Nyheiter frå 2003

Positiv utvikling i biblioteket
Av David, 27.11.2003.
- Utlånsaktiviteten i biblioteket viser ei positiv utvikling i år. Hovedbiblioteket, som står for 50 % av denne aktiviteten, har allereie passert fjorårets tal.
I 2002 hadde biblioteket eit rekordutlån på vel 40 000 totalt. Hovedbiblioteket sin del av dette er altså allereie passert i år. Samtidig er det ikkje noko som tydar på at filialane har redusert aktivitet i år.

Talet på utlån er ein indikasjon på bruken av biblioteket, sjølv om mange besøkande ikkje låner noko heim. Statistikken er detaljert. Det viser oss t.d. at filmgenre ungdomskomedie blir oftare lånt på dvd enn vhs i år, og at lånet av bøker om programvare har auka.

Årsakane til den auka aktivitet ved hovedbiblioteket ser førebels ut til å vere noko så uventa som større utlån av den tradisjonelle roman for voksne på den eine sida, og auka bruk av bøker til barneskuleklasser på den andre. Regjeringa har som politisk målsetting å auke leseferdigheita blant unge.

For biblioteket er talet på besøkjande ein minst like viktig indikasjon på bruken. For hovedbiblioteket er dette meir enn fordobla sidan fltyiinga frå lokalet som huser sosialkontoret i dag, til Brattvågsenteret.

Tala for både utlånet og besøka er høgare enn gjennomsnittet for fylket, medan budsjettet er lågare.


"Brent kake" viser seg å vere uvanleg gamal bok
Av David, 20.11.2003.
- Ein har funne ei usedvanleg gamal bok ved hovedbiblioteket i Brattvåg, kommunen si yngste bygd. Boka er prenta og utgitt i 1749. Det finst ei tidlegare utgåve av boka, frå 1736, på Universitetsbiblioteket i Trondheim, samt ei seinare utgåve frå 1756 på Norsk Folkemuseum.
Ein har lenge vore klar over boka. Ho har vore med på alle flyttingane sidan 1960-talet. Ho var rulla opp i bakepapir og likna meir på ei brent kake.

Biblioteket har imidlertid konsentrert seg om eldre bøker ved filialane, utgitt mellom ca. 1860 og 1925. Ei oversikt over desse finn ein på bibliotek sin nettkatalog ved å søkje på ”antivarisk” i fritekstfeltet.

Den største delen av desse antikvariske bøkene er frå Fjørtoft, og desse er no oppbevart på eit brannsikkert kvelv ved Vatne filial. Etter 1860, og spesielt etter 1880, var ikkje det uvanleg at ein eigde nokre bøker hjå visse samfunnslag, utanom ein Bibel. Alternativt var bøkene eigd i felleskap, som t.d. av Læselaget Idun på Fjørtoft.

Nokre av bøkene kan ha ein viss verdi i krone og øre, men verdien er først og framst lokalhistorisk. Slitasjon på bøkene fortel noko om kva folk var opptekne av for 100 år sida. Det ser ut som der var ei spesiell interesse for korleis folk levde i andre verdsdelar, spesielt i Oseania og Sør-Amerika.

Totalt sett gjenspeglar desse antikvariske bøkene mange av dei same interesser som folk har i dag, men ein tilnærma seg ikkje eit tema så direkte som ein gjer i dag..

"Kaka" som viste seg å vere bok, er i relativt god stand etter mykje bruk. Berre tittelsida viser ekstrem slitasje, men årstallet for utgjevinga, 1749, er heldigvis så vidt bevart. Stor var overraskinga når ein så dette. Ulike eigarar har skreve namnet sitt på blanke sider. Den eldste av desse som framleis er synleg er ein viss ”Jetmund Elling fra Sperre 1805”. Biblioteket er interessert i å vite om nokon veit noko om denne personen. Vi veit ikkje korleis boka kom i biblioteket i første omgang.

Tiitelen på boka er eit kapittel for seg sjølv:
”Guds Børns himmelske Fryde-Maaltid paa Jorden, eller Aanderige Bønner, som for, ved og efter Skriftemaal og den hellige Nadvere krafteligen kan bruges - Med et Anhang af Morgen- og Aften-Bønner - saa og nogle aanderige Psalmer – ” ved Johan Rittmeier.


