Tenesteliste

Arkiv
Aviser og tidsskrift
Barnehagar
Bøker
Bøker på andre språk
CD-ROM
Video & DVD
Interbiblioteklån
Innvandrar- og flyktningetenester
Internettopplæring
Klassesett
Kopiering
Kyrkjebøker
Lokalhistorie
Lydbøker
Musikk
Notar
Publikumsmaskinar
Skulebiblioteket
Slektsgransking
Språkkurs
Studieplassar


Arkiv

Ved Vatne filial har biblioteket eit arkiv for oppbevaring av lokalhistoriske dokument, som til dømes protokollar som høyrer til frivillege organisasjonar i Haram kommune.


Aviser og tidsskrift

Aviser og tidsskrift som Haram folkebibliotek abonnerer på er lista nedanfor.
Utvalgte norske og internasjonale aviser og tidsskrift på internettet.
Haram folkebibibliotek abonnerer på følgjande aviser og tidsskrift. Nokre betaler vi for, andre kjem gjennom ulike subsidiar på visse vilkår. Dei aller fleste er i hovudbiblioteket. Hefter som ikkje er nye kan lånast ut, elles tek vi kopiar à kr. 2 per A4. Lista viser dei som er katalogiserte. Det vil seie at artiklane er lagt inn i katalogbasen. Slå gjerne opp under eit emne.


Avis/Tidsskrift Behaldning
Aldersnytt to år
Arr to år
Bedre helse fem år
Bok og bibliotek ti år
Bonytt fem år
Curicculum Vitæ frå 1999
Deutschland (D) fem år
The Economist (GB) tre år
Fjell og Vidde tre år
Forbrukerrapporten ti år
Foreldre og Barn ti år
Gavlen ti år
Haramsnytt frå 1971
Hjem og skole fem år
I form fem år
Illustrert vitenskap 25 år
Internasjonal politikk frå 1976
Komputer for alle fem år
Lyd og Bilde tre år
Natur og Miljø ti år
Norsk Lysingsblad ein månad
Norsk Motor Veteran fem år
NORSK NATUR 1975-1989
Ny Horisont ti år
Nærsamfunnet i kulturhistorisk lys frå 1974
PC World Norge fem år
Le Point (F) tre år
Psykisk helse 3 år
På Sykkel fem år
Redd Barna Avisa to år
Reis fem år
Revmatikeren to år
Samora fem år
Samtiden frå 1967
Språknytt fem år
Sunnmørsposten tre månadar
Syn og Segn frå 1975
Tidsskriftet for Sunnmøre historielag frå 1914
Vagabond frå 2000
Tredje verden X X ti år
Velferd ti år frå 1997
Årsskriftet for Sogelag for Hamnsund Sokn frå 1992
Årsskriftet for Vatne Sogelag frå 1980


Barnehagar

Biblioteket lånar ut depotsamlingar til bruk i barnehagen, og kan supplementere med musikk og film.
Ein tek gjerne imot besøk frå barnehagar og arrangerer periodevise eventyrstunder.
Ved hovedbiblioteket er det ei permanent utstilling til minne om Ingebrigt Davik, som er kommunen sin kjende forfattar og forteljar for barn. Brattvåg barnehage har også laga ei fin og inspirerande kollasj om Taremareby. Ved denne utstilling kan barnehagepersonalet orientere barnehagebarna om Ingebrigt Davik, fortelle historier og barna kan spele rollene i historiane. Dei fleste av forfattaren sine bøker er filmatisert og desse kan visast fram i barnebiblioteket.



Bøker

Biblioteket skal formidle bøker til alle brukergrupper i alle aldrer. Bøkene i biblioteket skal bidra til å formidle informasjon, gjennom kulturell oppleving og utdanning. Biblioteket bruker 7 hovedsamlingar ved alle avdelingar: fagbøker for barn, fagbøker, romanar og noveller for barn, romanar og noveller for ungdom, romanar og noveller, lyrikk, oppslagsverk.
Brukarar med spesielle behov vil få hjelp til å finne ressursar.
Klikk på katalogen for å finne bøkene du er interessert i.
Bøker er den mest verdifulle ressurs i biblioteket, som er ei vidareføring av idéen om folkeopplysning og er basert på individet sitt behov for å utvikle seg sjølv. Derfor må biblioteket sørge for aktuell informasjon og litteratur av god standard.

