Velkomen til Barnas Verd, barnebiblioteket konstruert rundt ein eventyrborg!
Biblioteket er plassert i sentrum av byen, men denne plasseringa hindrer
ikkje barn. Dei er flittige brukarar, men dei minste er
avhengige av følgje. Det er 5 skular i sentrum av byen og elevane
får nok fritid i skuletida til å ta ein kort tur til biblioteket.
Dei kjem
gjerne tilbake etter kl. 15.30, på veg heim frå skulen
og det er ein populær opphaldsstad fram til kl. 19 om kvelden.
Barnas Verd er derfor ein viktig fritidsarena for barn i sentrum av
byen. Søndag og mandag er biblioteket stengt,
men laurdag er det ope til kl. 19 og då er det fullt.
Kulturlivet i bysentrum ligg på eit høg tnivå og
besøk til barneavdelinga kombinerast gjerne med andre kulturelle
gjeremål.
Biblioteket har elles 12 fililar i byen med 106000 innburarar. Filialane har
inntil 300 kvm. og har barneavdelingar.
Allereie ved inngangen er det tydeleg at Barnas Verd skal signalisere eit eventyrland.
Bemanninga i den ca 400 m2 store "Barnas verd" består av 5 heiltidsstillingar,
derav 4 høgskuleutdanna.
Her er det alltid nokon ein kan spørre.
I Ungarn er det vanleg med mellom 1000 og 1500 innbuarar pr. heil
stilling i eit folkebibliotek.
Dei som kvalifiserer seg som barnebibliotekar får ein del pedagogisk
utdanning, og den spesielle kompetansen som krevst
for å vere bibliotekar i ei barneavdeling er i ferd med å
bli utvida.
Barneavdelinga har ei spennande innreiing i form av ein borg. Det er
i tillegg opne grupperom og hemmelege hjørner.
Her er rom for forskjellige personlegdomar: Ein kan gjøyme seg
eller delta i konkurransar. Ein kan mellom anna lese høgt for personalet.
Bildet under viser eit meir tradisjonelt gruppeområde med ein skuleklasse på besøk. To barn veit svaret, men bruker ulike kroppsspråk!
EI UNIK INNREIING
Det er ikkje nokon leverandør i Ungarn som tilsvarer Biblioteksentralen
AL. Det er derfor vanleg å sjølve finne lokale produsentar
eller produsentar i hovedstaden Budapest. Ein får inntrykk av
at ein prøver å finne leverandørar lokalt og det viser
seg i fleire samanhengar
at den lokale befolkninga ønskjer å få høve
til å stille ut arbeidet sitt i biblioteket.
Innreiinga er derfor unik, slik heile biblioteket sin arkitektur og
utsmykking er. I bildet under er ein stor del av borg-innreiinga
synleg.
Det er også lagerplass til magasinerte bøker i skap under
den nederste hylla. Fleire stader er det kasser der ein kan legge
beskjeder,
stille spørsmål og finne svar. Gutane i forgrunnen funderer
på ei slik kasse.
Innreiinga er basert på spesielle ønskjer biblioteksjefen
har om korleis avdelingva skulle fungere og kva for målsettingar
det skulle få. Personalet er godt nøgde med resultatet
og innhaldet i barneavdelinga, som tener hovedsakleg 8-12 åringar,
men sjølvstendige brukarar kan vere frå 6 til 14 år.
Uansett er det ein treffstad. Trygt gjøymt under borgtårnet, bak diktsamlinga (Versek) kan ein følgje med kvar si interesse :
Barneavdelinga består i tillegg av fleire små tilstøytande,
opne rom. Desse er opne for å oppmode til god oppførsel ovafor andre. Biblioteksjefen meiner at ved å ha lukka rom, ville barna gløyme å ha omsyn til andre i lokalet. Dette bilde viser eit slikt ope rom, som har fleire
Det skulle ikkje mangle på inspirasjon
Følgjande firma kan lage slike miljø:
|
![]() |
![]() |
I denne avdelinga gjeld det ikkje berre å finne ei bok, men også å finne hovedvegen ut av labyrinten! |
Denne karen har funne både boka og vegen ut.
Til høgre er det konkurranseark om naturen. Ein mediapolitikk Barna har tilgong til mange media i avdelinga.
I dette godt IKT-utbygde bibliotek, er det berre
I denne eventyrborga som er Barnas Verd,
|
![]() |
![]() |
For å bruke internett i Kecskemét bibliotek,
må ein vere over 12 år. Då kan ein bruke Infoteket. Men dei yngste har sitt eige utstyr, som for
Utstyret som er avbilda er produsert i Ungarn
(Bildet er frå ein brosjyre frå biblioteket,
|
Når biblioteksjefen forteller at internett ikkje kan brukast
til å framheve verdiane som barneavdelinga er tenkt å sette
søkelyset på,
minner dette om synspunkt frå Kai A. Olsen, professor i informatikk
ved Høgskulen i Molde. I ein artikkel i Aftenposten i 1998
meinte han at IT i barneskulen er feilaktig investering, uansett kva
læreplanverket seier. PCane som står i avdelinga er ikkje eit
kompromiss
ovafor barna. Tvert imot, oppmuntrar personalet i avdelinga barna til
å bruke det til å søkje objektivt etter informasjon.
Barna får derfor
opplæring i å bruke dei ulike hjelpemiddel.
Internett er godt utbredt i Ungarn, meir utbredt enn i resten av den austlege
delen av Europa, men på eit nivå som tilsvarer rundt 70 % av
EU-gjennomsnittet. Internett vart ein integrert del av dette biblioteket
i 1997, men språk, og dermed skriftkulturen betyr mykje for ungarar.
