Nyheiter frå 2009


Invitasjon til inspirasjonskveld
Av David, 29.12.09

 

 

 

 

 

- Interessert i gode bøker og ønskjer tips og inspirasjon?

Då er du invitrert til ein inspirasjonskveld på Kulturkaféen i Brattvåg onsdag 6. januar kl. 18.00. Vi har bestilt eit opplegg frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek, og vil få gode lesetips, forslag i samband med etablering av lesesirklar og hjelp til dei i ein lesesirkel som treng inspirasjon. Kaffi og litt å spise blir det også. Vel møtt!

Opningstidene i jula
Av David, 11.12.09

- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:

tys. 22. desember : 12:00-15:00
ons. 23. desember : 12:00-15:00
man. 28. desember : 15:00-18:00
tys. 29. desember : 12:00-15:00
ons. 30. desember : 12:00-15:00
laur. 2. januar : 11:00-14:00

Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: tors. 17. des. (Lepsøy, Fjørtoft, Longva), fre. 18. des. (Haramsøy), man. 21. des. (Søvik), tys. 22. des. (Vatne).
Etter jula opnar avdelingane laur. 2. jan. (Vatne), man. 4. jan. (Søvik), tys. 5. jan. (Longva, Haramsøy), tors. 7. jan. (Lepsøy, Fjørtoft).

Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!

Vil du prøve ein eboklesar?
Av David, 14.11.09

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Viss du vil prøve ut elektroniske bøker, kan du låne både lesaren og bøkene i biblioteket.

Biblioteket har kjøpt inn to eboklesarar, eller lesebrett. Vi ønskjer å få tilbakemeldingar frå brukarar om korleis ein opplever å 'lese elektronisk'. Begge lesarar har fire bøker i første omgang. Tilgangen på titlar på norsk er ikkje så stor, men vi kan prøve å finne bestemte titlar som bibliotekbrukarar måtte ønskje. Når ein er ferdig med lesaren, vil vi gjerne at brukaren skal svare på nokre spørsmål.

Vil du vere med i ein lesesirkel?
Av David, 14.11.09

 

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket er interessert i å kome i kontakt med personar som vil vere med i ein lesesirkel. Er du interessert, er det berre å ta kontakt!

Å lese ei bok er noko ein gjer aleine, men det fører ofte til at ein vil snakke om leseopplevinga. Biblioteket kan få hjelp frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek med å starte opp ein lesesirkel, der ein kan snakke om felles leseopplevingar.

Taremarebystemning
Av David, 13.11.09

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Det er Taremarebystemning så å seie overalt!

Det er for tida vanskeleg å unngå Taremarebysteminga i Haram. Taremarivalen blei opna tysdag av Torgunn Nerland, leiar i Fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal. Same dag blei den nye utgåva av Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik lagt ut for sal etter ei lansering på Ingebrigt Davik-huset. Skular og barnehagar har lagt ned mykje arbeid i utstillingar og det blir mykje aktivitet knytta til og rundt teaterforestillinga i helga. På veg til ein programpost kom ei gruppe frå Utigarden barnehage på Slyngstad på besøk, for å kikke på Ingebrigt Davik-hjørnet i biblioteket.

Det hende i Taremareby kjem i ny utgåve!
Av David, 30.09.09

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Etter mange års tautrekking med Det Norske Samlaget skal Bok og Papir i Brattvåg stå for ei ny utgjeving av Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik i 2000 eksemplar. Eit sikringseksemplar av boka frå biblioteket skjærast opp av Hatlehols Trykkeri, som står for trykkinga.

Den mykje etterspurde Det hende i Taremareby kom ut i 1960 hos Noregs boklag. Forteljinga om livet under havet er tidløs, og for foreldre og besteforeldre som les for barna ein bru mellom generasjonane. Det er Bokklubbens barn si utgåve frå 1979, som er i fargar og i ei noko nyare språkdrakt, som kjem på nytt tredve år seinare. Det Norske Samlaget har brukt mange år å vurdere om dei vil utgi boka på nytt eller la lokale aktørar i Haram gjere det. No har dei endeleg kasta korta. 2000 eksemplar er eit ikkje ubetydeleg opplag for ei barnebok sett i forhold til tilsvarande opplagstal i Det Norske Samlaget.

