Studiereise til Kecskemét Bibliotek

INFOTEKET

[ Heim ] [ Byen Kecskemét i Ungarn ] [ Ein ganske annleis økonomi ] [ Introduksjon til Kecskemét bibliotek ] [ Barnas Verd ] [ Infoteket ] [ Oppsummering
 ] [ Katona József Könyvtár ] [ Haram Folkebibliotek ]

Infoteket er ein viktig og populær del av biblioteket som har teke mange interessante initiativ.

Services in the Infoteque

Infoteket si hovedmålsetting er å gi ajour informasjon innan teknologi, lokal og nasjonal offentleg informasjon, turisme,  språkopplæring og generell informasjon som  krev oppdatering. Informasjonen formidlast gjennom tidsskrift og periodika elles, brosjyremateriell, årbøker, oppslagsverk, cd-rom og internett.
 
Avdelinga har ca. 350 m2 å rute med, og bemanninga består av  5 fagkvalifiserte bibliotekarar. Det er alltid to personale til stades. 

Det er interessant å merke seg at det er avdelinga som har laga internettsider for fylkespolitikarane, som ved hjelp av ein søkefunksjon kan finne informasjon om arbeidet som 
pågår i ulike komitéar. For publikum har ein laga ein elektronisk katalog over sakslister og protokoll frå kommunestyret og fylkestinget.

EU informasjonspunktet er eit annet eksempel på eit godt gjennomført initiativ i avdelinga. Som elles i biblioteket, setter avdelinga eit  godt eksempel når det gjeld å halde orden.


 

Likestilling mellom trykte og digitale kjelder

Infoteket har ei  interessant fordeling  mellom trykte og digitale informasjonskjelder. Det er ei temmeleg nøyaktig 50-50 fordeling
på arealet mellom dei to funksjonane. Den digitale delen består av minst 16 terminalar med kvar sin  svingstol. Den typografiske
delen består av eit finare møblement, med sittegrupper beståande av  behagelege stolar eller bord og stolar.

Det verkar som om biblioteket har teke opp idéen om det hybride biblioteket og gjort det til ei permanent løysing.
Det vil seie at ein vil alltid måtte imøtekome eit publikum som vil ha informasjonen sin både i ein behageleg stol og bak ein god skjerm.


 
 

Avtaler med internasjonale organisasjonar

Då det nye biblioteket opna i 1996, var det denne avdelinga som tok mest tid å utvikle i tråd  med intensjonane ein hadde.
I 1997 var dette det første biblioteket i Ungarn som oppretta ein ny type avtale med British Council. Dette ga informasjonstenesta meir fylde,
og etter kvart blei ho fulgt opp med ei ressursteneste i avdelinga for engelskundervisning i fylket. Biblioteket prioriterer høgt språktenester,
og i tillegg språkferdigheiter hos personalet. Språk er ein del av informasjonstenesta fordi det er noko som må oppdaterast kontinuerleg,
i følgje personalet, som behersker godt ikkje mindre enn 5 framandspråk seg imellom.

Samarbeidet med British Council har vorte utvida til å famne opplæring gjennom Telematics-program, som er godt utbreidd i Europa.
Særleg er det  3-årige Total Quality Management program vert å nemne. Økonomisk støtte frå British Council har derfor vore fordelt på to plan:
Ein god del trykte referansekjelder på engelsk som er å finne i Infoteket, språkopplæring og ikkje minst personalutviklingsplanen som
bemanningsstrukturen i heile biblioteket no langt på veg er basert på. Biblioteket er svært nøgd med dette gjensidige samarbeidet og ser potensialet
for ei vidareutvikling.

Biblioteket held kurs i bruken av materiellet frå British Council, Goethe Institut og EU.

Biblioteket har også hatt eit samarbeid med EU i form av ei Europa-informasjonsteneste, og har fått til dels betydeleg økonomisk støtte
til kjøp av maskin- og programvare, forutan trykt informasjon om EU. Informasjonen om EU og eventuelt ungarsk medlemskap har
imidlertid vore betydeleg trappa opp etter ein ny avtale med utanriksdepartementet i landet. Bildet under viser ein del av
informasjonspunktet.

Det er utanriksdepartementet som opprinneleg tok  initiativet til å etablere eit "EU informasjonspunkt" i alle fylke.
I dei fleste tilfelle har dette vore lagt til  fylkeshusa. Slik var det også i Bács-Kiskun Mégy, som Kecskemét er fylkesbyen for.
Men biblioteket  meinte dei kunne gjere dette betre og tok over denne rolla,  med stort utbytte og anerkjennelse.

Informasjonen om EU og eventuelt ungarsk medlemskap er produsert av utanriksdepartementet. Informasjonen er på ungarsk,
engelsk, fransk og tysk. Informasjonen verkar balansert, finst i fulle og forenkla  utgåver, både trykt og digitalt. Dette er for å
forberede publikum på å ta stilling til medlemskapet og stemme ved folkeavstemning.  I bildet over er omlag ein  tredel av
EU informasjonspunktet synleg.

Biblioteket får økonomisk støtte frå utanriksdepartementet det første året, som løper frå august 2000. Fylkeskommunen skal
overta dette inntil folkeavstemninga, som no ventast i 2004. I dei to månadar "EU-informasjonspunkt" har vore i bruk, er det
mest forretningsfolk, studentar, språkinteresserte, journalistar og undervisningspersonale som har nytta seg av det.

