Virkeplan for Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal 2004-2005

Politiske mål

Mål knytta til ytringsfridom og demokrati :

  1. Arbeide for opne og tilgjengelege bibliotek som held eit godt nivå når det gjeld kvalitet og utval.
  2. Arbeide for lik tilgang til kunnskap og informasjon
  3. Arbeide for gratis tilgang til kunnskap og informasjon
  4. Delta i og arbeide for kollektive avtaler om levering av informasjon og formidling av kunnskap og kultur.

Mål knytta til økonomi og ressurstilgang :

  1. Auka ressursgrunnlag for alle typer offentlege bibliotek
  2. Stimulere nyrekruttering
  3. Godt fjernlånssamarbeid
  4. Bringe ressursgrunnlaget i Møre og Romsdal opp til eit nordisk nivå. 

 

Mål knytta til organisering :

  1. Delta aktivt i omorganiseringsprosessar som ledd i å hjelpe medlemmer å oppnå sine mål.
  2. Oppmode til samarbeid på tvers av administrative grensar i Møre og Romsdal og utover i landet.

Mål knytta til kultur- og verdformidling :

  1. Støtte opp om konkrete prosjekt i fylket som kan foreinast med Norsk Bibliotekforening sine målsettingar. 
  2. Støtte opp om tiltak som stimulere kulturelle eigenartar i fylket.

Mål knytta til utdanning :

  1. Arbeide for ei sentral rolle for bibliotek i utdanningsinsitusjonar og lærarutdanninga.
  2. Arbeide for at alle under utdanning har ei bibliotekteneste.
  3. Arbeide for at alle bibliotek kan levere digitale tenester til alle under utdanning.

Organisatoriske mål :

  1. Arbeide for at Norsk Bibliotekforening blir ein samlande interesseorganisasjon for biblioteka i fylket.
  2. Bygge alliansar med andre organisasjonar.
  3. Ha eit fast samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek.
  4. Opptre som politisk premissleverandør når høvet byr seg.
  5. Auke medlemskap.
  6. Fremme interessene til medlemmene.
  7. Oppmode til at medlemmene deltek aktivt i Norsk Bibliotekforening.

Tiltak :

  1. Støtte opp om konkrete prosjekt i fylket når det gjeld kultur- og verdiformidling.
  2. Oppmode medlemmer til å bruke Norsk Bibliotekforening.
  3. Delta i tiltak organisert av eller støtta av Norsk Bibliotekforening sentralt.
  4. Følgje opp initiativ frå NBF sentralt relatert til politiske val.
  5. Samarbeide med andre lokale og spesielle avdelingar.
  6. Arbeide for at kommunane får tilgang på fagkvalifisert  personale.
  7. Arrangere tiltak som gjer medlemmene merksame på politisk aktuelle endringar.
  8. Fremme Norsk Bibliotekforening til ein møtestad for alle typar bibliotek i fylket.
  9. Dele ut ein lokal bibliotekpris i samarbeid med fylkesbiblioteket.