Nyheiter frå 2005-2006


Bibliotekreform 2014
Av David, 02.12.2006
- Kulturminister Trond Giske har fått overlevert Bibliotekreformen 2014 på vegne av KKD og KD. Utgreiinga innheld tiltak for alle typar bibliotek fram mot år 2014. Reformen si hovedmålsetting når det gjeld folkebibliotek er å bringe standarden opp til eit nivå som tilsvarar dei andre nordiske landa.

For å oppnå dette skal ein satse på felles digitale tenester og større administrative bibliotekeiningar. Dette vil i praksis seie at Norsk Digitalt Bibliotek vil få betydelege ressursar sentralt til å utvikler tenester som alle bibliotek og brukarar vil kunne dra fordelar av i kvardagen.

Større bibliotekeiningar er nødvendige for at kvart bibliotek skal ha fleire tilsette med spisskompetanse. Det er ikkje aktuelt å stenge mindre bibliotek eller tilhøyrande filialar. Reformen går ut på at fleire kommunar må gå inn i ei større eining med nabobibliotek. Det er foreslått at 6-8 tilsette vil bli eit minimum i kvar ny bibliotekeining, men det kan også vere at dette er nok. Bibliotekreformen har vore knytta til Regionmeldinga i 2010, men allereie i 2008 skal fylkesbiblioteka legge fram eit utkast til dei nye større konsoliderte bibliotek. Det er i tillegg ikkje sikkert at Regionmeldinga vil bli lagt fram. Dette må avklarast, då det har betyding for kva som vil skje med fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal i forhold til den nye bibliotekstrukturen.


Haramsøy og Longva filialar tilkobla sentraldriftbase
Av David, 15.11.2006
- I haust blei to nye filialar tilkobla biblioteket sin database i Oslo - Haramsøy og Longva. Dette betyr at filialane har slutta å låne ut bøker med tradisjonelle bokkort, og skal lese inn strekkodane i bøkene i staden (foto).

Utlånsstatusen i biblioteket sin nettkatalog for eksemplar ved desse filialane blir dermed oppdatert. Brukarane kan heretter halde ved like deira låneforhold interaktivt.
Begge filialane har i tillegg eit utval av bøker frå bokbåten Epos. Bøkene høyrer til fylkesbiblioteket, men manglar strekkodar. Desse har derfor fått midlertidige stekkodar, slik at fordelane for personale og brukarar vil gjelde også for desse bøkene.


God stemning med Maria Parr
Av David, 11.09.2006
- Maria Parr begeistra mange barn og unge ved å å lese frå boka si Vaffelhjarte laurdag ettermiddag. Rundt 60 personar var på hovedbiblioteket i Brattvåg for å møte Bragepris-nominerte Maria Parr (24) frå Vanylven. Ho las ein heil kapittel frå boka, som for tida er utsolgt, og fortalde korleis ho blei forfattar. Samtidig delte Maria ut diplom til dei som deltok i lesekonkurransen Sommarles. Det var i tillegg ei loddtrekning blant deltakarane og vinnaren var Lisa Henjesand frå Vatne. Ho var blant 12 deltakarar som ikkje kunne kome på grunn av eit annet arrangement, men biblioteket hadde heller ikkje fleire ledige stolar.

Grunnen til dette var eit hyggeleg samantreff. To skuleklassar les for tida boka til Maria, og fleire elevar kom for å treffe henne. Medan Maria las frå Vaffelhjarte, stekte to av biblioteket sine nyare brukarar, frå Russland og Latvia, så mange vaflar som dei kunne.



Maria Parr kjem til biblioteket!
Av David, 31.08.2006
- Trass i at ho er oppslukt av studiane sine ved Universitetet i Bergen, ombestemte Maria Parr seg og vil besøke biblioteket i Brattvåg likevel, laurdag 9. september kl. 14.00. Ho har eit tett program med litterære tiltak ut over hausten, etter at ho var blant dei tre nominerte til Brageprisen sist vinter. Det er den viktigaste bokpris i landet, og unge Parr blei nominert på grunn av debut-romanen hennar. Ho har vunne Det Norske Samlaget sin pris.

Maria kjem fordi ho liker omtalen av konkurransen Sommarles, som biblioteket arrangerte i sommar. I tillegg til å fortelle om boka si og det å vere forfattar, skal ho få lov å dele ut diplom til deltakarane som var aktive under Sommarles. Det vil i tillegg bli ei loddtrekning, for å sjå kven av dei avtive deltakarane som skal vinne konurransepremien.

