Nyheiter frå 2004



"Opningstider i jula"
Av David, 20.12.2004.
  - Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:



Lillejulaften 15.00-20.00
Julaften 12.00-13.00
man. 27. des. 15.00-18.00
tir. 28. des. 12.00-15.00
tor. 30. des. 15.00-18.00
Nyttårsaften 12.00-13.00

Siste utlånsdag ved filialane er tirsdag 21. des.
Vi ønskjer alle brukararne våre ei riktig GOD JUL og GODT NYTT ÅR!



Identifisering av bilde frå Fjørtoft
Av David, 18.11.2004.
- Biblioteket har lagt ut på nettet ei lite samling av foto av personar frå Fjørtoft. Desse er fotografert mellom ca. 1920 og 1935. Kanskje er det nokon der som du kjenner eller har kjent? Klikk på Fjørtoft-foto til høgre for å sjå alle. Her står det kva du skal gjere om du kan hjelpe identifisere nokon.




"Een Convenabel skoele Fundatz"?
Av David, 22.09.2004.
  - Dette er tittelen på ei fersk hovedoppgåve som kastar lys over korleis byrjinga av skulevesenet under lokalt sjølvstyre blei motteke i Haram (den tidlegare Haram kommune). Dette er undertittelen: "en komparativ analyse av befolkningens innflytelse ved etableringen av allmueskolen i Haram og Vanylven 1736-1760". >> meir


På framand grunn? Du treng ein reiseguide!
Av David, 27.08.2004.
- Å planlegge ein kort eller lang tur er halve moroen med å reise. Forutan å vere lærerikt, er bruken av reiseguidar med på å gjere turen meir vellykka.
Biblioteket har forskjellige typar guidar. Nokre legg vekt på meir praktiske opplysningar, andre på kulturarven eller friluftsliv. Biblioteket har no etablert ei samling av guidar som dekkjer dei mest kjende reisemål, men ikkje minst fjerne reisemål som Cuba, Nepal eller Stillehavet. Nokre guidar er i lommeformat, andre er tyngre. Nokre hjelper deg å plukke ut det viktigaste å sjå i løpet av ei helg. Dei fleste guidane har korte ordlister, men hvis du verkeleg vil prøve dine språkkunnskapar på dei innfødde, har biblioteket språkkurs på ulike nivå i nesten 30 språk. Biblioteket har òg nokre få reisefilmar. Bon voyage! .




Filialane opnar
Av David, 11.08.2004.
  - Lokalsamfunnet normaliserer seg når bibliotekfilialane opnar opp att:

  Vatne filial tysdag 17. august kl. 17.00
  Søvik filial torsdag 19. august kl. 17.00
  Lepsøy filial torsdag 19. august kl. 17.00
  Longva filial torsdag kl. 18.00
  Haramsøy filial fredag kl. 17.00

Du er hjarteleg velkomen til ein ny bokhaust!!




Nye nettsider
Av David, 24.07.2004.


aram folkebibliotek har fått nye nettsider. Vi håper lesarane vil finne det lett å finne fram. Ta kontakt om du ikkje finn det du ser etter. Vi har skilt mellom sider vi har laga sjølve og annan informasjon.



Nye tilsettingar i biblioteket
Av David, 23.07.2004.
- Desse har fått tilbod om stillingar i biblioteket:
Filialstyrar Vatne : Gunn Ulvestad
Reinhaldar Vatne : Sølvi Rødal
Filialstyrar Søvik : Kimberly Skarbø
Reinhaldar Søvik : Kimberly Skarbø
Sekretær i Brattvåg : Kimberly Skarbø og Gunn Ulvestad




Oddbjørg Hoem sluttar i biblioteket
Av David, 10.07.2004.
- Etter nesten 20 år i biblioteket, går Oddbjørg Hoem av med pensjon til sommarferien. Bildet viser henne på sin siste arbeidsdag. Oddbørg blei filialstyrar på Vatne i september 1984. I 1993 blei ho også filialstyrar i Søvik, etter to år som bibliotekleiar i Skodje. I tillegg delte ho ei stilling ved hovedbiblioteket dei siste ti åra.
Oddbjørg har vore ein trufast tenar i Haram kommune i ikkje mindre enn 35 år, og var tilsett i både Borgund og Vatne kommunar før samanslåinga av kommunane til dagens Haram. Ho begynte som lærar ved Slyngstad skule i 1959, og starta på Vatne ungdomsskule då det nye bygget stod ferdig i 1972.
For brukarane har ho vore ein veldig hyggeleg person å møte ved biblioteket og personalet har opplevd henne på den same måten.. Den aktive damen har mange planar for fritida ho vil få som pensjonist, og etter mange år i tenesta, håper vi å sjå henne som brukar.




