Nyheiter frå 2007-2008


Polakkar inn i den norske adventsvarmen
Av David, 15.12.08

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Dei to første fredagane i advent arrangert biblioteket kinokveldar for den store gruppe polakkar som bidreg til å halde hjørnsteinsbedriftene i kommunen i gang. Filmane blei vist på kinoen i Ingebrigt Davik-huset, som næringslivet har i stor grad bidrege økonomisk til å realisere.

Dette var utsette postar frå kulturfestivalen i den milde september. I staden vart det i den kalde desember at 30 polakkar ved kvar forestilling fekk oppleve hjartevarmen som er ein del av adventstida. Filmane framkalla mange eit latterbrøl i kinosalen, og smilet vart heller ikkje borte etterpå. Biblioteket fekk nemleg drahjelp frå frivillegsentralen, slik at dei inviterte også fekk smake på litt av kvart som er typisk for den norske adventstida. I tillegg hadde biblioteket ei utstillinga av språkkurs i norsk og bøker på polsk og fleire nytta høve til å få seg lånekort på staden og låne "heim" nokre av desse. Polakkane sette stor pris på tiltaket og takka kvar og ein då dei forlot kinosalen. Filmane vart skaffa kostnadsfritt frå Polsk Filminstitutt.

Opningstidene i jula
Av David, 10.12.08

 

- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i romjula:

laur. 27. desember : 11:00-14:00
man. 29. desember : 15:00-18:00
tys. 30. desember : 12:00-15:00

Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: ons. 17. des. (Lepsøy), tors. 18. des. (Fjørtoft, Søvik og Longva), fre. 19. des. (Haramsøy), tys. 23. des. (Vatne og Brattvåg).
Etter jul opnar avdelingane fre. 2. jan. (Brattvåg og Vatne), man. 5. jan. (Søvik), tys. 6. jan. (Longva, Haramsøy), tors. 8. jan. (Lepsøy, Fjørtoft).

Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!

Kulturhistorisk reise på Vatne
Av David, 09.12.08

 

 

 

 

 

 

 

- Sist mandag heldt sunnmøringen Oddgeir Bruaset kåseri om den sunnmørske kulturarven ved Vatne filial.

Oddgeir Bruaset, som er fødd i Romsdal, er journalist og leiar av fjernsynsprogrammet Der ingen skulle tru at nokon kunnebo. Han er også forfattaren bak ein stor del av litteraturen om Sunnmøre som er å finne på bokhyller i bibliotek og bokhandlarar. 24 personar møtte fram for å høyre på kåseriet om den andre delen av Arven : ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie, som var ei fargerik reise takka også vere vakre foto av Oddbjørn Monsen i form av lysbilde.

Biblioteket vann bibliotekprisen i Møre og Romsdal 2008!
Av David, 03.12.08

          

 

 

 

 

 

 

 

- Bibliotekprisen i Møre og Romsdal 2008 gjekk til Haram folkebibliotek. Prisen kan anten gå til ein person for framifrå innsats for biblioteksaka, eller til eit bibliotek som har utmerka seg særskilt, og som då får tittelen ”Årets bibliotek”. Ordførar Bjørn Sandes tok i mot prisen under Bibliotekdagane i Kristiansund i slutten av november, og dermed var han vikar i biblioteket ein ettermiddag. Her må han gi den frå seg på kontoret sitt.

Der var spesielle føringar i samband med utlysinga i 2008 om at det var ønskjeleg å vinkle prisen mot særskilt innsats i Mangfaldsåret. Biblioteket har engasjert seg i å skape trivsel for utlendingar som gjer ein innsats for hjørnesteinsbedriftene i Haram og i fagstillingar i kommunen, gjennom eigne tiltak og kulturfestivalen. Ein bidreg til opplæring i norsk, andre fag og til å ta vare på eige språk. Biblioteket fekk også prisen for initiativ i område knytta til IKT. Prisen er eit grafisk trykk med interessante detaljer av kunstnaren Anne Cecilie Røgeberg med tittelen: "Gullportalen", og blei overrekt av fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær og fylkesleiar av NBF Tommly Skalstad.