Maria si bok heiter Vaffelhjarte, så det blir vel servering av vaflar!


Sommarles - konkurranseresultat
Av David, 26.08.2006
- 20. august kl. 23.59 gjekk fristen ut for dei som las bøker i samband med konkurransen Sommarles. 1600 bøker vart lese, derav 650 i Haram. Det var eit gledeleg resultat for Haram, i det Lisauh frå Grytestranda (bilde) gjekk rett til topps og vant 1. plassen. Dermed vert ho og ei venninne å finne på a-ha konserten i Ålesund i kveld! Like gledeleg er det at ravn frå Vatne vant tredje plassen. Foto av desse og fleire deltakarar finn ein her. Andre som imponerte var nane og swiswi (begge Brattvåg), astrid, marit og stine (alle Vatne), mari (Longva), irina (Brattvåg) og pauli (Vatne).

Det gjenstår å dele ut konkurransepremien, som er ein loddtrekningspremie blant deltakarane. Vi vil gjerne invitere deltakarane til biblioteket i Brattvåg og vil ha premievinnarane våre til å trekke ut tala som utgjer vinnarloddet, men den eine er i utlandet akkurat no. I tillegg ønskjer vi at den unge forfattaren Maria Parr skal vere med. Ho har skeve ei bok for barn som heiter Vaffelhjarte, og boka blei nominert til den viktigaste bokpris i landet - Brageprisen.

Når det gjeld kommunekonkurransen, er det Stordal som fortent stakk av med pokalen, grunna betre gjennomsnitt. Dei unge i Stordal har verkeleg mønstra lesekreftene i sommar etter god publisitet i skulen på tampen av skuleåret. Stordal (1000 innb.) vann på grunn av ein god kollektiv innsats, og arrangørane er glade for at kommunestorleik ikkje har hatt betydning for resultatet



Nye luftfoto over Brattvåg sentrum
Av David, 17.08.2006
- Biblioteket har tidlegare lagt ut ei samling av flyfoto, for det meste frå 1960-talet, som dekkjer store delar av Haram. Det er no lagt til ein del luftfoto frå august 2006 som viser dei store endringane i Brattvåg sentrum og Synnalandsdalen. Du kan klikke på dette foto som eit eksempel, og du kan også forstørre fotoet som du får opp. Resten finn du på Flyfoto over Brattvåg

Dei nye foto viser Haramssenteret frå vest. Restane etter Brattvåg barneskule er også synlege, samt byrjinga av fundamenteringsarbeidet til det som vil bli den tredje barneskulen på tomta. Desse foto er plassert saman med foto av skulen då han var relativt ny.

Fotoa viser elles kyrkja, bygdeparken, nybygga langs Årsundvegen, samt på lengre avstand bygningane og hus som etter kvart har fylt opp Synnalandsdalen.



Biblioteket arrangerer konkurransen Sommarles!
Av David, 11.07.2006
- Over 130 deltakarar frå 6 til 19 år har meldt seg på Sommarles, som varer til 20. august. Konkurransen er indiviuell, samt interkommunal mellom Haram, Stordal og Hareid. Dei unge i Stordal har opparbeidd eit forsprang i løpet av dei fire første vekene, medan ein deltakar frå Haram ligg på første plass. Vi gratulerer henne så lenge det varer. Plasseringane er delt opp i divisjonar på nettsida til Sommarles - klikk på bildet.

Kommunen med høgst gjennomsnittspoeng vinn ein pokal. Dei tre første individuelle premiane går til deltakarane som samlar mest poeng. Den topplasserte i Haram får ein tilsvarande lokal premie, dersom han eller ho ikkje kjem blant dei tre første. I Haram er det ei loddtrekning for ein like verdifull premie blant alle som har lese minst ei bok. Meir om premiane her

Deltakarne kan melde i frå pr. e-post, sms eller i biblioteket etter kvart som dei har lese noko. Tabellen blir oppdatert dagleg. Hvis nokon er i ferd med å gå tomt for lesestoff; må dei ta kontakt med biblioteket i Brattvåg (som er opent heile sommaren) evnt. på bib@haram.folkebibl.no for å rette på det!



