Nye filmar

Kampar mot okkupasjonsmakter

Tre nye spelefilmar som gjendikter verkelege hendingar rundt eit felles tema omtalast her. Overmaktene er Tyskland i Danmark og Noreg på 1940-talet og Sovjetunionen i Ungarn på 1950-talet. Filmane blir tilgjengeleg på dvd på henholdsvis 2. mai 2009, 1. desember 2008 og 15. februar 2009.

Ein kan sjå Max Manus og Flammen og Citronen som delar av ei internasjonal bølgje av bøker og filmar som omhandlar den andre verdskrig og dei siste tidsvitna sine historier, i desse tilfelle sentrale delar av motstandshistoria til okkupert Skandinavia. Children of glory fell innanfor tidsvitneperspektivet - filmpremieren var på 50-årsdagen for revolusjonen i Ungarn. 

Max Manus blir i stor grad eit heltebilde av nettopp Manus, der spenninga er knytt til ei kronlogisk opptrapping av motstand frå munnleg opposisjon til blodig kamp. Gjenskapinga av t.d. Viktoria Terrasse, Oslo hamn, gatebildet og nærveret av okkupasjonsmakta på 1940-talet er vurdert som særs godt gjennomført. Berre Manus overlever, men ikkje utan psykisk skade. Det er takka vere skodespelarprestasjonen at filmen blir så vellykka.

Flammen og Citronen har i utgangspunktet mange av dei same ingrediensar. Ei gruppe motstandsmenn - medlem av Holger Danske – likviderer kollaboratørar og nazifolk, med ei truverdig gjenskaping av København med opptøyar i 1944 som bakteppe. Men det er den tematiske likskapen mellom desse to filmane som gjer det muleg å sjå den store forskjellen mellom dei.

Max Manus, Gregers Gram og dei andre oppnår stadig større heltestatus på bekostning av tyskarane og hirden i Max Manus. Den minst like dramatiske Flammen og Citronen har derimot ein sterk dilemmaprega dimensjon. Vi blir etter kvart usikre på om radarparet er på rett veg. Undergrunnsrørsla blir kalla for terroristar av okkupasjonsmyndigheita, og vi reagerer ikkje på det, når det viser seg at undergrunnsrørsla kan ha tatt uskuldige liv.

I Flammen og Citronen forlét ein aldri motstandsgruppa, for der ligg heile spenninga. Eit uoversiktlege kaos av løgnar, mulege dobbeltspel og motsigande opplysningar gjer at det blir vanskeleg å skilje allierte frå fiendar etterkvart som aksjonane blir stadig meir blodige.  

I Children of glory opplev vi eit valdsamt, men til slutt ulukkeleg opprør mot Sovjetunionen i Budapest sine gater i 1956, der også kvinner og ungdom er like engansjerte i kamphandlingane. Til liks med Max Manus, er ikkje det noko på det psykologiske planet som sår tvil rundt kven som er den gode og kven som er den onde.

Men til forskjell frå Max Manus, som får tydeleggjort sin heltestatus som solist ved at han blir stadig heimsøkt av tilbakevendande bilde frå Vinterkrigen i Finland, der han var frivilleg, representerer revolusjonshelten i Children of glory ein nasjon, ved at han også er vasspolohelten som audmykar Sovjetunionen på veg til ein Olympisk gullmedalje i Melbourne.

Children of glory er ei sann kronlogisk framstilling av hendingane som tok heile verda med storm. Enkelte detaljer i gatescener kunne ha blitt gjort betre, men filmen har vunne fleire internasjonale prisar for si truverdig framstilling for eit større publikum av ei nasjonal hending.

 

 

Gode svenske ungdomsfilmar


Rundt forrige århundresifte var Sverige eit land som produserte vellykka ungdomsfilmar, takka vere to gode "nestendokumentare" spelefilmar regissert av Lukas Moodysson. I det siste har det kome fleire gode filmar frå denne kanten. Verdt å merke seg er Si at du elsker meg, Farvel Falkenberg og Tjenare Kungen. Felles for filmane er at lojalitetar og vennskapband blir sett på prøve, brotne og omskapt på grunn av meir eller mindre alvorlege hendingar. I desse tre filmane er det skodespelarprestasjonar som gjer ordinære liv interessante og familiære, trass klisjéane.

