeng når boka var i stor grad illustrert. Biletbøker vart vurdert som på eit nivå inder "b". Peikebøker vart vurdert som to nivå under "b". Hvis peikeboka hadde ord, men ikkje setningar, eller ingen ord, tilsvara dette 3 nivå under "b".

- Seriebøker blei likestilt med vanlege bøker. Dermed kunne ein "mu" deltakar får eit ekstra poeng for "Skjebnevalg", "Skjebnestund", ”Skjebnetid” og til og med  "Skjebnenatt".

Eksempel på utrekning av poeng : Ein ”mu-ar” las den femte boka om Harry Potter og fekk i utgangspunktet 5 poeng. Boka har over 800 sider, som ga 3 tilleggspoeng for lengde, 1 minuspoeng på grunn av nivå (”u”), og 1 tilleggspoeng for å ha lese på engelsk.

 

The winner takes it all, i alle fall 2 bind av Christopher Paolini på engelsk à 650 sider, noko som gjer at lisauh er fornøgd med laurdagsfangsten. LisaUH bruker Søvik filial i Haram til vanleg, men brukte hovedbiblioteket i Brattvåg (bilde) om sommaren.
- foto David Beadle

Utfordrande område ved tildeling av poeng:

1. Teikneseriar. Først vurderte ein å ikkje ha med teikneseriar, men dette endra ein for å oppmode dei som berre les teikeseriar til å delta. Nokon sendte imidlertid inn ei lang liste over teikneseriar ho hadde lese. Ho ville ha gått rett til topps ved å lese teikneseriar, men ho er ein sterk lesar av tekst. Dermed måtte ein dele ut mange minuspoeng for å få henne til å lese noko anna. Dette inneba ein del ”styring” frå arrangøren si side.

2. Frammandspråk. Første tenkte ein å gi ekstrapoeng for å ha lese på eit annet språk enn morsmålet. Det var greit å gi poeng for å lese engelsk, men nokre innvandrarbarn kan lese norsk like godt som innfødte barn. Det er derfor viktig å skille mellom frammandspråkleg og tospråkleg. Det visast t.d. til to bosniske 14-åringar som snakkar bosnisk seg i mellom i biblioteket og går ut med mursteinar på norsk under armane. I visse tilfelle fjerna ein denne fordel når ein deltakarar viste seg tidlegare under konkurransen å vere sterk i norsk . Dette var eit annet eksempel på ”styring” frå arrangøren si side.

3. Lettlese bøker. Desse gir svake lesarar ein sjanse å vere med i konkurransen. Eit problem oppstod då ein deltakar hadde ei god plassering på grunnlag av vanlege bøker i forhold til alderen, og så tok til å lese berre lettlese bøker i innspurten.

Dette er eit eksempel der ”strying” kunne ha vore aktuelt.

Ein blei godt kjent med kva den enkelte deltakar las, ved å knytta brukarnamnet til ein viss leseprofil når ein vurderte poeng. Dette gjorde at ein kunne bedømme poeng betre. For eksempel, ein relativt ung "bu"-lesar las ei ”u” bok som var ganske lang og vanskeleg i forhold til det ho hadde lese tidlegare i konkurransen. Ho fekk med glede eit ekstra poeng til.

Ein ga ikkje noko rettleiing om korleis å samle mest muleg poeng, og det var det aldri stilt spørsmål om. Ein fekk spørsmål om korleis poenga vart utrekna, men ein ga ikkje detaljerte svar. 

I eit tilfelle oppmoda ein til å satse på bøker i ei meir naturleg aldersgruppe i forhold til alderen. Dette gjaldt ein lesar som las mykje på eit mykje lågare nivå enn alderen tilsa.  

Lydbøker telte på line med bøker, og ei mor lurte på om å lese til barna var i orden. Dette blei ikkje besvart direkte. Ein oppmoda til å bruke konkurannsen for å få barn i skulealder til å lese sjølve.

 

Framstilling av resultat

 

Ein oppdaterte to nettsider. Ei ga biblioteka ei oversikt over den enkelte deltakar, påmeldingsinformasjon og tildelte poeng for den enkelte bok. Ei anna side var for deltakarane, der deltakaren kunne følgje med resultata av innsatsen sin. Tabellane vart oppdatert dagleg, som oftast seint på kvelden når alle dagens meldingar vart mottekne. Kl. 00.00 var eit favoritt klokkeslett. 