Siste utlånsdagar før sommarferien ved filialane
Av David, 24.05.2006
- Siste utlånsdagar før sommarferien ved filialane er:

tors. 15. juni: Lepsøy og Fjørtoft
man. 19. juni: Søvik
tys. 20. juni: Longva
laur. 8. juli: Vatne

Filialane opnar: tys. 8. august: Vatne
tors. 17. august: Longva, Fjørtoft, Søvik og Lepøy
fre. 18. august: Haramsøy

Hovedbiblioteket i Brattvåg har vanlege opningstider om sommaren.
God sommar!!


Haramsøy filial stengt på grunn av ombygging
Av David, 06.05.2006

- Frå og med fredag 12. mai blir Haramsøy filial stengt tidlegare denne sommar på grunn av ombyggingsarbeid. Vi ser fram til eit hyggeleg resultat i haust!

Alternative tenestestader for lån og innlevering er:
- Longva filial : ope tysdag 15:30-17:30 og torsdag 18:00-20:00 fram til tysdag 20. juni.
- Hovedbiblioteket i Brattvåg (ope heile året) mandag og torsdag 15:00-20:00, tysdag og fredag 12:00-15:00, laurdag 10:30-13:30
Hvis du har spørsmål, ta kontakt slik: 70214447 (Longva filial), 70214463 (hovedbiblioteket), haramsoy.filial@haram.folkebibl.no, bib@haram.folkebibl.no
Du kan gjerne låne det du har behov for til sommaren no. Aktuelle bøker og filmar som det kan vere venteliste på må imidlertid leverast inn som normalt.



Søvik filial er tilkobla sentraldriftbase
Av David, 26.02.2006
- Den andre største filialen i Haram, lokalisert bak barneskulen i Søvik, er no tilkobla biblioteket sin database i Oslo. Dette betyr at filialen har slutta å låne ut bøker med dei tradisjonelle bokkorta, og skal lese inn strekkodane i bøkene i staden (foto).

Det betyr i tillegg at utlånsstatusen i biblioteket sin nettkatalog for eksemplar ved denne filialen blir oppdatert, og at brukarane kan halde ved like deira låneforhold interaktivt.

Denne endring er ein del av ei planlagt modernisering av filialen som for lengst skulle vore gjort. Filialen er mykje brukt av barn og ligg i ein krins der å trekkje til seg arbeidskraft er spesielt viktig. Moderniseringa står derfor sentralt i biblioteket sitt bidrag til å oppnå kommunen sine overordna målsettingar.

Ein håpar at den planlagte moderniseringa vil innebere fjerning av kontoret, som blir erstatta av eit opent arbeidsareal. I tillegg ønkjer ein å finne midlar til å skifte ut golvbelegget og gardinane. Etter planen skal alle møblane byttast ut med møblar frå andre kommunale kontor som arbeider med fornying. Det er eit stort arbeid for eit lite personale, men ein håpar å gjennomføre det i løpet av 2006


Bokbåten Epos tilbake i Haram
Av David, 25.01.2006
- Bokbåten Epos var i dag på veg gjennom Haram kommune og reiser vidare nordover i fylket i morgon. Båten stoppa ved dei fire største øyane i kommunen og utgjer eit ekstra kulturinnslag to gongar for året. På veg sørover 8. februar vil båten stoppe på like mange stader på fastlandet. Fotoet er frå kvelden på Fjørtoft.

På kvar av stoppestadane fortalde forfattaren Bjørn Rørvik frå boka si Kumatpakkene. I tillegg til dette programmet får barn og voksne låne frå biblioteket si samling, som stadig skifter for kvar stopp. Bibliotekfilialane får også ta på land nokre kasser med bøker, noko som styrkjer deira utval av nyare bøker.
Bokbåten Epos er skapt for å betene småsamfunn på øyar yttarst i havgapet og bygder inne i fjordane, og er eit særtrekk i den europeiske kulturgeografi. Det er dei tre vestlandske fylkesbiblioteka som driv tenesta. Med sin lange kyst, får Haram nyte spesielt godt av denne tenesta.