Si at du elsker meg kan t.d. først virke lite spennande, med vanlege ungdomelege dialogar og sosialisering i miljø der ungdom oppheld seg til dagleg. Men ved hjelp av kamerabevegelsen blir ein dratt med som ein av gjengen. Lenge før filmen er slutt, får regissør Daniel Fridell oss på kontroversielle vis til å bli sterkt opprørt over ei forbryting innan gjengen som vi ikkje kan finne oss i. Grensa er ikkje stor mellom det å ha det gøy og det å gå for langt. Når det gjeld konsekvensane er det berre eit ord som gjer forskjellen, og medan ein ventar på det, kan det bli ytterst stille i ein rettssal, og heilt lydlaust i ein full kinosal.

I Farvel Falkenberg er ungdomsgjengen blitt voksen, men dei har halde saman sidan dei var små og vil ikkje sleppe barndommen heilt. Eller ikkje det heile teke når det er sommar, for då er påfunn lettast å kome på. Regissør Jesper Granslandt plasserer den tilsynelatande sorgfrie barndomsflokken med skjegg i eit uverkeleg og nostalgisk svev som vi forstår må munne ut i det uungåelege voksenlivet. Ein dag tek den fluktige leken slutt. Ein av barnsvennane tek ei avgjerd. Svevet sluttar og barndommen forsvinn, men vennane finn at voksenlivet er ikkje slik dei hadde forestilt seg det. Dette er regissøren sin første film, som har vore vist og belønna på leiande internasjonale filmfestivalar.

Tjenare Kungen er namnet på eit band som oppstår i 1984. Også den gangen trudde dei unge at det dei fann på var nytt og uprøvd. To unge jenter frå ein trist småby, med Abra i spissen, vil starte pønkband og gi ut ei plate til jul. Dei flytter til Göteborg og finansierer leiligheita og musikken ved å jobbe ved ein pølsefabrikk. Filmen er signert av den populære Ulf Malmrös, som bruker musikk og småhumoristiske replikkar til å skape stemninga han vil ha i filmane sine. Spesielt får han unge filmdebutantar til å bli gode. Det småtøffe ytre til dei unge pønkarane viser seg å vere like sårbart som alle andre sine. Filmen er ei morsom og ærleg beretning om, og ikkje minst hyllest til det ekte 80-talet, samt om nødvendige kompromiss mellom alder og sosial klasse for å gjere bandet komplett.

11.12.2007

The constant gardener

Morgonmedisinen blir ikkje den same etter å ha sett The Constant Gardener, ein dramatisk thriller av den brasilianske regissør Fernando Meirelles, basert på boka Den evige gartneren av John le Carré. Ein diplomat møter kona si under ei forelesing, der han er forelesar og ho er både student og aktivist. Etter at dei blir gift, får anlegget sitt for å skape hagelandskap fritt spelerom, medan hennar sitt engasjement tek ei ny vending. Mellom plantinga og vanninga blir ikkje han merkam på dette, inntil det kan vere for seint. Når han innser alvoret og legg frå seg planteskeia, viser det seg at det kan vere fleire årsakar til at ho har forsvunne. Han tek i bruk alle dei hjelpemiddel ein diplomat har tilgang til, men dette vil ikkje utan vidare seie så mykje når den mektige legemiddelindustrien også er aktiv. Ein heilt realistisk og truverdig kamp på liv og død med Ralph Fiennes og Rachel Weisz i hovedrollene. Gb. Engelsk tale, norsk tekst. 15 år.