Biblioteket hjelp Haram Vidargåande skule fornye biblioteket sitt
Av David, 18.05.2004.
- Den vidaregåande skulen arbeider med ei fornying av biblioteket sitt.
Dette skuleåret har Helene Austbø frå skulen lagt inn i folkebiblioteket sin base katalogdata for bøker m.m. som alt ligg der frå før, medan biblioteket har lagt inn resten. I dag er dette arbeidet 80 % ferdig, og fagbøkene har fått oransje ryggetikettar på fagbøkene, med nummer som er koordindert med folkebiblioteket.

Skulen har investert i biblioteksystemet Mikromarc. Dette er det same systemet som folkebiblioteket bruker, og dette vil gjere opplæringa lettare for skulen. Planen er også at skulen vil kunne logge seg på som brukar og låne ut materiell gjennom eit VPN, med nettverkserver ved hovedbiblioteket, der vedlikehaldet av katalogen blir koordinert.


Registrering av BUSK sine bøker i folkebiblioteket sin katalog ferdig
Av David, 03.05.2004.
- Dei siste 16 månadane har biblioteket organisert ein gjennomgang av bøkene i biblioteket ved Brattvåg ungdomsskule.
Ein har redigert bokstamma, kassert bøker, reparert og plasta bøkene som skal vere med vidare i tenesta, lagt inn strekkoder og registrert alt i folkebiblioteket sin katalog. Ein har laga ryggetikettar til alle fagbøkene og hengt opp informasjon om korleis bøkene er organisert gjennom klassifikasjonssystemet Dewey. Det manuelle arbeidet har stort sett vore gjort av sivilarbeidar Per-Morten Lindanger.

Skulen skal omorganisere plasseringa av møblar og utstyr.

Skulen har investert i biblioteksystemet Mikromarc. Dette er det same systemet som folkebiblioteket bruker, og dette vil gjere opplæringa lettare for skulen. Planen er også at skulen vil kunne logge seg på som brukar og låne ut materiell gjennom eit VPN, med nettverkserver ved hovedbiblioteket, der vedlikehaldet av katalogen blir koordinert.


Bibliotektjuv dømd
Av David, 30.04.2004.
- Den 2. februar vart det innbrot ved hovedbiblioteket i Brattvåg. Tjuven er dømd til fengelsesstraff utan vilkår.
Vi viser til meldinga vår av 2. februar. Politiet sikra seg nok bevis i biblioteket for å kunne få den sikta straffa.


Dei som bruker biblioteket er godt tilfreds med tenesta
Av David, 17.04.2004.
- Brukarane i Haram er godt tilfreds med biblioteket sitt. Dei som ikkje bruker biblioteket har eit mindre godt inntrykk.
Som andre stader i landet er biblioteket blant tenestene som får tilbakemelding om stor brukartilfredsheit. Samanlikna med landet for øvrig ligg vi eit prosentpoeng bak landsgjennomsnittet. Brukarane i Norge er mest tilfreds med dei større biblioteka på Austlandet. Haram ligg eit poeng foran gjennomsnittet for Møre og Romsdal.

Det bør understrekast at KOSTRA-tal viser i tillegg at aktivitetsnivået pr. tilsette i Haram folkebibliotek er høgare enn landsgjennomsnittet og langt høgare enn fylkesgjennomsnitt.

Det som biblioteket er mest tilfreds med når det gjeld resultata er personalet sin innsats. Serviceinnstillinga får 84 % poeng. Dette er 7 over landsgjennomsnittet og 10 over fylkesgjennomsnittet. Tilfredsheit med dei tilsette sin fagleg dugleik viser omlag den same forskjellen i forhold til nasjonal- og fylkesgjennomsnitt, i Haram sitt favør. Leveringstid og det at det er lett å finne fram i biblioteket er også sider der Haram kjem sterkare ut enn vanleg.

Det som er ikkje er så bra er meir økonomiske krevjande sider ved tenesta - utvalet av ein del utlånsmateriell, utstillingar, studieareal, arrangement. Det er ikkje plass eller personale til dette, medan større bibliotek har lettare for å ha t.d. regelmessige utstillingar. Noko av dette ville ha vore løyst hadde planane for nytt hovedbibliotek i det nye kulturhuset vore realisert, for desse var innteikna.

Opningstidene er også lite tilfredsstillande, dette tross i at Haram folkebibliotek har dei lengste opningstidene pr. tilsette i fylket.

Den nest mest negativt resultat i undersøkjinga for biblioteket sin del er at ein er lite flink til å gjere sine tenester kjent. Dette er noko ein kan gjere noko med, og dette vert å prioritere.

Undersøkjinga har vore meget nyttig. Det har vore ei god oppmuntring, og det har satt fingeren på kva vi kan gjere betre.


