Untitled Document

Opningstidene i jula
Av David, 13.12.10

 

 

 

 

 

- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:

tors. 23. desember : 15:00-20:00
mand. 27. desember : 15:00-18:00
tysd. 28. desember : 12:00-15:00
onsd. 29. desember : 12:00-15:00
tors. 30. desember : 15:00-18:00

Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: tors. 16. des. (Lepsøy, Fjørtoft), man. 20. des. (Søvik), tys. 21. des. (Vatne, Haramsøy. Longva).
Etter jula opnar avdelingane man. 3. jan. (Brattvåg), tys. 4. jan. (Vatne, Haramsøy. Longva), tors. 6. jan. (Søvik, Lepøsy, Fjørtoft).

Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!

Kurs i web 2.0
Av David, 17.10.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

- Saman med fylkesblioteket og nokre andre bibliotek tilbyr vi kurs i 12 web 2.0 gratistenester (sjå bildet). Dette kan vere noko for deg eller eit tips til nokon du kjenner

Vil du lære eller lære meir om tolv utvalte gratis delingstenester på internett (web 2.0), har du sjansen no og fram til ca. slutten av november. Youtube, Facebook, Googlemaps, Flickr og Twitter er nokre av dei mest brukte av desse. Du kan sjølv avslutter i eiget tempo. Dei alle fleste som held på med eit kurs som dette synst det er både nyttig og morosamt. Ta kontakt med biblioteket eller registrer deg og kom i gang her: http://webtonullmr.wordpress.com/ Lukke til!

 

Vitenshow med Andreas Wahl
Av David, 21.09.2010

 

- Biblioteket i Brattvåg var kunnskapsarenaen for ein fysikktime utanom det vanlege med Andreas Wahl frå Tønsberg, heretter kjent som VitenWahl. Han er dessutan kjent frå Schrödingers katt på NRK og Reale Triks på dagbladet.no.

Eit utval 8. klassingar frå Haram sine tre ungdomsskular vart invitert til det 42 minutt lange Vitenshow. Av ymse årsaker vart det berre elevar frå Brattvåg ungdomsskule som kom, men då kom heile trinnet på 53 elevar og ein større stab undervisningspersonale. Ved ymse hjelpemiddel som ild, luft, røyk og vatn hadde elevane det som endte opp som ein gøy dobbeltime. Bra respons frå elevane generelt, og frå tre delaktige elevar spesielt, på VitenWahl sine underfundige eksperiment var årsaken til at timen varte så lenge, så elevane har berre seg sjølv å takke for det. FLEIRE BILDE.

 

Lesekonkurransevinnarane 2010
Av David, 17.09.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Sommarens lesekonkurransevinnarar i Haram fekk utdelt premiane sine på Vatne idag.

Etter ei loddtrekking blant deltakarane i Haram og Møre Romsdal forrige veke, fekk tre verdige vinnarar premiane sine utdelt i lokalet til Vatne filial i dag. Prisane var ein iPod og to boksjekkar, derav ein frå fylkesbiblioteket. Alle tre jentene er frå fastlandet. Øyingar, gutar og brunettar vil få ein ny sjanse neste år!

 

Samarbeid med barnehagen
Av David, 06.09.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

- I samband med leseåret startar biblioteket opp eit samarbeid med barnehageeininga i Haram, som også blir eit samarbeid med nokre av nabokommunane våre

Biblioteket satsar på tiltak i barnehagen ved å opprette barnehagebibliotek i 5-6 barnehagar. Dette passar godt inn med barnehageeininga si noverande satsing på språk og kommunikasjon. Samarbeid blir det også med nokre nabokommunar, og vi kjem til å samle alle gode erfaringar mellom barn, foreldre, barnehagen og biblioteket på ein blogg.

Denne veke blir det kursdag på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, for alle barnehagetilsette i Haram og påmelde frå nabokommunar ved Sigrid Larsen frå Sortland, som vi har funne er den rette personen å sette fokus på språk og aktivitetar rundt bøker og forteljingar. I oktober blir det kurs i barnehagebibliotek.