Turistprosjektet på Fjørtofta, det nye Ingebrigt Davik-huset og Teatret Vårt sitt planlagte oppsett den 12. november (som også er utgjevingsdatoen) har bidrege til at saka har måtte få ei endeleg avgjerd hos Det Norske Samlaget. Bok og Papir og Haram folkebibliotek har forsøkt å få ei avklaring i mange år. Enka etter forfattaren er begeistra for at boka kjem ut på nytt.

Tilbod til sesongarbeidarar og innvandrarar frå Polen
Av David, 01.09.09

 

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket henger no opp ein plakat på polsk som informerer om kva ein kan tilby sesongarbeidarar og innvandrarar og deira familiar frå Polen.

Biblioteket har forstått at ein må ha eit tilbod som i større grad står i forhold til innsatsen til desse gruppene i lokalsamfunnet. Fleire bedrifter er avhengig av denne arbeidsinnsats, og kommunale tenester som biblioteket er avhengig av skatteinntektene som kjem frå eit fungerande næringsliv. Det er i tillegg ein etterspurnad frå skulane.

Sjølv om biblioteket ikkje er forplikta til å yte tenester til dei som ikkje bur i Noreg, har ein alltid stilt dei som har faste samband med Haram på linje med andre. Ein har i tillegg gode røysler med lån av materiell til polakkar. Bøkene blir ofte lånt ut og ikkje noko har gått tapt. Faktisk har denne gruppe donert fire bøker og gitt kaffi, øl og sjokolade til personalet!

Overrekking av Sommarles-premie
Av David, 01.09.09

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Premievinnarar frå Haram som vann under konkurransen Sommarles 08 fekk eit år på seg å finne fram til kva dei vil velje av kulturelle premiar. For Solveig Slyngstadli sin del blei det ei lite samling musikkalbum og filmar.

Deltakarane i lesekonkurransen Sommarles kunne vinne premiar både ved loddtrekking og ved å lese mykje. Deltakarane frå seks kommunar var delt opp i åtte divisjonar under konkurransen, alt etter kor mykje dei las. Solveig vann den lokale premien ved loddtrekking rett etter konkurransen blei avslutta, og endte i 7. divisjonen.

Meir aktuelt å bruke biblioteket om sommaren
Av David, 11.08.09

 

 

 

 

- I løpet av dei siste seks åra har ein sett ein kraftig vekst på 72 % i utlånet i juli månad. 2524 utlån i 2009 var ein rekord.


Medan andre månadar ikkje viser noko særleg endring, er låneaktiviteten om sommaren stadig aukande. Vatne filial har ope fram til ca. 10 juli og hovedbiblioteket held ope heile sommaren. Den positive tendensen er å spore ved begge avdelingane og aktiviteten i Brattvåg er nesten på nivå med andre månadar i det lysare halvåret.

Ein begynte med å halde ope heile sommaren i Brattvåg i 1990, og sidan 2003 har ein hatt normale opningstider også i fellesferien. I perioden 2006-2008 har ein arrangert lesekonkurranse om sommaren, men vi kan ikkje sjå at dette forklarer auken. Ein årsak kan vere at fleire deler opp ferien gjennom året enn før. Lokalsamfunnet har elles innslag av nasjonalitetar som ikkje er vande med sommarstenging og fellesferie. Bokhandlarane har notert seg auka boksal denne sommaren.

Biblioteket om sommaren
Av David, 30.05.09

 

 

 

- Hovedbiblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren med vanlege opningstider. Dei andre avdelingane kjem til å stenge slik:


Vatne filial : siste dag ope fredag 10. juli. Opnar opp att fredag 7. august.
Søvik : siste dag ope mandag 22. juni. Opnar opp att mandag 24. august.
Haramsøy : siste dag ope fredag 19. juni. Opnar opp att fredag 21. august.
Longva : siste dag ope tysdag 23. juni (stengt 18. juni). Opnar opp att torsdag 20. august.
Lepsøy : siste dag ope mandag 15. juni. Opnar opp att torsdag 20. august.
Fjørtoft : siste dag ope torsdag 18. juni. Opnar opp att torsdag 20. august.

Vi ønskjer brukarane våre ein god sommar og mange hyggelege leseopplevingar!

Digitalt fotokurs på biblioteket
Av David, 05.05.09

 

 

 

 

 

 

 

 

- Fredag 8. mai vert det arrangert digitalt fotokurs ved Haram folkebibliotek, Brattvåg mellom kl. 16.00 og kl. 18.00

Kurset er ein del av eit Multimediakurs med Oasen Studio i Kristiansund, som varer frå 8. til 9. mai i Brattvåg. Skulen, barnehagen, og UFO i ungdomsarenaen er også med i kurspakken, etter eit initiativ av Haram Frivillegsentral.

