Studiereise til Kecskemét bibliotek  

EIN GANSKE ANNLEIS ØKONOMI

Heim ] [ Byen Kecskemét i Ungarn ] [ En ganske annleis økonomi ] [ Introduksjon til Kecskemét bibliotek ] [ Barneavdelinga "Barnas Verd" ] [ Infoteket ] [ Oppsummering ] [ Katona József Könyvtár ] [ Haram folkebibliotek ]

Som i Norge er alle kommunar pålagde ved lov å drive folkebibliotek og fylkesbibliotek. Gratisprinsippet gjeld ikkje i Ungarn. På den andre sida kjem staten med ein liten økonomisk impuls til driftsbudsjettet.

Inntektskjeldene i 2000 på 204 million forint (6,38 million kroner) for biblioteket kan oppsummerast slik:
 

Driftsmidlar frå Kecskemét kommune   35 %
Driftsmidlar frå Bács-Kiskun fylkeskommune   35 %
Refusjonar frå staten     4 %
Eigne inntekter   11 %
Oppdrag, prosjektmidlar   15 %

Statleg impuls

Størrelsen på refusjonen frå staten, ei ordning som starta i 1998, avgjer delvis biblioteket og kommunen sjølve, ved at staten løyver ein sum som er 25% av biblioteket sitt mediabudsjett  (ikkje rekneskapen). Med media meiner ein bøker, lydbøker, databasar, musikk, cd-rom, mm. For 2000 er denne refusjonen liten grunna eit lite mediabudsjett. For å skaffe meir midlar frå staten, setter ein gjerne opp eit nøkternt, men optimistisk mediabudsjett. Det skjer at kommunen  må løyve meir pengar og biblioteket må finne inntektskjelder  i løpet av året for å oppnå refusjonssummen frå staten som ein har oppgitt i budsjettet.

Oppdrag og prosjektmidlar

Heile 15 % av budsjettet består av inntekter frå prosjektmidlar og oppdrag som personalet utfører for andre. Det er ikkje personalet, men arbeidsgjevaren som får honorar og avlønningar i samband med konferansar og kurs som personalet står for.

Årskontingent

Eigne innteketer, det vil seie midlar som biblioteket sjølv må finne fram til, er 11% av budsjettet. Årskontingenten som lånarane må betale er ein mindre del av dette, for biblioteket tener inntekter også gjennom utleige av eit møterom og ein konferansesal, fotokopieringar, inngangspengar til utstillingar og aktivitetar, kunngjeringar, kafésal og tenester som t.d. bokinnbinding.

Brukaren betaler  1200  forint eller kr. 41 i årskontingent. I forhold til norske lønsnivå vil dette tilsvare ca. kr. 188.

Mange brukarar betaler berre kr. 78 årleg: Studentar, arbeidsledige, lærarar, pensjonistar under 70 og rørselshemma. Barn under 16, pensjonistar over 70, dei blinde og bibliotekarar betaler ikkje. Ein kan òg vere støttemedlem og betale kr. 240. Gjennomsnittsprisen for tilveksten av bøker er kr. 141. Når ein legg til 25 % refusjon frå staten, utgjer dette til saman eit beløp som er nesten likt årskontingenten. Mange brukarar ser på årskontingenten slik at pengane går til å kjøpe ei bok årleg. Ordninga med støttemedlemmar tyder på at lokalbefolkninga bidrar villig til eit betre bibliotek for alle.

25,86 % av innbuarane er registrerte brukarar som har betalt årskontingenten.. Det kostar ikkje noko for "besøkande" å bruke tenestene i biblioteket, men registrerte "brukarar" som har betalt årkontingent blir tilgodesett på fleire måtar og fĺr tilgong til alle tenestene. Årskontingenten representerer ikkje noko hinder for å bruke basistenestene i biblioteket.

Økonomiske fakta om Ungarn

Ein ungarsk bibliotekar tener noko meir ein femtedel av ein norsk bibliotekar, men ei bok kostar også berre ein femtedel. Den tredje boka om Harry Potter kostar kr. 48 i innbunden utgåve på ungarsk, mot kr. 248 i norsk utgåve. Ei stor ungarsk-engelsk-ungarsk ordbok kostar ikkje meir enn kr. 430, mot rundt kr. 1800 for tilsvarande verk i Norge. Eit måltid på ein kafé kostar kr. 18-25,  men hus, straum og bilprisar gjer at det kan vere dyrt å bo i Ungarn. Derimot kostar det lite å bruke det effektive kollektiv transportnettverket. Ein månadskort i hovedstaden kjem på kr. 190.

I tida framover vil lønningane auke betrakteleg, og Kecskemét bibliotek vil truleg måtte redusere bemanninga gradvis, noko som kan vere vanskeleg sidan alle er unge. Den lovfesta minimumslønna i Ungarn auka med nesten det dobbelte i november 2000, frå kr. 773 til kr. 1238 pr. månad. Det er tilpasningar til eit eventuelt medlemskap i EU som påverkar desse endringane. Minsteløna i EU er rundt kr. 4750 pr. månad.

Ungarn er for tida eit ettertrakta investeringsmål for mange europeiske og amerikanske firma. Det er også ein stor turistindustri, med seks gangar så mange utanlandske turistar enn Norge.

Følgjande økonomiske nøkkeltal gjev eit inntrykk av levestandarden og den økonomiske tilstanden:
 
Økonomiske nøkkeltal 1998-1999
BNP 4,1 %
BNP:  vekst frå 1998 til 1999 5.9 %
Industriproduksjon: vekst frå 1998 til 1999 17,5 %
Inflasjon forbruksprisar 9,4 %
Arbeidsløyse 9.5 %
Telefonar i bruk i forhold til innbuartal 27,88 %
Mobiltelefonar i forhold til innbuartal 31,21 %
Fjernsynsapparat 51,42 %
Økonomisk innovasjon*  0,72 %

*teknologisk innovasjonsnivå som fører til nyetableringar. EU-gjennomsnittet er 0,59 %