 

Fornying på Lepsøy
Av David, 02.12.08

 

 

 

 

 

 

 

 

- I løpet av 2008 har det vore utført ein del forbetringar ved Lepsøy filial.

Filialen er på omlag 70 kvadratmeter og er lokalisert i samfunnshusdelen av skuleanlegget på øya. Om sommaren blei arbeidsplassen fornya med nye møblar og pc-ustyr og eldre utstillingsmøblar vart erstatta med nye boktårn, med midlar frå ei tilleggsløyving i 2007. I haust vart vindua skifta ut, og i slutten av november fekk lokalet nytt golvbelegg. Det set eventuelle framtidige bibliotektilsette på øya pris på.

 

Sambarytmer i Søvik
Av David, 20.09.08

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Det vart sambarytmer då Companhia Folgarzques frå Brasil spelte og dansa onsdag kveld i biblioteket i Søvik under Mangfaldsfestivalen "Hit eit steg & dit eit steg". Før det hadde Klovnen Klumse fått dei besøkande i festhumør.

Biblioteket har bidrege til den ambisiøse kulturfestivalen, som har vekt minst like mykje oppsikt utanfor Haram som innanfor kommunen sine grenser. Ein skaffa 61 nasjonalflagg til den internasjonale paraden som innleia festivalen, og laga ein utstilling under opningsfesten under mottoet "Bevar ditt språk og lær andre sine". Der arrangerte ein også ein flaggkonkurranse, som Martine Gunnarsdottir vann. Fleire bilde frå desse arrangement her.

Biblioteket har skaffa eit tilskot frå Fritt Ord på kr. 8000 til eit originaloppdrag om tverrkulturelle mytar og segner av Guri Aasen, som blei framført på Nordøyane. Sist, men ikkje minst, har biblioteket ved hjelp av ambassaden skaffa filmar frå Polsk Filminstitutt for å gje den store polske arbeidsstokken nokre hyggekveldar i Ingebrikt Davik-huset. Det gjeld først og fremst komediane Sex Mission og Kingsize frå 80-talet, to titlar som får polakkar til å smile berre ein nemner dei. Desse må vi utsette inntil vi finn ei optisk løysing på problemet rundt gamle filmar i ein ny kino.

Ruben Eliassen i Haram
Av David, 14.09.08

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Forfattaren Ruben Eliassen saman med kjæresten Bente Rannveig Hansen besøkte Haram då lesekonkurransen Sommarles slutta av og skuleåret tok til. Det blei eit hyggeleg møte.(foto: Hjørdis Skaar)

Ruben står bak bokserien Phenomena, som er godt kjent blant mange av dei unge som les ein del. Han hadde mykje på hjartet denne dagen og ville gjerne ha ein dialog med dei 25 unge som var til stades. Det fikk han, om alt frå det å skrive til oppveksten og dagleglivet. Det blei eit koseleg møte som Ruben sjølv likte godt..

Bente Rannveig Hansen har omsett fleire bestselgarar til norsk, m.a. Labyrinten av Kate Mosse, som er sjeldent å finne ledig på biblioteket sine hyller.

Endra opningstider
Av David, 19.08.08

- På tysdagar kjem Haramsøy og Longva filialar til å vere opne ein time seinare frå og med 26. august. Dei nye tidene er:

Longva: 16.30 - 18.30
Haramsøy: 19.00-21.00

 

Noko phenomenalt kjem til Haram!
Av David, 11.08.08

          

 

 

 

 

- Laurdag 16. august kjem den populære forfattaren Ruben Eliassen til Haram. Han er mest kjent for sin serie Phenomena.

I 2002 kåra dei unge den første boka som sin favoritt, og i åra som fulgte blei det fem bøker. Han har nyleg begynt på ein annan serie - Mare. Meir om Ruben finn du >> her.

Biblioteket har invitert han til å underhalde dei unge laurdag 16. august kl. 12.30 i kinosalen, noko som kan bli ei temmeleg opplada forestilling. Programmet er opent for alle og er gratis.