Nye innblikk på Austen

Osama
Det er meget sjeldan det vert produsert film i Afghanistan, og det er sjeldan at ein enkel film vekkjer så mange kjensler hos ei så brei målgruppe. Handlinga følgjer ei 12-årig afghansk jente og mora hennar som misser arbeidet då Taliban-regimet stengjer sjukehuset. Ved innføring av stadig større avgrensingar på kvinnene si rørselsfridom, må den unge jenta kle seg ut som gut. Osama er eit arabisk gutenamn mange kjenner. Utroleg nok, har regissør Siddiq Barmak plukka ut ei jente frå gata til å spele hovedrolla. Amatøren Marina Golbahari er fullstendig truverdig og leverer eit glitrande spel. Filmen vekker sinne og avsky, men overrasker og gleder. Det er mest kameraarbeidet til Ebrahim Gharfuris som gjer at ein blir berørt, i det han fangar opp og verkeleggjer desperate situasjonar og fattigslege forhold. Sett i forhold til verkelegheita vi kjenner, er filmen ikkje overraskande laga etter Taliban-regimet sitt fall. Det som kan overraske derimot, er at Iran har lånt midlar og bidratt artistisk og teknisk til realiseringa. 12 år. Laga i 2003. I det filmen ikkje er utgitt som dvd i Norge, er teksten på engelsk.
Tiden etter Otar
I denne filmen er blikket på ein immigrant til Vesten snudd på hovedet. Vi ser korleis den fattige familien i Tblisi, hovedstaden i Georgia, opplever det når hovedpersonen blir emigrant til Frankrike. For familien er tida delt mellom før og etter Otar reiste. Breva frå Otar er lysglimta i tilvera, og Vesten vert framstilt som oppriktig og god. Med tida blir breva mytiske, og deretter falske. Som i Osama, er enkle forhold gjort truverdige på ein vakker måte. Idyllen vert gradivis komplisert av uvissheit. Filmen spenner over tre generasjonar, med kvar si handling, og fokuserer sterkt og subtilt på opplevingar og tankar hos kvar av representantane for desse generasjonane. Filmen endar oppkvikkande nok, men dette er ein skjør film om menneskeliv. Prosjekta kunne lett ha vore mislykka utan den gode balansen mellom medynk, humor og realisme. Sentralt blant dei tre hovedrolleinnehavarane er Ester Gorinthin, ny som skodespelar sidan ho vart 85. Filmen er australsk. Det er verdt å merkje seg at regissøren er Julie Bertucelli, assisterande regissør av Blå (Kieslowski). 7 år, fransk tale, norsk tekst.
Historien om den gråtende kamel
Filmen er som Osama, ein heilt uventa suksess som vant gjeve prisar og blei nominert til Oscar 2005. Filmen var i utgangspunktet ei studentoppgåve, men dokumentarprosjektet vakte stor oppsikt både blant presse og publikum verda over. Vi er på det mongolske slettelandet og det er vår. Den lille kamelen Botok kjem til verda under den viktige kamel-kalvingstida. Men Botok er ikkje den same farge som dei andre kamelane, og ein må ty til underlege midlar for at mora skal ta han til seg. Historia kan virke banal, men få er dei som ikkje hatt blitt grundig sjarmert av denne historia. Ein ser ein kultur der dyr og menneske er avhengig av kvarandre for at ein skal overleve, men samarbeidet gjeld tydelegvis også skodespelartalentar! Tysk produksjon. Studentane Byambasuren Davaa og Luigi Falorni er ansvarelege for foto, manuset og redigeringa, d.v.s. det meste. 5 år, mongolsk tale, norsk tekst.


Pike med perleøredobb

Filmen er basert på Tracy Chevalier sin roman om bakgrunnen til den nederlandske malar Jan Vermeer van Delft sitt mest kjende maleri - Pike med perleøredobb. Tradisjonelt sett er kunst ein imitasjon av livet, og Vermeer brukte ein teknikk som heiter camera obscura for å imitere modellane og objekta i studioet sitt i Delft så nøyaktig som muleg . Filmen klarer å gjenskape lyset, scenene og stemningane rundt huset, studioet og  hovedpersonane så godt at det er eit kunststykke i seg sjølv. 