Det var ikkje oppdatering mellom 23. og 26. juni. Dette hadde eit negativt resultat: Talet på innsendingar falt i løpet dei påfølgjande dagane, men tok seg opp igjen. Deltakar-tabellen var derfor ein viktig del av konkurransen. For nokre var det kanskje kjekt å kunne seie i frå til nokon om at ein hadde lese ei bok, og få det lagt merke til.

Deltakar-tabellen blei lang og vart seinare delt opp i divisjonar. Dette så ut til å vere meir ”morsomt”. Det blei vurdert å bruke pilar (som på VG-lista), men med over 100 plasseringar som endrar seg kvar dag, ville dette bli for mykje arbeid. VG-lista endrar på 40 plasseringar ein gong i veka.

Tabellen blei ikkje oppdatert dei siste 24 timar av følgjande grunnar:

- Det kunne auke spenninga for dei ivrigaste
- Det kunne redusere stressfaktoren for dei som alt hadde prestert mykje.
- Det kunne unngå fristelsen til å melde inn nokre uleste bøker i siste øyeblikk.  
- Det kunne bidra til at færre ville gi seg.

 

Muntre jenter ved biblioteket i Stordal. Til høgre SuperSynne som 
var verkeleg super.
- foto Bjørg Moltu

 

Las dei, eigentleg?

Ja, definitivt. På nokre område hadde biblioteka ein viss kontroll. Rundt 65 % av bøkene blei levert inn over skranken. Det kan hende at bruken av isbn i meldingsinformasjonen i staden for tittel ga inntrykk av ein seriøs arrangør.

Når det gjeld innsending pr. mail og sms, fekk ein som nemnt godt kjennskap til kva den enkelte las. Dette og måten deltakarane sendte inn meldingane på gjorde at ein trudde at dei alle fleste, og spesielt alle som las mykje, las bøkene dei meldte inn. Den enkelte lesar hadde eit mønster (tal på bøker pr. melding/innmeldingsfrekvens, bokval) som verka truverdig.

I følgje rettleiinga på nettet kunne ein foreløbig prisvinnar bli stilt spørsmål om ei bok vedkomande hadde lese. Dette vart lagt merke til, men aldri nødvendig. Stordal si 2. plassering var godt kjent i biblioteket.  Hovedbiblioteket i Haram kjente ikkje vinnarane i kommunen, då dei bruker filialar i Søvik og på Vatne, men vi var i kontakt med aktuelle lærarar, og dei hadde ein imponerande lånestatistikk i databasen.

Leseevne i forhold til alder

Når ein er 10-12 år gamal, kan ein i denne aldersgruppen lese bøker på sitt nivå fort hvis ein er flink til å lese. Ein eldre elev på 15-17 år, er ikkje nødvendigvis enda flinkare å lese på grunn av alderen, men bøkene for aldersgruppen er større og innhaldet er vanskelegare. Var dette ei ulempe for eldre elevar? Resultatet (vinnarane var 15, 11 og 13) tydar ikkje på det. Men etter dei kom det mange 9-10 åringar. På den andre sida var 10 år den mest talrik alder i konkurransen.

Fleire 17-åringar var aktive, men nådde ikkje så høgt opp. 15 åringina som vant brukte langt meir tid enn 13-åringa på 3. plass, men satsa på vanskelegare bøker.

Alder på aktive deltakarar

140 meldte seg på og 100 var aktive (meldte inn kva dei las innan fristen).  

Kommune Eldste Yngste Gjennomsnitt
Stordal 16 8 10
Hareid 18 6 10
Haram 19 7 12

Lesefart

Konkurransen varte 72 dagar. I denne perioden las dei topp tre plasserte 93, 75 og 63 bøker. Bøkene dei las stod i forhold til alderen eller over.

Lydboka Skammarteiknet på 288 sider tek 8 t. å høyre på som lydbok. Ved vanleg lesefart (for voksne?) på 250 ord pr. min., ville boka gå unna vel raskare - ca. 5 timar. I ein fagartikkel om hurtiglesing er det antyda at "alle kan med litt trening og bevisstgjøring [midtlinje-koordinering] komme opp i en lesehastighet på 1000 ord i minuttet". Då ville Skammarteiknet ta under 2 timar. Det er rimeleg å tru at dei mest engasjerte i  lesekonkurransen var i utgangspunktet godt ”trent” og las meir enn 250 ord pr. minutt.

