Untitled Document

Opningstidene i jula
Av David, 14.12.11

 

 

 

 

 

- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:

fredag. 23. desember : 12:00-15:00
tysdag. 27. desember : 12:00-15:00
torsdag. 29. desember : 15:00-18:00
fredag. 30. desember : 12:00-15:00
laurdag. 31. desember : 11:00-14:00

Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: torsdag 15. des. (Lepsøy, Fjørtoft), mandag 19. des. (Søvik), tysdag 20. des. (Haramsøy. Longva), fredag 23. des. (Vatne 12.00-17:00)
På nyåret opnar avdelingane mandag 2. jan. (Brattvåg), tysdag 3. jan. (Vatne), torsdag 5. jan. Lepsøy, Fjørtoft og Longva), fredag 6. jan. (Haramsøy).

Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!

Ungdom med skrivelyst?
Av David, 22.11.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Forfattar Øyvind Vågnes kjem med råd til ungdom med skrivelyst 3. desember i Brattvåg!

Forfattar Øyvind Vågnes frå Brattvåg kjem med råd til ungdom som vil prøve seg på å skrive skjønnlitterært - om inspirasjon, skriveteknikkar, arbeidsmåtar, og vegen mot publikasjon. Det vil vere råd å få vurdering av eige tekstar og oppfølgjing i etterkant. Staden blir biblioteket i Brattvåg laurdag 3. desember kl. 14.15 og kurset vil vare ca. to timar. Påmelding snarast og innan 27. november på bib@haram.folkebibl.no Vel møtt!!

 

Ny profilering
Av David, 12.10.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Vi kan tilby stoffposar som viser fram vår nye regional logo!

Gradvis går vi over til å vise vår ny logo. Dette er ei regional satsing med Møre og Romsdal fylkesbibliotek i spissen. Desse lekre stoffposar er på veg ut til avdelingane våre og kostar 20 norske kroner kvar. Ta kontakt med oss om du vil bestille ein, eller vent til dei kjem til avdelinga di.

 

Eldre flyfoto over Haramsøy gjenopplasta
Av David, 18.09.11

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket arbeider med å gjenopplaste flyfoto frå 1950- og 1960-talet av område i Haram med bebyggelse, og har no vore innom Haramsøy. Klikk på bildet for større format.

Vårt arbeid med å gjenopplaste over 700 flyfoto frå 1950- og 1960-talet av område i Haram med bebyggelse har passert gjennom Haramsøy. Her ser vi Ulla for femti år sidan, 23. august 1961. Haram har mange naturperler. For mange er Ulla den aller finaste. Heile Haramsøy finn du her.

 

Kåseri ved Knut Bergheim
Av David, 14.09.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Knut Bergheim kom med ei samling kåseri, eller 'tullkorn' i vår. På fredag kan du møre han på biblioteket i Brattvåg kl. 18.00

«I gamle dagar drøymde vi om betre tider. Så kom betre tider, og no drøymer vi om gamle dagar. Vi står med begge beina planta i ei lysande framtid og lengtar etter det som var.» Gjennom kåseri, dikt og forteljingar fortel Bergheim om dei humoriske sidene ved kva det moderne mennesket er opptatt av: eit rynkefritt liv, telefonsalg, slurpematens tidsalder, kunst og kultur, drivhuseffekten, kvinnesak og fotball.

 

Innleveringsfristen for Sommarles er 2. september
Av David, 25.08.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

- Du må levere inn lesepasset ditt innan 2. september for å vere med i loddtrekkinga!

Sommarens lesekonkurranse Sommarles varer til 31. august. For at alle i kommunen kan levere lesepasset sitt etter denne datoen, blir 2. september innleveringsfristen. Vi ser fram til å ta i mot mange lesepass og sjå kven som vinn premiar gjennom ei loddtrekking.

Første premien er ein iPod. Der er i tillegg premiar frå Bok og Papir og ID-huset, og alle får i det minste eit diplom!