PC-utstyr for hørselshemma
Av David, 19.02.2004.
- Det er installert teleslynge og flatskjerm ved ein av publikums-pcar ved hovedbiblioteket. Dette er ei ordning finansiert av sosialkontoret.


Bibliotekpris til Aud Folkestad
Av David, 05.02.2004.
- Aud Folkestad vart tildelt Norsk bibliotekforening, avdeling Møre og Romsdal, sin bibliotekpris siste onsdag. Bibliotekleiaren i Haram, David Beadle, som også er leiar for avdelinga, hadde fornøyelsen av å overrekke prisen.
Aud som inntil nyleg var aktiv politikar både på fylkesplan og på landsplan, fekk prisen for hennar engasjement i biblioteksaker. Ho blei valgt til å leie arbeidsgruppa som utgreidde fylkesbiblioteka si framtid - "Et nytt løft".

Lokalt i Møre og Romsdal har ho vore leiar for kulturutvalet i fylket dei siste fire åra. M.a. var ho ein sterk pådrivar for at Bokbåten kom tilbake i Møre og Romsdal.

Gjennom sitt innsyn i bibliotekpolitikk, herunder visjonar og utfordringar, og gjennom sin spesiell måte å formidle dette på, var ho ein inspirasjon for oss under fleire arrangement.


Uventa aktivitetsauke i biblioteket
Av David, 04.02.2004.
- I 2002 vart dei tilsette i biblioteket glade når utlånet av bøker, filmar, musikk og meir passerte 40 000 for første gang. I 2003 vart ein overraska, i tillegg til glade når denne aktiviten auka ytterlegare med 8.4 % til over 44 000.
Gleda er spesielt stor fordi alle avdelingane i kommunen har bidratt til denne auken. Utviklinga er i tråd med ein tendens fleire stader. Talet for Møre og Romsdal totalt er oppe 3,4 %. Også her er dette ein rekord. Talet på utlån er ein indikasjon på bruken av biblioteket.

Kva er det vi låner meir av i biblioteket enn tidlegare? Det er ein betydeleg auke i utlånet av fagbøker, både til voksne og til barn. Lånet av lydbøker har også gått sterkt opp, og i tillegg låner vi med oss heim fleire filmar. Etter kvart som fleire unge blir vande med å bruke eit bibliotek enn dei eldre generasjonane, blir det fleire brukarar.

Haram ligg på 10. plass blant fylket sine 38 kommunar når det gjeld bruken av biblioteket pr. innbuar. Bemanninga er imidlertid opp til 3 gangar større pr. innbuar i kommunane som ligg foran Haram.


To innbrot
Av David, 02.02.2004
- Inntil nyleg har Haram Folkebibliotek aldri oppleve innbrot. Sidan 1. Januar har ein oppleve to.
Det er gratis å låne i biblioteket. Det kan vere forklaringa på at ein ikkje har opplevd innbrot tidlegare. I det siste har det vore ein auke i talet på besøkande, men ulovlege besøk er nå ein del av dette talet.

I januar vart det innbrot ved Haramsøy skule, der folkebibliotek deler ei avdeling med skulebiblioteket. Kontoret ved biblioteket blei besøkt av innbrotstjuvar, men skadeverket her vart avgrensa til ein øydelagt lås.

Ved hovedbiblioteket vart det meir alvorleg natt til 2. februar. Her vart ein dør, eit skap og ein koffert øydelagt, og kamera- og datautstyr stole. Innbrotsraidet gjekk vidare gjennom Brattvågsenteret, der biblioteket held til. Ein butikkeigar blei merksam på dette gjennom ein alarm. Eit utmerka samarbeid mellom han og politiet bidro til ei rask pågriping av tjuvane. Seinare på dagen kunne biblioteket hente utstyret frå Ålesund politikontor. Datautstyret fungerte bra til siste byte.


Biblioteket representerer kommunen ved den årlege yrkesmessa
Av David, 30.01.2004.
- 29. og 30. januar representerte biblioteket Haram kommune på den årlege yrkesmessa ved Haram vidaregåande skule.
Kommunen vel ut eit fagområde for kvart år, som stiller ut saman med materiell frå kommunen. Denne gangen var det biblioteket sin tur, og det var skaffa utstillingsmateriell, film, brosjyrar m.m. 4 elevar viste ei sterk interesse for å arbeide i eit bibliotek. Andre viste ei sterk interesse for smakebitane som kjeks og Twist. På slutten av dagen vart det mange elevar ved utstillinga som svarte på rebusløpet eller prata generelt.

Biblioteket hadde (med stor glede) konkurranse i form av ein bokkafé laga av 3. klassingar i norsk ved HVS. Elevane frå bokkaféen laga ein glimrande presentasjon for alle deltakarane på messa - Berte og Terte Skalpell - God kveld, HVS (à la God kveld, Norge) basert på bøker og lesing.

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 4861