Studiereise til Kecskemét bibliotek

BYEN KECSKEMÉT I UNGARN 
og lokaliseringa av biblioteket

[ Heim ] [ Byen Kecskemét i Ungarn ] [ Ein ganske annleis økonomi ] [ Introduksjon til Kecskemét bibliotek ] [ Barneavdelinga "Barnas Verd" ] [ Infoteket ] [ Oppsummering ] [ Katona József Könyvtár ] [ Haram folkebibliotek ]

Midt på det ungarske slettelandet ligg byen Kecskemét. Her bor 106000 av landets 10 million innbuarar, ein time frå Budapest,
Europas 7. største by etter Roma. Som i mange ungarske byar, er midtpunktet av Kecskémet ein frodig firkanta park på størrelse
med Slottsparken. Rundt parken ligg imponerande og velstelte bygg som daterer seg frå 1700-talet til tidleg 1900-talet. Mange
stilartar er representerte i byens arkitektur.

Kombinasjonen av sentralisert makt, nasjonalkjensle og relativt stor rikdom på slutten av 1800-talet førte til godt planlagte bysentra i landet.
Jugendstilen har ein viktig plass i mange ungarske byar, men spesielt i Kecskemét for dette er heimstaden til Ödön Lechner. For enkelte
er det nettopp Lechner som får ein til å beundre stilarten. Han blei inspirert av kolonistilen i India, noko som gjer at stilen hans har eit litt orientalsk preg.
 
 

   Bildet til venstre viser rådhuset i Kecskemét. Bildet 
   over er ein detalj frå Czifra-palasset. Begge er 
   i jugendstilen og blant dei fine byggverk rundt 
   torget i sentrum av byen.

Byens folkebibliotek blei bygd i 1996, og er ikkje ein del av dette historiske miljøet. Det nye bibliotekbygget er likevel av stor arkitektonisk
interesse. Det ligg i eit av kvartala bak torget, men også her er det rolege gågatar, av og til breie alléar under akasia-trær. I dette miljøet
finn ein elegante telefonkioskar og postkasser som ein trur er tekniske museumsgjenstandar, men her moderniserer ein det innvendige og
restaurer det utvendige. Det er nemleg i Ungarn at Europas eldste undergrunnsbane ser ut som den gjorde på slutten av 1800-talet. Stasjonane
har dei opprinnelege flisbelagte murar, trepanel og messing-handtak,  men det er betryggande å vite at togsetta er blant dei mest teknisk avanserte.

Kecskemét kan samanliknast med Stavanger med sine 108 000 innbuarar, noko som kan gi eit grunnlag for samanlikning med norske forhold
i denne rapporten. Byane er fylkessentra og studentbyar. Begge har næringsgrunnlag der lettindustri, transport og tenester dominerer. Men Kecskemét er ikkje hamneby. Byen ligg 50 kilometer aust for Donau. I staden for sjøen er byen omringa av eit hav av jordbruksåkrar - vinrankar, solblomster, paprikaenger og saue- og
svinegårdar. Dette forklarer kvifor tekstil- og næringsmiddelindustrien er godt representert her. Byen er elles kjent for likørane sine.
 
 
Biblioteket sitt eigentlege namn er József 
Katona Bibliotek. Ungarske bibliotek har ofte namn etter sine aristokratiske grunnleggarar 
eller  lokale diktarar. József Katona er like betydeleg i Ungarn som Henrik Ibsen er i 
Norge, men hans fremste verk Bánk Bán
er meir ei  kjelde til nasjonal enn 
individuell medvit. Han vart fødd i 
Kecskemét i 1791 og dødde berre 
39 år gamal i heimbyen sin.