Reserveringar
Du kan til ei kvar tid be biblioteket om å reservere ei bok, plater, filmar eller å skaffe tidsskriftartiklar. Ring, send ein e-mail eller reserver i katalobasen.



Bøker på andre språk

Biblioteket har bøker i andre språk som fell i 4 kategoriar:
1. Fagbøker på dansk, svensk og engelsk. Desse utgjer en del av biblioteket si total emnedekning, i emna som har vore vanskeleg å dekkje på norsk. Av desse kan nokre bøker for barn vere på dansk, for å dekke emne som andre land, religionar, yrker mm. Bøkene på dansk og svensk, og spesielt på engelsk gjeld fagområde for voksne som teknikk, reiser, hobbyar, andre land, sport, musikk og kunst.
2. Uforkorta romanar og fortellingar på engelsk, fransk italiensk, russisk, spansk og tysk. Bøkene på engelsk, fransk og russisk finst også for barn, og vi har mange for ungdom på engelsk. Romanar og foretellingar i dei leiande europeiske språk kan supplementerast gjennom interbiblioteklån.
3. Forkorta og forenkla utgåver av romanar på engelsk, fransk, tysk, italiensk, spansk og russisk.
4. Bøker i såkalla innvandrarspråk sjå: invandrar- og flyktningetenester.



CD-ROM

Biblioteket har eit utval CD-rom plater. Utvalsgrunnlaget for CD-ROM plater er at dei skal vere informative og lærerike og/eller ha praktisk betydning i fagområde som biblioteket formidler informasjon om til vanleg. CD-ROM har spesielle låneregler. Søk i Søk i katalogbasen under CD-ROM for å få opp ei liste over dei vi har..


Video & DVD

Biblioteket har eit utval video som skal dekkje fleire behov. Originalitet og kvalitet vektleggast ved innkjøp. Biblioteket har no eit stort utval av filmar på dvd.
Videofilmar på marknaden har kjøps- eller leigerettigheitar. For å formidle videofilmar gratis må biblioteket kjøpe filmane sine. Det er spesielle reglar for utlånet av videofilmar, og rettigheitane dekkjer "privat" bruk 4-5 personar). Sjå lånereglane.
Utanom tittelen på filmen, regissør, filmselskap med meir, kan du finne dei ulike videofilmar og dvd i katalogbasen. For ei liste over dvd-filmar, bruk katalogen og søk slik: Vel Søk -> Avansert og vel Signatur i staden for Fritekst. Skriv dvd og Start Søk.

Interbiblioteklån

Biblioteket kan formidle alle typar litteratur frå alle typar bibliotek. Ta gjerne med pensumlista eller detaljer om forfattar, tittel og gjerne ISBN til biblioteket for å bestille.


Innvandrar- og flyktningetenestar

Innvandrartenester i Haram er langt på veg basert på eit samarbeid mellom fleire bibliotek i landet.
Bøker kan skaffast på følgjande innvandrarspråk:

Europa Midt-Austen India og Pakistan Fjerne Austen
Finsk Persisk Tamil Vietnamesisk
Russisk Arabisk Urdu Thai
Polsk Kurdisk   Tagalog
Portugisisk     Japansk
Serbokratisk     Kinesisk
Bosnisk      
Nederlandsk      
Albansk      
Spansk      
Bulgarsk      

Det er for det meste Deichmanske bibliotek i Oslo som formidlar desse språka til oss i form av ei spesiell teneste. Eldre lister over bøker kan du sjå på ved hovedbiblioteket, medan nyare lister ligg på heimesidene til dei aktuelle bibliotek.
Bøker på dei større vest-europeiske språka er dekt av biblioteket si normale teneste..
Tilbodet på bøker på tamilsk og bosnisk er relativt godt i fylket fordi fylkesbiblioteket har hatt sirkulasjonsordningar for desse. Bøkene vert å låne der ifrå.
Biblioteket har elles språkkurs for innvandrar: norsk som innvandrarspråk, engelsk for bosnisk- og serbo-kroatisktalande.


Internettopplæring

Biblioteket held ikkje internettklasser, men du kan ta kontak for å lære litt om å bruke Internett, eller å fåa; ei forklaring på noko som er uklart. Demokratisering er bakgrunnen for folkeopplysningstadisjonen i biblioteket. Difor ser vi på publikum utan annan tilgong til internett som ei prioritert gruppe.