Piken i filmen, Griet, er ein uskuldig tenåring som må finne arbeid som tenar. Dette finn ho i huset til Vermeer. I huset finn vi elles kona, svigemora, ein tidlegare tenar og seks døtre. Vermeer oppdagar at den sanselege jenta har ei naturleg forståing for bruken av farger. I all varsemd blir dei to hovedpersonane sjelevenar rundt kunsten, samtidig som ho er modell for kunstnaren sitt største maleri. Merksemda ho får som tenar er meir enn ein forventar, og med tida blir forholdet til m.a. dei andre kvinnene og jentene i huset særs spent. Vi kan hovedsakleg takke  tre personar for at denne filmen er så estetisk tilfredsstillande: Den erfarne portugisiske cinematograf Eduaro Serra, den lovande amerikanske skodespelar Scarlett Johansson, og den nye britiske regissøren Peter Webber. 

Engelsk tale, norsk tekst, 11 år. Filmen kjem 1. november.



[Husker du meg?]

Mange av oss som bur lengst nord i Europa er fascinert av det italienske temperament. Når vi ikkje er vande med at folk kan snakke så mykje, utan faktisk å seie noko, kan det vere slitsamt i lengda. Denne filmen er eit glimt inn i eit turbulent moderne italiensk familieliv, og det vil ikkje bli noko problem å halde ut dei 90 minutta filmen varer. Situasjonen er ikkje ukjend for oss : faren møter ei tidlegare kjærast, mora lurer på om ho skulle ha gjort det same. Sønnen står foran det voksne livet men veit ikkje om han liker det, medan datteren utnyttar det livet har å by på, og vel så det. Historia er banal, men det er fremragande skodespel filmen byr på. Monica Bellucci, Laura Morante og Nicoletta Romanoff bør vere kjende frå mange store filmar internasjonalt. Her har regissør Gabriele Muccino samla mykje italiensk talent i ein film. Muccino blei kritisert her i landet for å ha alt for mange hovedroller og biroller i sin siste film Det siste kysset. I denne komedie er det berre fem, og det må vi kunne mestre. Muccino sine filmar er enormt populære i Italia. Alle med ein svakheit for landet bør sjå filmen. Dei som ikkje kjenner landet vil sette pris på skodespelet og bli nysgjerrig. Filmen er ein italiensk-fransk-britisk produksjon. Ettersom ingen distribuerer filmen i Norge, må ein velje engelsk tekst. Elles vil filmen byr på ei utfordring for dei som studerer italiensk.15 år


Whale Rider

Whale Rider vant publikumsprisen ved tre av verdas mest prestisjefulle festivalar: Sundance, Toronto og Rotterdam. Det er eit meistarstykke. I denne sterke og storslåtte filmen frå New Zealand kjempar ein ung viljesterk Maori-kvinne mot stor urettferdigheit og trangsynte tradisjonar. Filmen viser ein konfrontasjon mellom det å ta vare på ein kultur for ikkje å miste identiteten i ei stadig meir globalisert verd, og behovet for å tenkje nytt når det ikkje er ei ny høvding til stades som er hankjønn. Dette må vere den perfekte filmen for å engasjere heile familien, for unge Paike og besteforeldra må saman konfrontere fortida, endra notida og avgjere framtida på same tid. Filmen er mesterleg regissert av nyzealandske Niki Caro, og australske Keisha Castle-Hughes har hovedrolla.
Aldersgrense 7 år. Filmen er ikkje utgitt i Norge og har engelske tekster.