Det store utvalet av bokhandlarar ein ser i gatane vitnar om at bøker er viktige
i landet. Ein kan merke seg at den fjerde boka om Harry Potter vil
kome på
ungarsk den 4. desember. Den tredje var i handelen på ungarsk
tre månadar før ho kom på norsk.
Ein original og aktiv kommunikasjon med barn
Barneavdelinga sine underliggande målsettingar er oppnådd gjennom fleire oppfinnsomme tiltak basert på kommunikasjon med barna.
Dei tradisjonelle eventyrstundene har naturlegvis sin plass, men konkurransar,
spørsmål og svar, hemmelege krokar, små sittegrupper
og
ei lita avis gir inntrykk av ein gjennomført og original kommunikasjon
med dei unge. Barneavdelinga arrangerer "Eventyrland", der barna
frå byen forteller historier for kvarandre, foreldre mm., på
same måten som musikkskulen arrangerer elevkonsertar for foreldre.
Framføringa foregår i biblioteksalen og ikkje i sjølve
barneavdelinga. Bibliotek held også litterære konkurransar
for barn.
Ved inngangen til avdelinga (bildet under) er det konkurransar på
to tavler å velje mellom. Den første handlar om Ungarn, som
i dette
milleniumår 2000 feirer 1000 år som nasjon. Den andre er
om OL i Sydney.
ved at dei hjelper brukarane til å utforske dei ulike kjeldene i biblioteket, og er baserte på aktuelle tema. Korta utfordrar barna, også saman med foreldre og besteforeldre. Svara finst i kjeldene i avdelinga, eller ved å undersøke dei andre avdelingane i biblioteket. Dei 15 korta utgjer ei ikkje ubetydeleg opplæring i å bruke heile biblioteket sine ressursar! Kort nummer 5 til dømes handlar om fuglar og vart laga i samband
med fuglekjenneren Bankovics sitt besøk til biblioteket
Kort nummer 11 derimot handlar om kva ein kan bruke
Til høgre er kort 1, der nøkkelordet er "jelképtár", eit ordspill som tydar "symbol-galleri". Det dreier seg om eit eventyr, og ein må bruke cd-rom som hjelpemiddel. |
![]() |
barna legge anonyme eller namngitte spørsmål, forslag, ønskjer, dikt, historier, teikningar m.m. Desse er retta hovedsakleg til personalet, som representerer både allmeinheita og biblioteket, men også til andre barn. Det forekjem anonyme brevutvekslingar, og det er visst spenannde å skrive meldingar til seg sjølv. Gjennom dette originale medium som kassene er, kan personalet svare
spørsmål eller kommentere kva barna skrive om ting som opptek
dei. Det er på denne måten at mange positive tilbakemeldingar kjem
frå barna om biblioteket. Ei
|
![]() |
Kvar månad lagar personalet eit lite enkel hefte som siterer
frå og svarer på dei mange spørsmåla som er lagt
i kassene, samt formidler meldingar frå barna. Spørsmåla
blir besvart i den same tonen og med den same graden av fortrulegheit som
dei blir stilt i, og heftene er naturligvis å finne i kassene.
Til høgre er resultatet av ein konkurranse om musikk i september 2000-utgåva av heftet. Barna har svara på kven som er komponisten av eit musikkstykke dei har høyrt på i øyretelefonar. Mange har svara Antonia Vivaldi, men ein skal aldri stole på andre! Det rette svaret var Georg Friedrich Händel, og dei heldige vinnarane er Fruzsina Sipos og Tamás Zana.
|
![]() |
"Éva Endre har klipt seg" meddelte Márta Kovács i nyheitskassa, men Éva har også fått uttale seg i det same hefte. Dette er ein slags nyheits-spalte. I ei "fortruleg spalte" svarer personalet også på spørsmål
om t.d. kvifor biblioteket ikkje er ope på søndagar eller
ikkje har
Det er i denne spalta at biblioteket forklarer i september 2000-utgåva
at den nye videolova no gjer det vanskeleg å vise
|
![]() |
Det er naturlegvis ei side med anbefalte bøker. Her er det ei
historie om Astrid Lindgrens Emil som er anbefalt.
Gutane frå Pål-gata av Ferenc Molnár er ein ungdoms-klassiker frå 1907, og kan anbefalast. Elles er Pollyanna-bøkene i skuddet akkurat no. |
![]() |
Fritidsarena, men også kunnskaps- og kompetansesenter.
Det er ikkje noko formell samarbeidsavtale med skulane. Skulebiblioteka i fylket har eige nettverk og ansvaret for skulebibliotektenester ligg hos skulane. Frå 1998 er skulane pålagte å budsjettere for og bruke eit minimumsbeløp på bøker til skulebiblioteket for å sikre ei basissamling på kvar skule. Det er krav til oppdaterte oppslagsverk og det viktigaste innan skjønnlitteratur. Skulebiblioteka skal også knyttast opp til IT-programmet Skolinett.
Folkebiblioteket har like fullt eit godt samarbeid med skulane på fleire måter. Det er hyppige klassebesøk, men viktigast er samarbeidet om tema, som biblioteket får god tid å forberede seg på. På ein spennande måte sender klassane "oppdagings- eller speiderpatruljer" som skal finne fakta og informasjon som dei skal rapportere tilbake om. Det er også elevutstillingar, som t.d. frå kunstklassar. Lærarar betaler ein redusert årskontingent og biblioteket arrangerer faglege kurs for skulebibliotekarar.
Skulane betrakter biblioteket som ein lærerik fritidsarena der barna kan vere sjølvstendige, og vil at det skal fortsette slik. Konkurransane barneavdelinga arrangerte var i form av invitasjonar til klassar om å sende 2-3 elevar, men skulane foretrakk at elevane sjølve skulle finne på å delta. Så mange som 600 deltek i På sporet-konkurransane.