Ruben skal også trekke loddet som vil fortelje oss kven av Sommarles-konkurrentane skal vinne ein premie verdt kr. 1000, samt 7 trøstepremiar. Han skal i tillegg dele ut diplom. Under halvtimen før programmet, frå kl. 12.00, skal Bok og Papir halde boksignering i hallen.

 

 

Klovnestrekar på Vatne
Av David, 09.07.08

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- I sommar vart barneavdelinga ved Vatne filial fornya, medan Tryggheim barnehage i Vatne sentrum feira 35 år i år. I høve dette besøkte barn frå barnehagen biblioteket, og det gjorde også Klovnen Klumse.

Vatne filial har lenge hatt ei blanding av ulike typar møblar i ymse fargar. Ein arbeider langsiktig for å fornye inventaret. Barneavdelinga er ferdig, og dette blei markert med eit besøk av barn frå Tryggheim barnehage. Takka vere Klovnen Klumse vart biblioteket alt anna enn ein fredeleg plass, men gjestane roa seg etter kvart som dei fekk ballongfigurar, boller og brus.

Stabil bruk av biblioteket
Av David, 02.07.08

 

 

 

- Bruken av biblioteket første halvår 2008 ligg på nesten akkurat det same nivået som i 2007.


Statistikken frå dei fem største av biblioteket sine sju avdelingar viser ein stabil utlånsaktivitet. Sjølv om tala viser ein nedgong i Brattvåg, i Søvik, på Haramsøy og på Longva, er endringane små. Vatne filial har opplevd ein auke i aktivitet på 16 %. Det var meir enn nok for å kompensere for reduksjonane ved dei andre avdelingane. Totalt sett auka utlånet frå 22151 til 22351. Talet på aktive lånekort var noko høgare samanlikna med i fjor.

 

Sommarles i sommar!
Av David, 12.06.08

 

 

 

 

- Frå i dag kan du klikke på dette bildet og melde deg på Sommarles 08, ein uhøgtideleg lesekonkurranse for barn og unge mellom 7 og 18 i Haram. Samtidig har fleire kommunar teke imot utfordringa frå Haram. Desse er Sykkylven, Sula, Hareid, Herøy og Ørsta. Konkurransen går føre seg mellom 18. juni og 18. august, og du kan melde deg på når som helst. Årets første konkurrent, jette frå Ørsta, meldte seg på like etter midnatt i natt.

Både dei som les lite og dei som les mykje risikerer å vinne ein premie. Lydbøker tel som bøker. Deltakarar kan følgje med plasseringa si og kommunen si plassering på internett. Tabellane blir oppdaterte dag og natt. Nettsida til konkurransen og alt om påmelding m.m. finn du her.

 

Biblioteket om sommaren
Av David, 30.05.08

 

 

 

- Hovedbiblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren med vanlege opningstider. Dei andre avdelingane kjem til å stenge slik:


Vatne filial : siste dag ope laurdag 12. juli. Opnar opp att fredag 8. august.
Søvik : siste dag ope torsdag 19. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Haramsøy : siste dag ope tysdag 17. juni. Opnar opp att fredag 22. august.
Longva : siste dag ope torsdag 19. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Lepsøy : siste dag ope tysdag 17. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Fjørtoft : siste dag ope torsdag 19. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.

Vi ønskjer brukarane våre ein god sommar og mange hyggelege leseopplevingar!

Rehabilitering av Søvik filial vart feira
Av David, 30.03.08

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Rehabiliteringa av Søvik filial vart feira ved å invitere heile skulen og ordførar Bjørn Sandnes til fest sist onsdag. 115 flasker brus, bollar og ormblåsarar sørga for ei god stemning. (Foto: Willy Haram, Haramsnytt.)

Dei siste vekene har gått til å henge opp nye gardiner, installere bord og stolar i oransje og sort, samt justere omplasseringa av ein del seksjonar i biblioteket. Unge Trine Giske hadde laga ein fin serie grafisk kunst, med sitat valgt ut av biblioteket, som henger på ein vegg. Før dette hadde ein fjerna eit kontor, skifta ut golvbelegget, kasserte over 2500 bøker og skaffa brukte møblar til ei ope skrankeløysing.