Pirates of The Caribbean

Den røffe sjarmøren Jack Sparrow rir dei karibiske bølgene i skipet Black Pearl på jakt etter eventyr.. Den  sjarmerande kaptein Barbossa ser sitt snitt til å drukne idyllen ved å stjele Black Pearl. Barbossa angriper deretter havnebyen Port Royal og kidnapper guvernørens vakre datter Elisabeth Swann. For å redde både skip og dame slår Jack Sparrow seg sammen med Elisabeth sin barndomsvenn Will Turner. Dei rekvirerer naturlegvis det raskeste skipet i den britiske flåten, hyrer eit ikkje helt lojalt mannskap, og setter kurs for Barbossa og røverhæren. Sparrow og Turner er imidlertid ikkje dei einaste med kurs for den ondsakpsfulle kapteinen. Elisabeth sin trolovede, den ambisiøse kommandør Norrington, seiler etter for å redde sin utkårede. Målet for forfølgjarane er Isla de Muerta, der Barbossa lever i forbanning. Det er her det store slaget om Sparrow si skuta, den skjønne Elisabeth og piratene si forbanning skal stå. Spennande! Men korleis skal ein ta livet av dei udødelige? Og kven  kaprer eigentleg den skjønne jomfruens hjerte? Hovedrollene: Johnny Depp, Geoffrey Rush, Orlando Bloom og Keira Knightley. 15 år. Norsk tekst.


Drømmen om Narnia

Dette er historia, eller rettare sagt historiene, for det er tre filmar, om dei fire søsknene Peter, Susan, Edmund og Lucy, som kjem til landet Narnia gjennom eit stort klesskap. Narnia er eit merkeleg land i ei anna verd og ei anna tid. Barna møter kjemper og talande dyr, og verst av alt - den onde dronninga, Den Kvite Heksa, som har forvandla dyrene til steinar og gitt ordre om evig vinter over heile landet! Ikkje noko kjekt det! Aslan, den store løver, fører barna i ein strid med den onde heksa og  følgesvennene hennar. Men heksa har andre planar...  Norske tekster. 6 år.



Jamon Jamon

Det kan vere greit å vite at skinke er leitmotivet i dette absurbe kjærleiksdrama. José Juan Bigas Luna er ein stor filmregissør med sans for det uventa gjennom ein mørk melodramatisk humor. Skodespelaren Penélope Cruz har den sentrale hovedrolla. Ho veks opp på feil side av byen, og saman med mora driv ein butikk ved vegkanten. Ho (Cruz) er gravid, men mora til faren er ikkje fornøgd med at sønnen skal få barn på denne kanten av byen. At han har andre eventyr samtidig er mindre viktig. For å berge familien sin renommé, leiger denne mora ein annen mann med stor appetitt for skinke (her må ein kjenne sin spansk kultur...), til å oppvarte Cruz, noko som ikkje er vanskeleg.  
Dette er ei komisk, erotisk fortelling som vil vekke dine mørke og lyse sider. Engelsk tekst. 18 år.



Russian Ark

Startar med ein fransk diplomat frå det nitande århundre, Markien, som plutseleg er  tidleg i det attande århundre, i ein mørk korridor i det luksuriøse Eremitasje-museet i St. Petersburg. Med sin enorme kunstsamling er St. Petersburgs Eremitasje den russiske sjels ark...eller arv, eit mikrokosmos av russisk historie. Som ved magi omgåst personar både fra fortid og nåtid hverandre, i denne musikalske og visuelle feiring av kunst, politikk og mystisisme. Ei overdådig filmoppleving og original komposisjon basert på eit nyskapande konsept, nemleg å filme med en Steadicam (24P Hdcam) - ei fullstendig ubrutt nitti-minutters lang tagning. Lydspor: russisk, tekst: engelsk. DVD 10 år


Frida

Filmen teikanr  eit sensuelt og gripande portrett av den verdensberømte, meksikanske malerinnen Frida Kahlo og hennes smertefulle, kontroversielle og kompromisslause liv som politisk og kunstnerisk revolusjonær. Frida gifta seg med sin læremester, malaren og kommunisten Diego Rivera ­ ein uforbederleg skjørtejegar. Det blei eit turbulent ekteskap, mede forhold utanom ekteskapet, derav Frida med blant andre Leo Trotskij og andre kvinner. Filmen vant 2 Oscar, etter 6 nominasjonar. I hovedrollene: Salma Hayek, Alfred Molina, Antonio Banderas, Edward Norton, Valeria Golino og Mia Maestro. DVD 11 år. Lydspor: engelsk, tekst: norsk og andre språk