Reaksjonar

Dei unge var interessert, sjølv under ein sjelden fin og lang sommar.

I utgangspunktet skulle deltakarane berre sende kode + isbn på sms eller mail, men andre ting sneik seg i av og til.

Eksempel frå Haram :

(Kjempekjempebra bok =O Ulv =) Hehe.. Alle burde lese den =) )
Tittel: The Sight
ISBN: 0-330-48385-4

kode:1004
+
isbn: 82-511-0116-6
+
klem

heeija
Her er ei bok til!!!
82-7428-488-7 fra den andre siden av tiden irene 1171

Kjem til å sende en e-mail til i kveld. På tide å registrere alt eg he lest som ikkje he blitt registrert. Søv i 1 og en halv time i natt, las heile tida. =) Hmhmm... Jaa.

Frå ei mor (mail): All ros til biblioteket for positivt tiltak !!

Frå ein deltakar: Bør få meg litt søvn. Vore våken i nesten to døgn i strekk. :/ Tja. Skal det vere fleire sommarles i åra framover? Uansett så er det eit genialt prosjekt.

Frå ein far (på avslutningsarrangement): Dette var verkeleg inspirerande.

Nokre av dei 60 som kom for å møte Maria Parr og få diplom i Brattvåg, Haram, på ein laurdag.  Dette kolliderte med eit annet arrangement, og mange av dei eldste var ikkje med på avslutninga. Derimot kom andre som las boka i skulen.
- foto Svein Solheim, Bygdebladet

Hyggelege biverknadar:

- Ein får eit godt innblikk i kva dei unge sjølv vel å lese.
- Rask innlevering!
- Fleire interesserte foreldre. Nokre få lånte bøker for første gang.
- Litt auka bruk av nettkatalogen.
- I Haram, som har fleire avdelingar, oppsøkte nokre deltakarar andre avdelingar for første gang.
- Utlånet til ikkje-deltakande så også ut til å auke.
- Konkurransen blei ei god ramme for å lage fra arrangement.

 

  Avslutning i Brattvåg med Maria Parr
 - foto Camilla Fjørtoft, Haramsnytt

Premiar, avslutningar og økonomi 

-         Det blei laga diplom til alle som deltok aktivt (100 av 140 påmeldte).

-         Kommunane som kom på. 2. og 3. plass laga og betalte for pokalen til vinnarkommunen (Stordal).

-         Kommunane som deltok var glade for at Stordal vann, på grunn av den kollektive innsatsen som denne kommunen viste.

-         Dei enkelte vinnarane fekk melding som e-post, med beskjed om å ta kontakt med biblioteket. Det vart også sendt eit Harry Potter-kort til vinnarane som stadfesting på resultatet.

-         Vinnaren av 1. plassen fekk to billettar til A-ha konserten på Color Line Stadium i Ålesund. Ho valte dette framfor bøker.

-         Vinnaren av 2. plassen valte bøker for kr. 800, nokså snart etter konkurransen

-         Vinnaren av 3. plassen får bøker for kr. 500, men har ikkje bestemte seg kva for bøker enda.

-         Hareid fekk ikkje ei plassering, men som alle biblioteka hadde avtalt, fekk den best plasserte i kommunen ein tilsvarande premie.

-         Utgiftene til 1. 2. og 3. premiane skulle etter avtale delast mellom dei tre deltakande biblioteka, noko som blei litt dyrt for ein kommune som ikkje fekk ei plassering.

-         Haram og Hareid hadde i tillegg ein konkurransepremie som var bestemt ved loddtrekkning blant aktive deltakarar i kommunen som ikkje hadde vunne ein premie allereie.

-         I alle kommunane var det avslutningsarrangement.

-         I Haram var det avslutning i form av forfattarbesøk ved Maria Parr.  Dette var den største utgift.

-         Utgiftene til plakatar ( kr. 500) og diplom (totalt kr. 500) vart fordelt etter antal sendt til den enkelte kommune.