Klassesett

Folkebiblioteket har etablert ei ordning for lån av skjønnlitterært klassesett. Skulane og biblioteket har kjøpt bøkene. Biblioteket registrerer desse og gjer dei klar til utlån, samt kontrollerer utlånet og sirkulasjonen.
Klassesettbestilling pr. e-post: bib@haram.folkebibl.no


James Fenimore Cooper - Den siste mohikaner
Uncas er den siste av Mohikanerstammen. Det er krig mellom franskmenn og engelskmenn i område der indianarane hersker. Krigen fører til at indianstammene allierer seg med dei ulike europearane og fører krig mellom kvarandre. Boka skildrer lojalitetane som binder og skiller dei raude og dei kvite.
Tema: Europeisk erobring av Amerika.
5-4 klasse. Bokmål, 104 sider. 15 eksemplar + fleire.


Rodman Philbricke - Kjempen Frik og Max
Kjempen Max og lille Frik er av ulike grunnar mobba og utstøtt av den lokale gjengen. Spesielt Max gjøymer på ein mørk løyndom som hemnar han. Vennskapet som oppstår mellom dei fører til ei uslåeleg blanding av jernkraft og åndsevner. Dei rydder opp i urett og beskytter dei svake, forutan å løyse det mørke mysteriet om Max si fortid.
Tema: Mobbing.
6-9 klasse. Bokmål, 136 sider. 15 eksemplar.


Kaptein Marryat - Barna i Nyskogen
Fire foreldrelause adelsbarn kjempar for å overleve under borgarkrigen i England på 1600-talet. Dei er trua av dei republikanske soldatane og av røvarane i skogen der dei søkjer tryggleik. Den nye tilvera er vanskeleg for adelsbarn, men gamle kjenskap fører til uventa alliansar.
Tema: Styresett. Borgarkrig.
5-7 klasse. Bokmål, 116 sider. 15 eksemplar + fleire.


Herman Melville - Moby Dick
Kaptein Ahab er besatt av å fange den berykta kvite kvalen Moby Dick, men kvar går grensen mellom tryggleiken til mannskapet og kapteinen si tvangsforestilling om å fange kvalen?
Tema: Kvalfangst. Sjømannskap.
6-8 klasse. Bokmål, 95 sider. 15 eksemplar + fleire.


Walter Scott - Ivanhoe
Korsfarerriddaren Ivanhoe vil gi sitt liv for at kong Richard Løvehjerte skal behalde makten i England, som ligg under normannisk herredømme etter 1066. Riddarlege idealar og reglar er sterkare enn den underliggande striden mellom angelsaksiske og normanniske interesser, også når det gjeld damer.
Tema: Riddartida.
6-9 klasse. Bokmål, 134 sider. 15 eksemplar + fleire.


Robert Louis Stevenson - Skatten på Sjørøverøya
Unggutten Jim Hawkins er ufrivilleg med på jakten på skatten etter sjørøvarkaptein Flint. Jakten består av ein farleg og fargerik sjøreise med eit farleg mannskap, men også sjørøvarar har litt sans for rettferdigheit.
Tema: Sjørøvarar.
6-8 klasse. Bokmål, 104 sider. 15 eksemplar + fleire.


Jules Verne - Jorden rundt på 80 dager
Ein velståande og reiselysten mann inngår eit veddemål om at han kan reise jorda rundt på 80 dagar. Han må bruke alle tenkelege transportmidlar, frå elefant til ballong. Veddemålet er imidlertid om å reise jorda rundt på 80 dagar, og ikkje innan 80 dagar.
Tema: Ekspedisjonar
6-8 klasse. Bokmål, 99 sider. 15 eksemplar.



Kopiering

Du kan få tatt fotokopiar ved hovedbiblioteket og ved Vatne filial i A4 og A3 størrelse, forstørring og forminsking. Kopiane kostar kr. 2 for A4 og kr. 4 for B3. Rettkjenning kostar kr. 2 per ark.

Kyrkjebøker

Dei fleste av kyrkjebøkene for området som utgjer dagens Haram kommune er tilgjengelege ved hovedbiblioteket på mikrofilm. Her er det også leseapparat, som kan brukast for filmar frå andre bibliotek Mange av desse er også skreve ned slik at du kan låne dei i trykte hefter.


Lokalhistorie

For mange er lokalhistorie ei sentral oppgåve for eit bibliotek. Ved hovedbiblioteket vil du finne bygdebøker frå mange av kommunane frå Nordfjord i sør til Surnadal i nord. Elles er bøker, kyrkjebøker, folketellingar og lokalhistoriske tidsskrift samla ved hovedbiblioteket. Der er også muleg å bruke mikrokort- og mikrofilmavlesing.
Historisk litteratur frå andre delar av landet er tilgjengelege gjennom lån frå andre bibliotek.