Under den korte opninga understreka ordføraren kor viktig det er å lære å lese godt og tilegne seg kunnskap. Etter utdeling av bollar og brus, vart det trylla fram ormblåsarar. Den høge pipande festlyden kunne høyrast ymse plassar i Søvik sentrum lenge etter markeringa vart slutt. Onsdag får innbuarane i Søvik og på Grytestranda informasjon i posten om kva biblioteket kan tilby.

Fleire språkalternativ
Av David, 25.03.08

- I tillegg til språkkurs og bøker, har mulegheitane for å pusse opp eller prøve ut språkkunnskapane auka betrakleg ved hjelp av dvd. Alternativa er fleire enn mange trur, og vi har gjort det lettare å velje.

I tillegg til ein spansk filmproduksjon for å følgje med spansk, har også andre filmar av og til lydspor på spansk. Mange filmar har også fleire språk i undertekstene enn dei nordiske. T.d. spansk tale og spanske undertekster er eit glimrande hjelpemiddel. Kanskje du kan sjå din favorittfilm på eit språk du er nysgjerrig på? Illustrasjonen er på fransk.

Utanlandske arbeidsgjestar har også sine ønskjer. Det kan vere å slappe av med morsmålet eller å følgje den norske omsetjinga. Norsk tale og norske undertekster er også eit nyttig alternativ, men desse har berre nordiske eller engelske tekster.

I biblioteket sin katalog/catalogue kan du søkje etter språk i lydspor eller i undertekster eller i begge delane samtidig. Bruk avansert søk eller advanced search og vel som Type søk/Choose search: 'Lydspor-språk' for tale, 'Undertekster', eller 'Språkkode' (for anten lyd eller tekst i eit bestemt språk). Skriv ikkje spansk, men språkkoden spa. Språkkodane er på tre bokstavar: spa eng ita rus dan etc. Språkkodane er internasjonale: swe (svensk), fre (fransk), ger (tysk). Spør personalet om du treng help.

Opningstider i påske
Av David, 15.03.08

- I påskeveka er Vatne filial ope kl. 17 til kl. 20. tysdag 18. mars. Hovedbiblioteket i Brattvåg er ope mandag 17. mars kl. 15 til kl. 20, tysdag 18. mars kl. 12 til kl. 15 og laurdag 22. mars kl. 11 til kl. 14 .

Etter påska opnar alle avdelingane frå og med tysdag 25 mars.

Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god påske!!

 

Haram i fokus på Sandane
Av David, 18.02.08

 

 

 

 

 

 

 

- Ei hyggeleg samling av lærarar og bibliotekarar frå dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane fekk nyleg ei orientering om korleis IKT kan hjelpe små bibliotek, med eksempel frå Haram.

Dei vidaregåande skulebiblioteka i Sogn og Fjordane var på si tredje av i alt fem samlingar. Den trivelege vestlandsbygda Sandane var samlingsstaden. Kursrekka, som er i regi av Biblioteksentralen, heiter Skulebiblioteket - morgendagens læringssenter.

Biblioteket stod for dagens første programpost, med ei orientering om korleis IKT kan samle små bibliotek og brukarane sine på ulike måtar, korleis tradisjonell informasjon kan bli tilgjengeleg på ein ny måte, om standardar for heimesider og om brukarane sine forventningar. Det blei vist eksempel på tiltak frå Haram og det vart lagt fram ein del forslag.

 

Biblioteket prøver digibøker
Av David, 04.02.08

- Biblioteket har kjøpt inn nokre lydbøker i mp3-format. Dei som no gjerast klare til utlån er lommelydbøker, som treng avspelingsutstyr, og digibøker som ikkje treng det.

Lommelydbøker består av lydfilar på 1 plate, uansett lengda på boka. Ein kan lytte til mp3-filar på nyare cd-spelarar, eller laste ned boka til ein mp3-spelar via datamaskina. M.a. er Ringenes herre av J.R.R. Tolkien kjøpt inn. Dette finst elles berre på 36 lydkassettar.