To av Infoteket sitt personale har fått ei grundig opplæring i Budapest om EU sine organisasjonar. Såleis blir biblioteket
sitt personale sett på som kunnskapspersonar når det gjeld EU i fylket. Meirarbeidet som tenesta fører med seg, blir biblioteket
blir økonomisk kompensert for. Biblioteksjefen meiner at personalet som har ansvaret for denne tenesta har fått ei betydeleg
personleg utvikling undervegs.

Biblioteket har marknadsført denne tenesta godt. Forutan det tiltrekkande materiellet og personalkompetansen, arrangerast det møter,
konferansar og orienteringstimar. Ein kan av og til føle at biblioteket er meir tiltaksretta enn det eg er vand med i Norge.
Det er til og med timar og konkurransar for barn om Europa. All slik aktivitet er godt kunngjort i den lokale pressa, men kommunen
har også ei lokalavis med fyldig dekning av tenesta.

Biblioteket ser etter nye samarbeidsmoment med EU i forkant av eit eventuelt medlemskap. Det er kjent at EU har ymse økonomiske
pakker for søkerland til å bruke innan miljø, infrastruktur, transport og kommunikasjon. Biblioteket følgjer med for å sjå om det er nye
initiativ som denne avdelinga kan stå for. Biblioteksjefen kommenterer dette slik: "Dei som vi  forholder oss til når slike initiativ
aktualiserer seg, finn det lettare å forstå Infoteket sine målsettingar enn biblioteket sine. Vi trur vi har tent på det."


 

Bruken av publikumsterminalar

Alle avdelingane i biblioteket har publikumsterminalar til katalogoppslag og cd-rom. I Infoteket er det 18 terminalar for publikum til
informasjonsøking på internett og cd-rom. For å bruke desse må ein ha betalt årskontingenten til biblioteket og ein må vere over 12 år.
76 % av dei som bruker Infoteket er over 18, og nesten alle bruker ein internetterminal når dei er der. Terminalane er i utgangspunktet
ikkje fordelt mellom dei ulike funksjonar som internett,  cd-rom, tekstbehandling og andre program, men har prioriteringar i tilfelle kollisjonar.

Berre i løpet av eit år auka bruken av Infoteket frå 15643 brukarar i 1998 til 28498 i 1999. Rundet 9 % av brukarane var 12-14 år.
Internett var brukt av 95 % av Infoteket sine brukarar. Med tid, og gjennom 2000, har brukaren sin gjennomsnittalder auka,
samtidig som bruken av programvare har auka. Ein får inntrykk av ei innhaldsrik cd-rom-samling. Internett er likevel den mest populær funksjon.
Infoteket opplever at maskinane blir hyppigare brukt til seriøs søking enn før, som resultat av kursa som personalet har gitt.

Biblioteket har ikkje data om bruken av Infoteket fordelt etter kjønn. Mitt inntrykk er at bruken er fordelt likt.

Det er ein terminal for hurtige oppslag utan timebestilling. Timebestilling er heller ikkje nødvendig om formiddagen, men
etter kl. 13.00 og ikkje minst på laurdagar når ein har ope til kl. 19.00, bør ein bestille time, som altså er ein halvtime.
Den lengste ventetida er ei veke, men eg så nokre ledige maskinar fleire dagar mellom kl. 14.00 og kl. 17.00.

Bruken av internett kan overvåkast ved hjelp av ei VNC-programvare, men nyare operativsystem for nettverk gjer også denne oppgåva.
Det er sjelden ein opplev svikt i systemet.
 

IKT-ressursar

Personalet er godt IKT-kompetente når det gjeld informasjonsformidling. Biblioteket har også ei IKT-avdeling med ingeniør i heil stilling og støttepersonale. Diagrammet nedanfor viser biblioteket sitt nettverksystem og behovet for kapasitetsauke. Eg vil anslå at biblioteket må ha minst 100 PCar knytt til nettverket,
derav 18-20 i Infoteket. Mykje av utstyret blei kjøpt inn i 1997, og ein vil sjå frå diagrammet at mykje er modent for utskifting.
Den dominante skjermstørrelsen er 15".

Fagkvalifisert personale har kontor på ein annan plass i biblioteket enn i avdelinga dei er knytt til, slik at dei kan ta med seg arbeid når dei treng arbeidsro.
Eg blei tildelt eit slikt kontor for besøkande bibliotekarar, og kan stadfeste at nettverket fungerer godt etter mine begrep.


 

IKT-opplæringsdagar

Nokre tidspunkt er avsett til IKT-opplæring, og spesielt "Internett-oppvisningsdagar" der ein demonstrer internettet for nyare brukarar. Desse er på mandagar når biblioteket er stengt. Dette har ført til eit meir voksent publikum i Infoteket enn tilfellet var i 1997 og 1998, samt auka bruk av programvare samtidig som ein bruker internett. Biblioteket marknadsfører seg som informasjonsspesialistar. Bibliotesjefen vil at publikum skal oppfatte biblioteket som ein stad der spesialkompetansen innan informasjonssøking er tilgjengeleg, slik at ein kan representere noko annet når alle på sikt vil ha internett og e-post tilgjengeleg heime. Det er tydeleg at biblioteket arbeider aktivt i denne retninga idag.

Når personalet gir kurs i internett, startar dei med å gi opplæring i bruken av oppslagsbøker. Deretter går dei over til cd-rom og til slutt internett. Ein ønskjer å oppnå med dette ferdigheiter innan søkemetodikk som kan brukast i samband med alle typar informasjonskjelder.