Utlånsaktivitet i 2005 : blanda resultat
Av David, 18.01.2006
- Utlånsaktiviteten i biblioteket i 2005 gjekk ned med 5.98 %, frå 51199 til 48136. Resultatet er imidlertid det nest beste for biblioteket. Det er hovedsakleg nedgongen i utlånet av filmar på 12,25 % som ligg bak utviklinga. Den bråe overgangen frå VHS til DVD, samt veksten av utsalsstader for filmar i nærmiljøet har bidratt til dette. Med sitt smalare utval og avgrensa innkjøp, tek det tid for biblioteket å bygge opp eit utval av filmar for barn på DVD.
Utlånet av bøker gjekk relativt sterkt opp i 2004, og vi er glad for at talet blei nesten like høgt i 2005. Talet på besøkande gjekk opp med 0,12 %.
I fylket gjekk talet på utlån ned med 4,28 % og på besøkande ned 7,20 %. Haram folkebibliotek ligg framleis på ein åttande plass blant fylket sine 38 kommunar når det gjeld utlånsaktivitet, og enda høgare i forhold til talet på tilsette.
Det er grunn til å tru at Haram folkebibliotek har relativt høge besøkstal på nettsidene sine.


Opningstidene i jula
Av David, 09.12.2005
- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:

fre. 23. desember : 12:00-15:00
julaften : stengt
tys. 27. desember : 12.00-15:00
ons. 28. desember : stengt
tor. 29. desember : 15:00-18:00
fre. 30. desember : 12:00-15:00
nyttårsaften : stengt

Følgjande filialar er ope til og med torsdag 15. desember :
Lepsøy 17:00-20:00
Fjørtoft 16:00-18:00
Søvik filal er ope til og med mandag 19. desember 17:00-19:00
Desse opnar etter jul torsdag 5. januar.

Følgjande filialar er ope til og med tysdag 20. desember :
Vatne 17:00-20:00
Haramsøy 18:00-20:00
Longva 15:30-17:30
Desse opnar etter jul tysdag 3. januar

Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!


Skanna kyrkjebøker frå Haram tilgjengelege i Digitalarkivet
Av David, 04.12.2005
- Dei første skanna kyrkjebøkene frå Haram er no tilgjengelege. Det er Digitalarkivet som skannar inn kyrkjebøkene, som til no har vore tilgjengelege i distrikta på mikrofilm. Lokalhistoriske foreiningar har også vore med ved å få informasjonen skreve ned på papir. Vi trur at dette vil framleis vere eit godt format for mange. For Haram kommune sin del er Ministerialbok for Haram 1840-1875 og for Borgund 1880-1906 skanna inn.

Namn er ikkje søkbare på skanna sider, men ein kan velje fram til årstala i den aktuelle boka. Ei ministerialbok inneheld lister over m.a. døypte, konfirmerte, vigde og begravde. Ein kan blade i nettsida og endre storleiken på boksida. Sidene er ikkje alltid lett å lese. Kyrkjebøkene vil truleg kome ut på plater. Då vil ein kunne bruke programvare på pc heime for å sjå informasjonen lettare. Dette er nettsida som viser tilgangen til Borgund og Haram for dei nemnte årstal: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_fylke=15&idx_kilde=Alle&idx_periode=&idx_textsearch=&js=j


Biblioteket ventar med felles lånekort
Av David, 04.12.2005
- Det er lansert eit felles lånekort for bruk i alle bibliotek her i landet. Dei som har Felles lånekort treng ikkje å ha fleire kort når dei bruker fleire bibliotek, som t.d. på heimstaden, ved universitetet der ein studerer og i regionsenteret. Haram folkebibliotek skal ikkje ta i bruk Felles lånekort med det første. M.a. vil kostnaden ligge på ca. kr. 19 000. Haram folkebibliotek har heller ikkje samla datane for alle lånarane i ein base enda.

I større bibliotek, der framvising av kort er eit krav ved lån av materiell, vil Felles lånekort vere ein fordel for alle partar. Kortet vil også vere nøkkelen til andre tenester på sikt. I Haram, som har mange små avdelinger, er behovet for eit kort som identifikasjon mindre nødvendig. Dei som har eit felles lånekort og vil bruke det i Haram kan gjere det ved at biblioteket oppdaterer sin informasjon om lånaren.


Roser til bok-gjevarar
Av David, 21.09.2005
- I samband med Verdens Bokdag iniviterte biblioteket publikum til å donere bøker dei ikkje hadde bruk for lenger. Det er ikkje lett for dei som er glade i bøker til å kaste dei når ein går tomt for hylleplass. Å donere bøkene til biblioteket var eit alternativ som fleire nytta seg av. Spesielt på Haramsøy, i Brattvåg, på Lepsøy og på Vatne var gjevargleda stor. Dei som donerte spesielt mange fine bøker fekk ei raud rose frå biblioteket. På kvar rose var det ti bokmerke med lesetips.