Digiboka er ein komplett elektronisk lydbok som ein kan ta frå bibliotekhylla og lytte til, eller låne. Boka er lest inn på ein digital einheit som ein kan lytte direkte frå, utan å gå via avspelingsutstyr. Biblioteket kjem imidlertid ikkje til å låne ut øyretelefonane som følgjer med. Dette har målgruppa som vil bruke mp3-formatet med seg frå før. Digibøker vil avlaste etterspørselen etter populære lydbøker på cd.

 

Mangfaldsåret har begynt
Av David, 31.01.08

 

- Blant dei 780 personane som brukte biblioteket sine ressursar i januar 2008, var minst 20 nasjonalitetar representerte. For å markere Mangfaldsåret 2008, lagar biblioteket ei tavle med nasjonalflagga til desse (bilde). Tavla skal erkjenne mangfaldet oss i mellom. Det er også ein kunnskapsleik for dei "innfødde", men han som kan flest flagg så langt er frå Bosnia, med 16 rette av 20.

Biblioteket har alltid vore ein stad der tilflyttarar kjem for å utforske tenester på eigne premissar. Personar frå følgjande land brukte biblioteket i januar: Slovakia, Spania, Congo, Norge, Ungarn, Sverige, Russland, Storbritannia, Tyskland, Irak, Belgia, Polen, Somalia, Bosnia, Sri Lanka, Nederland, Romania, Libanon, Filippinene og Latvia. Der er minst 8 andre nasjonalitetar til som brukar biblioteket regelmessig. Det overveldande talet gjer at ein må etter alt å døme finne ein større vegg og lage ei ny tavle.

Ei av dei alle første "mangfaldige" brukarane i år er denne nederlandske jenta som flytta til Noreg då ho var 11 år (foto). Visse nasjonalitetar og nordmenn er interessert i språka i lydspor og i undertekster på dvd-filmar. Ein søkjefunksjonalitet som skil mellom lyd og tekst skal opprettast i databasen, noko biblioteka elles ikkje har.

Biblioteket skal kjøpe inn ein del tospråklege bøker og lydbøker for barn. Bokinnkjøpet har ein lufta med andre bibliotek i fylket. Fleire bøker på tysk skal kjøpast inn. Konkurransen Sommarles vurderast tilpassa Mangfaldsåret. Biblioteket skal vere med i den planlagde kommunale festivalen. Planen om å opprette ei språkavdeling ved hovedbiblioteket må utsetjast.

Frå eigne samlingar har biblioteket lånt ut bøker på følgjande framandspråk i januar 2008 til brukarar frå Haram, Skodje, Ålesund og Gjøvik: Engelsk, russisk, fransk, ungarsk, spansk, polsk og bosnisk. Engelsk og russisk toppar statistikken. Dei ulike innvandrargruppene bruker biblioteket til m.a. fritidslesing, høgskuleutdanning, reiseinformasjon, film på morsmålet, norskopplæring, søk etter studie- og arbeidsplassar andre stader, nettaviser og epost. For unge sjølvstendige europearar spesielt, er biblioteket ein viktig stad. Ein held framleis kontakt med tyskarar og ukrainarar som flytta frå regionen for fleire år sidan.

 

Utviding av hovedbiblioteket utsett
Av David, 14.01.08

- Planane for utvidinga av hovedbiblioteket i Brattvågsenteret med omlag 100 kvadratmeter tek lenger tid enn det som var tenkt.

Arbeidet består av nytt areal over Nille, samt endringar i midten i lokalet. Det tek tid å kome fram til ei tilfredsstillande løysing i forhold til branntryggleik. Det er oppbevart ein god del bygningsmaterial i senteret, og biblioteket har møblar, bøker og utstyr oppbevart midlertidig, noko som er tungvint.

Hensikten er å opprette og sette fokus på avdelingar for lokalhistorie, språk og maritime emne, samt ei generell oppussing og meir rom i midten av lokalet. Lokalet kan opplevast som trangt for dei fleste og uoversiktleg for nye besøkande.

Ein håpar på ei midlertidig løysing, då lokalet vil uansett bli endra i samband med byggeprosjeket langs sjøkanten, som etter planen skal stå ferdig i 2011. Då vil desse unge menn trenge større bøker.