Lydbøker

Biblioteket har lydbøker for alle aldrar og det er stor etterspørsel etter desse. Lydbøker var opprinneleg tenkt til dei som liker å lese bøker men på grunn av svakt syn har funna at desse er eit godt alternativ. I praksis bruker også mange andre lydbøker.
Lydbøker er eit godt alternativ, men utvalet er langt i frå så stort som for trykte bøker. Dei fleste er på kassett, men nye nlir kjøpt på cd-plate.
Biblioteket kan skaffe lydbøker frå andre bibliotek, men på grunn av etterspørselen må du rekne med ei ventetid.


Musikk

Biblioteket kjøper inn alle typar musikk. Om samlinga er sm&, er det rimeleg godt oppdatert i forhold til marknaden.Ny musikk i biblioteket blir omtala i enkelte tilfelle. Sjå til venstre.

Notar

Biblioteket har eit utval noter som passer for barn og oppover på messinginstrument, treblåsarar, gitar og piano.

Publikumsmaskinar

Publikum kan få tilgong til internett ved dei fleste avdelingar. Ein har ein del reglar som viser kva maskinane kan brukast til:
Inntil 20-30 min. søketid, kortare dersom fleire ventar.
Normalt ein person i gongen. Om fleire er om ein maskin, er ikkje brukstida lenger for det.
Du må ha e-postabonnement for å sende post.


Skulebibliotek

Biblioteket samarbeider med skulen på fleire plan, Ein ser på skulebiblioteket som inngangsporten til skulen. I realtitet samarbeider folkebiblioteket heller med den enkelte lærar eller elev, som får ein tenesteinnsats som er større enn det som folk flest får. Biblioteket arbeider for ei utvikling av skulebiblioteka.

For folkebiblioteket er verdien av samarbeidet todelt:
- At dei unge lærer at skulebiblioteket er ein integrert del av arbeidet sitt, slik at dei seinare i livet vil anvende tilsvarande metoder i andre bibliotek i framtidige virkeområde.
- At dei unge får oppleve rikdommen i litteraturen og individuell informasjonssøking. Biblioteket er organisator av litteraturresurssar og er interessert i nye brukargrupper som setter pris på å utvikle seg gjennom biblioteket sine ressursar.

Biblioteket tilbyr visse faglege tenester til skulane:
- Folkebibliotek kan supplementere skulebiblioteket sine ressurar når det er behov for dette, gjennom ein avtale med ein lærar eller med utgangspunkt i eit klassebesøk.
- Det er andre lånereglar for institusjonar.
- Folkebiblioteket er innretta mot publikum si fritid. Ein oppmoder til kontakt med skulane over internettet og pr. e-post.
- Biblioteket tek med i katalogen sin faglitteraturen ved to spesialtenester i skulesektoren: Pedagogisk Senter (PS) og Pedagogisk Psykologisk Tenestekontor (PPT). Når du gjer søk i katalogbasen vil faglitteraturen lokalisert i desse to avdelingane bli merka henholdsvis PS eller PPT.
- Ein er interessert i å høre frå skulebibliotek som vil legge katalogen sin i biblioteket sin base.
- Biblioteket bistår med hjelp i samband med bibliotekfaglege spørsmål som for eksempel innreiing av biblioteklokale og organisering av ressursar i skulen.
- Biblioteket har utarbeidd ein prosjektarbeidvevstad som heiter Søk og undersøk. Her viser ein ei trinnsvis utvikling av eit prosjektarbeid basert på gjenfinning og bearbeiding av informasjon.


Slektsgransking

Norske sider
Digitalarkivet - med folketellingar (1801, 1865, 1875 og 1900), emigrantprotokollar og nokre kyrkjebøker og skifteprotokollar
DIS-Norge - er ei foreining for slektsgranskarar. Medlemmer kan sjå på kvarandre sitt arbeid, legge opp til treff og delta på møter
Det løfterike landet - har foto og amerika-brev i fulltekst mm.
Norsk Slektshistorisk Forening - er den eldste riksdekkande foreininga for slektsforskere i Noreg
Registreringssentralen - med Gårdsmatrikkelen fra 1886, og utvalde kyrkjebøker
Riksarkivaren - er det offentlege norske arkivet
Slekt.no - ei god og oversiktleg stad å starte med slektsgransking
Slektsforum - etterlysings- og debattforum, i regi av DIS-Norge, opent for alle, med kommunesøk