Biblioteket sikrar fotosamling
Av David, 06.03.2003.
- Biblioteket har sikra flysamlinga etter Oddvar Aas, som var lokal fotograf sidan 1940-åra. Planen er å gjere dei meste aktuelle bileta tilgjengelege frå eit digtalt arkiv, men ein ønskjer også å laga ein liten minnekrok med fotoutstyr i biblioteket.
Brattvågaren Oddvar Aas, som døde nyleg utan nære slketningar i ein alder på 82 år, var ein kjend mann for mange. Denne hendige mannen var parat med skrujern og fotoapparat til sine siste dagar.

Gjennom ei henvending til sorenskrivaren i Ålesund, sikra biblioteket alle fotoa Oddvar Aas etterlot seg i januar 2003. Det er ikkje nære slektningar etter Aas, og ein var redd for kva som ville hende med bileta. Dette blei biblioteket merksamt på gjennom lokale personar.

Aas investerte mykje av tida og pengane sine i å avbilde dagleglivet og naturen i distriktet. Biblioteket ønskjer å plukke ut dei fotoa som vil vere av mest interesse for lokalsamfunnet, og gjere desse tilgjengelege gjennom eit digitalt nettarkiv. Sommar 2002 la biblioteket ut 700 flyfoto frå kommunen på internettet. Dette nye arbeid må organiserast gjennom eit dugnadsarbeid, ved hjelp frå innbyggarane som kan identifisere detaljene i fotoa.

For biblioteksjefen var det ganske annleis å gå gjennom huset etter Aas sin død, samanlikna med å vere på besøk. Det sitt igjen eit klart inntrykk av ein mann som minner om eit "bibliotekmenneske". Han hadde ein stor kunskapstørst for det nære og det fjerne. Det kan henda at det var dei mange inntrykka og idéane han måtte ha hatt som forklarer kvifor denne beskjedne mannen var stadig i aktivitet. Han hadde fleire kulturinteresser, men fotokunst var den sterkaste av desse.

Ut frå dette er det ønskjeleg at biblioteket minner mannen som sjølv har foreviggjort sitiasjonar frå den lokale nære fortid, når han sjølv ikkje har nære arvingar. Hovedbiblioteket skal forhåpentlegvis utvidast på ein eller annan måte i Brattvåg, slik at ein kan lage ein minnekrok.


Øyvind Vågnes til biblioteket
Av David, 14.07.2003.
- Etter eit nytt studieopphald i USA i sommar, kjem Haram sin nye fortattar Øyvind Vågnes rett attende til Haram, og til biblioteket den 15. august for å fortelje om boka si.
Øyvind, 29 år, fekk utgitt roman sin i vår – Ingen skal sove i natt. Han har realisert draumen om å skrive bok. Minst like viktig som å vere forfattar, er det at han har fått romanen omtalt av leiande kulturkritikarar i t.d. Morgenbladet og Dagbladet. Vår eigen Øyvind har faktisk fått gode omtaler i 5-6 leiande kulturspalter. Dette er vi svært glad for på han sine vegne.

Øyvind er stipendiat ved Engelsk Institutt i Bergen. I tillegg til dette universitet, har han også studert ved Georgetown University, Washington DC, der han no er Fulbright fellow. Det vil seie at han har vunne og gjennomført eit mykje ettertrakta Fulbright stipendium.

Det har overraska oss at den bereiste og lærde Øyvind har klart å skrive ein roman der personane er så enkle og virke så kjende. Personane verkar som dei vi omgåast kvar dag i våre norske bygder. Gjennom daglegdagse samtaler og situasjonar, treffer vi personar som det er veldig lett å identifisere seg med. Men etter at vi har blitt kjende med dei, inviterer forfatteren lesaren til å følgje nøye med kven av dei det handlar vidarer om i historia.

Boka handlar om identitet. Alle har eit eller annet forhold til sin eige identitet, men det betyr ikkje at dette er eit enkelt forhold. Særleg når ein tragedie oppstår innan familien, slik det skjer i denne romanen og i det verkelege livet elles, er den enkeltes identitet ikkje noko ein skal ta som ei sjølvfølgje.

Vi kan spekulere, men kan hende det er eit samanheng her med det Øyvind forskar på ved Engelsk Institutt som doktorgradsavhandling: Behandinga i litteratur og film av Kennedy-attentatet som trauma i det kollektive minnet. Svaret på dette og meir håper vi å få svar på 15. august!

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 4854