Studiereise til Kecskemét bibliotek  

INTRODUKSJON TIL KECSKEMÉT FOLKEBIBLIOTEK

Heim ] [ Byen Kecskemét i Ungarn ] [ Ein ganske annleis økonomi ] [ Introduksjon til Kecskemét bibliotek ] [ Barneavdelinga Barnas Verd ] [ Infoteket ] [ Oppsummering ] [ Katona József Könyvtár ] [ Haram folkebibliotek ]

 
 
Biblioteket stod ferdigstilt i august 1996 til ein kostnad av 30,62 million kroner. Bruksarealet 
er på 6006 m2 fordelt på 3 etasjar. Kommunen fekk statleg tilskot til prosjektet.

Bibliotekpersonalet karakteriserer bygget som 
eit lite meisterverk. Rominndelinga eignar seg svært godt til ei effektiv organisering. Alle rutinane er databaserte, og både bygget og inventar er godt sikra og overvåka. 

Den tradisjonelle firkanta løysinga, som er typisk for mange nyare bygg, er borte. Avdelingane som er plasserte på framsida av bygget
har ein slakk bue som gjer dei spennade å vere i. Dette gjeld spesielt den lokalhistoriske avdelinga, kaféen, som selger smørbrød og
expresso for kr. 7, og ein vakker møtesal. Denne rapporten omhandlar ikkje desse avdelingane.

Bildet under er frå ei utlånsavdeling i andre etasje. I staden for ein lesesal er det mange lesekroker. Frå søylane til høgre i bildet kan ein
sjå dei andre etasjane.


 
 
 
  Lokale kunstnarar har bidradd til utsmykkinga. Klokka til høgre
  er ei av to laga av ein som har ur som sin store hobby. 

  Under klokka er inngangen til utstillings/teater/konferanse-salen 
  som er mykje brukt til arrangement, også for å gi inntekter. 
  Her er  litterære kafé, presentasjonar av nye medier og 
  utstillingar. Kvar månad blir ein lokal kunstnar presentert. 
  Ein markerer også spesielle dagar som "Jorda sin dag" og 
  "Barna sin dag".

  Ein tek beskjedne innganspengar til arrangement som eit ledd i
  å skaffe eigne inntekter. Brukarar som har betalt årskontingenten
  til biblioteket vil få dei beste sitteplassane. Av og til er det laga
  arrangement spesielt for blioteket sine medlemmer.

Ved inngangen finn ein ein veldig grei etasjeplan.
Denne rapporten omhandlar tenester i den først etasjen földszint (grunnivå).1. emelet tilsvarar vår 2. etasje osv.


 

PERSONALET

Utlån og innlevering skjer ved servicepunkt 3 Kölcsönzés av ikkje-fagkvalifisert personale, på bildet under.
Ein tilstøtande skranke tek seg av registrering, billettar og orienteringar, verdisaker, kle, bagasje mm.

Fagkvalifisert personale er plasserte i alle avdelingar bak serviceskrankar som har eit felles mønster. Men i tillegg,
ved inngangen til kvar etasje, er det eit informasjonspunkt Tájékoztatás, henholdsvis 7, 16 og 24, på etasjeplanen,
der publikum får profesjonell rettleiing relevant til tenestene i den aktuelle etasjen.

Statistikken nedanfor viser at det er ein heil stilling pr. 1019 innbuarar. Av desse er rundt 77 % fagkvalifiserte
på lavare- eller høgare-grads universitetsnivå.

Servicepunkt 16 Áltálanos  tájékoztatás er eit profesjonelt servicepunkt på andre etasje (bilde under).
Her kan ein henvende om alt som har med bøker å gjere.

Fjernlånsbestillingar kan registrerast ved dette servicepunktet. Det er verdt å merke seg at Ungarn arbeider
med ei lovendring til kulturlova. Dette er eit steg mot noko som kan tilsvare det saumlause biblioteket. Biblioteket deltek
frivillig i ODR (National Documents Supply System), som koordinerer fylkesbibliotek, universitetsbibliotek og
spesialbibliotek som er medlemmer, samt nasjonalbiblioteket. Sidan biblioteket låner meir enn det mottek gjennom
ODR-systemet, blir dette kompensert for av staten.


 

Bildet over viser også servicepunkt 17 Katalógusok Katalogane. Dette er plassert ved sidan av kort- og databasekatalogane (under).
Som møblene forøvrig, er kortkatalogseksjonane lokalproduserte.

Sidan 1995 har katalogen vore ein elektronisk OPAC-katalog. Katalogen er også tilgjengeleg på internettet.
Biblioteket har motteke statlege midlar til den retrospektive katalogisering.

Internettkatalogen er lagra i det integrert biblioteksystemet OLIB, som tilsvarer Samkatalogen i Norge. Her i katalogavdelinga er det
fire terminalar for publikum.


 
 
 
 

AVDELINGANE SOM DENNE RAPPORTEN UTDYPER

Med utgangspunkt i etasjeplanen over, utdyper denne rapporten to avdelingar:

Til orientering visast det til avdelingane som grensar opp til barneavdelinga og Infoteket:

1. Avdeling 11 Belsõ udvárok består av to indre gårdsplassar:

2. Avdeling 8 Magazinolvasó Avis- og tidsskriftavdelinga (under) som er plassert nær barneavdelinga, slik at foreldre
eller føresette kan sitte i nærleiken.  Her visast berre ein liten del med inngangen til Infoteket i bakgrunnen.


 

KECSKEMÉT BIBLIOTEK SETT I FORHOLD TIL SAMANLIKNBARE UNGARSKE BIBLIOTEK
 
 
  KECSKEMÉT   SZEGED   BUDAPEST OSZK
Innbuarar   106000   158000   2.208000
Tilvekst 1999   16902   16386   102890
Driftutgifter 1999   171.787000   194.593000   -
Areal med filialar   8582 kvm   8518 kvm   -
Høgskuleutdanna personale   76 (av 104)   87   443
Tilsette pr. innbuar   1 pr. 1019   1 pr. 1118  1 pr. 1489
Registrerte brukarar   27308   29975   28090
Utlån pr. registrert brukar   12,93   25,58*   25,58*
Besøk   248528   290828   -
Arrangement   184   -   -
Årleg tilvekst alle medier   16000 -18000   17000-19000   -
Bestand alle medier 1999   443352   553192   -
Bestand lydmedier 1999   26408   -   -
Bestand bildemedier 1999   2109   -   -  
Bestand digitale medier 1999   1338   -   -  
Areal pr. 100 innbuarar   8,13   3,82*   3,82*
Areal pr. 100 registrerte brukarar   31,43   28,10*   28,10*
Utlån totalt 1999   353180   688724   -
Utlån barn 1999   72753   117068   -

* Ungarsk gjennomsnitt

Biblioteksjefen kommenterer biblioteket sine fortrinn, samanlikna med andre tilsvarande bibliotek som følgjande:

På den andre sida påpeiker ho nokre svakheiter: