Emiliana Torrini - ei musikalsk perle frå Island

Desse tre album byr på ein interessant studie av musikalsk utvikling over eit tiår. Torrini overraska mange i 1999 med hennar første offisielle album Love in the time of science, eit godt redigert album av songar sunge av ei moden, men elegant og sensuelle stemme på ein lettare elektronisk bakgrunn med originale vendingar. Torrini, som vakse opp på Island der hennar italiensk far eig og driv ein kjend rerstaurant, var med i gruppa GusGus før dette. Songane på dette albumet inneheld referansar til stadnamn i London, men ho hadde frå tidleg alder blikket på mange land, utan å miste synet av Island.

Fisherman's woman blei lansert heile seks år seinare i 2005, dette også eit utsøkt musikale arrangement. Denne andre album, produsert i England, måtte vere annleis etter så mange år, no med akustisk gitar. Sangtekstene er meir melankolsk, personleg og enkel (ho hadde mista kjærtasten i ei bilulykke), men den intime, tydelege stemme er ikkje å feil av. Torrini hadde i mellomtid hatt eit utrakt samarbeid med andre. Mellom mykje anna song ho Gollum's Song på filmen To Tårn (Ringenes herre) og hadde sukkess med Kylie Minogue, sjølv om dei to kan neppe samanliknast musikalsk.

Med Me and Armini serverer Torrini nye musikale retningar. Her er meir dristige variasjonar og overraskingar. Kanskje nokre sine forventningar blei ikkje alltid innfridd når ho prøver å nå eit nytt publikum. Torrini må ha blitt meir sjølvsikker av å ha reist og erfart så mykje, noko som skin gjennom på denne førebels siste innspeling frå 2008. Her igjen er spora full av kreativitet, men stemma er den vi gått og venta på.

 http://www.emilianatorrini.com/
11.08.2009

Ny musikk

Musikk for stadion og katedralar

Nokre har følt seg svikta av dei store banda i det siste, men ein må hugse at det alltid kjem nye band. Albumet Glasvegas, av bandet med same namn, er ein betydeleg kompensasjon, noko nytt som høyrer inn under genren alternativ rock.

Dei direkte sangtekstene handlar om sosiale relasjonar og konsekvensar av handlingar. Her er ikkje draumar eller hypotesar om livet, men skildringar av korleis forhold faktisk opplevast. Kjærleik er neppe nemnt, men kjem sterkt til uttrykk gjennom sakn og anger. Vokalisten formidlar tankar som kjem om natta, gjerne under måneskin. Dei er rørande utan å vere dystre.

Det like aktuelle amerikanske bandet Kings of Leon har sagt at dei ikkje skjønner eit ord av Glasvegas. Glaswegian er ein sterk dialekt. Ein så kraftig rulle-r er vanskeleg å uttale. Men det er truleg ein så jordnær realisme som er framand for lyttarar på den andre sida av Atlanteren, eit trekk som kjem fram i litteraturen og sangtekstene frå det sørlege Skottland.

Sangtekstene frå hjartet reflekterer bandet sitt eige forsømt nærmiljø ved elva Clyde, men sjølve musikken er skapt for store rom. Med unntaket av Stabbed, som har vore mykje bearbeidd og syngast til Beethoven sin avgrunnsdjupe Måneskinnssonate, trengst det publikum i tusental for å stå i forhold til krafta Glasvegas leverer ; Rockeballadar med emosjonelle undertoner for som ein har lyst å høyre i eit stadion og eller ein katedral. Det angerfulle, vakre Polmont on my mind peikar seg ut spesielt. Polmont er eit ungdomsfengsel.

Glasvegas blei nominert til tre Rockbjörnen-prisar i desember 2008 og har gjort det mykje betre i Sverige enn her i landet. Dei har likevel konsert på Rockefeller i Oslo i mars, men billettane blei utsolgt etter få dagar i januar. Valle Hovin om sommaren ville ha vorte eit mykje betre alternativ.

Bandet har lova å følgje opp med eit nytt album allereie i 2009. Betre no enn sidan, meiner dei. Det blir sikkert meir gjevande enn det monotone fabrikkarbeidet som dei har livnært seg frå til no. Det beste er å venta på eit nytt godt album, men det er ikkje godt å forutsjå kva Glasvegas finn på. Hausten 2008 spelte dei inn eit minialbum til jul i Brasov i Transylvania. Å høyre på "Stille natt" byr på eit godt høve til å høyre nøye på James Allan, som med si særeigne stemme er bandet sin absolutte frontfigur. Brasov er kjent som Dracula-landskap. Glasvegas var som vanleg kledd i svart, og over Sankt Nikolas kyrkje under innspelinga var det full måne...

 http://www.glasvegas.net/ & http://www.glasvegas.co.uk/

Amy MacDonald med lovande debutplate

Paradoksalt nok er det er Melodramatic Records Ltd som har gitt ut den meget godt gjennomført plata This is the life. Amy MacDonald skriv og syng om vanlege situasjonar slik dei unge opplev dei, men på ein måte som er faktisk mindre melodramatisk enn det ein høyrer til vanleg. Ho syng om å finne på ting å gjere, draumen om å starte eit band, mediakjøret i samfunnet, om å kome heim om kvelden, om vennskap. Ein blir frista til å lytte godt til tekstene, og mange gangar, for å oppsummere refleksjonane, tilståingane og forventingane til den tankefulle, men talentfulle jenta frå Glasgow.

Det virker som om Amy MacDonald, før ho veit korleis musikken blir teken i mot, håpar å få fred til å dyrke musikken, det vil seie utan for mykje merksemd frå media. Det er ingen grunn til å tru, ved å lytte, at ho har forventningar til suksess, då tekstene røper, trass den lidenskaplege stemme, ein beskjeden person som vil synge i eit band. Men forventningar må ho likevel ha, for ho må jo vite at dette er ein sterk debut. Dei som lyttar godt, kjem til å fortelle om det til andre. Ho blir å treffe på John Dee i Oslo 15. mars.

Den andre grunnen til å lytte til denne plata mange gangar er komposisjonane. Det er vanskeleg å plassere musikken. Det er kanskje eit alternativ til popmusikk, i alle fall noko nytt, litt folk, litt sydlandsk, litt country, litt akustisk. Her ei rekke strengeinstrument frå cello til banjo, samt flygel. Ein spennande trompet kjem og går, likedan ein saksofon. Det er passe med slagverk og det er bra, då ein vil gjerne få med seg hovedpersonen på akustisk guitar.

Nokre vil seie at dette blir eit samansurium. I så fall er det eit spørsmål om alder. Bak denne plata er ei 19-åring, og produktet må samanliknast med det som er på marknaden av andre på denne alder. Det er berre å håpe ho får freden ho vil ha til å arbeide og utvikle seg vidare.

 http://www.amymacdonald.co.uk/

Ny musikk - 2007

Travis - The Boy With No Name

Den skotske indiegruppe Travis er på turné og besøker Bergen og Oslo i midten av juni. Gruppa har levert eit nytt album som er sitt beste produkt. Gruppa blei enormt godt motteken i Norge så vel som andre stader i 2001 med ambumet The Invisible Band. Mange vil enno huske spesielt musikkvideoen til singelen Sing, der Chris og Geoff Martyn og co er invitert til ein aristokratisk middag, men ikkje klarer å handtere utfordringane som ein forrett kan by på. The Man Who (1993) og 12 Memories (2003) nådde ikkje helt opp. Men det gjer altså The Boy With No Name.

Travis sine sangtekster handlar som regel om nære personlege forhold, men er langt meir poetiske enn snittet i bransjen. Den nokså melankolse Closer er lansert som singelen, men gruppa har elles skrudd opp tempoet på dette album. Her er meir bass, slik vi husker med glede frå The Invisible Band, for eksempel på Eyes Wide Open og New Amsterdam, men generelt er her også meir musikk i det heile. Francis "Fran" Healy si sangstemme (høgt ansett av Paul McCartney, Elton John og mange andre) vil for mange gjere Battleships til høgdepunktet. Dette er uansett eit høgdepunkt for alle som synst at det å krangle for mykje kostar for mykje.

 

Modne unge stemmeband

I vinter kom tre ny plater av unge songtalentar med modne stemmeband. Dei nye albuma er artistane sine 2. eller 3.