 

Innleveringsfristen for sommarens lesekonkurranse er 1. september!
Av David, 26.08.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- For å vere med i premieutdelinga er det viktig at du leverer inn ditt Bokpass seinast 1. september.

Alle som gjekk i 1. til 7. klasse i juni i år kan vere med i konkurransen. Du må skrive opp 10 bøker du har lese i sommar i eit Bokpass, som du får ved eit bibliotek i kommunen. Passet kan også lastast ned frå: http://www.haram.folkebibl.no/bokpass.pdf Der er premiar lokalt og i fylket å vinne, m.a. ein 16 gb iPod nano (bildet), boksjekkar og sportsantrekk. Bokpasset må leverast inn til biblioteket seinast 1. september!

 

Vi har laga ein internasjonal seksjon
Av David, 23.08.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Brukarar treng ikkje leite i små bakgrunn etter lesestoff lenge

Biblioteket har for kr. 230, gjenbruk av materiell og litt handverksarbeid laga ein internasjonal seksjon i Brattvåg. Inntil no har språkstudentar og utlendingar måtte leite etter bøker i små samlingar i bakrom saman med personalet. No kan dei finne bøkene sjølv. 20 % av desse er donerte og alle er relativt ferske. Engelsk, med seksjonar i Brattvåg, på Vatne og på Haramsøy er klart det mest etterspurt språk, men i sommar så vi ein auke i lån på russisk, polsk og arabisk. I tillegg til lokale brukarar, får vi bestillingar frå andre bibliotek i landet på desse språka.

 

Skriveverkstad fredag den 13. i Brattvåg
Av David, 08.08.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Førstkomande fredag arrangerer biblioteket skriveverkstad for barn og ungdom

Vi inviterer skrivelystne barn og ungdom mellom 12 og 17 år til ein skriveverkstad ved biblioteket i Brattvåg kl. 15.00 førstkomande fredag den 13. Det er Hilde Myklebust (31) frå Vanylven som skal halde verkstaden, og ho har sjølv vore elev ved Skrivekunst-Akademiet i Hordaland, i tillegg til å ha studert litteratur og teater. Viss dette er noko for deg, må du melde deg på innan kl. 17.00 torsdag den 12. ved å ta kontakt med biblioteket.

 

Vinn noko spennande med oss i sommar!
Av David, 06.07.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- I sommar kan du lese nokre bøker og vinne noko spennande hos biblioteket.

I sommar kan du få eit bokpass frå biblioteket, eller laste den ned. Skriv inn 10 bøker du har lest gjennom sommaren og du er med i ei loddtrekking. Slik risikerer du å vinne ein iPod, Devold sportsteskjorter eller boksjekkar. Konkurransen er open for alle som kom heilskinna gjennom 1.-7. klasse i juni. Leveringsfristen er 1. september, så vi kjem til å minne om konkurransen i august. Last ned bokpasset på http://www.haram.folkebibl.no/html/bokpass.pdf

Sommartid i biblioteket
Av David, 14.06.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Sommaren er like rundt hjørnet!

Avdelingane i Søvik og på Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft held ope ut denne veke før dei stenger for sommaren. Vatne filial held ope fram til 13. juli, medan biblioteket i Brattvåg er ope heile sommaren, men stenger kl. 18.00 i staden for kl. 20.00 når fellesferien tilspisser seg mellom 19. og 31. juli. Ta gjerne kontakt med ei anna avdeling når avdelinga di er stengt, så skal vi prøve å hjelpe deg. Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god sommar!!

 

- Vi håper å få til eit bibliotek i særklasse på Haramsøy i år!
Av David, 24.05.10

Gjennom ei totalfornying av inventar, kursing og profilering håper vi å få til eit bibliotek i særklasse på Haramsøy. Vi har søkt fylkeskommunen om inntil kr. 50 000 til dette, og Haram formannskap er villig til å løve ein sum lik den fylket innvilger. I følgje bibliotekplanen var det Haramsøy som stod for tur å få ei satsing innvendig. Men vi konkurrerer med nokre andre kommunar om prosjektet, noko som sørger for ei spennande tid framover.

Fin utvikling i 2010
Av David, 05.04.2010

 

 

 

 

 

 

 

- Første kvartal 2010 så biblioteket opplever ein 9,8 % auke i utlån, samanlikna med 1. kvartal 2009.