Biblioteket og møbelutvikling
Av David, 07.09.2005
- I 1999 skrev bibliotekleiaren ein rapport frå ein studietur til eit bibliotek i Ungarn. Barneavdelinga "Barnas verd" (bilde) var ein hoveddel av rapporten, som Biblioteksentralen AL i Oslo ga eit stipend til. Biblioteksentralen marknadsfører no ein byggekonstruksjon som heiter "Barnas verden", som består av grøne og raude delar som ein kan sette saman på ein liknande måte.

I mellomtida er det eit problem å finne ei god løysing for presentasjonen og oppbevaringa av bøker for dei minste i små bibliotek. Lokomotivet Thomas, Nysgjerrige Nils og Ludde forsvinn blant dei store bildebøkene i kasser som krev mykje plass. Bibliotekleiaren har besøkt eit firma i Gudbrandsdalen som evenuelt kan bygge om eit trestativ slik at denne type bok vil kunne presenterast bedre i høgde og bruke mindre golvplass, og gjerast attraktivt for småbarn. Tanken er å sjå om ikkje andre bibliotek i fylket også er interessert i dette, slik at produksjons- og transportkostnadar kan bli fordelt.


Samarbeid om Ekroll-foto
Av David, 01.09.2005
- Biblioteket kjem til å vere med i eit langsiktig samarbeid om identifiseringa av foto som høyrer til fotograf Peter Ekroll i Tennfjord.
Det er Fylkesfotoarkivet v/ Ragnar Albertsen som no har Ekrollsamlinga, og som mottok den andre halvdelen av tilsaman 10 000 foto i 2004. Nokre av desse er digitaliserte. Samarbeidet kjem til å bestå av identifisering av personar i gruppefoto og ein del foto frå dagleglivet. Det er Vatne Sogelag og biblioteket som skal samarbeide lokalt om identifiseringsprosjektet, men dei viktigaste samarbeidspartnarane kjem til å vere dei som kan identifisere musikantar, konfirmantar og andre. Vi reknar med at dette kan skje gjennom kveldsarrangment, nettsider og ved å legge ut permar med foto på biblioteket. Vi håper også at lokalavisa skal vere med i samarbeidet.


Sommaropent bibliotek
Av David, 01.07.2005
- Biblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren med vanlege opningstider:
Mandag 15:00-20:00
Tysdag 12:00-15:00
Torsdag 15:00-20:00
Fredag 12:00-15:00
Laurdag 10:30-13:30

Vatne filial held ope til laurdag 9. juli og opnar etter ferien fredag 12. august. Dei andre filialane opnar samtidig som elevane finn attende til pultane sine, f.o.m. torsdag 18. august. Brukarar med ekstra fritid om sommaren, feriegjestar og personar med 3-månadars arbeidsopphald har satt pris på eit tilgjengeleg bibliotek om sommaren. Biblioteket i Brattvåg er eit av dei mest tilgjengelege i fylket om sommaren.
God sommar!



Tilfredsstillande leveringstid i forhold til serviceerklæringa
Av David, 12.05.2005
- Biblioteket har undersøkt leveringstida i forhold til serviceerklæringa si og er godt nøgd med resultatet. I følgje serviceerklæringa er den normale leveringstida for bøker, film, musikk o.l. ei veka, for utlånt eller nytt materiell ein månad. Undersøkjinga gjaldt utlånt og nytt utlånsmateriell samt bøker m.m. skaffa frå andre bibliotek lokalt og nasjonalt. 100 tingingar fordelt på kommunen sin minste filial (Fjørtoft). største filial (Vatne) og hovedbiblioteket i Brattvåg blei undersøkt. Leveringstida blei henholdvis 17, 12 og 6 dagar.


Over 300 filmar i Bibfilm sirkulasjonsordning
Av David, 14.04.2005
- Talet på filmar i sirkulasjonsordninga for kvalitetsfilmar - Bibfilm - har no passert 300. Filmane sirkulerer mellom fem bibliotek i Møre og Romsdal - Kristiansund, Molde, Ålesund, Ørskog og Haram. Kvart halvtår vert utvalet av filmane bytta ut ved biblioteka som deltek.
Bibfilm er eit prosjekt som skal auke tilgongen på kvalitetsfilmar i distriktet og bidra til auka forståing av filmmarknaden og film som medium. Samtidig er prosjektet ei øving i praktisk interkommunalt samarbeid med minimal administrasjon. Du kan lese meir her