Amy Winehouse (21) syng soul som kan minne om jentegruppene på 1960-talet som Shangri-Las. Ho arva ei interesse for jazz, men som tenåring møtt kontaktar som meinte at den kraftfulle stemma hennar er som skapt for soul. Etter at Back to Black kom ut i vinter, blei ho tildelt The BRIT Award tre månadar seinare for best kvinneleg soloartist. Amy sin oppførsel er omstridt. Ho tilbakeviser kritikken m.a. gjennom lyrikkane, og har vunne ein prestisjetung pris for nettopp det.

Joss Stone (20) er ein soul og r&b artist, krydra med hip-hop. Ho er den ynste jente å toppe albumlistene i Storbritannia og har vunne to BRIT awards. I 2006 spelte ho heksen Angela i filmen Eragon. Sidan det første albumet hennar i september 2003 - The Soul Sessions - har Joss vore meir aktiv enn dei fleste artistane, ved å bidra til film- og tvmusikk, Band Aid 20, samt mange songoppdrag på begge sidene at Atlanteren. Introducing Joss Stone smaker først og fremst av 1970-tals r&b.

Amerikanske Jojo (16) er den yngste i denne trioen, og har naturlegvis eit stykke å gå for å finne eit personleg uttrykk. The High Road er nemleg ei blanding eller kombinasjon av hip-hop, r&b, pop og dans, og vil appellere til mange frå 13 og langt oppover. Her er t.d. ein veldig frisk versjon av Anything (Ålesunds aktuelle Toto). Plata fortener meir merksemd enn ho har fått.

Ny musikk - 2006

Helene Bøksle - Elverhøy

25 årige Helene Bøksle lanserer sitt debutalbum 2. mai, trass i at ho først sang på scena som 4-åring. Ein del av tida har gått til teater, i tillegg til song, og ho har markert seg i Kristiansand-området dei siste åra med sitt konsertkonsept i Ravnedalen, basert på songar ho har laga frå folkeventyr. Det var gjennom Dan Børge Åkerø sin Kjempesansen! at ho blei kjent utover i Norge. Smakebitane frå cden, i tillegg til det vi kjenner frå Kjempesjansen!, tydar på at ho vil appellere til eit breidt publikum. Dette er ein moderne folkemusikk med melodiar som faller lett for øyra på ein eventyr-nynorsk. Derfor ønskjer vi henne hjarteleg velkomen med sin annleis profil, som kan vekkje interesse for nynorsken blant dei som treng det og gler dei som bruker det. Vi håpar og trur vi kjem til å høyre meir frå Helene Bøksle i åra som kjem.


Litterære døtre som syng.

Sophie Auster 18 år Marie Modiano 28 år

Forfattarane Paul Auster (Orakelnatt m.m.) og Patrick Modiano (Gater i mørke m.m.) har døtre som har valt å synge. Desse tek likevel vare på det litterære. Medan fedrane er å finne på nesten alle norske bibliotekhyller, er Haram for tida åleine om å presentere døtrene.
Sophie Auster er den dristigaste av dei to, men har òg ei klar, sterk stemme. I tillegg til eigne songtekster, består cden "Sophie Auster" av tekster frå nokre av dei største namn innan fransk surrealisme : Tzara, Desnos og Eluard, samt deira inspiratør Apollinaire, for det mest omsett til engelsk. Ho har funne plass til ei femhundreår gamal anonym tekst frå England, og nokre av faren sine tekster er sjølvsagt med på denne country-pop plate. "Close your eyes", med faren sin tekst, er det vanskelegaste å legge frå seg. Det må leggast til at Sophie si mor er Siri Hustvedt!

Det er imidlertid hos Modiano at likskapen mellom far og datter er størst. Marie sine sangtekster har dei same enigmatiske dødpunkt og dei tvetydige setningar som skifter retning som ein kjenner frå faren. "I'm not a rose" er omtalt som indie-rock. Stemma er fengslande og sensuell, og har noko enkel, viktig, men likevel kompleks å formidle, medan sjølve dama skal vere forsiktig og blyg.