Ein auke på 9,8 % er meir enn vi hadde rekna med, og ga 11656 utlån (lån til skular, barnehagar og institusjonar kjem i tillegg). Aktiviserte lånekort gjekk opp med 5,6 % til 1242, med 1652 sluttbrukrarar 1. kvartal. Spesielt gledeleg og nødvendig er det at avdelinga i Søvik går betre no. På Haramsøy er der også ei bra utvikling.

Opningstider i påske
Av David, 28.03.10

- I påskeveka er Vatne filial ope kl. 17 til kl. 20. tysdag 30. mars. Hovedbiblioteket i Brattvåg er ope mandag 29. mars kl. 15 til kl. 20, tysdag 30. mars kl. 12 til kl. 15 og laurdag 3. april kl. 11 til kl. 14.

Etter påska opnar alle avdelingane frå og med tysdag 6. april

Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god påske!!

 

Biblioteket på Facebook
Av David, 18.03.10



- Etter sju veker på Facebook har biblioteket fått 315 venar!

Biblioteket har funne ut at Facebook er eit greit verktøy for å informere om seg sjølv. Ei vanleg nettside har blitt ein stad med formell informasjon som brukarar må oppsøkje for å finne svaret på noko dei lurer på, i konkurranse med alle andre nettsider og alt annet ein lurer på. Gjennom Facebook kan ein informere dei som ønskjer det om nyhender akkurat når det gjeld, samt gi eit meir balansert bilete av kva ein gjer og har å tilby, med mulegheiter for tilbakemeldingar, bestillingar m.m.

Vi startar heklekurs
Av David, 14.02.10

 

 

 

 

 

 

 

 

- 3. mars startar vi opp eit heklekurs ved biblioteket på Vatne.

Hekling har blitt populært igjen og heklekurs startar opp mange plassar. På Vatne startar vi kurs på biblioteket frå 3. mars, med påmelding innan 1. mars. Ansvarleg for kurset er Margun Sæter ved Trådsnella og kurset kostar kr. 300. Trådsnella held til i det same lokalet som biblioteket, så bøker med tips, stoff og utstyret du treng er ikkje langt unna.

Lesesirkel på Vatne
Av David, 14.02.10

 

 

 

 

 

 

 

- Etter oppstarten av ein lesesirkel i Brattvåg i februar, har vi håp om å gjere det same på Vatne i mars.

I januar inviterte vi gjennom lokalavisa til ein inspirasjonskveld på Kulturkaféen i Brattvåg. Dei fleste deltakarar var frå Brattvåg og Hildre. Nokre var også frå Vatne og desse vil gjerne ha ei gruppe der. Ta kontakt med biblioteket om dette er noko for deg.

Biblioteket i Brattvåg opent til kl. 14.00 på laurdagar
Av David, 09.02.10

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket i Brattvåg stenger no kl. 14.00 i staden for kl. 13.30.

I 2009 begynte apoteket å stenge kl. 14.00, og dette er også når Vinmonopolet stenger. Då blir det lettare for folk flest om biblioteket også stenger kl. 14.00. Det er i tillegg mellom kl. 12.00 og kl. 14.00 at omsetninga i senteret er på topp på laurdagar.

Ny utlånsrekord på Vatne i 2009!
Av David, 19.01.10

- Det blei lånt ut 47 682 bøker og andre media i Haram folkebibliotek i 2009, ein auke på 1.7 % i forhold til 2008. Vatne filial satt ein oppmuntrande ny utlånsrekord.

Elles gjekk utlånet opp ved hovedbiblioteket i Brattvåg og ved Lepsøy filial. Dei andre avdelingane opplevde ein nedgang.

Nokre utlånstendensar elles:
Bøker for voksne: + 6,2 % til 23694
Bøker for barn og ungdom: - 8.5 % til 10718
Filmar for voksne: - 0,1 % til 5739
Filmar for barn: - 11.8 % til 2664
Musikk: + 28,1 % til 882
Lydbøker for voksne: + 28,2 % til 1992
Lydbøker for barn og ungdom: + 10,2 % til 1409

 

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 731