Blogg kurs
Av David, 19.08.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Vi arrangerer blogg kurs

Biblioteket arrangerer blogg kurs for tilsette og dei barnehagane biblioteket samarbeider med om barnehagebibliotek. Vi har ein blogg allereie, og gjennom denne ønskjer vi å sette fokus på språk og kommunikasjon gjennom bøker: http://barnehagebibliotekharam.blogspot.com/

 

Sommartid i biblioteket
Av David, 05.07.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Sommaren er i gang!

Biblioteket i Brattvåg er ope heile sommaren. Vatne filial held ope fram til 12. juli, og opnar igjen 2. august. Avdelingane i Søvik og på Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft er no stengt, og opnar frå og med 18. august. Ta gjerne kontakt med ei anna avdeling når avdelinga di er stengt, så skal vi prøve å hjelpe deg. Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god sommar!!

 

Ver med i Sommarles!
Av David, 22.06.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

- Alle mellom 0 og 13 er hjarteleg velkomne til å delta i lesekonkurransen.

I sommar kan alle barn få eit lesepass frå biblioteket ved å hente sjølv eller få det tilsendt. Deltakarar kan lese sjølve, vere lese til eller høyre på bøker. Å lese om sommaren, når barn har meir tid, har mykje å seie for korleis det går neste skuleår.

Skriv bøkene inn i lesepasset og får dei stempla på biblioteket, og lever inn passet innan 31. august. Då er barnet med i trekninga av premiar som ein iPod og bokpremiar!

Polsk filmkveld
Av David, 04.05.11

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket arrangerte ein filmkveld for den polske kolonien i Haram 3. mai, som er Polen sin grunnlovsdag.

I 2008 arrangerte biblioteket i samarbeid med frivillegsentralen to polske filmkveldar i samband med mangfaldsåret, og fleire slike kveldar har vore etterlyst. Den gangen fekk vi filmrullar frå Warszawa via amabassaden. No har biblioteket ein spesiell lisens frå Film og Kino, og kinoen har fått nytt utstyr.

Vi valte ein historisk komedie frå 1812, ein viktig periode i Polens historie, regissert av Oscar-regissøren Andrzej Wajda. Frivillegsentralen og bibliotektilsette serverte kaffi og kaker, og nokre av kinogåarane blei lenge igjen (bilde) for å diskutere m.a. forviklingane i filmen, som ein meiner har sine parallellar i dag.

 

Strikkeidéar
Av David, 18.04.11

- Under årets første laurdags-langopent i høve Brattvåg sitt 100-årsjubileum, blei barneavdelinga okkupert av strikkeglade damer.

Det var også i høve den lange vinteren at vi arrangerte Strikkeidéar under årets første langopent på ein laurdag rett før påske. Fleire strikkeglade damer var innom verkstaden, i regi av Margunn Sæther frå Trådsnella på Vatne.

 

Opningstider i påske
Av David, 13.04.11

- Biblioteket har desse opningstidene i påska:
Søvik filial er ope kl. 17 til 19 mandag 18. april og Vatne filial er ope kl. 17 til 20 tysdag 19. april. Hovedbiblioteket i Brattvåg er ope mandag 18. april kl. 15 til 20, tysdag 19. april kl. 12 til 15 og laurdag 23. april kl. 11 til 14.

Etter påska opnar alle avdelingane frå og med tysdag 26. april

Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god påske!!

 

Eldre flyfoto over Brattvåg gjenopplasta
Av David, 03.04.11

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket har over 700 flyfoto frå 1950- og 1960-talet av område i Haram med bebyggelse. Desse har vore utilgjengelege i stort format ei stund, men no er fotoa frå Brattvåg tilbake. Klikk på bildet for større format.