Desse litterære døtre som syng stadfestar at kultur ikkje har landegrensar. Sophie er amerikansk og har henta mykje av inspirasjonen sin frå Frankrike. Marie er fransk og inspirert av USA. Begge har hatt avgjerande studieopphald i London.


Ny musikk - 2005

Coldplay - X & Y

X & Y vert å betrakte som ein cd som hever Coldplay opp til det øvste nivå innan populær musikk, saman med t.d. U2. Dette fordi gruppa ikkje har kvilt seg etter A Rush of blood to the head (2002), som med 16 millionar solgte eksemplar var ein formidabel suksess, men har vidareutvikla seg musikalsk. Forventningane var store. Til glede for gitaristane på gutterommet og mange andre verda over, innfrir albumet med glans. Nokre spor er i same format som tidlegare, men her er meir gitar og albumet er eit ambisiøse arrangement totalt sett beståande av lettare rock og enkle balladar. Det er like mykje piano som før, men meir elektronikk. For nokre vil Talk, delvis ei bearbeiding av Computer Live (Kraftwerk), bli det sterkaste sporet i store konsertsalar. Den musikalske spennvidda er imidlertid så stor at både XX- og XY-menneske vil finne mange favorittar.


Rosanna & Zélia - Aguas - Iguais

Det er over 12 år sida Rosanna og Zélia (Rossant Tarares, sang og Délia Fonces, gitar), som hadde spela saman i Brazil, flytta til Europa. Etter nokre vanskar slo dei seg ned saman med musikken sin i Tyskland. Etter ei live innspeling i 1993 laga dei studio-innspelingar i 1996 og 1999. Fem år passerte før dei to på nytt markerte sitt musikalske område med Aguas - Iguias i 2004. For det meste balladar, dei tolv songane er finstemte arrangment, ulike strømningar av braziliansk musikk påverka av jazz, men med pop og folkemelodiar. Ein forbinder festlege rytmer med brazilianske artistar, men her er det middels tempo. Stemninga er heller roleg og nesten melankolsk på grunn av dei sensuelle stemmene og ein cello. Andre artistar på slagverk, klarinett og bandonion er med å gjere dette til eit variert kvalitetsinnslag på world-scenen, av ein duo som har vore godt mottatt fleire stader i Europa.


Mew - Frengers

Mew er ein dansk løyndom ein ikkje kan unngå å røpe. Med litt engelsk og amerikansk hjelp på produksjonsida, endrar Mew vår idé om kva som kjem frå Danmark når det gjeld populær musikk. Dette er indie som likevel kunne minne om Starsailor eller noko av det beste frå The Strokes, men det er noko for seg sjølv. Frengers er ei nokså komplett innspeling med spennande og idyllisk musikk for einkvar anledning. Det er hyggeleg å finne ein så gjennomført og stemingsfull all-rounder som du trur ingen andre veit om. Enda. 156 og Comforting Sounds er favorittane. Men det er idag, imorgon blir det noko anna. Slik er det med denne plata. Le Danemark douze points! 10 spor. 45 min.


Ny musikk - 2004

Norah Jones - Feels like home

Norah Jones har igjen laga ei ny beroligande plate for ei stressa verd. Den første plata overraska heile verda i 2002. Det blei solgt 15 millionar eksemplar av den fløyelsmjuke jazzstemma. Norah har komponert nokre av sangane, andre er komponert av t.d. Duke Ellington. Ho er enda berre 24 år, men er i ferd med å oppnå ein mytisk status på linje på Joni Mitchell og Carole King. 13 spor.


Morten Abel - Being everything, knowing nothing

Norsk popmusikk er melankolsk, hevder utanlandske kommentatororar. Då kjenner ikkje dei Morten Abel med sin lekne og eksperimenterande innstilling til popmusikk. Plata inneheld ei skikkeleg blanding av fengande melodiar. Tekstene er like morsomme som musikken, og plata som heilheit  tilsvarer ei samling kortfilmar eller ei novellesamling om ulike tema om menneske. Morten Abel er for tida landets største popstjerne. 1 CD, 12 spor, total spilletid ca. 49 min.