Maria Parr i barne- og ungdomsavdelinga i Brattvåg, Haram, saman med lisauh (1. plass) og ravn (3. plass).  Desse fekk prate lenge med Maria, og med kvarande.  At dei unge fekk møte nye lesevennar var ei hyggeleg side ved konkurransen.
- foto Camilla Fjørtoft, Haramsnytt 

 

 

 

 

 Arbeidet

 

 

Avhengig av arbeidssituasjonen i det enkelte bibliotek, er eit tiltak/arrangement som dette ein del av biblioteket sitt arbeid. Bemanningsnivå, eksisterande oppgåver og bruksnivå vil virke inn på kapasiteten til å gjennomføre tiltaket.

Biblioteket som administrerte tiltaket (Haram) har eit bemanningsnivået på 2,4 stillingar som betener 8733 personar. Dette er eit bemanningsnivå godt under gjennomsnittet, men dette er tilfellet for fleire kommunar i fylket.

Planlegginga av konkurransen og avslutningane vart gjort i arbeidstida – tilsvarande 1,5 arbeidsdag for Haram, kanskje noko mindre i Stordal og Hareid. Mykje av grunnarbeidet er eventuelt gjort for fleire konkurransar.

Oppdatering av resultata vart gjort i fritida. Dei fleste innmeldingane kom om ettermiddagen og kvelden. Ettersom deltakarane ser etter resultatet av  innsatsen sin, var det naturleg å oppdatere om kvelden. Dette tok mellom 20. og 90 min. dagleg, men for ca. 4 av dagane tok det opp til 5 timar.

 

To sportige nye lånarar  i Brattvåg, Vera (Russland) og Karina (Latvia) sørga for duften av vaflar bak skranken medan  Maria Parr las frå boka si Vaffelhjarte. 
- foto Svein Solheim, Bygdebladet

Forslag til forbetringar

1.      Sidetal må få større betydning for poengdeling. Dette er for at dei eldste ungdomane kan stille like sterkt som 9-11 åringane. Det er viktig å få dei med i ein slik konkurranse. Det vil også hindre misbruken av lettlese bøker  og teikneseriar. Dersom konkurransen blir fulgt opp, må ein ha eit meir fleksibel poengsystem, t.d. 1 poeng pr. 30 sider.

2.      Sjølv om det ikkje var eit problem, bør ein vere merksam på at  det skal vere bøker som vert lese ferdig etter startdatoen som blir registrert, og ikkje bøker ein har lese tidlegare.

3.      Forfattarbesøk er ein hyggeleg måte å avslutte ein slik konkurranse på. Det er vanskeleg å få utgiftene til dette dekte gjennom Kultursekken. Kultursekken er berre for grunnskulen, fordi deltaking er forpliktande. Konkurransen var  frivillig og foregjekk i skuleferien. Tiltaket var imidlertid reklamert for og mykje godt omtala i skulen. Forfattarbesøk var kunngjort offentleg, og nokre lærarar oppmoda elevane å møte opp.  

Konklusjon

1. Konkurransen var for unge personar som i utgangspunktet likar å lese. Dei stod heilt fritt i forhold til kva dei las, så lenge eit forlag utga boka. Ved å bruke internettabellar, førte konkurransen unge personar med den same interesse saman. Mange lurte på kven som skjulte seg bak brukarnamna. Forutan det som er nemnt over, trur arrangøren at konkurransen var vellykka fordi:

- Folkebiblioteka oppmoda lesing som fritidsaktivitet. Bibliotek treng denne type lesar.
- Det å lese vart likestilt med andre organiserte fritidsaktivitetar gjennom konkurranse, premiar og diplom.
- Konkurransen ga lesarar merksemda dei fortener i lokalpressa, på lik line med andre ferdigheiter og prestasjonar.  
- Konkurransen skapte blest om lesing.  

2. Sommarles er verdt å ta vare på som eit tiltak i Møre og Romsdal. Det er eit overkommeleg arbeid, og sett i forhold til reaksjonane frå deltakarane og foreldra, absolutt verdt innsatsen.

3. Det var lett å få positivt publisitet. Lokalpressa samanlikna umiddelbart konkurransen med kjende konkurransar elles, og desse får god dekning.

4. Konkurransen var lesestimulerande.

5. Arbeidet med oppdatering av innsendte resultat bør delast mellom 2 personar pr. 100 aktive deltakarar, men lik fordeling er ikkje nødvendigvis nødvendig. 

6. Å få elevar på vidaregåande årstrinn med i konkurransen var viktig. Likedan var det positivt å få unge som er glade i å lese til å møte kvarandre på tvers av alder og krins.

David Beadle

Haram folkebibliotek

20. oktober 2006