På grunn av den store interesse for alt som har med Brattvåg å gjere no i det bygda fyller 100 år, har vi gjenoppretta sida med eldre flyfoto i stort format som vi laga i 2002. Eit havari i kommunen i 2008 førte til at alle flyfoto i stort format blei utilgjengelege. Bibliotek hadde ikkje serverkapasitet til så mange store foto. Men no er dei frå Brattvåg-området tilgjengelege igjen, og det er mykje som er morsomt å samanlikne med idag.

 

Hyggeleg møte med langvegsreisande Haramsborgarar
Av David, 22.03.11

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- I samband med programmet KompetanseHaram 2015 arrangerte vi ein spørrekonkurranse for 15 arbeidstakarar av utanlandsk opphav der alle kunne hjelpe alle.

Språk og integrering er eit spennande og prisverdi tiltak i regi av KompetanseHaram 2015. Opprinneleg utprøvd på øyane med stor suksess, løper no programmet i Vatne/Tennfjord-området. Nettopp språk og integrering er saker biblioteket arbeider med mesteparten av tida.

Derfor blei ein kveld lagt til Vatne filial. I tillegg til litt samtale rundt det å flytte til Norge og biblioteket som ressurs i ein slik situasjon, vart det arrangert ein spørrekonkurranse med 15 deltakarar. Dei 20 spørsmåla dreide seg om alt frå opningstider, kommunestyresaker, hovedstadar, bøker for 14 åringar m.m. Med tanke på bakgrunnen for tiltaket, kunne alle konkurrentane hjelpe kvarandre!

 

Over 50 000 utlån i 2010!
Av David, 26.01.11

 

 

 

 

 

 

 

 

- I 2010 passerte biblioteket 50 000 utlån for andre gang. Første gangen var i 2004 då mange bibliotek opplevde ein utlånsboom.

Det er gledeleg å sjå at utlånet av bøker (37 667) gjekk opp med 11 % i Leseåret. Etter fleire år med nedgang, svingte utlånet av barne- og ungdomsbøker (13 003) oppover med heile 28 %. Etterspørselen frå vanleg publikum og skular bidro til dette, samt nye tiltak i forhold til barnehagen. Lånet av musikk gjekk sterkt opp (1 288), medan lydbøker, filmar og spel gjekk ned.

Det totale utlånet i 2010 var på 50 290, ein auke frå året før på 5,4 %. Vatne filial satt ny utlånsrekord (15 376), medan hovedbiblioteket i Brattvåg gjorde nesten det same (24 871). Haramsøy (3 172), Søvik (3 528) og Fjørtoft (267) noterte betydeleg betre resultat enn året før..

 

Temakveld om andre verdskrig i Haram
Av David, 12.01.11

 

- Fredag 21. januar kl. 18.00 arrangerer biblioteket ein temakveld ved biblioteket i Brattvåg om krig og okkupasjon i Haram under den andre verdskrig.

Det skjedde mykje under den andre verdskrig i området som er dagens Haram kommune. Her var det kystfort, fangeleir, krigshandlingar til sjøs og i lufta, forliste som dreiv på land frå fartøy på veg til Shetland, i tillegg til heile fem års okkupasjon. Ein har ikkje det fulle overblikket over alt som skjedde, men Jan Olav Flatmark veit meir enn dei alle fleste. Han vil presentere både kjende og nye lokale bilde, i tillegg til å fortelje om arbeidet med å granske historiene bak dei. Bildet er frå det okkuperte Vatne. Vel møtt!!.

 

Flyktningar på besøk i jula
Av David, 09.01.11

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Biblioteket har hatt besøk av gruppar av flyktningar i jula.

Flyktningane fekk ei orientering om biblioteket sine mange mulegheiter, som til dømes lesestoff på enkel norsk, tilgang på materiell på morsmålet, lokalhistorie og lokal geografi, faglitteratur til kurs, utdanning og køyreopplæring m.m. Flytningane hadde ikkje juleferie. Dette bildet blei tatt av nokre frå ei gruppe i romjula..

 


Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 4857