Delta Goodrem - Innocent Eyes

Delta vil vere kjend for mange frå den australske serien Neighbours. Denne plata er er eit meir seriøst prosjekt og utan tvil ein av vinterens store pop-plater. Det kan virke som om Delta har latt seg inspirere av The Corrs og The Cranberries, samtidig som ho har ei stemme som kan måle seg med Allanah Myles. Goodrem har brukt to år på å utvikle plata med produsentane, og ho er co-produsent. Mange av tekstene handlar om personlege erfaringar frå oppveksten og seinare. Dette gir eit autentisk produkt med piano, orkester og ei fantastisk stemme. 1 cd. 14 spor. 55 min.


Ny musikk - 2003

Ojos de brujo - Barí

Kollektivet Ojos de brujo kjem frå Barcelona, og tek utgangspunkt i tradisjonell katalansk flamenco som dei framfører med forsiktige innslag av dub, reggae, rock og hip hop. Denne blandinga har slått usedvanlig godt an i Spania, og også på world music-scenene rundt om i verda har einn fått øynene opp for de fyrige og fengende rytmene på albumet ”Bari”. Dette er så absolutt eit alternativ til den meir straumlineformede latinopopen vi kjenner frå dei siste åra.


Oi Va Voi - Laughter through tears

Oi Va Voi er nominert to gangar til BBC  World Music Awards for live opptredener.  Laughter Through Tears markerer det etterlengta  albumet frå denne London-baserte sekstett. Plata begynner rolig med  soul og jødiske tradisjonelle elementer, samt  emotive vokaler av KT Tunstall :  "Refugee" og "Yesterday's Mistakes", med subtile spor av tradisjonell klezmer. Tempoet aukar  halvvegs, først med en ambient ungarsk kjærlighetssang av Judith Németh, deretter med dansegolv-elementer med trommer, bass, guitar, fiolin, trompet og klarinett. Med på denne tverkulturelle plata er  Earl Zingersp "Gypsy", Uzbekistans Sevara Nazarkhan med  "7 Brothers".  "Dror Yikra" er sunga av tunisisk Ben Hassan, ein tradisjonell  Sephardic tone fra Yemen. Her er også flamenco og ein jazz trumpet solo av  Lemez Lovas..


Come Shine - Do do that voodoo

Come Shine er Norges mest omtalte jazzband i haust. Lån og lytt, og du vil høyre kvifor!




Briskeby - Tonight, captain?

Briskeby kjem endeleg med sitt etterlengtede andre studioalbum ”Tonight, captain?”. Etter omfattande turnering i samband med sitt til dels genierklærte første album ”Jeans for Onassis”, har dei bygd opp ein solid tilhengerskare her i Norge. Turnéen slutta på Rockefeller 26. nov. med 1500 til stades. Det var også vokalisten Lise Karlsnes sin bursdag. Uttrykket har på det nye albumet bevega seg mer i retning av pop, og er absolutt mer lavmælt enn forgjengaren. Likevel er det klart at dette er umiskjenneleg Briskeby. Vokalist Lise Karlsnes har en nydeleg stemme som kommer til sin rett her. Nokre er skuffa over denne oppføljaren, men bandet viser at dei har eit uttrykk og særpreg mange andre band ikkje har. Dette gjer at Briskeby er framleis nyskapande her i landet.


Lene Marlin - Another day

Det er nå over tre år og nesten to millionar solgte plater sidan Lene Marlin slo gjennom med dunder og brak. Ho har, til popartist å vere, lege uvanleg lavt dei siste par åra, delvis grunna stidiar, men viser på ”Another day” at ho har brukt tida godt. Ha har blitt meir voksen, og gir oss eit meir heilheteg album, der det musikalske uttrykket er dempa, nesten melankolsk, og akustisk. Musikken er bygt rundt Marlins stemme, som er blitt sterkare. Tekstene dreier rundt temaene smerte, sårbarheit og sakn, men den luftige og elegante produksjonen gjør at dette ikkje opplevast som påtrengande. ”Another day” framstår som ein modig plate, der Lene Marlin står fram som ein voksen artist med integritet.


Lyric Pieces - Edvard Grieg

Leif Ove Andsnes speler 24 av Grieg sine Lyriske Stykker på Trollhaugen.





Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 747