47480 utlån i 2007
Av David, 13.01.08

- Det blei lånt ut 47480 bøker og andre media i Haram folkebibliotek i 2007.

Det er ein liten auke på 357 utlån. Det er eit oppmuntrande resultat, då prognosen frå dei største biblioteka i landet viser ein tydeleg nedgang i utlånsaktivitet.

Avdelingane på Fjørtoft, Lepsøy, Longva, Vatne og i Brattvåg viser ein auke i 2007, medan dei på Haramsøy og i Søvik viser ein reduksjon. Utlånet gjekk ned med omlag 25 % i Søvik, då det gjekk ei stund før aktiviten tok seg opp att etter renoveringsarbeidet. På Vatne var utlånsaktiviteten (12781) nære på å slå ein ny rekord, som er 13070 frå 2004.

 

Opningstidene i jula
Av David, 14.12.2007

- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i romjula:

tors. 27. desember : 15.00-18:00
fre. 28. desember : 12:00-15:00
laur. 29. desember : 11:00-14:00

Siste opningsdag før jul er tys. 18. des. (Haramsøy), ons. 19. des. (Lepsøy), tors. 20. des (Fjørtoft, Longva & Søvik), laur. 22. des. (Vatne og Brattvåg)

Etter jul opnar avdelingane tors. 3. jan. (Brattvåg, Søvik, Longva, Lepsøy og Fjørtoft) og fredag 4. jan. (Vatne og Haramsøy)

Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!

 

Fornying i Søvik
Av David, 14.11.2007

- Filialen i Søvik har gradvis vore fornya i løpet av hausten. Eit nytt skrankeområde er no på plass og resten av arbeidet vil bli gjort ferdig tidleg i 2008.

Filialen har fått nytt golvbelegg. Ein del hyller og eldre møblar er fjerna, medan den gamle skranken og kontoret vart fjerna i sommar. Biblioteket hadde eit tungt og trangt interiør. No er der meir plass. Bak det nye skrankeområdet er det hengt opp foto av soloppgangen ved Bjørnøya.

Etter planen skal ein få plass til nyare møblar og nye gardinar. Det er i tillegg håp om at Trine Giske vil lage grafisk kunst å henge på veggen. Ein håpar med dette å kunne revitalisere bruken av filialen.

 

Regionalt møte i Brattvåg
Av David, 07.11.2007

- Representantar for dei fleste nabobibliotek vart samla i Brattvåg onsdag 7. november.

Det har i fleire år vore vanskeleg å arrangere regionale bibliotekmøte på Nordre Sunnmøre, men vi klarte å samle 8 av dei 11 kommunane, samt fylkesbiblioteket denne dagen. Nettopp dette var eit tema og ein gjekk inn for ei oppskrift til forbetring. Fleire kommunar presenterte erfaringane sine med Leseombud. Det har ikkje vore enkelt å få tiltaket i gang på grunn av tilgong på frivillege som vil lese, men alle som har vore informert om tiltaket er veldig positive til det.

Lån av film mellom biblioteka i regionen vart avtalt. I tillegg gjekk ein gjennom eit europeisk samarbeidsprosjekt for å sjå korleis eit eksempel på eit slikt prosjekt ser ut, då biblioteka får henvendingar om desse. Regionen kan også danne eit team som kan faktisk delta i samarbeidet. Planar framover for eventuelle lokale kurs og bruken av spørjeundersøkjingar vart også diskutert.

 

Septimus Heap
Av David, 23.09.2007

- Skammarserien og fantasiserien av Sigbjørn Mostue har fått hard konkurranse om å vere bøkene som best kan samanliknast med serien om Harry Potter. Konkurrenten heiter Septimus Heap.

Harry Potter-bøkene og heile fantasi-genren har betydd mykje for lesing blant unge og unge voksne. Ein ønskjer derfor Septimus Heap velkomen. Biblioteket har dei to første bøkene på norsk og dei tre første på engelsk. Du kan lese meir om bøkene her.

 

Bøker på polsk godt mottekne
Av David, 14.09.2007

- Dei alle fleste kveldane kjem dei polakkar til hovedbiblioteket for å låne bøker på polsk.