Unionsoppløysinga 1905 - nyttige kjelder
Av David, 23.03.2005
- 7. juni 1905 vedtok Stortinget å løyse Norge frå unionen med Sverige. I august 1905 var det folkeavstemming om dette, i allefall for mennene, som ga eit eintydeg resultat i kommunane i fylket. I november var det avstemming om ny styreform - monarki eller republikk - med etter forholda ganske ulike resultat. Biblioteket held på å samle nettkjelder om dette (klikk på Museum online til venstre). "1905 - Norge, Sverige og unionen" har spesielt mykje informasjon i form av tekst, lyd, bilde og film for lærarar som vil vere tidleg ute.

Høgskulen i Volda arbeider med eit prosjekt som vil fortelle korleis ein opplevde unionsoppløysinga lokalt i 1905. Haram formannskap har løyde kr. 1500 for å støtte prosjektet ved førehandstinging av 10 eksemplar av boka.



Nytt innbrot ved biblioteket
Av David, 07.02.2005
- I dag opplevd ein for tredje gong i løpet 13 månadar at ei bibliotekavdeling vart utsett for innbrot. Denne gongen var det Søvik filial som fekk ulovleg besøk om natta. Tyvane braut seg inn gjennom døra til bygget der biblioteket og svømmehallen held til, og knuste ei rute for å opne døra til biblioteket. Ei kontordør vart brote opp (bilde). Raiden gjekk vidare til andre bygg rundt skulen, og i alt ti dører vart ødelagt, før politiet tok tyvane på fersk gjerning.

Forutan skader på dører og vindu, vart kr. 608 og ei saks stole frå biblioteket. Papir og kontorsaker låg strødd på golvet, men heldigvis ikkje kartotek o.l.




Rekordstor auke i utlån i 2004
Av David, 21.01.2005
- Utlånet av bøker, musikk og film i Haram folkebibliotek auka dramatisk i 2004, med 15,58 %. Vi lånte 38.272 bøker, ein auke på 13,33 %, samt 12.927 andre media, ein auke på 22,76 %.

I snitt lånte vi 5,58 bøker eller andre media pr. innbuar, mot 4,71 i fylket.
Besøkstala viser 38.643 besøk, eller 4,40 besøk pr. innbuar, mot 3,61 i fylket.

Haram var det 8. mest brukt bibliotek pr. innbuar av fylket sine 38 folkebibliotek, og uoffisielle tal viser at Haram er blant dei 4 mest brukte i forhold til budsjettet.

Det er tre grunnar til denne auken. Ved årskiftet kom biblioteket godt ut av brukarundersøkjinga i Haram. Dette førte til ein solid auke i lån til vanleg publikum. I tillegg satte regjeringa i verk tiltak for å auke lesing blant dei unge, og ein har sett ein auka etterspørsel frå grupper som skular, barnehagar og tilsvarande lånegrupper. Lån til andre kommunar gjekk også opp på grunn av eit nystarta samarbeid om kvalitetsfilmar.

Etterspørselen er inspirerande for personalet, men ein må henge godt med i svingane, for medan bruken har gått opp 38 % dei siste fem åra, er personalet det same.




Uventa oppgåve for biblioteket
Av David, 12.01.2005
- For få dagar sidan fekk biblioteket ein førespurnad om hjelp frå ei dame i London. Ho ville besøke åsstaden der onkelen hennar, ein RAF-pilot, vart skoten ned av den tyske marinen ved Haram, yst på Haramsøy. Ho ville kome på sekstiårsdagen for hendinga, 10. jan. og gjere filmopptak. Forutan informasjon om reise og opphald, ordna biblioteket med ei ramme rundt prosjekta hennar. Den aktuelle dagen i 1945 var realskuleelevane ved Åkre skule vitne til episoden, og nokre av desse møtte fram for å erindre dette. I tillegg viste Haramsnytt sin medarbeidar Ingrid Vestre Haram stor gjestfridom.
Etter forholda var kamphandlingane i Haramsfjorden store, i følge Haram kulturhistoriske lag, med tap av ca. 10 menneskeliv - britiske, australske og tyske, og sivile liv på land kunne lett ha gått tapt. Episoden har fått relativt lite merksemd, men besøket frå England har vekt interesse for å finne meir informasjon. I tillegg treng minnesteinen ein inskripsjon, og det er gjenstandar som må takast vare på.

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 16181