Festen

Ein mann feier sin 60-års dag med venar, slekt, kone og voksne barn, alle frå det borgarlege samfunnslaget. Ein  film innan dansk dogmetradisjon, regissert av Thomas Vinterberg, om kjærleik og hat innan familien. Selskapet begynner på ein hyggeleg måte, men utvikler seg gjennom provoserande taler og handlingar til ein krig, etter kvart som gamle feider og undertrykte hemmelegheiter kjem til overflata.
Vinterberg skaper ein film med uventa perspektiv og infallsvinkel, og bruken av kameraet og redigeringsteknikken er med å få avsløre sanninga om det enkelte familiemedlemmet sitt sinn.
DVD 15 år. Lydspor: dansk, tekst: engelsk



Hvordan bli dumpet på 10 dager

Det er ikkje så lett som du trur. Dette er ein film for dei som trur at romantiske komediar ikkje er særleg morsomme. DVD 11 år. Lydspor: engelsk, tekster på norsk og andre språk








Adaptation

Ein mann forsøker å overføre ein roman til film, men har skrivesperre. Derfor dreier han manuset i ei anna retning, nemleg verkelegheita - med alvorlege følgjer.
Filmen sin manusforfattar Charlie Kaufman er begava manusforfattar (ma. Being John Malkovich), men angrar dypt på å oveføre romanen "The Orchid Thief" til film - den mangetydige historia om forfatteren Susan Orlean si jakt på den blomsterfikserte John Laroche i Florida rimer dårleg med et Hollywood-manus. Charlie endevender boka for mulege innfallsvinklar, men møter veggen. I staden oppsøker han Susan Orlean for å få vite mer om henne og Laroche. Det skulle han aldri ha gjort ...
Filmen har funne fleire prisar, derav 1 Oscar, men størrelser som Meryl Streep og Nicolas Cage i hovedrollene.
DVD. 15 år. Lydspor: engelsk ; tekster på norsk og andre nordisk språk.



Mannen uten minne

Regissert av Aki Kaurismäki (Finland), handlar dette dramaet om ein mann som reiser til Helsinki for å finne seg arbeid. Han blir slått ned og rana. Når han kommer til seg sjølv igjen, har han mista alt han har, også hukommelsen. Han slår seg ned  i utkanten av byen, i eit område der innbyggarane er dårlig stilt. I sin kamp tilbake til livet møter han ekte medmenneskeligheit og den store kjærleiken. Filmen har fått fleire internasjonale utmerkelser.
DVD. 11 år. Lydspor: finsk, tekster på norsk og andre nordiske språk.




Tilværelsens uutholdelige letthet - en elskers historie

Ein refleksjon over tilværelsen i form av ein kjærleiksroman, med det tsjekkoslaviske opprøret i 1968 som bakteppe. Tomas og Tereza møtast og utvikler eit forhold trass i alle Tomas sine erobringar på si. Basert på romanen av Milan Kundera som skildrer det komiske og absurde i menneske sitt forhold til verkeligheita.
Som film er dette oppnådd gjennom fleire stemmer og  fleire trådar blir utviklet samtidig. Dei forskjellige historietrådene supplerast med filosofiske betraktningar over sju ulike tema. Det første av desse - letthet, er  eit grunnelement i den påfølgjande fortellinga.
Regissør Kaufmann kunne likevel ikkje få alle elementa frå boka, og konsentrerte seg hovedsakleg om to av bokas aspekter: erotikken og politikken. På denne måten kunne han blåse meir liv i rollefigurane, og heller bake inn nokre av dei meir abstrakte sidene undervegs. Det er Daniel Day-Lewis, Juliette Binoche og Lena Olin har hovedrollene.
DVD 15 år. Lydspor: engelsk, tekster på norsk og andre språk.

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 4822