Det ser ut som både talet og utvalet av bøkene på polsk som biblioteket kjøpte i sommar er passeleg. 3-4 bøker har enno ikkje funne ein lesar, medan 3-4 har funne fleire. Så langt har ingen av desse brukarane gått "heim" tomhendt, og etterspørselen etter filmar med polsk tekst og internett har også auka.

Det er dei som er boklesarar frå før som nyttar seg av tilbodet, og ein har vore så glad for dette at han har stilt fleire spørsmål om bakgrunnen. Ein annan, som snakkar norsk, meiner det er lettare å finne aktuelle bøker på polsk i Haram enn i Oslo. For mange av polakkane passar opningstidene dårleg når ein stenger kl. 20 om kvelden og kl. 13.30 på laurdagar. Biblioteket har avtalt å halde ope til kl. 21.00 eit par kveldar.

 

Sommarles - pokalen gjekk til Ulstein
Av David, 29.08.2007

- Resultata frå lesekonkurransen Sommarles : Haram fekk flest poeng, Ulstein stakk av med pokalen.

Unge frå 8 kommunar på Sunnmøre deltok i konkurransen, som vart arrangert av Haram folkebibliotek. Blant dei ti beste av 272 påmeldte var "Jo-Jo" frå Longva på 5. plass og "junior3" frå Vatne på 10. plass, som då vant premiar. Plasseringane var delt opp i 8 divisjonar, og "swiswi" (Brattvåg), "katt" (Brattvåg) og "marit" (Vatne) gjorde det så bra at dei enda opp i den øvste divisjonen saman med premievinnarane.

Når det gjeld konkurransen mellom kommunane, fekk Haram flest poeng, men enda på ein 6. plass. Kvar deltakar fekk poeng for alle bøkene dei las/høyrde på i løpet av to og halv sommarmånadar. Det var gjennomsnittet blant deltakarane i den enkelte kommune som avgjorde kommunen sitt resultat. Ulstein vann knepent foran Hareid. Etter det vi forstår var konkurransen tøff mellom desse to, også på dette feltet.

Haram sine deltakarar las altså mindre enn i dei fleste andre kommunar, men Haram hadde flest deltakarar (56), noko som vi ser på som ein siger.

 

 

Fornying ved Søvik filial i sommar
Av David, 11.08.2007

- Inventaret ved Søvik filial er midlertidig oppbevart i inngangen til idrettsbygget medan golvbelegget skiftast ut.

I sommar har personalet biblioteket fjerna eit rom og ein del inventar for å gi plass til eit nytt golvbelegg. Før dette har nærmare 2500 bøker vore kassert.

Etter planen skal inventaret og bøkene flyttast tilbake innan 20. august, då filialen skal opne opp att etter sommaren. Ein del møblar er kjøpt eller skaffa på ulike måtar, men ein manglar framleis møblar som skal erstatte det som er kasta og ein del elektriske installasjonar.

 

 

Ny bok om Harry Potter i biblioteket !
Av David, 26.07.2007

- Den sjuande boka om Harry Potter er å finne i biblioteket på originalspråket.

Det gjeld dei engelske utgåvene for barn og voksne, som kom ut 21. juli. Det er ikkje avgjort når den norske utgåva vil komme, men boka kjem ut parallelt m.a. på fransk, tysk og ungarsk 27. oktober.

I følgje forfattaren J.K. Rowling innheld boka informasjon som er oppsummerande for heile serien. Derfor oppfattast Harry Potter and the Deathly Hallows (dødsrelikviane) som den siste. Bibliotekbrukarar mellom 10 og 32 år har lest bøker om Harry Potter, på norsk, engelsk og russisk.


Opningstider om sommaren
Av David, 01.07.2007






- Hovedbiblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren.
Avdelingane som har sommarstengt opnar opp att slik:

Fjørtoft : torsdag 23. august
Søvik : mandag 20. august (med atterhald om istandgjering av lokalet)
Longva og Haramsøy : tysdag 21. august
Lepsøy : torsdag 23. august (med atterhald om nytt golvbelegg)
Vatne filial : fredag 10. august

God sommar!