Utanlandske sider
Roots World - Heile verda : gratis nettside knytta til Ancestry.com som er ei betalingsteneste
Genealogy Home Page - USA
Family search - USA
Nättidningen Rötter - Sverige
Samfundet for dansk genealogi og personalhistorie - Danmark
UK & Ireland Genealogy - Storbritannia og Irland
Icelandic Genealogy - Island


Språkkurs

Språkkursa biblioteket har fell i tre kategoriar:
- Frammandspråk for skandinavar med norske, svenske eller engelske tekstbøker.
- Norsk for innvandrarar.
- Engelsk for innvandrarar.

Biblioteket vil alltid kunne skaffe andre, enda meir eksotiske språk enn dei vi har i lista nedanfor. For ei grundig opplæring anbefaler vi kassettar/cd-plater framfor video eller CD-ROM. Her er ei liste over dagens behaldning. Søk i katalogbasen for nærmare val under det aktuelle språket.

Språk Nivå Medium
Arabisk (Golf/Saudi) Begynner Kassett
Engelsk Begynner Kassett, CD, CD-ROM, video
Engelsk Mellom Kassett, CD, video
Engelsk Avansert Kassett, CD
Amerikansk Begynner Kassett
Fransk Begynner Kassett, CD
Skotsk gælisk Begynner CD-ROM
Fransk Mellom Kassett, CD
Fransk Avansert Kassett
Gresk Begynner Kassett, CD
Tysk Begynner Kassett, CD
Tysk Mellom Kassett, CD
Spansk Begynner Kassett, CD, CD-ROM
Spansk Mellom Kassett
Italiensk Begynner Kassett, CD
Italiensk Mellom Kassett, CD-ROM
Japansk Begynner CD-ROM
Kinesisk Begynner Kassett
Polsk Begynner Kassett
Portugisisk Begynner Kassett, CD
Russisk Begynner Kassett
Russisk Mellom Kassett
Ungarsk Begynner Kassett
Finsk Begynner Kassett
Tsjekkisk Begynner Kassett


Studieplassar

Studieplassar er begrensa i biblioteket. Ved Vatne filial er det studierom, med tilgong utanom opningstidene for studentar over 18, etter avtale. Ved hovedbiblioteket i Brattvåg er det 3 studieplasser i utlånsarealet. Desse avdelingane har PC for alle, med tekstbehandling- reknearkprogram.

Skift på skrift-
storleiken her:
1 - 2 - 3 - 4

Antall unike
besøkande per: //you might have to change the path eg //Using HTML tags or Styles change the output to match your site. //For example will cause the //numbers to be displayed as Bold. // //The variables $hitMessage1 & $hitMessage2 allows text to //be placed before and after the counter. Change this to //anything as long as the " "; are in place, for no message //leave the quotes empty ie $hitMessage1=""; // // There are two error messages in case bad things start to // happen when running this script. $readErr & $writeErr, //you may like to customise these to your own e-mail address. // // You are not limited to a single number in the count file try for example 00086 // //The script will store your own IP NUMBER AND WILL STAY THE SAME THE SAME EVERY TIME YOU LOAD THE PAGE so test everything is working set the variable $overRide to 1 this turns IP checking off. // Normal usage setting $overRide to 0 turns on IP logging. // //Done //----------------------------------------------------------------------- //Set Variables $IPfilePath = "ip_data.dat"; // Path to IP number file $countFilePath ="count.dat"; //Path to Count file $overRide = 0;//Toggles IP logging: 0=On 1 =Off $readErr = "Read error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $writeErr = "Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help"; $hitMessage1 ="";//Text before... $hitMessage2 ="";// and after counter. //================= No need to change anything after here ======================== $IPnum = "0.0.0.0"; //Set as a String $userStatus = 0; // Get the current IP number ------------------------------ $IPnum = getenv("REMOTE_ADDR"); //Get stored IP's from a file -------------------------------- $IPlist = @fopen($IPfilePath, "r")or die($readErr); $IPdata = fread($IPlist,filesize($IPfilePath)); fclose($IPlist); //Compare it to the ones stored in ip_data.dat --- $IParray = explode(" ",$IPdata); //Make array of IPs // Start comparing IPs for($ipCount=0;$ipCount

Sider vist sidan juli-04: 745