Under desse dagane vil ein kunne lære meir om utstyret mange av oss har, men treng meir kunnskap om å bruke. Ein ønskjer absolutt alle velkomne til Digitalt fotokurs ved biblioteket kl. 16.00 no fredag.

Formørkelse 30. april
Av David, 08.03.09

 

 

 

 

 

- Torsdag 30. april kjem den 3. boka i vampyrserien for ungdom av Stephenie Meyer, som heiter Formørkelsen

Bøkene om Edward og Bella har solgte i 35 millionar eksemplar i verda, og vi merkar nok den spesielle interessa også her. I den første boka Evighetens kyss utviklar det seg ein mystisk kjærleik mellom den levande Bella og den udaude Edward på ein vidaregånde skule i det nord-vestlege USA. Dette medfører ei rekke farer for Isabella, som berre overnaturlege evner kan redde henne frå.

Interessa for desse bøkene er ein del av ei ny bølgje av forteljingar om vampyrar som vi fortel meir om her. Det gjenstår å sjå om bølgja av "bit-lit" vil danke ut "chick-lit". Biblioteket har heile serien på engelsk og polsk.

2008 var eit godt år
Av David, 03.03.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

- 2008 var eit spesielt år for biblioteket. Tre avdelingar fekk delvis nytt miljø, nye aktivitetar vart utprøvde, det vart eit hyggeleg samarbeid med frivillegsentralen, profileringstiltak blei gjonnomført, Vatne filial nådde ny utlånsrekord og biblioteket vann Møre og Romsdal sin bibliotekpris.

Ein har plukka ut ein del tradisjonelle statistikkmålingar og gitt inntil fem pilar for å markere utviklingsgrad:

Utlån totalt:
Fysiske besøk:
Nettbesøk:
Utlån bøker for voksne:
Utlån barne- og ungdomsbøker:
Utlån lydbøker:
Utlån musikk:
Utlån til skular/barnehagar:

Auka etterspørsel etter lydbøker i 2008 er i tråd med det mange bibliotek erfarer. Heile 25 % av lydbokutlånet var imidlertid til barn og ungdom på Vatne. Filmutlånet var som i 2007. Ein har satsa på musikkinnspelingar i form av nye artistar som har fått gode omtaler i media, sjølv om ikkje alle er så kjende for dei fleste. Musikkutvalet i handelen i nærmiljøet er avgrensa, og blir redusert ytterlegare.

Nedgangen i utlånet av bøker til dei unge er stor, sjølv om dette ikkje gjeld alle avdelingane. Med unntak av 1999, må vi tilbake til tidleg på 1980-talet for å finne eit så lavt tal på utlån til barn og ungdom. Dette forklarer den reduserte utlånsaktiviteten i biblioteket generelt og årsaken er at biblioteket ikkje er ein ressurs for skulen og barnehagen i same grad som før.

Ingebrigt Davik-huset ventar på Invasjon!
Av David, 01.02.09

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Fredag 13. februar kjem Invasjon! til Ingebrigt Davik-huset. Dette vil berre få hyggelege konsekvensar for dei som ser teaterstykket, presentert av Teatret Vårt i Molde.

Stykket handlar om Abulkasem. Det er han som står bak dei fotballresultata vi ikkje vil høyre, og forviklingane i lokalpolitikken som vi ønskjer ikkje var til stades. Han er årsaken til bussar som ikkje held ruta, men han er god å ha, for han kan få skulda når ting ikkje går som ein vil. Og når vi først har noko på hjarta, så er det så godt å ha eit livleg snakketøy. Det gjeld forskarar så vel som bøller. Til og med nordlendingar og frognerdamer. Men kven er Abulkasem?

Vi veit kven som står bak Invasjon! Det er Sverige sin nye yndling, både som dramatikar og skjønnlitterær forfattar: Jonas Khemiri. Invasjon! har vekt begeistring på Stockholms Stadteater i fleire månadar. Internasjonale premierar står i kø etter at det velrenomerte Kamerspiele i München viste stykket. London og Paris kom sjølvsagt etter, og det gjorde også Molde. Derfor kan også vi sjå fram til denne eksperimentelle komedien i Haram fredag, med Hilde Marie Farstad Bergersen, Isa Aouifia, Hugo Mikal Skår og Enrique Dragseth i rollene.

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 9343