Ny Sommarles i sommar!
Av David, 29.05.2007

- Biblioteket arrangerer Sommarles også i år. Både deltakarar frå i fjor og andre kommunar i fylket ønskjer at det skal bli ein ny konkurranse i sommar.

Sommarles 07 varer frå 11. juni til 18. august. Over 130 deltakarar mellom 6 til 19 år var med i fjor, og over 1600 bøker vart lese. Mange kommunar ønskjer å vere med i år, men ein har sett ei grense ved 8. I tillegg til fjorårets konkurrentar Haram, Stordal og Hareid, skal desse nye vere med : Ørsta, Giske, Ulstein, Sande, Herøy.

Talet på premiane er også utvida. Halvparten blir avgjort ved loddtrekning under og etter konkurransen. Resten går til dei som likar å konkurrere om å lese mest. Premiane er valfrie bøker eller konsertbillettar ol. Ein kommune vil vinne ein pokal.

 

Bøker til polakkar i kommunen
Av David, 17.04.2007
- Biblioteket håpar å kunne bidra til at dei mange polakkane som gjer ein stor innsats for nærlingslivet i Haram skal trivst her.

I desse dagar tek ein inn nye bøker på polsk. Frå før har ein ein god del filmar med polsk tekst.

Når ein kjøper inn bøker på andre språk, vel ein forfattarar som er kjent for personalet og andre brukarar. I tillegg vel ein forfattarar som ein ikkje kjenner her, men som får god respons frå lesarar på t.d. polske bok-nettsider.

Biblioteket var tidlegare mykje brukt av polske arbeidarar, men no har desse fått tilgong til internett. Det er likevel nokre som treng hjelp med å bruke nettsider, t.d. ved bankoverføringar. Ein kjem til å henge opp informasjon på polsk om kva biblioteket kan tilby, der dei arbeider eller bur.

Forslag til høyringsuttale om Bibliotekreform 2014
Av David, 16.04.2007
- Biblioteket har sendt eit forslag til høyringsuttale om Bibliotekreform 2014 til kommunen. Rådmannen tilrår formannskapet å slutte seg til forslaget den 18. april. Reforma kan bli avgjerande for kva retning biblioteket skal ta i framtida.

Ein foreslår at Møre og Romsdal blir den framtidige bibliotekeininga her, i staden for å slå saman kommunar for å skape ei ny større eining. I tillegg tilrår ein endringar i opplæringslova som sikrar skulane stillingar som skulebibliotekar, samt at tenestene som skulebiblioteket skal utføre blir gjort meir tydeleg i forskriftene til lova.

Ein foreslår også at ABM-portalen vert å opprette etter at Norsk Digitalt Bibliotek er etablert. ABM-utvikling er namnet på statens senter for arkiv, bibliotek og museum, og er ein del av kulturdepartementet. Norsk Digitalt Bibliotek er satsinga på tilgong til bibliotekressursar på nettet.

Aktivitet i 2006 : 140 personar besøkte biblioteket dagleg
Av David, 23.02.2007
- Utlånsaktiviteten i biblioteket i 2006 gjekk ned med 2,18 %. Med 47129 utlån var dette biblioteket sitt tredje beste. Likedan gjekk talet på besøkande ned 1,52 % til i overkant av 38000, eller 140 dagleg. Bruken av biblioteket sine nettsider auka kraftig i 2006. Dette er ikkje med i statistikken. Vi lånte omlag 6 % færre bøker, men nesten 11 % fleire andre media. Sjå også årsmeldinga.

Utlånet av bøker gjekk relativt sterkt opp i 2004, spesielt barnebøker. Tendensen er det motsatte etter 2004. Skulane har kanskje satsa meir på bøker sidan dei satsar meir på lesing. Prisen på dei meste etterspurde titlane for voksne har falt den siste tida grunna den nye bokhandlaravtalen. Ein kan ikkje sjå at etterspørselen etter nye bøker har endra seg.
Både utlån og besøk i Haram var godt over snittet i Møre og Romsdal fylke.


Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 16186